Lettlese om Stortinget

«Stortinget og demokratiet» er ein lettlesen informasjonsbrosjyre med tilhøyrande oppgåver. Han passar godt for personar med norsk som andrepråk.

Last ned det lettlesne informasjonsheftet Stortinget og demokratiet (pdf, 2 MB)

Stortinget har utvikla eit kortfatta oppgåvehefte (pdf) som kan brukast som del av eit undervisningsopplegg knytt til det lettlesne informasjonsheftet. Oppgåveheftet skal bidra til å sikre leseforståing.

Vaksenopplæringssenter, skular og kursstader kan bestille «Stortinget og demokratiet» i trykt versjon. Send e-post med namn på undervisningsstad, postadresse, kontaktperson og kor mange brosjyrar du ønskjer. Dersom du samtidig ønskjer å få oppgåveheftet tilsendt, ver venleg å opplyse om dette.

Ei nynorsk omsetjing av «Stortinget og demokratiet» er i arbeid.


Sist oppdatert: 22.02.2018 14:24