Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Europaparlamentets plenumsmøte i Strasbourg 16. – 19. oktober

Terroren mot Israel og situasjonen på Gazastripa var ein hovudsak under plenumsmøtet til Europaparlamentet 16. – 19. oktober. Parlamentet drøfta også mellom anna EUs budsjett for 2024, langsiktig støtte til Ukraina og gav formelt samtykke til nytt kontrollregelverk for fiskerisektoren. Jina Mahsa Amini og den iranske kvinneprotestrørsla vart tildelt Sakharov-prisen, medan journalistprisen vart tildelt eit konsortium som har granska forliset til migrantskipet Adriana.

Terroren mot Israel og situasjonen på Gazastripa
Parlamentet hadde 18. oktober ein lang debatt om Hamas sitt terroråtak i Israel og situasjonen på Gazastripa og vedtok ein resolusjon 19. oktober. I tillegg til den alvorlege situasjonen i Midt-Austen, var bakteppet for debatten kritikk både frå medlemsland og medlemmer av Europaparlamentet om at korkje Kommisjonen eller medlemslanda hadde riktig eller godt nok koordinert respons. Den ungarske kommissæren, Olivér Várhelyi, som har ansvar for naboskap og utviding, gjekk rett etter åtaket ut og sa EU ville stanse alle overføringar til palestinarar. Han måtte kort tid etter kome med kontrabeskjed om at det ikkje var tilfelle likevel. Fleire medlemmer av Europaparlamentet har i eit opent brev kravd at han bør gå av. EUs høgrepresentant for utanrikssaker, den spanske kommissæren Josep Borrell, har på si side understreka at det er viktig å fortsette humanitær støtte og støtte til sjølvstyresmaktene. Han har derimot fått kritikk for ikkje ha prioritert å besøke Israel etter åtaket og i staden delta på møter i Oman og Kina, og også for ikkje å ha vore i Israel i det heile tatt i løpet av sin mandatperiode. Kommisjonspresident Ursula von der Leyen var saman med parlamentspresident Roberta Metsola i Israel 13. oktober for å vise solidaritet. Von der Leyen er blitt kritisert for ikkje å sagt (offentleg) under besøket at Israels reaksjon etter terroråtaket må følgje internasjonal rett.

17. oktober hadde EUs stats- og regjeringssjefar eit ekstraordinært, digitalt møte om terroren i Israel og situasjonen i Gaza etter at dei samla seg om ei fråsegn om situasjonen to dagar tidlegare. Rådspresident Charles Michel la i si pressemelding etter møtet vekt på at EU-landa har ei svært «fast, solid og samla» posisjon. I oppsummeringa frå møtet fordømer leiarane terrorhandlingane til Hamas og understrekar at Israel har rett til å forsvare seg i samsvar med folkeretten og internasjonal rett. EU skal bidra til humanitær støtte til sivile på Gaza og arbeide politisk og diplomatisk for ei langsiktig fred basert på ei tostatsløysing. Det er viktig å hindre at situasjonen fører til ei polarisering i europeiske land og EU-landa skal samarbeide om sikkerheitstiltak og om tiltak mot hatefulle ytringar. EUs stats- og regjeringssjefar drøfta også potensielle effektar på migrasjonsstraumar av situasjonen. Det vart elles lagt merke til at den ungarske statsministeren Viktor Orbán prioriterte å delta på 10-årsmarkeringa for Belte-veg-initiativet i Beijing og mellom anna å møte Vladimir Putin der, framfor å delta på det europeiske toppmøtet.

Både det spanske EU-formannskapet, kommisjonspresident von der Leyen og høgrepresentant Borrell deltok i debatten i Parlamentet 18. oktober. I stort framheva dei det same som fråsegna frå EU-landa tidlegare i veka. Alle tre fordømte åtaket på Israel og understreka Israels rett til å forvare seg. Samstundes la dei vekt på at dette må skje i samsvar med internasjonal rett. Hamas har vist at målet er å øydeleggje Israel og ikkje fred. Dei la også stor vekt på behovet for å beskytte sivilbefolkninga og sikre humanitær hjelp til Gaza og at det er viktig å unngå at konflikten spreier seg. Dei sa det er viktig å arbeide for ei langsiktig fred basert på ei tostatsløysing og viste til at FN har vedteke eit rammeverk som det kan byggjast vidare på.  Von der Leyen møtte kritikken etter besøket til Israel med å vise til at målet hadde vore å vise solidaritet og støtte etter terroråtaket. Vi må anerkjenne Israels smerte og behov før vi kan byrje å snakke om dei internasjonale reglane vi ventar dei skal følgje, sa ho. Samstundes understreka ho at den humanitære situasjonen på Gazastripa blir verre for kvar time og at EU står klar med naudhjelp i Egypt dersom grensa der blir opna. Ho la også vekt på at EU skal arbeid mot hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Det er viktig å beskytte jødiske liv i Europa, mellom anna ved å fysisk beskytte synagogar. EU har også nå nye verktøy til å krevje at ulovleg innhald på nettet blir fjerna. Vi bruker nå dette aktivt, mellom anna gjennom undersøkingar av X (tidlegare Twitter), sa ho. Både Borrell og von der Leyen understreka at EU-pengar ikkje har gått og ikkje skal gå til Hamas. Dei varsla likevel ein gjennomgang av bistandsmidla. Von der Leyen deltok ikkje i resten av debatten fordi ho returnerte til Brussel for å delta i minnemarkeringa der etter terroråtaket mot svenske fotballsupportarar måndag kveld.

Ein lang debatt vart innleia med kommentarar frå alle dei politiske gruppene, men det var relativt samstemte syn på tvers av heile det politiske spekteret sjølv om vektlegginga varierte ein del. Alle fordømte åtaket til Hamas og understreka at Israel hadde rett til å forsvare seg. Alle gissel som Hamas har tatt, må settast fri. Vi står med Israel og mot Hamas, men ikkje mot palestinarane vart det sagt. Det vart derfor understreka at innbyggjarane på Gaza må få humanitær støtte. Israel må ta omsyn til internasjonal rett i sin reaksjon mot Hamas og ikkje straffe alle på Gaza kollektivt. Det vart understreka at bombinga av Al-Ahli Arab-sjukehuset på Gaza må granskast for å finne ut kven som står bak. Mange viste til behovet for sikre langsiktig fred gjennom ei tostatsløysing. Fleire var også opptatt av å kjempe mot online propaganda og hatefulle ytringar. Det vart vist til åtaket på svenskar i Brussel 16. mars og fleire understreka at EU må sørge for system slik at ikkje terroristar kjem inn til EU under dekke av å vere migrantar. Kritikken mot von der Leyen, Borrell og Várhelyi vart gjenteke under debatten og det vart understreka at EU må stå samla. Behovet for eit samla EU var elles ein hovudbodskap frå parlamentspresident Metsola i hennar tale under det digitale toppmøtet 17. oktober.

På slutten av debatten sa Maroš Šefčovič på vegne av Kommisjonen at han var glad for den samla haldninga Parlamentet hadde vist. Vi er alle sjokkerte over både terroren til Hams, men også skytinga i Belgia og drapet på nok ein lærar i Frankrike, sa han. Han uttrykte medkjensle med uskuldige sivile både i Israel og på Gazastipa og behovet for å sikre naudhjelp til Gaza. Han la vidare mellom anna vekt på behovet for å hindre at konflikten spreier seg. Det spanske EU-formannskapet framheva også dette, og behovet for å redusert spenning og langsiktige løysingar i samsvar med FNs rammeverk og fekk støtte av Borrell i dette. Til kritikken han hadde fått, viste Borrell til at hans innsats ikkje berre handla om kvar han reiser. Eg vil ikkje delta i ein konkurranse mellom EUs institusjonar om å reise mest mogleg, sa han.

Parlamentet vedtok ein resolusjon 19. oktober som fordømmer Hamas-åtaket og uttrykkje uro for den humanitære situasjonen på Gazastripa. Den viser til at Israel har rett til å forsvare seg i samsvar med internasjonal rett. Det må sikrast at EU-pengar ikkje går til å finansiere terror og både den iranske revolusjonsgarden og libanesiske Hizbollah må førast opp på EUs terrorliste. Sjukehusbombinga må bli uavhengig granska. Resolusjonen vart vedteke med eit fleirtal på heile 500 mot 21 røyster og 24 som avsto.

Vil reversere forslag om kutt i EUs 2024-budsjett
Europaparlamentet vil reversere medlemslandas framlegg til kutt i EUs budsjett for 2024. Eit fleirtal i Parlamentet meiner dette er nødvendig for å sikre nødvendig satsing på mellom anna programsamarbeid, handteringa av effektane av krigen i Ukraina, energikrisa og pandemien og for å fremje den grøne omstillinga. Rådet og Parlamentet har nå tre veker på seg til å kome fram til semje gjennom ein særskilt forliksprosedyre.

Mandat for strategiske teknologiar
Parlamentet vedtok også sitt forhandlingsmandat for ei forordning med tiltak som skal fremje strategisk viktige teknologiar i EU, spesielt knytt til digital eller grøn omstilling og bioteknologi. Parlamentet vil auke budsjettet for ordninga og legg vekt på at det er viktig med eit raskt vedtak og at drøftingane bør skje saman med drøftingane av budsjettet for 2024. I Rådet har medlemslanda ennå ikkje vorte samde om ein felles posisjon.

Langsiktig støtte til Ukraina
Europaparlamentet støtter framlegget til Kommisjonen om ein langsiktig finansieringsmekanisme for Ukraina på 50 milliardar euro for perioden 2024-2027. Denne må vedtakast raskt saman med revisjonen av EUs langtidsbudsjett som nå blir drøfta. Parlamentet legg vekt på styrka innsats mot korrupsjon og styrka demokratisk kontroll med pengane. Dei tek også til orde for å bruke fryste, russiske middel til gjenoppbygginga av Ukraina. Når medlemsstatane har vorte samde om sin posisjon, kan det starte forhandlingar mellom dei to institusjonane om den endelege utforminga av mekanismen.

Europaparlamentets Sakharov-pris og journalistpris
Parlamentspresident Roberta Metsola annonserte 19. oktober at Sakharov-prisen for 2023 går til Jina Mahsa Amini og den iranske kvinneprotestrørsla. Amini døydde etter å ha blitt arrestert av politiet for brot på kleskodene i Iran. Sjølve prissermonien er i desember. Prisen blir gitt årleg av Europaparlamentet til personar eller organisasjonar som har gjort ein innsats for menneskerettar eller grunnleggjande rettar.

Europaparlamentets journalistpris 2023, Daphne Caruana Galizia-prisen, vart tildelt eit gresk-tysk-britisk konsortium som har samarbeida om å granske forliset av migrantskipet Adriana. Over 600 migrantar mista livet i forliset. Prisen har namn etter den maltesiske gravjournalisten Daphne Caruana Galizia som vart drept av ei bilbombe i 2017. Parlamentet drøfta også rettsstatsituasjonen og vernet av journalistar på Malta seks år etter drapet på Galizia. Både i debatten og i ein resolusjon som vart vedteke 19. oktober, uttrykker eit fleirtal i Parlamentet uro over lite framgang i landet knytt til dette.

Klart for forhandling om tiltak mot menneskehandel
Europaparlamentet har klart sitt mandat for forhandlingar med Rådet om eit direktiv som skal førebyggje og hindre menneskehandel. Mellom anna vil Parlamentet utvide verkeområdet til gjeldande reglar slik at til dømes tvangsekteskap, illegal adopsjon og tvangssurrogati blir omfatta av reglane. Det vil styrke vernet av offer for menneskehandel og skjerpe straffene for selskap som er involvert i denne typen kriminalitet. Rådet har alt vedteke sitt mandat og det er dermed klart for forhandlingar om det endelege direktivet i november.

Nye reglar for kontroll av fiskeriflåte og fangstar
Parlamentet gjorde formelt vedtak av ei ny forordning om kontroll i fiskerisektoren. Alle EU-båtar skal overvakast, men det er strengare reglar for dei større båtane. Alle fangstar skal registrerast digitalt, også fangst gjort av fritidsfiskarar, og sanksjonane i EU skal bli meir harmoniserte. Det er venta at Rådet vil gjere sitt formelle vedtak snart og forordninga vil trå i kraft i EU 20 dagar etter dette. Forslaget til forordning vart lagt fram i 2018.

S&D suspenderte sine slovakiske medlemmer
Sentrum venstre-gruppa (S&D) vedtok 17. oktober å suspendere dei tre slovakiske medlemmane av gruppa som kjem frå to ulike parti i landet, Smer og HLAS. Smer som også er partiet til den påtroppande slovakiske statsministeren Robert Fico og i regjering vil han mellom anna samarbeide med ytre venstre partiet HLAS og eit ytre høgreparti. Bakgrunnen for suspensjonen er dei anti-ukrainske og euroskeptiske haldningane til både til Fico og til partia han vil samarbeide med i den nye regjeringa.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 23.10.2023 10:44
: