Stortinget - Møte onsdag den 4. juni 1997

Dato: 04.06.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 21

Eilef A Meland (SV): Jeg vil stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:

I 1984 ble det innsendt konsesjonssøknad på utbygging av Jørpelandsvassdraget. Høringsrunden ble avsluttet i 1988. Siden dette tidspunkt har saken ligget i departementet. Det reises nå krav blant annet fra miljøorganisasjonene og Rogaland fylkeskommune om en ny saksgjennomgang.

Vil departementet foreta en fornyet konsesjonsbehandling av Jørpelandsvassdraget?

Statsråd Ranveig Frøiland: Lyse Kraft søkte i 1984 om konsesjon på erverv, regulering m.m. for utbygging av Jørpelandsvassdraget. I 1993 oppretta Lyse Kraft og Scana Staal as selskapet Jørpeland Kraft as, som fekk som formål å byggja og driva kraftanlegg i Jørpelandsvassdraget. Jørpeland Kraft har kome inn som konsesjonssøkjar. Selskapet er eigt med to tredelar av Lyse Kraft og ein tredel av Scana Staal as.

Jørpeland Kraft ønskjer å gjennomføra ei trinnvis utbygging av Jørpelandsvassdraget med rehabilitering av kraftverket på Jørpeland først. Kraftverket er nedslite etter meir enn 75 års drift, og det er eit sterkt behov for opprusting av anlegget. Selskapet har i tillegg søkt om konsesjon for ei større utbygging i Jørpelandsvassdraget og tilliggjande sidevassdrag mot Lysefjorden, som Stortinget av omsyn til den framtidige kraftoppdekkinga har gjeve fritak frå Samla Plan-handsaming.

NVE gav si innstilling i saka til departmentet i mars 1988. Den første høyringsrunden vart - som halde fram av representanten Meland - avslutta i 1988. På bakgrunn av den tid det tok før eigarinteressane til fallrettane i Jørpelandsvassdraget fekk si avklaring, retta departementet i november i fjor ei oppmoding til dei kommunane det galdt, Strand, Forsand og Hjelmeland, om å koma med ytterlegare merknader til konsesjonssaka. Kommunane gav i samband med dette uttrykk for at dei ikkje ønskte ei ny konsesjonshandsaming av saka.

Ingen av høyringsinstansane har gått mot at konsesjon vert gjeven for det utbyggingsalternativet NVE har tilrådt, men enkelte av høyringsinstansane har, særleg på bakgrunn av eit foreslått vern av barskogområdet ved Longavatn som ligg sentralt i det planlagte utbyggingsområdet, forslag til endringar i utbyggingsplanane. Det er òg kome inn merknader til fleire av dei vilkåra som er foreslått for konsesjonen.

Det er rett som representanten Meland viser til, at Rogaland Jeger- og Fiskerforbund, Stavanger Turistforening, Naturvernforbundet i Rogaland og no sist Rogaland fylkeskommune har bede departementet om å gjennomføra ny handsaming av søknaden om konsesjon på utbygging av Jørpelandsvassdraget.

Konsesjonshandsaming når det gjeld vasskraftutbygging er svært ressurskrevjande. Eg går ut frå at heller ikkje representanten Meland meiner at lang sakshandsamingstid i seg sjølv skal medføra ny handsaming av saka. Spørsmålet om prosessen bør starta på nytt, må derfor få sitt svar ut frå ei vurdering av om det føreligg føresetnader som er endra så vesentleg at det grunnlaget som låg føre for avgjerda, ikkje lenger kan brukast.

Sakshandsamingsreglane og krava til konsekvensutgreiingar skal sikra eit best mogleg grunnlag for å vurdera saka. Dei konsekvensutgreiingane av ei rekkje miljøspørsmål som ligg til grunn for søknaden, dannar grunnlaget for å klårleggja verknadene av ei eventuell utbygging. Utgreiingane vert gjennom høyringsrundane og styresmaktenes handsaming nøye vurderte, og det er enno ikkje kome inn opplysningar som etter departementet si vurdering skulle tilseie at heile eller delar av prosessen bør verta starta på nytt.

Direktoratet for naturforvaltning er i sluttfasen av handsaminga av barskogvernet i utbyggingsområdet, og dette spørsmålet vil bli vurdert under departementet si vidare handsaming av konsesjonssaka.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å fremja proposisjon for Stortinget om utbygginga før årsskiftet.

Eilef A Meland (SV): Jeg takker for et omfattende svar i en viktig sak når det gjelder utbygging av vassdrag i Rogaland.

Det spesielle ved denne utbyggingssaken, som også statsråden omtalte i sitt svar, er at Jørpelandsvassdraget på grunn av kraftsituasjonen ikke gikk gjennom den helhetsvurderingen som andre vassdrag i Rogaland gjennomgikk i forbindelse med utarbeidelsen av Samlet Plan. Og bare det momentet er jo blitt anført av miljøorganisasjonene og Rogaland fylkeskommune som tilstrekkelig for en slik ny gjennomgang. Og da er bl.a. forholdet til barskogreservatet og barskogvern kommet inn, i tillegg til at de nye lovbestemmelser knyttet til konsekvensvurderinger er blitt betydelig forsterket i forhold til hva som gjaldt på det tidspunktet. Det er derfor naturlig å spørre statsråden om dette standpunktet er ugjenkallelig og ikke kan påvirkes av de uttalelser som nå er kommet inn når det gjelder vurdering av de miljømessige konsekvenser av naturinngrepene.

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg vil berre understreka at det skal vera full konsesjonsbehandling av dette. Og det er klart at alt som kjem inn til departementet i denne høyringsfasen, og det Direktoratet for naturforvaltning jobbar med når det gjeld barskogvernet i utbyggingsområdet, skal verta teke omsyn til.

Det som er kome inn til oss tilseier ikkje at ein må gå gjennom ein ny full runde. Men det er klart at ved behandling av konsesjonen skal ein ta omsyn, og eg er innstilt på å ta omsyn til kva dei ulike høyringsinstansar meiner. Så alt skal behandlast i ein fullt forsvarleg konsesjonsrunde, og vi meiner at etter dei opplysningar vi har, kan ein ta vare på desse interessene utan å gå i gang med ein heilt ny runde.

Eilef A Meland (SV): Innebærer dette at statsråden vurderer situasjonen slik at de nye regler knyttet til forsterket konsekvensvurdering ikke kan påvirke det endelige standpunkt som departementet vil ta omå fremme saken for Stortinget innen utgangen av 1997?

Dessuten vil jeg spørre om ikke de nåværende planer for utbygging påvirker om man skal ta en full gjennomgang av denne kraftsaken, ikke minst når utbyggerne gjør det klart at det ikke er aktuelt med utbygging før i år 2005 - dvs. man kan ikke si at det eksisterer hast i denne saken.

Statsråd Ranveig Frøiland: Om det hastar vil ikkje eg ha noka meining om. Tida går fort når ein skal regulera slike ting, det fekk vi merka i førre veke da departementet fekk påtale for at det hadde gått altfor lang tid å få slike saker ferdige, så eg veit ikkje korleis vi skal definera kva som er lang tid eller ikkje.

Det eg har sagt - og det er riktig - er at vi har sendt dette ut til dei kommunar det gjeld og dei seier at dei ikkje ønskjer ny konsesjonsbehandling av dette. Men sjølvsagt skal alt som er kome inn når det gjeld høyringsinstansar, takast vare på i den endelege utgreiinga som skal gjerast - og den endelege konsesjonsbehandlinga skal sjølvsagt vera fullt forsvarleg. Og vi tek sikte på, slik som framdrifta er no, å koma til Stortinget med saka før årsskiftet.