2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at stortingsrepresentant Lisbeth Holand i Dok.nr.8:79 (1993-1994) har sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen oppheve politiets streikeforbud. »

       Komiteen meiner det er naturlig å sjå dette forslaget og forslaget i Dok.nr.8:80 om å oppretta ei eiga lønsnemnd for politiet i samanhang, og har valgt å handsama begge forslaga i denne innstillinga. Som ein konsekvens av dette vil Dok.nr.8:79 (1993-1994) verta lagt ved protokollen utan realitetshandsaming, medan det i denne innstilllinga vert sett fram forslag om å oppheva § 26 i politilova og dermed oppheva streikeforbodet for politiet direkte utan at saka først vert sendt attende til Regjeringa.

       Komiteen vil innleiingsvis peika på at streikeretten er viktig, både som demokratisk reiskap og som uttrykksform i eit demokrati. Det skal svært sterke grunnar til for å ta ifrå nokon dette verkemiddelet.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Senterpartiet, meiner at også politiet sine organisasjonar har behov for å kunna nytta allment aksepterte verkemiddel i sitt arbeid med løns- og arbeidsvilkår for medlemene.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke Arbeidarpartiet, vil vise til at spørsmålet om streikerett vart drøfta av justiskomiteen i samband med forslag om ny politilov våren 1993. Same dagen som komiteen skulle avgi si innstilling til Stortinget om Regjeringa sin odelstingsproposisjon, vart den trekt attende av Regjeringa. Fleirtalet ser på ein slik handlemåte som nærast ei overkjøring av Stortinget. Fleirtalet viser også til at departementet etter dette lova at eit nytt utkast til politilov skulle liggja føre våren 1994. Fleirtalet konstaterar at utkast til ny politilov til tross for dette ikkje låg føre ved månadsskiftet oktober/november 1994. Fleirtalet meiner difor at det var særs rimeleg å gripa inn gjennom å leggja fram private forslag og handsama desse, for å få ei avklaring av det viktige spørsmålet om korleis løns- og arbeidstvistar mellom staten og politi- og lensmannsetaten sine organisasjonar skal løysast. Fleirtalet meiner såleis at Regjeringa sjølv må ta ansvaret for at det ikkje var mogleg å handsama spørsmålet om streikerett for politiet i samanheng med det forslaget til ny politilov som er varsla.

       Fleirtalet konstaterer at det over mange år har bygd seg opp ei alvorleg tillitskrise mellom politiorganisasjonane og styresmaktene. Denne tillitskrisa skuldast tildels Regjeringa si handtering av forslaget til ny politilov, som m.a. har førd til ei manglande avklaring av viktige spørsmål som gjeld politiorganisasjonane sine tilhøve i samband med tariffoppgjer. Tillitskrisa skuldast og ei vesentleg usemje mellom Regjeringa og politiorganisasjonane om den faktiske utviklinga når det gjeld lønsnivået i politiet.

       Tillitskrisa er nå akutt, og fleirtalet meiner difor at det er viktig å få ei rask avklaring av dei framtidige forhandlingstilhøva for politiet.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, er klar over at politiet er i ein spesiell situasjon. Politiet er utøvar av staten si tvangsmakt, og politiet sitt nærvær er avgjerande for å tryggja innbyggjarane og offentlege institusjonar. Dette fleirtalet peikar på at også andre yrkesgrupper tek hand om vitale samfunnsoppgåver. Slike grupper har i dag streikerett, og det ligg ikkje føre planar om å endra på dette. Døme på slike grupper er tilsette i helsevesen og brannstell. Dette fleirtalet viser til at ein eventuell streikerett for politiet vil bli underlagt same regulering som gjeld for andre arbeidsgrupper. Skulle det oppstå fare for ein uakseptabel situasjon som fylgje av ein streik, vil Regjeringa ha høve til å gjera framlegg om tvungen lønsnemnd. Arbeidskonfliktar i politiet vil difor bli undergitt same vurdering som arbeidskonfliktar for andre arbeidsgrupper.

       Dette fleirtalet ser at Noreg kan koma i ei særstilling ved oppheving av streikeforbodet. Svensk og finsk politi har streikerett, men denne er knytta til medlemskap i hovudsamanslutning. Dette fleirtalet vil visa til at organisasjonane i politi- og lensmannsetaten lenge har kravd å bli likestilt med andre arbeidstakargrupper. Ved å oppheva streikeforbodet vil tilsette i politiet få dei same kampmidla for å betra eigne løns- og arbeidsvilkår som andre grupper har. Dette fleirtalet vil på bakgrunn av dette gjere framlegg om at streikeforbodet for politiet vert oppheva.

