5. Dei særskilte etterforskingsorgana

       Etterforskinga i saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta skal leiast av særskilde etterforskingsorgan. Det same gjeld når påtalemakta finn at det ligg føre mistanke om straffbar handling i tenesta, eller når ein mistenkt sjølv ber om etterforsking. Talet på saker har gått opp sidan ordninga vart sett i verk i 1988 medan saker om vald og ulovleg maktutøving, som var den sakstypen som i særleg grad låg til grunn for oppretting av etterforskningsorgana, har gått ned.

       Departementet ba i eit høyringsnotat høyringsinstansane om å ta stilling til val av organisasjonsmodell for slik etterforsking. Ein skisserte fem ulike modellar. Kommisjonsmodellen har som føresetnad at det vert oppretta ein kommisjon som har heile landet som sitt verkeområde. Kripos-modellen er basert på at personell frå Kripos står for den praktiske delen av etterforskinga medan settepolitiordninga byggjar på den tidlegare ordninga ved handsaming av melding om lovbrot mot politifolk. Settestatsadvokatmodellen er basert på at sakene vert overført til eit anna statsadvokatembete. Forvaltningsmodellen er ein modell der eit sentralt forvaltningsorgan står for etterforskinga av dei aktuelle sakene.

       Alle høyringsinstansane sluttar seg til departementet sin førebelse konklusjon om at ein framleis bør ha ei særskilt ordning for etterforsking av saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er mistenkte for straffbare handlingar i tenesten. Eit stort fleirtal meiner vidare at den noverande ordninga har verka etter føresetnaden. Berre tre instansar meiner at forvaltningsmodellen ville fungera betre. Departementet viser til at den noverande ordninga har fungert bra. Modellen er smidig og effektiv, og organa sin faglege kompetanse er tilfredsstillande. Departementet meiner at dagens modell bør halda fram.

       Det er berre saker som har vert avgjorde med forenkla førelegg etter vegtrafikklova eller tollova § 68 som ikkje vert omfatta av organa sitt verkeområde. Justiskomiteen viste i si Innst.O.nr.44 (1986-1987) til at det er behov for sette ei nedre grense for kva slags saker organet skal handsama. Blant høyringsinstansane er det generell semje om at arbeidsmengda i organa har vore for stor. Fleirtalet meiner at leiaren bør ha plikt til å gje innstilling om bortlegging i dei tilfella leiaren gjer det på organet sine vegne. Eit knapt fleirtal gjekk vidare inn for at organa berre skal handsama saker av ein viss alvorsgrad. Dei instansane som gjekk imot ei slik avgrensing grunngav dette med organa sin tillitsskapande funksjon, og at det ville vera vanskeleg å finne gode kriterium for ein nedre grense. Fleire av desse høyringsinstansane gjorde framlegg om at ein i staden burde vurdera å utvida sjølve bortleggingsgrunnlaget noko. Dette kan f.eks. gjerast ved at leiaren får høve til å leggja bort saker som er av bagatellmessig karakter. Departementet er skeptisk til å innføra ei formell nedre grense for saker som skal overførast til etterforskingsorgana, sjølv om saksmengda framleis er høg. Departementet går i staden inn for at leiaren i etterforskingsorganet skal kunna gjera framlegg om at ei sak skal leggjast bort fordi det ikkje er rimeleg grunn til å setja i verk etterforsking. Leiaren skal avgi ei innstilling til statsadvokaten også i dei sakene der innstillinga går ut på bortleggjing.

       Langt dei fleste høyringsinstansane har uttalt at det er viktig for organet sitt arbeid at medlemene framleis står for avhøyr. Regelen i dag er at det helst bør vera minst to medlemer til stades ved avhøyr, men dette er lite tenleg i mindre viktige saker. I likhet med høyringsinstansane går departementet inn for at leiaren skal avgjera kven i organet som skal delta ved avhøyr.

       Etter gjeldande reglar skal organet bestå av tre medlemer: Ein leiar som oppfyller vilkåra for å vera høgsterettsdommar, ein advokat med erfaring frå straffesaker og ein person med erfaring som politietterforskar. Departementet vil vurdera kva for oppnemningspraksis som bør følgjast i framtida, men eventuelle endringar bør skje innan dei rammer dagens regelverk gjev. Det er frå ymse hald reist spørsmål ved habiliteten til organ der medlemene har bakgrunn frå politi eller påtalemakt. For å imøtekoma denne kritikken går departementet inn for å endra oppnemningspraksisen slik at hovudregelen for framtida blir at det til organet vert oppnemnt helst to, men i alle fall minst eit medlem som ikkje tidlegare har arbeidd i politi eller påtalemakta.

       Fleire høyringsinstansar har peika på at i periodar med stor saksmengde bør ein nytta varamedlemer i større grad enn i dag. Departementet er einig i dette.

       Det har tidlegare vore reist spørsmål om embets- og tenestemenn som er under etterforsking bør suspenderast automatisk. Etter tenestemannslova kan ein embets- eller tenestemann fjernast mellombels frå si stilling når det er grunn til å gå ut frå at vedkommande har gjort seg skuldig i noko som kan føra til avskil. Det ligg også føre ein rett til å ta ein tenestemann mellombels ut av operativ teneste. Departementet meiner at gjeldande regler på området er tenlege og at spørsmålet om suspensjon til annan teneste må avgjerast konkret i det einskilde tilfellet.

       Etter initiativ frå Riksadvokaten føreslår departementet at det skal kunna setjast i verk etterforsking uavhengig av om det er grunn til mistanke om straffbar handling i alle tilfelle der nokon døyr eller blir alvorleg skadd som følgje av tenesteutøving eller medan nokon er teken hand om av politiet eller påtalemakta. Nesten alle høyringsinstansane har støtta framlegget. Statsadvokatane i Rogaland meiner ein ikkje berre bør konsentrera seg om omgrepet alvorleg skade, men m.a. òg leggja vekt på om det verkar truleg at ein skade er oppstått som følgje av politiet si tenestehandling, om den skadde sjølv er i stand til å ta stilling i saka, om skaden kan ha samanhang med uheldige rutinar eller om det er tale om skader som går igjen. Riksadvokaten stør desse synspunkta. Departementet meiner at alvorleg skade vil vera eit tenleg omgrep der ein og kan ta omsyn til måten skaden har skjedd på og omstenda elles. Departementet sluttar seg elles til synspunkta frå statsadvokatane i Rogaland.

       Også politihøgskulestudentar i teneste skal omfattast av den personkrinsen som kan etterforskast av dei særskilte etterforskingsorgana. Departementet meiner elles at instansar utanfor politiet som har avgrensa politimakt ikkje skal omfattast.

Komiteen sine merknader

       Komiteen har merka seg at departementet har evaluert reglane for ordninga med særskilte etterforskingsorgan slik komiteen ba om i Innst.O.nr.44 (1986-1987) og B.innst.S.nr.4 (1992-1993).

       Komiteen har vidare merka seg at fleirtalet i høyringsrunden meiner noverande ordning har virka etter intensjonane, men at det kan vere trong for justeringar innan ramma av ordningane i dag.

       Komiteen meiner at ein framleis bør ha ei særskilt ordning for etterforsking av saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er mistenkte for straffbare handlingar i tenesten, og at ordninga i dag har ei tilfredsstillande organisering.

       Komiteen har og merka seg dei ulike framlegga om endringar i reglane for dei særskilte etterforskingsorgana. Komiteen meiner fleire av endringane kjem som resultat av praktiske erfaringar, og kan ikkje sjå at viktige rettsprinsipp vert sette til side.

       Komiteen viser til at departementet vil endre rutinane for oppnemning til dei særskilte etterforskingsorgana, slik at hovedregelen blir at fortrinnsvis to, men i alle fall minst eitt medlem ikkje har arbeidd i politiet eller for påtalemakta. Komiteen meiner dette er med på å auke habiliteten til ordninga, og stør endringa.

       Komiteen viser og til framlegget om endring i straffeprosesslova § 67 om å starte etterforsking uavhengig av mistanke om straffbar handling der nokon døyr eller vert alvorleg skadde som følge av tenesteutøving frå politi eller påtalemakt, eller om nokon døyr eller vert alvoleg skadde medan dei er tekne hand om av politi eller påtalemakt. Komiteen er samd i ei slik endring, og meiner det kan vere med på å gje eit meir positivt omdøme til politi og påtalemakt hjå innbyggjarane. Komiteen er einig i at ein her ikkje berre må sjå på kor alvorlege skadane er, men og ta omsyn til korleis skaden har kome og tilhøva rundt skaden elles.

       Komiteen er samd i at loven òg skal gjelde studentar ved politihøgskulen ute i praksis og innkalla mannskap frå politireserven.

       Komiteen har merka seg at departementet ikkje vil gå inn på automatisk suspensjon av tenestemenn når ein set i gong etterforsking, men heller vurdere dette i kvart einskild tilfelle. Komiteen er samd i dette, men vil samstundes understreke at ein her må utvise stor varsemd med omsyn til omdømet til politi og påtalemakt.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet vil vise til merknaden fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet i Innst.S.nr.192 (1991-1992) om bekjempelse av kriminalitet der det heter:

       « Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil understreke nødvendigheten av et uhildet organ til å etterforske anklager om politivold og påstand om annen kriminell handling begått av politiet. Det er viktig at det spesielle etterforskningsorganet har en overvekt av medlemmer som ikke er eller har vært tilknyttet politiet. Det er viktig at det spesielle etterforskningsorganet får slike arbeidsbetingelser at saker kan etterforskes hurtigst mulig. Dette er særlig viktig for å styrke tilliten til politiet. »

       Disse medlemmer ser at den foreslåtte endring i reglene om sammensetningen av etterforskningsorganene ved at ett eller fortrinnsvis to av medlemmene ikke skal ha tilknytning til politi/påtalemyndigheten er et skritt i riktig retning. Disse medlemmer vil imidlertid understreke det prinsipielt viktige i at et flertall i etterforskningsorganene ikke er eller har vært ansatt i politi eller påtalemyndigheten.