Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1999 kl. 10

Dato:
President: Gunnar Breimo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Barn med lese- og skrivevansker som har behov for såkalte lydbøker i undervisningsøyemed, opplever at utarbeidelsen av lydbøker er svært forsinket. Det fremkommer stadig klager fra foreldre til skolebarn som har behov for denne type læreutstyr, over at disse lydbøkene fremdeles ikke er kommet. Dette er en liten sak, men er svært viktig for dem det angår.

Hva vil statsråden gjøre med dette problemet?»

Statsråd Jon Lilletun: Dette er ei sak som har mykje å seie for dei ho vedkjem. Nasjonalt læremiddelsenter har ansvaret for å koordinere arbeidet med å utvikle spesialpedagogiske læremiddel for grunnskule og vidaregåande opplæring. For skuleåret 1999-2000 har det vore bestilt over 31 000 lydbøker. Dette er dobbelt så mange som året før. Til no i år er det ekspedert omkring 20 000 eksemplar, og NLS reknar med at dei som står att, er ferdigproduserte og ekspederte i løpet av november månad.

Det er etablert ei bestillingsordning for elevar med dokumenterte behov for lydbøker. Ordninga vart innført i skuleåret 1998-1999, og det har vore stor etterspørsel. Lydbøker vert produserte på grunnlag av ferdige lærebøker frå forlaga. Dette inneber at når ei ferdigtrykt lærebok ligg føre for fyrste gong, vil det måtte gå ei tid før boka er innlesen, kopiert og distribuert.

Innføringstakta for grunnskulereforma har medført at det har komme nye bøker for tre klassetrinn samstundes dei to siste åra. Det har derfor vore behov for svært mange innlesingar med etterfylgjande kopiering, og all ledig kapasitet har vore maksimalt utnytta. Til neste år vil ein for fyrste gong ha fullstendig dekning av lydbøker på grunnskuleområdet, og elevane vil få kassettane til skulestart.

I inneverande år er det brukt omkring 15 mill. kr på lydbøker. På lydbokområdet er dette eit lyft vi ikkje tidlegare har vore i nærleiken av. At det i etableringsfasen for denne ordninga er komme kritikk om at det går for sakte, er sjølvsagt noko ein kan seie seg lei for, men det heile vil altså vere fullført når ein i år 2000 får dekt alle aktuelle læreverk i lydbokversjonar på begge målformer.

Til slutt ein kort informasjon om utfordringar og planar vidare. I løpet av 1999 er det under etablering ei tilsvarande ordning for elevar i vidaregåande opplæring. Elevane vil få betre høve til å låne lydbøker innanfor dei fleste fagområde på grunnkursnivå. I år 2000 vil arbeidet med å utvikle dette tilbodet for VK I halde fram.

Det har i all hovudsak vore produsert lydbøker i eit tradisjonelt kassettformat. Ein er no i gang med å etablere digitalt baserte produksjonar og dermed forbetre kvaliteten. Dette medfører i neste omgang at produkta vil komme som audio-CD-ar eller verte tilgjengelege frå lydbasar med høve til nedlasting direkte frå nett. Her er det likevel ein del uavklarte utfordringar både teknisk og når det gjeld lisensiering. For å møte desse utfordringane vert det no arbeidd aktivt på mange hald for at vi på best mogleg måte kan få utnytta den nye teknologien.

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg takker statsråden så mye for svaret og ikke minst for den grundige redegjørelsen. Jeg er glad for hans positive holdning og vilje til å ordne opp i denne saken.

Man kan jo forestille seg hvilke reaksjoner det hadde vakt dersom dette hadde dreid seg om ordinære skolebøker. De tror jeg kunne blitt ganske sterke. Jeg har vært kjent med årsaken til denne forsinkelsen, men grunnen til at jeg tok dette opp, var at jeg håpet at statsråden ville gripe inn, for jeg har fått flere henvendelser fra foreldre som var fortvilt over at disse lydbøkene fremdeles ikke var kommet.

Også i fjor hadde vi det samme problemet, så man kunne kanskje grepet fatt i det litt tidligere. Helt til slutt et lite spørsmål som jeg ikke syns jeg fikk svar på: Når er disse lydbøkene ferdig?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur vel eg svara på det, men kanskje ikkje tydeleg nok, så eg skal gjenta det. Vi reknar med at i løpet av november månad skal alle bøker vere ferdigproduserte og utsende i forhold til bestillingane.

Det er nok rett som representanten Torbjørn Andersen seier, at dette òg var eit problem i fjor. Eg er òg samd med han i at foreldre til elevar utan lese- og skrivevanskar nok ville ha reagert på at skulebøkene ikkje hadde komme, sjølv om ein del bøker ikkje var komne på grunn av tempoet i begge utdanningsreformene vi har hatt. Det gledelege er at ein har etablert ei ordning der det for fyrste gong er ein rett, og dermed kjem òg krava, og ein krev at den retten ein har fått, skal verte reell, det skulle berre mangle. Men ein har altså meir enn dobla kapasiteten, og når det ikkje vil vere behov for tre nye sett kvart år, så vil det frå neste haust vere eit komplett tilbod som ligg føre, og då reknar eg med at problemet òg er løyst.

: