Hausten 2020 markerte
regjeringa at det var 20 år sidan FN vedtok resolusjon 1325, den
fyrste av dei ti resolusjonane som utgjer agendaen for kvinner,
fred og sikkerheit. Noreg har hatt ein politisk ambisjon om å vere
internasjonalt leiande i implementeringa av denne agendaen sidan
den fyrste nasjonale interdepartementale handlingsplanen (NAP) kom
i 2005. Den har seinare vore følgd opp med tre nye interdepartementale handlingsplanar.
Desse adresserer mellom anna førebygging og vern mot overgrep, inkludert
kjønnsbasert og seksualisert vald i krig og konflikt, kvinner si
rettmessige deltaking der avgjerder vert tekne, behovet for eit kjønnsperspektiv
i alle delar av verksemda – internt og eksternt, kjønnsintegrering
og kjønnsbalanse.
Kvinner, fred og
sikkerheit er også eit av regjeringas uttalte prioritetsområde for
Noreg som medlem i FNs sikkerheitsråd. Likestilling mellom kjønna
er i tillegg eit av FNs berekraftsmål og vert sett på som ein føresetnad for
å kunne nå fleire av dei andre måla.
Forsvaret har fått
mange og omfattande oppdrag med bakgrunn i agendaen for kvinner,
fred og sikkerheit som krev endringar i både strukturar, prosessar
og kultur, både internt i organisasjonen og eksternt i operasjonar.
I tillegg er Forsvaret, som statens største arbeidsgivar, forplikta
til å jobbe aktivt for likestilling og ikkje-diskriminering i høve
til lov om likestilling og forbod mot diskriminering av 1. januar
2018.
Statsråden uttalte
ved lanseringa av den siste nasjonale handlingsplanen at kjønnsperspektiv
er ein naturleg del av alt Forsvaret gjer, og at dette sit i ryggmargen til
alle som jobbar der. Samstundes viser forsking at Forsvaret ikkje
løyser oppdraga dei har fått når det gjeld kvinner, fred og sikkerheit,
at fagområdet og stillingar til å jobbe med tematikken er nedprioriterte,
at det vert rapportert misvisande på måloppnåing, samt at Forsvaret
heller ikkje følger NATO si tilråding om tematikken. Forsvaret har
fått i oppdrag å lage ein heilskapleg implementeringsplan for agendaen
om kvinner, fred og sikkerheit. Dette oppdraget er heller ikkje
løyst.
I tillegg syner resultat
frå undersøkinga om mobbing og seksuell trakassering (MOST) i Forsvaret
at fleire framleis vert utsett for kriminelle handlingar, seksuelle overgrep,
mobbing og trakassering – og at det som oftast er kvinner som vert
mobba eller trakassert av menn. Resultata frå dei siste MOST-undersøkingane
avdekka ei rekke alvorlege hendingar i Forsvaret. Forslagsstillarane merkar
seg at Ombudsmannsnemnda gjennom arbeidet sitt dei siste åra særleg
har vektlagt innsyn og innsamling av kunnskap om korleis Forsvaret
har tatt tak i dei utfordringane og problemstillingane som undersøkingane
har avdekka. Det er likevel urovekkjande lesing å sjå på resultata.
Den siste undersøkinga viser
ein generell nedgang i mobbing og trakassering på to prosentpoeng
i forhold til førre undersøking. Nedgangen er størst i arbeidsrelatert
mobbing og truande åtferd. Mellom anna svarar 11 prosent av dei
som har svart på undersøkinga, at dei har opplevd ei eller anna
form for mobbing. Vidare har 22 prosent av dei spurde opplevd ei
eller anna form for seksuell trakassering i løpet av det siste året.
Kvinner opplever betydeleg meir av dette enn menn, med 46 prosent av
kvinner og 14 prosent av menn. Uavhengig av kjønn opplever også
yngre meir seksuell trakassering enn eldre, og menige/studentar
(38 prosent) opplever meir av det enn tilsette (19 prosent). Undersøkinga
avdekkjer at den seksuelle trakasseringa inneber kjønnstrakassering og
uynskt seksuell merksemd samt tilfelle av seksuelt press og seksuelle
overgrep.
Ein dårleg kultur
i Forsvaret vil ha negative konsekvensar for forsvarsevna og nasjonal
tryggleik, og difor må arbeidet med å legge til rette for ein god
kultur, samt å rette opp i eksisterande utfordringar, vere ein prioritet.
Dette viser tydeleg at arbeidet med kvinner, fred og sikkerheit,
samt likestilling og mangfald, krev grundig oppfølging frå departementet
si side for å sikre at Forsvaret når måla som er sette.