Presidenten [10:15:59 ]: Etter ønske
fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne debatten
slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer
av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne på talerlisten
utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Geir Inge Lien (Sp) [10:16:21 ] (ordførar for saka): Eg vil
takke komiteen for eit godt samarbeid og forslagsstillarane for
å ha sett saka på kartet. Dette prosjektet er viktig for sikkerheita,
framkomelegheita og utviklinga av ein heil region. Veibustkrysset
på E39 i Suldal kommune i Møre og Romsdal er svært utsett for ulykker.
Det er ei vegstrekning der det har vore fleire ulykker og dødsulykker
i løpet av siste åra.
Veibustkrysset i Suldal kommune har ein høg
trafikkbelastning, med ein ÅDT på minst 17 000 bilar i døgnet. Strekninga
krysset ligg i, er svært viktig for næringslivet og for folk i regionen.
Vegstrekninga er tilknytt eit større næringsområde, mange bustader
og har svært mykje tungtrafikk, med bilar som går inn og ut av E39. Det
er klart vi må byggje planfritt kryss der.
Veibustkrysset er, som sagt, eit viktig kryss
som det hastar med å få realisert. Dette prosjektet er til godt
under 200 mill. kr og er ferdig regulert – det vi kallar gryteklart.
Prosjektet har ei brei tilslutning i komiteen, slik eg oppfattar
det.
Prosjektet Vegsund–Breivika låg inne i NTP-en
for 2018–2029, men vart beklagelegvis teke ut av NTP av Høgre-regjeringa
for perioden 2022–2023. Det kunne gjort at vi kunne ha vore godt
i gang i dag. Når det er sagt, meiner vi at ein ikkje bør styre
vegpolitikken etter eit representantforslag. Difor er det utruleg
gledeleg at Veibustkrysset har fått ein spesiell status i komande
NTP, der det er eitt av seks prosjekt som er prioritert av prosjekt
til under 1 mrd. kr.
Det er svært gledeleg at Veibustkrysset har
fått ei så høg prioritering i ny nasjonal transportplan for 2025–2036
av Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa. No er det berre eit rimeleg
godt og klart signal til Statens vegvesen om snarlegast oppstart.
Liv Kari Eskeland (H) [10:19:00 ] : Me har mange trafikkfarlege
kryss og vegstrekningar her i landet. Kvart år døyr det altfor mange
personar i trafikken, og enno fleire vert hardt og alvorleg skadde.
I tillegg har me eit vegnett som hindrar at næringstransport og
privatbilistar kjem effektivt fram. Dette er ei stor utfordring
for landet vårt.
Då Høgre sat i regjering saman med Framstegspartiet,
gjorde me eit skikkeleg løft for å få fart på vegbygginga, og me
prioriterte samferdsel og infrastruktur på ein heilt annan måte
enn dei føregåande regjeringane hadde gjort. For oss var det viktig
å byggja landet, men det var òg viktig å tryggja vegane og ferdselsårene
våre mot ras og skred og sikra framkomelegheit. Gode vegar får ned
ulykkestala, noko me har sett når dei gode vegprosjekta står ferdige.
Kvar stortingsperiode vert det lagt fram ein
ny NTP – eit plandokument som fortel kva ambisjonar den til ei kvar
tid sitjande regjeringa har for infrastruktur og samferdsel. Frå
vår periode i regjering hadde me nokre stolpar som var slått ned.
Me bygde landet saman, me bygde stein på stein, og me var føreseielege
i våre prioriteringar. Me reformerte vegsektoren, me strukturerte
NTP i porteføljar, og me sette samfunnsnytte og tryggleik høgt.
Prosjekt under 1 mrd. kr låg i porteføljen
til Statens vegvesen eller Nye vegar, utan at slike prosjekt vart
særskilt prioriterte frå Stortingets side eller kommenterte i NTP.
Difor vart dette prosjektet teke ut.
Regjeringa har nyleg lagt fram sitt forslag
til NTP, og Veibustkrysset står omtala her. Regjeringspartia har
allereie vore ute og feira at prosjektet ligg inne. Det betyr at
denne regjeringa har gått bort frå prinsippet om ikkje å omtala
prosjekt under 1 mrd. kr. Så får me ha tru på at omtalen som ligg
i NTP, er god nok, der det står at strekninga kan vera aktuell i
planperioden. Me håper at dette gjev tryggleik nok til at den feiringa
som regjeringspartia allereie har føreteke, er rettkomen.
Av same grunn som at me ikkje har lagt inn
prosjekt under 1 mrd. kr i NTP, ser Høgre at det er krevjande om Stortinget
skulle prioritere på enkeltprosjekt her i Stortingssalen utan å
sjå porteføljen i ein heilskap. Som eg innleia med, er det mange
kryss om hadde fortent Stortingets merksemd om me skulle ha lagt
oss på det nivået. Det betyr at me ikkje kjem til å stemma for framlegget,
men legg til grunn at det finn si prioritering i denne perioden
i porteføljen til Statens vegvesen.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:22:02 ] : Framstegspartiet har ved
mange anledningar fremja framlegg om tiltak for trafikktrygging
og for trygge vegar, men har jo vorte nedstemt gong etter gong.
Vi har også teke initiativ til ein initiativdebatt i Stortinget
angåande trafikktrygging, som var ein god debatt der alle partia
var veldig einige om at trafikktrygging er viktig. Underteikna og
fleire frå Framstegspartiet fremja framlegg angåande Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa
fleire gonger i denne perioden, og dette framlegget er på nytt i
tråd med det.
Det er veldig bra at regjeringa har sett forslaga
våre og på mange måtar tydelegvis lytta til oss, for no ligg dette
prosjektet omtalt i NTP, men det er omtalt og ingenting anna. Det
høyrer med til historia at det området vi snakkar om her, altså
Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa er ein av dei verste dødsvegane
i Noreg. Det er fem drepne dei tre siste åra – rett nok ingen i
det konkrete Veibustkrysset, men det er veldig mange ulykker i Veibustkrysset,
og det er veldig alvorlege ulykker i området. Det er altså heile
strekninga her som er utfordringa. Den har regjeringa prestert å
leggja i avviklingsporteføljen sin, så ho er ikkje lagt inn i NTP
i det heile. Når det er sagt, er det bra at Veibustkrysset er lagt
inn. Det er bra. Det er viktig og nødvendig.
Så er det sånn at det ikkje står noko om når
det skal kome. Når eg høyrer på representanten frå Høgre, vert eg
litt undrande til kva politikken eigentleg fører til – kva ein ønskjer
for å få gjort noko med dei verste områda i Noreg når det gjeld
dødsulykker og andre ulykker. Då burde ein eigentleg støtte dette
forslaget. Ein seier at det ikkje er denne måten ein driv politikk
på. Kva måte driv ein politikk på då? Ein legg det ikkje inn i NTP,
og ein prioriterer det ikkje når vi fremjar framlegg om viktige
trafikktryggingstiltak. Det å faktisk vere med og gjere ting i praksis
er viktig.
Grunnlaget for det framlegget som vi fremja
i denne saka, er å få fart i systemet, få gjort noko i praksis.
No er det Statens vegvesen som skal prioritere dette på eigen basis.
Vi i Stortinget skal liksom ikkje seie noko om det, men dei skal
få styre med sitt. Eg kan love at vi skal følgje med på at dette
prosjektet vert gjennomført så fort som mogleg. Det er det som er
insentivet vårt med å få det inn i revidert budsjett. Det burde
ha vore sett i gang så fort som mogleg. Statens vegvesen kan ta
det innanfor budsjetta sine, men her må ein trykkje på. Stortinget
er vår moglegheit til gjere det i denne salen, og det gjer vi no,
og vi kjem til å følgje opp regjeringa inntil det vert eit regjeringsskifte
neste haust. Det er godt mogleg at det er vi som må gjere det i
denne saka likevel, ser det ut til.
Då er framlegget teke opp.
Presidenten [10:24:59 ]: Representanten
Frank Edvard Sve har tatt opp det forslaget han refererte til.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:25:16 ] : Representantforslaget
handler om å framskynde utbedringen av E39 Veibustkrysset i Sula
kommune. Veibustkrysset ligger på strekningen E39 Veibust–Blindheim–Moa,
som går gjennom Ålesund og Sula kommuner i Møre og Romsdal. Veien
er hovedinnfartsåre til Ålesund fra sør og er en av de mest trafikkerte
veiene i fylket. Det var om lag 22 000 biler per døgn i gjennomsnitt
i 2022. Dette er en veistrekning der det, som man har vært inne
på allerede, har vært fem døde i tre ulykker i løpet av de tre siste årene.
Veistrekningen er tilknyttet et større næringsområde med svært mye
tungbiltrafikk som skal ut på E39.
For denne regjeringen er det viktig å gjøre
noe med Veibustkrysset. I ny Nasjonal transportplan er dette nevnt
som et av seks veiprosjekter med kostnad under 1 mrd. kr som det
er aktuelt å starte opp i første seksårsperiode. Det betyr at det
prosjektet er prioritert av denne regjeringen.
Prosjektet E39 Veibustkrysset er ikke omfattet
av Statens vegvesens porteføljestyring fordi det er et prosjekt
som har en anslått kostnad under 1 mrd. kr. Statens vegvesen har,
som man også har vært inne på allerede, en generell fullmakt til
å pådra forpliktelser ut over budsjettåret for prosjekter med kostnad
under 1 mrd. kr.
Muligheten til å starte opp nye prosjekter
i 2024 avhenger selvfølgelig av den økonomiske situasjonen hos Statens
vegvesen. Statens vegvesen er delegert ansvaret for å vurdere nettopp
det handlingsrommet.
Sula kommune har vedtatt en reguleringsplan
der et nytt planskilt kryss på E39 ved Veibust skal erstatte dagens
T-kryss.
Byggingen omfatter heving av dagens E39 for
å bygge en ny kulvert som tilfredsstiller gjeldende krav til høyde
og bredde. Det skal bygges ny vei fra Kongshaugstranda opp til krysset
ved E39. For å få et mer trafikksikkert kollektivtilbud bygges det
et nytt kollektivområde ved Kongshaugstranda.
Presidenten [10:27:25 ]: Det blir replikkordskifte.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:27:38 ] : Vi kan i denne saka på
ein måte snakke positivt om ei veldig viktig sak, ei sak som vi
tydelegvis er ganske einige om må prioriterast, men tidspunktet
er det store spørsmålet. Dette prosjektet vil ta to til to og eit
halvt år å få realisert. Vi har ingen å miste i området. Det er
dagleg, nesten kvar time, nestenulykker der, og det smell i dette
krysset kvar månad. Spørsmålet mitt til statsråden er rett og slett
kva han vil gjere for å sørgje for at Statens vegvesen faktisk prioriterer
dette livsfarlege krysset så fort som i det heile mogleg.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:28:26 ] : Jeg mener det er et
veldig tydelig signal når regjeringen omtaler det i sitt forslag
til ny Nasjonal transportplan. Det vil være sånn at når ny NTPhar
vært til behandling i Stortinget, vil vi legge den til grunn for
våre budsjetter. Det betyr at vi må sørge for at det er tilstrekkelig
med midler til denne typen mindre investeringstiltak.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:28:48 ] : Det er godt å høyre at
ein er framoverlent i den saka. Vi skal følgje det tett opp, eg
trur ikkje nokon treng å bekymre seg for det. Det som bekymrar oss,
er at det gjeld heile strekninga Solavågseidet–Veibust–Blindheim–Moa.
Det er riktig som statsråden sa, at Blindheimstunnelen er den mest
trafikkerte eittløpstunnelen i Noreg, med 22 000 bilar i døgnet.
Denne strekninga har altså regjeringa prestert å leggje i avviklingsporteføljen.
Det er kanskje dødsveg nummer to i Noreg når det gjeld alvorlege ulykker
og dødsulykker den siste tida – dei siste åra. Kva er grunnlaget
for at ein har utelate heile området og ikkje teke det med i NTP
–spesielt Blindheimstunnelen, som kanskje er ein av Noregs desidert
farlegaste tunellar? Kva er grunnlaget for at han er teken heilt
ut av NTP?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:29:40 ] : Som representanten er
kjent med, er det sånn at når vi skal lage ny Nasjonal transportplan,
må vi prioritere hardt. Da er det ikke plass til alle prosjektene.
Jeg vil advare mot å kalle utviklingsporteføljen for en avviklingsportefølje, det
er ikke sånn vi beskriver utviklingsporteføljen i NTP. Tvert imot
sier vi at dette er prosjekter som kan være aktuelle ved ny rullering
av NTP. Når man lager en nasjonal transportplan, er det en 12-årsplan.
Når det har gått fire år, har man forhåpentligvis gjennomført fire
år med prosjekter i planen, og da blir det handlingsrom til å legge
inn nye prosjekter. Så det er ikke noe mer komplisert enn det –
at det ikke er plass til alt i en NTP.
Presidenten [10:30:20 ]: Replikkordskiftet
er avsluttet.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [10:30:39 ] (leiar i komiteen): Veibustkrysset
er eit særdeles viktig kryss å få gjort noko med. Det ligg på ei
trafikkfarleg strekning med høg trafikkmengd, som ein har høyrt
her frå statsråden, med årsdøgntrafikk på 22 000. Det har vore mange ulukker,
og det er stort behov. I tillegg til at det er høg årsdøgntrafikk,
er òg mykje av trafikken der pulserande. Det er relativt nært ikkje
berre eitt, men to ferjeleie. Det gjeld både trafikken som kjem
på E39 frå Solavågen, og trafikken som kjem over Hareid–Sulesund.
All den trafikken her som skal vidare, må via Veibust og deretter
Blindheimstunnelen og vidare inn.
Eg merkar meg og vil berre seie òg at det engasjementet
som har vore her over tid, er særdeles forståeleg, det er særdeles
viktig, frå både lokalbefolkning, industrien på Veibust og andre
som altfor ofte vert vitne til alvorlege ulukker, og at ein har
behov for å få gjort noko med vegen.
Eg registrerer historieforteljinga til Høgre
og representanten Eskeland i denne saka. Det er altså slik at strekninga
Vegsund–Breivika, inklusive Veibust, har vore inne i NTP tidlegare.
Som saksordføraren sa, låg den strekninga inne i NTP for 2018–2029.
I utgangspunktet var det òg eit politisk fleirtal i Ålesund kommune
som ville prioritere den strekninga inn som ein del av bypakka.
Etter at dåverande samferdselsminister, Jon Georg Dale frå Framstegspartiet,
greip inn i prosessen, var det ikkje lenger fleirtal i Ålesund kommune
for det. Det vart teke ut av bypakka. Seinare blei prosjektet òg teke
ut av høgreregjeringa ved rullering av NTP.
Det gjeld altså heile strekninga frå Vegsund
til Breivika, der det er behov for å få gjort noko med både Blindheimstunnelen
og andre viktige punkt. No må vi iallfall sørge for i fyrste omgang
å få gjort noko med Veibustkrysset. Eg er glad for engasjementet
og initiativet som vert teke i salen her, med det representantforslaget
vi behandlar i dag.
Regjeringa har vore veldig tydeleg på at dette
krysset er eitt av seks mindre prosjekt i Noreg som skal prioriterast
i Nasjonal transportplan. Det er ei tydeleg prioritering som vert
gjort. Eg meiner det er viktig òg på mindre prosjekt å single ut
nokon prosjekt Vegvesenet får ei tydeleg bestilling på at må gjennomførast,
og som ein må finne rom for så raskt som mogleg.
Geir Inge Lien (Sp) [10:33:44 ] : Eg vil takke for ein god
debatt i ei viktig sak. Og eg vil berre seie til representanten
Liv Kari Eskeland at eg tenkjer at det ikkje er noka sak som er
for lita til å engasjere seg i politisk. Desse prosjekta betyr utruleg
mykje, og som representanten føre meg her no uttalte, er dette prosjektet
utruleg viktig for regionen, og det har òg ein historikk. Det låg inne
i eit større prosjekt, altså Vegsund–Breivika, med utruleg stor
døgntrafikk, ein ÅDT på 22 000 bilar. Så det er ei utruleg viktig
strekning å ha fokus på, det er vi heilt klare på. Då er det viktig
å starte med eit sånt prosjekt som Veibustkrysset. Eg må berre seie
at då den strekninga blei tatt ut av NTP 2022–2033 av Høgre, var
det eit rimeleg stort prosjekt som blei tatt ut.
Eg er veldig glad no for at vi er på sporet
igjen, og at vi kan få starta realiseringa av Veibustkrysset snarast.
Liv Kari Eskeland (H) [10:35:16 ] : Me skal snart jobba – og
me held på – med Nasjonal transportplan i komiteen, og det er der
me gjer prioriteringane våre. Det er der me tek dei store diskusjonane
om korleis vegsektoren skal utvikla seg dei neste tolv åra. Eg kan
heller ikkje sjå at sitjande regjering har lagt inn Vegsund–Breivika
i den komande nasjonale transportplanen som høgt prioritert i første
periode. Når eg då sa at me hadde eit prinsipp om ikkje å leggja
inn prosjekt under 1 mrd. kr i vår NTP, altså den frå 2018–2029,
var det altså eit prinsipp, og det var grunnen til at dette prosjektet vart
teke ut. Men eg helsar denne runden velkomen. Me treng all den utviklinga
me kan få av dei viktige vegprosjekta me har her i landet der det
er trafikkfarleg, og eg håpar at me har ei regjering som i større
grad prioriterer veg og vegsikkerheit enn det me til no har sett.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:36:36 ] : Mitt engasjement og min
iver i det politiske arbeidet er å arbeide for små og store saker
i område som vi har ansvaret for. Veibustkrysset er eit godt døme
på ei slik sak.
