Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Plenum i Europaparlamentet 10. og 11. april

Europaparlamentet hadde førre veke sitt nest siste plenumsmøte før valet i juni i Brussel. Det gjorde formelle vedtak av ei rekkje saker Parlamentet og Rådet har vorte uformelt samde om tidlegare. Dette omfatta ikkje minst ti rettsakter i den såkalla asyl- og migrasjonspakta, men også mellom anna reviderte reglar for elektrisitetsmarknaden og revidert avløpsdirektiv. I tillegg vedtok parlamentet sine posisjonar til legemiddelreform og jordhelse. Desse sakene vil bli forhandla med Rådet etter valet. Parlamentet vedtok endringar i sin forretningsorden for å gjere parlamentet meir effektivt. I ein tale til plenumsmøtet sa den belgiske kongen mellom anna at demokrati må forsvarast mot autokratar. Eit fleirtal i Parlamentet kritiserer kommisjonspresidentens utnemning av parlamentarikar frå hennar eiga partigruppe til SMB-utsending.

EUs asyl- og migrasjonspakt
Etter mange års drøfting vart Rådet og Parlamentet i desember samde om endringar i EUs asyl- og migrasjonsregelverk. Medlemslanda gav formell godkjenning til semja i februar,  jf. omtale i bakgrunnsinformasjon til Europautvalet 15. mars i år. Denne veka godkjente også Europaparlamentet semja, jf. pressemeldinga frå Europaparlamentet. Det var på førehand ei viss spenning knytt til om det ville vere fleirtal for  alle dei ti ulike rettsaktene. Alle vart vedteke, men enkelte med relativt knappe fleirtal. Det var medlemmer av høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og den librale gruppa (Renew Europe) som i hovudsak danna fleirtalet. Enkelte medlemmer av desse gruppene røysta mot, samstundes som medlemmer frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre gruppa (ID) røysta for ein del av rettsaktene. Dei grøne og ytre venstre gruppa (The Left) røysta nesten utan unnatak mot eller avsto.

I debatten før avrøystinga var det svært ulike syn på reforma. EPP, S&D og Renew sa den vil føre til ein meir ordna og berekraftig migrasjonspolitikk, sikrare yttergrenser, raskare avklaringar av asylsøknader og raskare returar av dei som ikkje skal ha vern i Europa. Den vil også legge til rette for lovleg innvandring og sikre at innbyggjarane får større tillit til EU på migrasjonsområdet. Fleire medga at dette ikkje er eit perfekt regelverk, men sa det er det beste som er mogleg å få til nå. Også justis- og innanrikskommissær Ylva Johansson bad innstendig Parlamentet stemme for reforma og minna om at det handlar om lagnaden til enkeltmenneske. The Left og den grøne gruppa hevda at reforma er i strid med europeiske verdiar og menneskerettane, vil svekke retten til asyl og legge til rette for samarbeid med despotar i EUs nabolag. ECR og ID meinte på si side at endringane ikkje går langt nok i restriktiv retning og dermed ikkje vil bidra til å redusere innvandringa. Dei var mellom anna også kritiske til byrdefordelinga som det er lagt opp. Dei som støtta reforma kom med krass kritikk av båe sidefløyene. Det vart vist til at å seie nei til endringane nå betyr status quo og ikkje eit betre regelverk. Tilhengjarane sa The Left og Dei grøne spelar på lag med det ekstreme ytre høgre når dei ville røyste mot reforma. ID og ECR var skulda for å bruke migrasjonspolitikken kynisk i eit politisk spel der dei ikkje ynskjer løysingar, men mest mogleg uro for å sikre eige oppslutning.

Det var onsdag demonstrasjonar mot asyl- og migrasjonspakta utanfor Europaparlamentet frå aktørar som meiner at pakta er i strid med europeiske verdiar og svekker asylinstituttet. Under avrøystinga onsdag ettermiddag uttrykte demonstrantar med same oppfatning sin motstand både med fyrop og papirfly frå tilhøyrargalleriet i plenumssalen.

Formelle vedtak av ei rekkje energi-, klima- og miljøsaker
Europaparlamentet og medlemslanda i Rådet har forhandla seg fram til uformell semje om ei rekke energi-, klima- og miljøsaker dei siste månadane. Denne veka gjorde Parlamentet formelt vedtak av fleire av desse sakene:

Tryggare frukostprodukt
Parlamentet gjorde også eit nesten samrøystes formelt vedtak av endringar i dei såkalla frukostdirektiva. Endringane skal mellom anna sikre betre opphavsmerking av honning og utvikling av ei ordning for opphavssporing av honning i EU. Det blir også strengare krav til merking av sukkerinnhald i fruktjuice og eit minstekrav til fruktinnhald i syltetøy og marmelade.

Legemiddelreform
Parlamentet vedtok sin forhandlingsposisjon for legemiddelreformen. Målet er å sikre trygg, effektiv og nok tilgang på legemiddel og samtidig stimulere til innovasjon og utvikling. Spesielt er Parlamentet opptatt av å utvikle nye antibiotika i kampen mot antibiotikaresistens. Det vil bli forhandlingar om dette mellom Rådet og Europaparlamentet etter EU-valet seinare i år. Sjå eige omtale av denne reforma.

Betre jordhelse
Parlamentet vedtok også sin forhandlingsposisjon til framlegget som skal sikre betre jordhelse i EU. Parlamentet støttar framlegget som både skal sikre betre kartlegging og overvaking av jordhelse, men som også omfattar krav til reinsing av forureina jord. Det vil bli forhandlingar om dette mellom Rådet og Europaparlamentet etter EU-valet seinare i år.

Resolusjon om kvinners rett til abort
Parlamentet vedtok med 336 mot 163 røyster og 39 som avsto, ein resolusjon som understrekar at kvinner må ha full kontroll med si seksuelle og reproduktive helse. Fleirtalet meiner mellom anna at retten til abort bør inkluderast i EUs charter for grunnleggjande rettar. Resolusjonen tek også til orde for at alle EU-land må avkriminalisere abort fullstendig.

Forlenging av unnatak som skal sikre avdekking av nettovergrep mot barn
Parlamentet gjorde vedtak som vidareførar eit midlertidig unnatak frå reglane i kommunikasjonsverndirektivet for å sikre avdekking av nettovergrep mot barn. Det nåverande unnataket går ut i august, men vedtaket medfører at det blir forlenga til april 2026. Samstundes understrekar Parlamentet at det innan da er behov for å få på plass permanente reglar som kan avdekke og hindre nettovergrep mot barn.

Endringar forretningsordenen for å gjere Parlamentet meir effektivt
Parlamentet vedtok onsdag 10. april ei rekkje endringar i eigen forretningsorden. Målet er å effektivisere arbeidet mellom anna ved å redusere talet på kompetansekonfliktar mellom komitear og gjere det mogleg å etablere midlertidige komitear for å handsame sektorovergripande framlegg. Parlamentet vil styrke kontrollen med Kommisjonen, både generelt og i samband med høyringar av kandidatar til postane som kommissærar. Endringane skal også sikre større merksemd på budsjettkonsekvensar av framlegg til nytt regelverk. Det har vore diskusjonar i Parlamentet om å gjere endringar i talet på komitear og delegasjonar, men det vart ikkje gjort vedtak om dette nå. 

Kritikk og etterforsking av kommisjonspresident von der Leyen
Parlamentet kom med kritikk av kommisjonspresidenten Ursula von der Leyens utnemning av den tyske europarlamentarikaren Markus Pieper (EPP, Tyskland) til ei nyoppretta stilling som Kommisjonens SMB-utsending. Kritikken vart vedteke i samband med at Parlamentet handsama ei rekkje saker om såkalla ansvarsfridom for budsjettet til Kommisjonen og mange andre EU-institusjonar og byrå. Pieper er medlem av Europaparlamentet, skal ha fått jobben sjølv om to andre kandidatar gjorde det betre i evalueringar på førehand. Eit fleirtal i Parlamentet, jf. endringsframlegg 35 som vart vedteke, bad om at Kommisjonen rettar opp situasjonen og gjennomfører ein open og transparent prosess for å utpeike ein SMB-utsending. Det var berre von der Leyens eiga gruppe (EPP) som røysta mot kritikken, medan den konservative gruppa ECR avsto. 15. april trakk Pieper seg frå stillinga før han hadde starta. Politico skreiv førre veke at kritikken mot utnemninga av Pieper kom berre få dagar etter at det vart kjend at Den europeiske påtalemyndigheita har opna etterforsking mot kommisjonspresidenten. Bakgrunnen for denne etterforskinga er von der Leyens bruk av SMS i samband med forhandlingar om vaksinekjøp under koronapandemien. Det står att å sjå korleis dei to sakene vil påverke hennar sjansar til å få ein ny periode som Kommisjonspresident.

Tale av den belgiske kongen
Den belgiske kongen, Philippe, talte onsdag til plenumsmøtet. Han viste til dei mange krisene Europa har opplevd dei siste åra og sa Europa – og verda – treng håp.  Han tok til orde for styrka europeisk samarbeid mellom anna om nye teknologiar som kunstig intelligens og halvleiarar og sjeldne mineral og la vekt på opne marknadar og like konkurransevilkår. Det er også behov for europeisk samarbeid i kampen mot klimaendringar. Han viste også til behovet for å styrke EUs sosiale dimensjon og sikre sosial utjamning. Det er viktig å stå opp for demokratiet i møte med autokratiske trendar.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 16.04.2024 10:48
: