Presidenten
[13:44:45 ]: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen
vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe
og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til fem replikker
med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte
tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en
taletid på inntil 3 minutter.
Liv Kari Eskeland (H) [13:45:16 ] (ordførar for saka): Komiteen
har hatt til handsaming ein proposisjon frå Samferdselsdepartementet
om revidert finansieringsopplegg for Haugalandspakken på Haugalandet
i Rogaland og Vestland fylkeskommunar. Forslaget inneber at perioden
for innkrevjing av bompengar i Haugesund og Tysvær kommunar vert
forlengd frå 1. juli 2023 til utgangen av 2026 eller til ein eventuelt
ny bompengefinansiert bypakke for Haugesund er etablert, dersom det
skjer tidlegare enn 2026. Planen er at bypakken skal starta innkrevjing
frå 2025.
Eg vil først få
lov å takka komiteen for ein uhyre smidig og rask prosess. Dette
er ein proposisjon som har gått gjennom i ekspressfart.
Formålet med det
reviderte finansieringsopplegget er at det skal bidra til at det
vert kortast mogleg opphald i innkrevjingsperioden på Haugalandet
fram til ein eventuell ny bypakke for Haugesund er på plass. Dette
er ein proposisjon som det har vorte jobba med ei stund. Han fekk
nok lengre behandlingstid då Karmøy valde å trekkja seg frå samarbeidet,
men dei attverande kommunane og begge fylkeskommunane har stått
saman om det som no er det reviderte finansieringsopplegget.
Når komiteen får
slike pakkar, er det eit forhold som vert vekta veldig høgt, og
det er at det er lokal semje. For regionen er det svært viktig å
jobba målretta mot eit effektivt og godt transportsystem og å redusera
talet på trafikkulukker og støyplager. Etter at Karmøy trekte seg frå
avtalen, noko som medfører at bomstasjonane i Karmøy vert avvikla,
står ein igjen med at ein kan vidareføra prosjekt for om lag 600 mill. kr,
der 526 mill. kr kjem frå bompengeinnkrevjing og ca. 26 mill. kr
frå refundert moms.
Komiteen, med
unnatak av Framstegspartiet, tilrår at proposisjonen vert vedteken,
og eg legg til grunn at mindretalet gjer greie for sitt syn i saka.
Erling Sande (Sp) [13:47:47 ] (leiar i komiteen): I dag kjem
Stortinget til å vedta å forlengje levetida for Haugalandspakken
fram til utgangen av 2026 eller fram til ein eventuell ny bypakke
for Haugesund blir vedteken.
Revideringa av
finansieringsopplegget har i seg at ein får realisert prosjekt for
inntil 600 mill. kr. Det gjeld prosjekt på både riksveg og fylkesveg,
tiltak for syklande og gåande og trafikktryggleikstiltak – som saksordførar Eskeland,
som vanleg på ein god og grundig måte, har lagt fram er innhaldet
i saka.
Senterpartiet
er som kjent ikkje kategorisk mot bompengar. Vi meiner likevel at
ein alltid må vere bevisst den samla belastninga bompengar kan utgjere,
slik at det ikkje blir ei for stor belastning for den enkelte bilist.
I tillegg til dette perspektivet er det viktig for Senterpartiet
– det er ikkje berre viktig, det er ein grunnleggjande føresetnad
– at det er eit lokalpolitisk ønske om og støtte for ei bompengefinansiering
for dei prosjekta som blir vedtekne.
Karmøy har i dette
tilfellet ønskt å gå ut av avtalen, og det ønsket blir også respektert.
Bompengeinnkrevjinga i Karmøy kommune blir avvikla. Dette viser
at regjeringa held ord når det gjeld at lokalpolitisk støtte skal
vere ein føresetnad.
Vi er på veg inn
i sommaren, så la meg difor også få takke komiteens medlemer og
komitéråden for godt samarbeid og ikkje minst god innsats gjennom
sesjonen. Eg ønskjer alle ein god sommar.
Terje Halleland (FrP) [13:49:31 ] : Det er ikke så mange honnørord
som kommer her fra min side. Som kjent er Fremskrittspartiet motstandere
av å øke skatter og avgifter, spesielt skatter som ikke tar hensyn
til betalerens evne til å betale. Bompenger er en sånn skatt.
I 2008 ble det
vedtatt en bompengepakke på Haugalandet. En av betingelsene som
ble lagt til grunn den gangen, var at den skulle vare i 15 år, fram
til 2023. Istedenfor at en får en takk for innsatsen, får en altså
lov til å betale i nye tre år. Hvorfor blir det sånn? Hva er begrunnelsen?
Hva er formålet med forlengelsen? Jo, det er at det skal være kortest
mulig opphold til ny pakke er etablert. Det hørte vi også saksordføreren
si. Da er det nesten morsomt. Det er det samme som å si at vi innfører
bompenger til evig tid; vi skal bare ta dem opp og fornye dem hvert
15. år.
De nye midlene
skal altså bidra til å dempe trafikkveksten. Jeg lurer på: Hva er
det som får en til å si noe sånt? Pakken skal bidra til framkommelighet
og trafikksikkerhet, men med sånne argumenter får en gjerne ikke
Venstres og SVs stemmer, og dermed begrunner en dette med å dempe
trafikkveksten. En skal altså nesten uten unntak bruke pengene til
å bygge mer vei, som er positivt.
Bompenger skulle
være midlertidig. Bompenger skulle komme som et tillegg til offentlige
midler. Nå ser vi at bompenger i større og større grad erstatter
offentlige midler. I pakken vi vedtar, er det ingen offentlige midler,
om man ser bort fra en momsrefusjon. Dagens vedtak betyr egentlig,
som tidligere sagt, innkreving av penger til evig tid.
Akkurat i disse
dager er det mange som sliter. Til og med staten sliter. Derfor
har en innstilt oppstart på alle nye veiprosjekter i regjeringen
– på grunn av at det er tøffe tider – men det hindrer altså ikke
regjeringen i å be innbyggerne om enda mer penger. Dette er de samme innbyggerne
som opplever økte kostnader på strøm, på mat, på drivstoff og på
høyere rente, men her er det altså ingen medlidenhet å få fra stortingsflertallet,
når en i tillegg øker bompengeprisene. Da må stortingsflertallet
få med seg at denne innkrevingen øker prisene i bommene. Her vil
det komme en indeksregulering, og det vil komme en reduksjon av
rabatt for nullutslippsbiler som er med å finansiere.
Jeg anbefaler
Stortinget å stemme imot dette forslaget og ber regionen komme igjen
med en sak som er skikkelig utredet.
Med det tar jeg
opp Fremskrittspartiets forslag.
Presidenten
[13:52:35 ]: Da har representanten Terje Halleland tatt opp
det forslaget han refererte til.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [13:52:55 ] : Etter ønske fra de lokale
partene i Haugalandspakken har regjeringen lagt fram et forslag
om å forlenge bompengeinnkrevingen til senest utgangen av 2026,
eller, som det ble sagt, til eventuelt ny bypakke for Haugesund
er etablert, dersom det skjer tidligere. Det arbeides lokalt med
en ny bypakke for Haugesund med sikte på bompengeinnkreving i 2025.
I Karmøy kommune,
som har vært en del av Haugalandspakken, var det ikke tilslutning
til å forlenge innkrevingsperioden, og bomstasjonene i Karmøy blir
dermed avviklet i tråd med de lokale vedtakene. Forslaget innebærer
derfor at det blir forlenget innkreving i 9 av de 13 bomstasjonene
på Haugalandet.
Det reviderte
finansieringsopplegget som er foreslått, innebærer at ytterligere
prosjekter og tiltak for inntil 600 mill. kr kan gjennomføres. Vi
sikrer finansieringen av viktige prosjekter i regionen og bidrar
til økt måloppnåelse for Haugalandspakken. En fortsatt innkreving
av bompenger på Haugalandet vil bidra til å dempe uønsket trafikkvekst
i perioden mellom pakkene. Det er derfor gledelig at komiteens flertall
tilrår at Stortinget gjør vedtak i tråd med forslaget i proposisjonen.
Jeg har merket
meg at komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ikke stiller seg
bak forslaget. Jeg vil da understreke at regjeringen har lagt fram
et forslag som er helt i tråd med lokalpolitiske vedtak. Jeg mener
det er viktig at lokale myndigheter fortsatt skal ha mulighet til å
bidra til utvikling av veinettet i sitt område gjennom bruk av bompengefinansiering.
Jeg vil takke
komiteen og Stortinget for rask behandling av saken. Det er til
beste for alle.
Presidenten
[13:54:57 ]: De talere som heretter får ordet, har også en
taletid på inntil 3 minutter.
Lisa Marie Ness Klungland (Sp) [13:55:08 ] : Eg er svært glad
for at regjeringa og komiteen har prioritert å behandla forlenginga
av Haugalandspakken så raskt, og for at dei har teke omsyn til lokale
ønske – takk!
Det er viktig
for trygge vegar på Haugalandet. Spesielt viktig er det for å få
i gang dei prosjekta som står igjen, sånn at så mange haugalendingar
som mogleg kan køyra trygt til og frå barnehage, skule og jobb.
Folk bur, jobbar og pendlar på tvers over heile regionen. Det blir
produsert varer som skal fraktast med svære vogntog langs ein veg
som ikkje er ein europaveg verdig. Me må vere trygge på desse vegane.
Me må vere trygge på at me får våre kjære heim. Det er me ikkje
i dag.
Dei siste ti åra
har det vore nesten 20 trafikkulykker over Fikse ved fylkesovergangen
mellom Rogaland og Vestland, seinast i går. Det ser ut som det gjekk
godt i går. Frå Ølen i Vindafjord og til langt inn i nabokommunen Etne
er det knapt veg brei nok til gul stripe. Denne forlenginga av Haugalandspakken
vil bidra til at det no kan skje. Førre veke la Statens vegvesen
fram planane for dette strekket. Går planprosessen som planlagd,
kan dei starta opp våren 2024.
Eg køyrer denne
strekninga fleire gonger i månaden, og det er stort sett med hjartet
i halsen. Kva kjem rundt neste sving? Er det eit stort vogntog?
Er det plass til oss begge i vegen? Når denne vegen står klar, kan
me endeleg kjenne oss trygge.
Det er eit enormt
vedlikehaldsetterslep på vegane våre, og nokon av vegane er rett
ut farlege. Det er eit stort behov for betre vegar heime på Haugalandet.
Ei forlenging av Haugalandspakken fram til ein ny pakke er klar, er
difor nødvendig.
Når me fyrst skal
ha bompengar, må det vere jamt fordelt. Eg er likevel ikkje i tvil
om at mange villig betalar bompengar for å få ein veg me og våre
kjære kan køyra trygt på.
Frank Edvard Sve (FrP) [13:57:14 ] : Eg trur nesten ikkje det
eg høyrer – at ein no skal i gang med bompengar for å bøte på hol
og dårleg vedlikehald og kva det måtte vere, utover det som er oppdraget
til våre fylkeskommunar og staten. Det skal altså bompengefinansierast,
for staten har ikkje pengar. Staten er sikkert tom for pengar når
ein har 1 000 mrd. kr i overskot i statsbudsjettet. Då må ein altså
ta bilistane endå meir.
Landevegsrøvarane
er på tokt i det segmentet som handlar om samferdsel. Ein skal ta
mest mogleg frå bilistane, må ein jo forstå, for å finansiere kollektiv
og gang- og sykkelvegar osv. Når ein no i tillegg her vil ha bompengar
på prosjektet Haugalandspakken, og pakken er ferdig nedbetalt etter
15 år – ja, då lurer ein folk. Ein seier: Det skal vere 15 års nedbetalingstid,
men vi tek 10 år til, for det kan sikkert brukast på eit eller anna,
det kjem sikkert ein pakke ein eller annan gong. Då lurer eg berre
på: Kva vert det neste? Det vert vel konstant bompengar over heile
Noreg, for ein skal sikkert finansiere eit eller anna ein eller
annan gong, etter at ein har innført skyhøge skattar og avgifter
som gjer at prisane på bilar, utstyr og matvarer over heile Noreg
har gått til himmels – òg drivstoffprisane: Då eg køyrde nedover Gudbrandsdalen
for nokre dagar sidan, var det 22 kr for diesel og 25 kr for bensin
– gratulerer! Og så skal ein i tillegg ha bompengar på noko ein
ikkje får noko av – ein skal forlengje bompengepakken på ein pakke
som ikkje er der! Men det kan vel verte ein pakke, så ein berre
utvidar lite grann, for det vert sikkert noko å byggje, og dei har
nok planar om å byggje eitkvart.
Heile prinsippet
for bompengar slik det var lagt til grunn, er jo borte. Det er eit
grovt brot på det som er brukt som argument: brukarfinansiering
for å byggje eit prosjekt. Det at Høgre stemmer for noko slikt,
begrip eg ikkje. At Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Raudt og kva det måtte vere, skal ta bilistane, har
vi forstått for lenge sidan, men at partiet Høgre går inn på ein
pakke der ein skal forlengje bompengeinnkrevjinga? På kva? Kva skal
ein få for den bompengeinnkrevjinga?
Eg vert eigentleg
ganske imponert over at det går an å strekkje strikken så langt
når det gjeld bompengeinnkrevjing. Dette må vere eit av dei grovaste
brota på prinsippa som er lagt til grunn for bompengar, og det må vere
grunnlag for eit ganske stort landevegsrøveri overfor norske bilistar
og bilistane i Haugalandspakken – dessverre.
Liv Kari Eskeland (H) [14:00:15 ] : Det er alltid underhaldande
å høyra på Frank Sve når han verkeleg tek av her oppe på talarstolen.
Til orientering kan eg fortelja representanten at det ligg veldig
mange prosjekt i Haugalandspakken i loopen og ventar på å verta
ferdigstilte, som per i dag ikkje har funne si finansiering. Det er
ikkje slik at me her finn på mange nye prosjekt. Her er det prosjekt
som ligg som har vore ein føresetnad for den bompengeinnkrevjinga
som har vore, og som ikkje er ferdigstilte, og som me skal ferdigstilla
gjennom det som me no vedtek.
Så er det eitt
forhold til, og det handlar om at det er ønskt lokalt at denne finansieringspakka
skal koma på plass. Høgre har eit prinsipp om at me ønskjer å høyra på
dei lokale, og når det no er eit så breitt fleirtal for å få denne
finansieringspakka på plass, vel, då lyttar me til dei lokale.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [14:01:33 ] : Det brukes store ord
fra denne talerstolen – «landevegsrøveri» m.m. Hvis det var slik
at noen var landeveisrøvere, så er man jo i godt selskap, for alle
partier her har benyttet seg av bompenger for å finansiere veiene
våre. Under den forrige regjeringen, da Fremskrittspartiet hadde statsråden,
endret man vegloven § 27 ved å legge til rette for en bestemmelse
om bompengefinansiering i byområdene. Det ble bl.a. også åpnet for
et mer fleksibelt takstsystem med tids- og miljødifferensiering,
og det var Fremskrittspartiet som la fram den proposisjonen.
Det er verdt å
minne representanten Sve om – jeg vet at det ikke alltid faller
i god jord – at under den forrige regjeringen, da Fremskrittspartiet
hadde samferdselsministeren, var det en vekst i antall prosjekter
med bompengeinnkreving, antall bomstasjoner, bompengeinntekter og
vekst i bompengeselskapenes lån/gjeld. Veksten i bompengeinnkreving
skjedde både i og utenfor byområdene. Fra 2013 til 2021 økte bompengeinntektene
fra 8 mrd. kr til 11,8 mrd. kr – og det er det bilistene som har
betalt.
Terje Halleland (FrP) [14:03:15 ] : Det ble plutselig litt
å ta tak i. Det er fryktelig lett å skyve regionen foran seg. Jeg
tror samtlige av oss som har vært lokalpolitikere eller regionalpolitikere,
har opplevd dette presset.
Det jeg reagerer
mest på, er at alle er imot bompenger. Det er nesten ingen som er
for bompenger – bortsett fra at alle stemmer for, med Fremskrittspartiet
som et hederlig unntak.
Det blir lagt
opp til mer eller mindre utpressing. Det som skjer spesielt nå,
er at staten går ut og sier at vi må holde igjen investeringene
på vei, vi kan ikke gjøre det, mens innbyggerne på Haugalandet,
som inngikk en 15-årig avtale om en bompengepakke, må finne seg
i at den blir forlenget – i en tid som er tøff for innbyggerne.
Jeg har lyst til
å ta opp litt av det som statsråden sier. Ja, Fremskrittspartiet
vant ikke kampen om å slette alle bompengene, men vi reduserte bompengeinnkrevingen,
som lå på over 40 pst. av det vi brukte på veimidler i den tiden,
til under 28 pst. Grunnen til at beløpet i kroner gikk opp – og
det kan statsråden gjerne feste seg ved – var at vi satset på vei.
Vi bygde vei, vi bygde infrastruktur, vi så fortjenesten ved å ha
en god offentlig infrastruktur, bl.a. for å ivareta trafikksikkerhet,
for å skape arbeidsplasser på vei, for å få tak i den verdiskapingen som
næringslivet vårt har, spesielt i distriktene, for å få fram våre
varer.
Jeg kan utfordre
litt videre: Når en region inngår en bompengeavtale og avfinner
seg med å betale i 15 år, hva betyr det? Hvilke forpliktelser er
det i denne salen når en har gjort det? Er det sånn at for at innbyggerne ikke
skal bli vant til å være uten bom, skal vi forlenge den, fordi vi
trenger litt tid på oss før neste bompengepakke er klar? Kan vi
ikke da bare innføre det til evig tid? Det er unødvendig byråkrati
å holde på med dette, så jeg vil gjerne ha et svar fra statsråden:
Hva menes det med at en bompengepakke skal ha en levetid på 15 år?
Er det noe innbyggerne kan se fram til, at når de har gjort den dugnaden,
som mange kaller det, skal de få noe igjen? Eller skal en oppleve
det en opplever her, at bompengeskruen blir teitet til enda et par
hakk, og rent offentlige utgifter blir holdt igjen, mens bompengepakkene
som kommer for brukerne, stiger?
Presidenten
[14:06:08 ]: Neste taler er representanten Frank Edvard Sve.
Mens han er på
vei opp, vil presidenten opplyse om at ordet «landevegsrøveri» ikke
er riktig parlamentarisk ordbruk.
Frank Edvard Sve (FrP) [14:06:22 ] : Me har ganske mange gonger
høyrt statsråden snakke om at då Framstegspartiet var i regjering,
økte ein bompengebruken, men då bygde me altså betydeleg meir veg,
og bompengeandelen per prosjekt gjekk betydeleg ned.
Noko eg undrast
veldig over, er at når desse tinga heng i hop med meir vegar og
meir bompengar, skulle ein kanskje tru at det vart mindre bompengar
når det vart mindre veg. Dagens regjering har jo ikkje sett i gang nokon
prosjekt. Nei, bompengane aukar. Det har aldri vorte teke inn meir
bompengar enn etter at samferdselsministeren frå Arbeidarpartiet
tiltredde. Det er rekord, men det er ingen rekord i vegbygging,
så det heng ikkje i hop i dagens regjering. Det er spesielt å høyre
på når det gjeld bompengar.
Kva er det som
tilseier at dagens regjering vil støtte eit nytt prosjekt rundt
Haugalandspakken her, som dannar grunnlag for at ein kan fortsetje
med bompengane, og for å kunne fortsetje på nye prosjekt? Det er
ei blanding av både fylkesvegar og riksvegar, men når det gjeld
riksvegar: Etter dei prioriteringane me har sett frå Statens vegvesen,
og det me har høyrt frå statsråden om kva ein har tenkt å prioritere
i framtidig NTP, vil kommunane verte kjempeskuffa. Er det stort
sannsyn for at kommunane der nede vert veldig skuffa? Ja, det er
veldig sannsynleg.
Det står ein ganske
lang kø med Oslofjordkryssinga og mange andre prosjekt som ventar
på å verte bygde og få løyvingar. Kva er det som tilseier at ein
skulle få midlar til det prosjektet no – ein må forlengje bompengeinnkrevjinga
med ti år til. Det er masse prosjekt, seier representanten frå Høgre,
men kva tilseier at dei skulle få nokon statlege midlar for å verte
starta opp når ein ikkje eingong klarar å kome i gang med Oslofjordkryssinga, som
står som nummer ein på prioriteringslistene? Det kunne eg gjerne
ha tenkt meg at statsråden svarte på.
Kan ein då risikere
at dei store prosjekta, og dei prosjekta som no er prioriterte som
ein, to, tre, fire, fem og nedover, og som ikkje er starta opp,
vert skubba ut i tid, og at ein plukkar nokon andre prosjekt i staden?
Det kunne eg også tenkje meg å vite noko om, for dette heng ikkje
i hop.
Det er iallfall
eit nytt prinsipp, det å utvide bompengeperiodane utover 15 år for
å finansiere noko ein ikkje veit kva er, og der innbyggjarane må
fortsetje å betale bompengar på noko som moglegvis kan verte ein
gong i framtida. Det er brot på eit prinsipp som eg iallfall ikkje forstår
noko av. Ein burde openbert ikkje gå den vegen.
Votering, se voteringskapittel
Presidenten
[14:09:00 ]: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
Stortinget tar
nå pause fram til votering kl. 15.
Stortinget tok
pause i forhandlingene kl. 14.09.
-----
Stortinget gjenopptok
forhandlingene kl. 15.
President: Morten Wold