       Når det gjeldt framlegget om å oppretta ei eiga lønsnemnd for politiet, viser dette fleirtalet til at dagens regelverk med tvisteløysingar i arbeidslivet er bygd opp over mange år.

       Fleirtalet vil også visa til uttale til justiskomiteen frå hovudsamanslutningane YS, AF og LO, der konklusjonen er at innføring av eiga lønsnemnd for politiet kan få særs alvorlege konsekvensar for forhandlingssystemet i samfunnet generelt og for statssektoren særskilt.

       Fleirtalet viser til at spørsmål om kva for voldgiftsordning staten skal nytta overfor embets- og tenestemenn som ikkje har streikerett, tidligare har vore handsama i Ot.prp. nr. 26 (1971-1972). Her vert det slått fast at det er mest rasjonelt at interessetvistar som omfattar hovudoppgjeret i samfunnet (stat, kommune, privat), vert handsama av same organ, og at Rikslønsnemnda representerer høg grad av sakkunne med omsyn til spørsmål om løn o.l. av det slag som kan tenkjast å bli gjenstand for tvist mellom partar.

       Når det gjeld framlegg om at Høgsterett skal tilleggjast oppgåva med å oppnemna medlemer til eit eventuelt lønsutval for politiet, er dette etter fleirtalet sitt syn svært uheldig. Fleirtalet vil visa til brev frå Justitiarius i Høgsterett til justiskomiteen, dagsett 28. mai 1993 (jf. vedl. 1), der også han gjev uttrykk for skepsis til forslaget om at Høgsterett skal utpeika medlemer til eiga lønsnemnd for politiet.

       I brevet heiter det m.a.:

       « Oppgaven for en lønnsnemnd vil ikke være å avgjøre rettsspørsmål, men å treffe avgjørelser i en ren interessekonflikt. Den lønnsnemnd det her er tale om, vil tre i funksjon i tilfelle der interessekonflikten kan tenkes å være skarp. Om forslaget blir vedtatt, vil det bringe Høyesterett inn på et område som hittil har vært fremmed for Høyesterett. »

       Fleirtalet vil med dette gjera framlegg om at Dok.nr.8:80 (1993-1994) vert avvist.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at det systemet ein har for tvisteløysingar i dag, fungerer bra. Desse medlemene kan ikkje gå inn for endringer som kan rokka ved dette systemet. Desse medlemene meiner at forslaget om oppretting av ei eiga lønsnemnd for politiet, fremja i Dok.nr.8:80 (1993-1994), kan underkjenne Rikslønsnemnda sin kompetanse og uavhengige stilling.

       Eit av argumenta som er nytta for etablering av eiga nemnd for politi- og lensmannsetaten, er at Rikslønsnemnda skal vera skeivt samansett. Dette må etter desse medlemene sitt syn i så fall gjelde alle tvistar der staten opptrer som part. Dette vil, slik desse medlemene ser det, verka svært øydeleggjande for det etablerte tvisteløysingssystemet, og derigjennom for roa i heile arbeidslivet.

       Dei tilsette i politiet er i dag organisert i ulike organisasjonar. Sjølv om dei fleste er med i SPL, er det og tilsette i politiet som er medlemer av organisasjonar tilslutta hovudsamanslutningane. I ein tenkt situasjon kan dette føra til at nokre tilsette ved ein arbeidsplass får avgjort ein eventuell tvist i Rikslønsnemnda, medan det same tvistespørsmålet kan verta avgjort av ei anna voldgiftsnemnd for medlemer av ein annan organisasjon på same arbeidsplass. Etter desse medlemene sitt syn kan dette få svært uheldige konsekvensar, til dømes ved at dei ulike nemndene kjem fram til ulike avgjerder.

       Desse medlemene ser det som ein fordel for staten som arbeisgjevar og for heile samfunnet at ein har hovudsamanslutningar. Desse medlemene meiner at innføringa av ei eiga løns- og tvisteløysing for politiet kan føra til at andre tenesteorganisasjonar som i dag er medlem av hovudsamanslutningar, også vil melda seg ut i von om å få ei eiga forhandlingsordning. Dette kan etter desse medlemene sitt syn føra til at hovudsamanslutningssystemet går i oppløysing.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil visa til at spørsmålet om streikerett for politi- og lensmannsetaten har vore utreda av eit eige utval. Innstillinga frå dette utvalet kjem fram i NOU 1994:1 . Utredninga har vore ute på høyring. Desse medlemene vil visa til at spørsmålet om streikerett var tenkt tatt opp i samband med handsaminga av ny politilov. Regjeringa har gitt melding om at utkast til ny politilov vil verta fremma for Stortinget hausten 1994. Desse medlemene meiner det hadde vore naturleg at spørsmålet om streikerett/eiga nemnd for politiet vart handsama på bakgrunn av NOU 1994:1 , høyringsrunden og innstilling frå departementet. Dette hadde skjedd dersom justiskomiteen hadde tatt seg tid til å venta på politilova nokre veker til. Desse medlemene konstaterer at fleirtalet i justiskomiteen ønskte å ta stilling til dette spørsmålet på bakgrunn av to private lovforslag. Desse medlemene tek dette til etterretning.

       Desse medlemene vil visa til Innst.O.nr.6 (1994-1995) frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om Dok.nr.8:02 (1994-1995) om særskilt nemnd i samband med tariffrevisjonen 1994. Fleirtalet i den komiteen « viser til at det i Stortinget er lang tradisjon for ikke å blande seg inn i pågående lønnsforhandlinger ». Desse medlemene er samde i denne haldninga.

       Desse medlemene vil dessutan visa til at Rikslønsnemnda har sett på lønsutviklinga for tilsette i politi- og lensmannsetaten, seinast i samband med kjennelse i sak nr. 1 av 2. april 1993.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre mener at de begrunnelser som lå til grunn for Stortingets vedtak i 1959 om å frata politiet streikeretten fortsatt har full gyldighet. Disse medlemmer legger vekt på at politiet er samfunnets organ for å opprettholde lov og orden, om nødvendig med bruk av makt. Politiets tilstedeværelse er en nødvendig forutsetning for at et moderne samfunn kan eksistere. En evt. politistreik vil derfor true sikkerheten i samfunnet og utsette den enkelte borger for en risiko som samfunnet ikke kan forsvare å ta.

       Disse medlemmer legger også vekt på at streikerett for politiet vil kunne bidra til å svekke ytterligere publikums tillit til politiets muligheter til å oppklare straffesaker og forebygge kriminalitet. Disse medlemmer vil også påpeke at allerede et varsel om mulig streik i politiet vil skape øket utrygghetsfølelse hos publikum. Det er derfor viktig å motarbeide enhver form for mulig svekkelse av politiberedskapen.

       Disse medlemmer legger i tillegg vekt på at en evt. streikerett for politiet ikke vil være et positivt bidrag til løsning av de problemer som har skapt den eksisterende tillitskrise. Årsaken til dette er at streikerett for politiet i praksis vil være uten effekt i en lønnskamp, siden samfunnet ikke kan akseptere at en streik får konsekvenser for orden og trygghet og derfor må gripe inn med tvungen lønnsnemnd på et meget tidlig tidspunkt.

       Disse medlemmer vil derfor gå imot alle forslag om å gjeninnføre streikerett for politiet, hva enten det dreier seg om « full » streikerett eller en modell med begrenset streikerett.

       Disse medlemmer vil i stedet gå inn for at det opprettes en egen lønnsnemnd for politi- og lensmannsetaten, og viser i den forbindelse til sine respektive merknader nedenfor.

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet viser til at då Stortinget innførte streikeforbod for politi- og lensmannsetaten i 1959, vart det lagd som føresetnad at tapet av streikerett ikkje skulle føra til ei dårlegare lønsutvikling enn det dei elles ville ha fått.

       Desse medlemer registrerer at tenestemenn i politi- og lensmannsetaten trass dette har fått ei dårlegare lønsutvikling enn grupper det er naturleg å samanlikna dei med. Desse medlemer tilrår at Regjeringa tar ansvar for å retta dette opp og soleis medverkar til å normalisera tilhøvet mellom arbeidstakargruppa og staten raskast mogeleg.

       Desse medlemer meiner difor at det er behov for ein opptrappingsplan for lønsnivået innan politi- og lensmannetaten, som set løns- og arbeidsvilkåra i betre samsvar med innhaldet i arbeidet og dei krav samfunnet stiller til yrkesgruppa.

       I løpet av inneverande tariffperiode bør det vurderast korleis etaten kan få kompensasjon for dei utfordringar, ulemper og direkte faremoment som er knytta til kampen mot kriminalitet i dagens samfunn.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Fremskrittspartiet viser til at det er en viss politisk uenighet om hvorvidt, eventuelt i hvilket omfang, viktige tjenester i samfunnet bør utføres i offentlig eller privat regi. Det er imidlertid full politisk enighet om at det er en offentlig oppgave å sørge for at et moderne samfunn har sitt politi. I Norge har det heller ikke vært noen uenighet om at politiet skal være statlig. Disse medlemmer understreker derfor at det påhviler staten et særlig ansvar for å besørge et vel organisert politi som er i stand til på beste måte å utføre de oppgaver samfunnet og den enkelte borger har behov for.

       Disse medlemmer peker på at det er i samfunnets interesse at man har et godt motivert politikorps. Gode arbeidsvilkår og en lønnsutvikling på linje med sammenlignbare grupper i samfunnet er i denne forbindelse av stor betydning. Disse medlemmer viser til at kriminalitetsutviklingen, og særlig den økende bruk av vold i samfunnet, gjør politiets arbeid stadig vanskeligere, farligere og mer krevende. Det stilles derfor økende krav til den enkelte ansatte i politiet og lensmannsetaten. Disse medlemmer har forståelse for at det vil virke frustrerende og demotiverende hvis tjenestemennene føler at deres innsats og vanskelige arbeid ikke verdsettes som fortjent, f.eks. når deres lønn skal fastsettes. Lønnsnivået vil også påvirke interessen for å søke seg til politiet og lensmannsetaten.

       Disse medlemmer understreker at det må være i samfunnets interesse at politiet og lensmannsetaten bemannes med personer med best mulig faglige kvalifikasjoner og sterke menneskelige egenskaper med høy moral som et viktig aktivum.

       Disse medlemmer viser til at politiet i 1959 ble fratatt streikeretten av Stortinget. Dette skjedde som en følge av kollektive oppsigelser av stillinger ved Oslo politikammer i 1957 og en politistreik i januar 1958. Stortingets klart uttrykte forutsetning var at streikeforbudet ikke skulle føre til at politiet sakket akterut i sine lønns- og arbeidsvilkår i forhold til sammenlignbare grupper i samfunnet. Dette kom bl.a. til uttrykk under debatten i Odelstinget 4. juni 1959.

       Disse medlemmer mener det er dokumentert at ansatte i politiet og lensmannsetaten har hatt en svakere lønnsutvikling de siste 35 årene enn det sammenlignbare grupper har hatt. Disse medlemmer mener det er sannsynlig at dette har sammenheng med at politiet og lensmannsetatens ansatte ikke har hatt mulighet til å sette makt bak sine lønnskrav i og med at de ikke har kunnet streike slik sammenlignbare grupper har hatt mulighet til.

       Disse medlemmer mener at når Stortinget fant det nødvendig å frata en yrkesgruppe det viktige kampmidlet som en reell streikerett er, så bør også Stortinget sørge for en rimelig forhandlingsprosedyre som både arbeidsgiver og arbeidstaker kan ha full tillit til. Disse medlemmer må konstatere at den etablerte forhandlingsprosedyren åpenbart ikke har tillit blant de ansatte i politiet og lensmannsetaten, idet deres representanter ikke ønsker å møte i Rikslønnsnemnda i det pågående lønnsoppgjøret for etatene. Disse medlemmer har merket seg at Rikslønnsnemndas sammensetning og erfaringer fra nemndas tidligere avgjørelser synes å være årsaken til den manglende tilliten.

       Disse medlemmer viser til at de ansatte i politiet og lensmannsetaten er i en noe spesiell situasjon, idet de fleste av dem ikke er organisert i noen av hovedsammenslutningene, men i frittstående organisasjoner. Disse medlemmer mener det er viktig å bevare så vel formell som rell organisasjonsfrihet. Disse medlemmer mener dessuten det kan være en fordel at ordensmaktens ansatte er mest mulig uavhengige og nøytrale også i forhold til organisasjoner og hovedsammenslutninger.

       Disse medlemmer vil anta at de ansatte i politiet og lensmannsetaten ville kunne få større tillit til at deres interesser ble rimelig ivaretatt under lønnsforhandlingene hvis deres frittstående organisasjon kunne gis status og/eller rettigheter og plikter som en hovedsammenslutning.

       Disse medlemmer viser til at tjenestemenn i politiet og lensmannsetaten føler at deres forhandlingsrett slik den har fungert, særlig de siste 8-9 årene, er lite reell. Det vises i denne forbindelse til den store frustrasjonen som i det siste er kommet til uttrykk i de aktuelle etatene og som bl.a. har gitt seg utslag i store demonstrasjoner. Disse medlemmer finner det svært betenkelig hvis politiet skulle føle seg presset til å ta i bruk aksjoner som balanserer på kanten av loven, ja, som kanskje også er lov- eller tariffstridig, jf. arbeidsrettens nylig avsagte kjennelse. Disse medlemmer mener derfor at det haster med å få fastsatt regler for tvisteløsninger som også de ansatte i de aktuelle etatene kan ha full tillit til, og slik at den fastlåste situasjonen i årets lønnsoppgjør for politiet og lensmannsetaten kan bringes til opphør.

       Disse medlemmer viser til at organisasjonene i politiet og lensmannsetaten opprinnelig krevde å få streikeretten tilbake, men at de nå har sagt klart ifra om at en egen uhildet lønnsnemnd er det eneste de kan ha full tillit til.

       Disse medlemmer viser til at dagens regelverk og forhandlingsprosedyre ikke har nødvendig tillit blant de aktuelle tjenestemannsgrupper, og at det dessuten ikke har vist seg egnet til å gjenopprette de lønnsmessige skjevhetene som har oppstått siden 1959. Disse medlemmer viser dessuten til at hovedsammenslutningenes holdning gjør det umulig å rette opp igjen skjevheter i lønnsutvikling for grupper som ikke er organisert hos dem. Det tas regelmessig inn i protokollene fra lønnsforhandlingene at dersom andre oppnår bedre resultat, forbeholder hovedsammenslutningene seg retten til å gjennoppta forhandlingene for å oppnå det samme for sine grupper. Disse medlemmer viser i denne forbindelse til det som skjedde ved lønnsoppgjøret i 1986. Disse medlemmer mener derfor at den eneste løsningen for at Stortingets forutsetning fra 1959 kan innfris, er å opprette en egen løsnnnemnd for politiet og lensmannsetaten.

       Disse medlemmer har merket seg de innvendinger høyesterettsjustitiarius Carsten Smith i brev av 28. mai 1993 til justiskomiteen har kommet med i forhold til forslaget om å la Høyesterett oppnevne medlemmene av lønnsnemnda. Disse medlemmer finner at innvendingene er relevante og vil derfor gå inn for at Høyesterettsjustitiarius foretar oppnevnelsen. Dette skulle på betryggende måte sikre den særlige uavhengighet og nøytralitet man ønsker at oppnevnelsesmyndigheten skal ha. Disse medlemmer viser for øvrig til at en slik oppgave ikke vil atskille seg vesentlig fra oppgaver som justitiarius allerede har ved oppnevnelser knyttet til bl.a. voldgift.

       Disse medlemmer mener at en egen lønnsnemnd for politiet og lensmannsetaten ikke kan medføre berettigede krav fra andre grupper som har og har hatt sin streikerett inntakt, om å få en tilsvarende nemnd. Heller ikke grupper som er uten streikerett, men som er organisert via en av hovedsammenslutningene, bør med rimelighet kunne kreve en egen lønnsnemnd. Disse medlemmer mener derfor at en egen lønnsnemnd for politiet og lensmannsetaten ikke vil kunne ha den uheldige innflytelsen på spillereglene for lønnsforhandlingene i samfunnet som bl.a. LO, AF og YS har hevdet.

       Disse medlemmer mener at den uholdbare situasjonen som er oppstått mellom den øverste ledelse av politiet og lensmannsetaten og etatenes ansatte og organisasjoner snarest bør bringes til opphør. Disse medlemmer mener at opprettelse av en egen lønnsnemnd for de aktuelle etatene vil være et godt bidrag til at den oppståtte misstemningen kan fjernes, og støtter således forslaget i Dok.nr.8:80.

       Når det gjelder streikerett for politiet avviser komiteens medlemmer fra Høyre en slik løsning, jf. merknadene ovenfor.

       Disse medlemmer tar ikke stilling til de konkrete problemer i den pågående lønnskonflikt. Disse medlemmer viser videre til de forutsetninger som lå til grunn for Stortingets behandling av Ot.prp. nr. 14 for 1959, jf. Innst. O. VIII for 1959. Disse medlemmer konstaterer at konflikten i seg selv er et bevis på at dagens system ikke er egnet til å løse den eksisterende tilitskrise. Det er derfor nødvendig å finne andre løsninger.

       Disse medlemmer har merket seg de innvendinger som er fremkommet mot tanken om å opprette en egen lønnsnemnd for politiet og erkjenner at disse innvendinger har adskillig vekt. Disse medlemmer konstaterer imidlertid at dagens situasjon ikke gjør det mulig å videreføre det någjeldende forhandlingssystemet.

       Disse medlemmer vil derfor støtte forslaget om opprettelse av en særskilt lønnsnevnd for politiet.

       Disse medlemmer har merket seg de innvendinger som er fremkommet fra hovedsammenslutningene og fra NHO om at en egen lønnsnevnd for politiet bl.a. vil kunne føre til oppflising av hele forhandlingssystemet. Disse medlemmer kan imidlertid ikke se at en særskilt ordning for politiet skal få slike konsekvenser, siden politiet som samfunnets ordensmakt står i en helt spesiell situasjon. Disse medlemmer vil henlede oppmerksomheten på de ekstraordinære belastninger politiyrket fører med seg konfrontert med volds- og våpenbruk, risiko for eget liv og helse og den psykiske belastning ansvaret for utøvelse av maktbruk i tjenesten alltid må være. Disse medlemmer mener derfor at det må være både mulig og riktig å gi politi- og lensmannsetaten en uavhengig stilling i forhandlingssystemet her i landet, slik at behandling av denne gruppes særlige behov ikke automatisk får følger for hele offentlig sektor.

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til at da Stortinget tok streikeretten frå politiet i 1959 var det ein sjølvsagd føresetnad at dette ikkje skulle føre til at politiet fekk ei dårlegare lønsutvikling enn dei elles ville kunne fått. Denne medlemen er klår over at det er usemje mellom politiorganisasjonane og staten om korleis utviklinga har vore. Det er naudsynt at staten og dei aktuelle forbunda søkjer å koma fram til ei felles forståing av den faktiske utviklinga, slik at denne forståinga kan gå inn som ein del av grunnlaget for det neste lønsoppgjeret.

       Komiteen sin medlem frå Kristeleg Folkeparti meiner at det må heilt spesielle og tungtvegande grunnar til for å gå inn for alternative særordningar som rokkar ved det system ein har for tvisteløysingar i dag. I dette tilfellet er det vanskeleg å sjå at så tungtvegande grunnar er til stades. Innføring av ei eiga løns- og tvisteløysing for denne yrkesgruppa kan lett føra til at også andre tenesteorganisasjoner vil søkja å få si eiga tvistenemnd. Denne medlemen er skeptisk til konsekvensane av ei slik utvikling, som vil kunne skapa stor uro i og mellom organisasjonane i arbeidslivet og undergrava gjeldande tvisteløysingsmodell. Denne medlemen minner likevel om at det er viktig å ta vare på organisasjonsfridomen, og har merka seg at arbeidstakarar både i hovudsamanslutningar og i frittståande organisasjonar er misnøgde med samansetninga i Rikslønsnemnda.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er prinsipielt tilhenger av at også politiet skal ha streikerett. Dette medlem konstaterer imidlertid at politiets og lensmannsetatens organisasjoner selv ikke ønsker streikerett. Dette medlem forstår den skepsis SPL har til en slik ordning. Den måten staten, representert ved justisministeren og administrasjonsministeren, har håndtert den pågående konflikten på, og justisministerens håndtering av de bebudede endringene i politiloven, har klart dokumentert at politiet ikke kan ha tillit til sin arbeidsgiver. De store hovedsammenslutningenes holdning til politikonflikten dokumenterer at det heller ikke er noen grunn for politiet til å ha tillit til disse organisasjonene. SPL kan derfor ikke forventes å ha tillit til en streikerett som innebærer at en streik øyeblikkelig vil bli stanset gjennom tvungen lønnsnemnd og sendt videre til en Rikslønnsnemnd der både staten og hovedsammenslutningene er representert. Dette medlem er imot å dytte på politiet en ordning som politiorganisasjonene av gode grunner ikke har noen tillit til.