Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1999 kl. 10

Dato: 27.10.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Petter Løvik (H): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Alta kristne grunnskole søkte i desember 1997 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om godkjenning. I september 1999 etterlyste skulen saka, og fekk etter nokre dagar eit svar der departementet ikkje eingong gir det minste signal om kor lang tid vurderingane av saka vil ta og kva tid skulen vil få svar på søknaden.

Vil statsråden sjå til at denne saka straks blir ferdig handsama?»

Statsråd Jon Lilletun: Skulen søkte om godkjenning etter privatskulelova den 9. desember 1997. I brev til skulen den 27. mai 1998 etterlyste departementet nærare planar for tilpassinga til Læreplanverket for den tiårige grunnskulen. Departementet mottok fagplanane frå skulen den 23. november 1998.

Som representanten Løvik opplyser, skreiv departementet brev til Alta kristne grunnskole den 10. september i år. Skulen vart informert om at det gjenstår faglege vurderingar av undervisningsplanane.

Eg har hatt som mål at søknader om godkjenning etter privatskulelova skal behandlast så raskt som mogleg. Saksbehandlingstida har òg gått ned. Det er likevel viktig at departementet bruker tilstrekkeleg tid på den faglege godkjenninga av dei private grunnskulane. Elevane skal sikrast ein kompetanse som svarer til den som vert gjeven i offentleg skule. Dette er viktig for at elevane skal kunne ta del i vidare opplæring, yrkesliv og samfunnet elles. Søknader om støtte etter privatskulelova reiser òg mange prinsipielle og juridiske problemstillingar som må løysast undervegs i prosessen. Det kan derfor ta noko tid å vurdere søknadene, under dette om det er behov for ytterlegare utfylling.

Eg vil sjå til at søknaden om godkjenning av Alta kristne grunnskole får høg prioritet, og at han vert behandla så raskt som mogleg. Det er likevel eit absolutt krav at før det vert gjeven eventuell godkjenning, skal departementet ha forsikra seg om at det faglege opplegget held mål. Departementet vil kanskje måtte gå ytterlegare rundar med skulen før det eventuelt vert gjeve godkjenning. Eg håpar likevel at søknaden vil vere ferdigbehandla ved årsskiftet.

Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråden for svaret.

Sjølv om hovudfokuseringa og hovudsatsinga skal vere på den offentlege skulen, er det klart at for å oppfylle foreldreretten er det veldig viktig at det finst reelle alternativ. Då er ei god tilskotsordning og rimeleg rask saksbehandling to av føresetnadene.

Eg veit at då noverande statsråd var leiar av utdanningskomiteen, hadde han den same innvendinga som eg har i dag, at dette går for seint. Ein kan sjølvsagt diskutere korleis kommunikasjonen skal vere. Det gjekk sju månader frå søknaden kom inn, til departementet bad om nye opplysningar. Statsråden har jo sagt at han har som eit mål at saksbehandlinga ved godkjenning av nye skular ikkje skal ta særleg lengre tid enn eit år. Vi har vore borti den problemstillinga tidlegare, og eg vil på prinsipielt grunnlag spørje statsråden vidare: Vil det bli sett i gang tiltak for å få ned saksbehandlingstida generelt?

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan stadfeste det som representanten Løvik no spurde om, at det er sett i gang tiltak, og derfor er gjennomsnittstida nede i eitt år, som eg har sagt bør vere ei forsvarleg saksbehandlingstid. Så er det ein del unntak. Eg vil utan vidare ta ansvaret for ein del av dei unntaka. Eg skal heller ikkje saksbehandle denne saka frå talarstolen, men det er klart at når privatskuleelevane skal ha tilsvarande opplæring som dei i det offentlege, tek det mange gonger litt tid før ein kjem fram til korleis ein slik læreplan skal sjå ut. Då er det slik at ein må bruke ein del tid på det.

Dersom ein ser på dei datoane som eg refererte til i svaret mitt, ser ein at det er heilt rett at vi brukte vel lang tid før vi bad om ytterlegare opplysingar. Men det gjekk òg svært lang tid før vi fekk svar attende. Det tok òg bortimot eit halvår. Derfor vil eg seie at denne saka har teke for lang tid, og eg skal halde det eg har lovt her, at vi skal setje opp tempoet, men vi er avhengig av eit samarbeid.

Petter Løvik (H): Eg er glad for det svaret som statsråden igjen gav.

Det er muleg at gjennomsnittstida no er nede mot eitt år, men det er klart at når vi her har ein situasjon der det har gått tett på to år frå søknaden blei send inn til dei kan få eit svar, så er det for lang tid. Då har det litt med kommunikasjonen mellom skule og departement å gjere.

Eg er også einig i det statsråden sa, at læreplanane må ha ei veldig grundig behandling, for med dei politiske diskusjonane vi har om privatskular generelt, så er det viktig at saksbehandlinga blir grundig og skikkeleg, slik at læreplanane ikkje kan angripast vidare. Men eg er tilfreds med svaret, at den spesielle skulen det her gjeld, Alta kristne grunnskole, vil få eit svar før nyttår. Dette vil gi både privatskulen og den offentlege skulen i Alta mulegheiter til å planlegge, og det er nødvendig i ein slik situasjon.