Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Delegasjonens møte med Kosovos viseutanriksministar Kreshnik Ahmeti. Foto: Stortinget.

Delegasjonens møte med Kosovos viseutanriksministar Kreshnik Ahmeti. Foto: Stortinget.

PACE-delegasjonen besøkte Kosovo

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) besøkte Kosovo 18.–20. september.

Etter å ha samarbeida med Europarådet gjennom mange år om menneskerettar, demokratibygging og rettsstat, søkte Kosovo formelt medlemskap i Europarådet i mai 2022.

Det er regjeringsleddet i Europarådet og ministerkomiteen som avgjer om Kosovo kan oppnå  medlemskap eller ikkje, men PACE skal utarbeide ein rapport, diskutere og komme med ei anbefaling til Ministerkomiteen. Det var for å førebu seg på denne diskusjonen at Stortingets PACE-delegasjon vedtok å gjennomføre ei studiereise til Kosovos hovudstad, Pristina.

Kosovos status når det gjeld dei krav og forpliktingar som er skissert i Den Europeiske menneskerettskonvensjonen m.m. er ein sentral del av vurderinga om medlemskap og den gjennomgangen som parlamentarikarforsamlinga skal gjere. Det var derfor av interesse for delegasjonen å bli betre kjent med landet ved å skaffe seg god og oppdatert kunnskap om den demokratiske utviklinga i landet, seier Ingjerd Schou (H) delegasjonsleiar.

Kosovo erklærte seg som sjølvstendig stat i 2008, og er i per i dag anerkjent som sjølvstendig nasjon av rundt 100 av FNs medlemsland. Norge var blant dei første som anerkjente landet som sjølvstendig nasjon, men framleis er det fleire av Europarådets medlemsland som ikkje har anerkjent landet (Serbia, Spania, Hellas, Bosnia Hercegovina, Ukraina, Slovakia, Moldova, Romania).

I løpet av to dagar med tett program møtte delegasjonen blant anna statsministar, parlamentspresident, sivilombodet, representantar for sivilt samfunn og internasjonale organisasjonar (Europarådet, EULEX, OSSE). Gjennom møte med Kosovos delegasjon til PACE møtte den også representantar for opposisjonen.

Delegasjonsleder Ingjerd Schou i samtale med Kosovos statsminister Albin Kurti.

Delegasjonsleder Ingjerd Schou i samtale med Kosovos statsminister Albin Kurti. Foto: Prime Minister’s office Kosovo.

Studiereise at gitt klart betre kompetanse om Kosovos demokratiske utvikling og dei utfordringane som landet står i. Særleg har vi fått kjennskap til rettsstatens utfordringar, men også om MR-situasjonen i landet og status for likestilling, vald i nære relasjonar, og korrupsjon. På den positive sida har vi fått ei god forståing for dei mange stega landet faktisk har tatt i demokratisk retning sidan 2008, fortel Ingjerd Schou (H).

I tillegg har vi fått eit betre innblikk i den geopolitiske situasjonen i Vest-Balkan regionen generelt, og ikkje minst i den vanskelege dialogen mellom Kosovo og nabolandet Serbia om status for dei serbisk dominerte kommunane i den nordlege delen av Kosovo, avsluttar Schou (H).

Stortingets delegasjon bestod av, i tillegg til delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Lisa Marie Ness Klungland (Sp) og Andreas Sjalg Unneland (SV).

Sist oppdatert: 26.09.2023 10:47
: