3. Stortinget sitt vedtak om rammesum

Ved vedtak i Stortinget 2. desember 2002 er netto utgiftsramme for rammeområde 18 fastsett til kr 18 431 543 000, jf. Budsjett-innst. S. I (2002-2003) og Budsjett-innst. S. I Tillegg nr. 1 (2002-2003). Ramma er meddelt komiteen i brev frå Stortingets presidentskap datert 2. desember 2002. Dei løyvingsforslaga som er sette fram i innstillinga byggjer på denne ramma, jf. Stortingets forretningsorden § 19.