Trafikktrygging og trygge vegar har vore noko
som Framstegspartiet har jobba med lenge. Det er liten tvil om det
faktisk nyttar å stå på, det nyttar å lyfte det fram. Eg trur at
dette huset og alle politiske parti er nøydde til å leggje større
vekt på trafikktrygging og sikre vegar, og det må få ei høgare prioritering
enn det det har fått i ein del samanhengar.
Vi ser av den framlagde nasjonale transportplanen
– og eg beklagar det veldig – at heile denne strekninga frå Solavågseidet,
Veibust, Blindheim til Moa er heilt ute dei tolv åra i NTP. Det
er heilt riktig som leiaren i komiteen sa her at det er i den tolvårsperioden
ein skal planleggje prosjektet, men ein har altså teke ut ei av
Noregs desidert farlegaste vegstrekningar. Det er veldig bra – som
eg har sagt, eg har skrytt av regjeringa – at Veibustkrysset no
har vorte sett i fokus, men det er veldig spesielt at denne strekninga,
altså E39 totalt sett, ikkje ligg inne. Det er heilt rett, som det
også var sagt frå leiaren i komiteen, at det er ikkje 22 000 bilar
i døgnet som er rådande for det området. Det er 44 000, kanskje
65 000, fordi ein får trafikken frå to av landets desidert største
ferjestrekningar i pulsering rett inn i krysset. Det er heilt riktig som
komitéleiaren sa. Det gjer utfordringa endå større, så eg hadde
håpt og trudd at dette kunne kome inn.
Vi får sjå kva vi klarar å gjere i det politiske
arbeidet framover og med ei eventuelt ny regjering. Eg trur ein må
ha ein ny kurs – ein kurs der ein fokuserer på trafikktrygging og
trygge vegar betydeleg meir enn ein har gjort no.
Men når det er sagt: Denne saka er på ein måte
eit steg i rett retning. Det har ført til at regjeringa har lagt inn
Veibustkrysset. Ein skal vere såpass ærleg og ordentleg at ein er
fornøgd med det som faktisk er bra også, for det er viktig for dei
folka som køyrer der kvar einaste dag, og eigentleg risikerer liva
sine kvar dag i det krysset. Så eg håper inderleg at vi får dette
fort opp og fram. Eg har stilt spørsmål til statsråden om at han
gjer det han kan for at Vegvesenet vert instruert til å få dette
på plass, at det vert nok pengar til Statens vegvesen, slik at prosjekta
kjem i gang, helst i 2024. Og som eg sa, eg skal love at kjem det
ikkje i gang i 2024, er det ikkje siste gongen ein får høyre om
denne saka i denne sal. Det skal eg love.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [10:39:43 ] : Eg merka meg at representanten
Eskeland meiner at om ein har prosjekt som er under 1 mrd. kr, skal
ikkje Stortinget ha noko med den typen prosjekt i det heile, og
at det nærmast ikkje er viktig korleis Vegvesenet prioriterer innanfor ramma.
For mindre prosjekt er det i NTP-perioden snakk om titals milliardar
kroner. Det er veldig mange viktige prosjekt der. Det er også interessant
fordi Høgre sjølv har vore med på å definere det ein kallar for
utbetringsstrekningar, som òg er prosjekt under 1 mrd. kr i NTP,
og som går under potten for andre mindre investeringar.
Om dette hadde vore ei strekning som det skulle
gjerast noko med, med tiltak under 1 mrd. kr, kunne Høgre ha vore
med på det. Dette er eit punkt som er særdeles trafikkfarleg, og
der det har vore mange alvorlege ulykker. Då seier vi frå regjeringspartia
si side – med god støtte frå Framstegspartiet her i salen – at det
krysset må vi få gjort noko med. Det er ei tydeleg prioritering
og bestilling frå vår side. Saman med eit fåtal andre mindre prosjekt
i NTP er det noko vi har sagt at vi må få fortgang på, og som vi
forventar at Statens vegvesen følgjer opp i etterkant.
Presidenten [10:40:59 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 2.
Votering, se voteringskapittel