Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Det tok nesten eit år å utarbeide ein tro kopi av traktaten. Foto Stortinget.

Dansk pris til boka om Stortingets kopi av Kiel-traktaten

Torsdag 16. juni delte Foreningen for Boghaandværk ut ulike prisar for, ja nettopp, godt bokhandverk. Det heile føregjekk i Det Kongelige Bibliotek i København.

Stortingsarkivet var representert for å sjå at boka om arbeidet med å framstille kopien av Kiel-traktaten vart heidra.

Kiel-traktaten er ein fredsavtale mellom den danske kongen Frederik 6. og den svenske kongen Carl 13. Etter fleire veker med forhandlingar vart traktaten underskriven natta mellom den 14. og 15. januar 1814. Traktaten innebar at Frederik 6. måtte si frå seg retten til Noreg, og at Noreg deretter skulle høyre til den svenske kongen.

Krigsbyte

Noreg var krigsbyte og ikkje part i saka, så det vart ikkje utarbeidd ein traktat for oss. Traktaten dannar opptakten til det særs hendingsrike året 1814, så i samband med feiringa av Grunnlova i 2014 vart det framstilt ein kopi av Kiel-traktaten. Traktaten var eit av fire hovuddokument under jubileumsutstillinga i Stortinget.

For å sikre god dokumentasjon av sjølve prosessen bak det å utarbeide ein tro kopi av Kiel-traktaten vart det skrive ein rapport, som vart utvida til ei bok, som skildra alle ledda i arbeidet, «Making a Replica of the Treaty of Kiel», og det er denne boka som vart heidra. I uttalen frå juryen kan vi mellom anna lese: «Staslig pomp og pragt og godt gammeldags håndværk, indenfor en lang række fag, forklaret med et usnobbet og sikkert grep om effekterne. Og godt, gedigent boghåndværk!»

Tilgjengeleg for publikum

Dokumentet er framleis tilgjengeleg for publikum i historisk sal i stortingsbygnaden. Send gjerne ein tanke til alle dei dyktige handverkarane/kunstnarane som gjorde arbeidet, og kan hende også til dei sju tsjekkiske kalvane som måtte bøte med livet for framstillinga av pergamentet. I tillegg gjekk det mellom anna med 1,5 kilo sølv, 25 meter gulltråd og ei rimeleg mengde silke.

Kiel-traktaten er framleis tilgjengeleg i historisk sal i Stortinget, som eit av dei fire viktigaste dokumentane i Noreg frå 1814. Foto: StortingetKiel-traktaten er framleis tilgjengeleg i historisk sal i Stortinget, som eit av dei fire viktigaste dokument i Noreg frå 1814. Foto: Stortinget.

Sist oppdatert: 21.06.2016 12:55
: