4. Komiteens tilråding

       Komiteen har ellers ikke merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov:
om jord (jordlova).

I.

Kap. I Føremålet med lova

§ 1.  Føremål

       Denne lova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

       Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.

       Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltinga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter.

Kap. II Virkeområdet for lova

§ 2.  Virkeområde

       Denne lova gjeld for heile landet. Føresegnene i §§ 9 og 12 gjeld likevel ikkje for område som:

a) I reguleringsplan eller utbyggingsplan etter plan- og bygningslova § 28-2 er lagt ut til anna føremål enn landbruk og fareområde.
b) I bindande arealdel av kommuneplan er lagt ut til
1. byggjeområde eller område for råstoffutvinning, eller
2. landbruks-, natur- og friluftsområde der grunnutnyttinga er i samsvar med føresegner om spreidd utbygging som krev at det ligg føre utbyggingsplan før deling og utbygging kan skje.

       Ved vedtak eller godkjenning av kommuneplan, reguleringsplan eller utbyggingsplan kan det gjerast vedtak av planmyndigheitene om at føresegnene i §§ 9 og 12 skal gjelde for planområda eller avgrensa deler av dei.

Kap. III  Landbruksmyndigheit i kommune og fylke

§ 3.  Handsaming av landbrukssaker

       Kommunen skal ha ansvaret for handsaminga av landbrukssaker. Departementet kan gi nærare føresegner om handsaming av statlege landbrukssaker. Departementet kan gi kommunen myndigheit til å gi fråsegner og ta avgjerd i visse saker.

       I fylket høyrer landbrukssakene under fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret. Departementet kan gi føresegner om sakshandsaminga i fylkeslandbruksstyret, mellom anna om intern arbeidsdeling slik at styret kan overlata til fylkesmannen å gi fråsegn og ta avgjerd på vegne av styret i visse saker.

§ 4.  Fagkompetanse

       I kvar kommune skal administrasjonen ha nødvendig fagkompetanse i jordbruk og skogbruk. Departementet kan gjera unntak.

       Kommunen kan bestemma at nødvendig fagkompetanse i jordbruk og skogbruk skal sikrast ved samarbeid med andre kommunar.

       Departementet skal gi føresegner om nødvendig fagkompetanse i jordbruk og skogbruk.

§ 5.  Fylkeslandbruksstyret

       I kvart fylke skal det vera eit statleg fylkeslandbruksstyre på sju medlemer med varamedlemer.

       Valet av fylkeslandbruksstyret skal vera kunngjort med ein frist på minst fire veker. Distriktslag av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Skogeierforbund og Fellesforbundet har kvar rett til å gjera framlegg om tre medlemer med varamedlemer.

       Medlemer og varamedlemer vert valde av fylkestinget for den fylkeskommunale valperioden. I Oslo vel bystyret fylkeslandbruksstyre. Leiar og nestleiar vert valde særskild. Valet skal gå føre seg som høvetalsval om nokon medlem av fylkestinget krev det. Føresegnene i kommunelova §§ 14, 15, 36 og 37 gjeld tilsvarande.

§ 6.  Arbeidsoppgåver

       På vegne av staten skal fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret og kommunen ta opp arbeidet med dei føremåla som er nemnde i § 1. Fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen og kommunen skal prøva å få rimelege salstilbod på eigedom, hjelpa til med å få i stand kjøp og arbeide ut planar for korleis jorda skal nyttast. Er det ikkje råd å få eigedom ved friviljug kjøp, kan retten til forkjøp etter lov om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) og retten til oreigning etter kap. VI i denne lova nyttast.

       Elles skal fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret og kommunen hjelpa til med førebuing av grunnutnyttingsplanar som vedkjem landbruket etter plan- og bygningslova og gjera det arbeidet som dei vert pålagde ved lov eller ved vedtak av departementet.

§ 7.  Bygdeutvikling

       Departementet kan påleggja fylkeskommunen å avgjera søknad om pengar avsett til bygdeutvikling, og gi nærare føresegner om fylkeskommunen si skjønnsutøving i desse sakene.

       Departementet kan fastsetja at fylkesmannen skal førebu sakene, og kven som skal vera klageinstans.

Kap. IV  Vern av dyrka og dyrkbar jord m.v.

§ 8.  Vern av dyrka jord

       All dyrka jord som kan gi grunnlag for lønsam drift skal haldast i hevd.

       Kommunen og fylkesmannen kan leggja ned forbod mot tiltak som kan føra til at dyrka jord vert vanhevda. Kommunen skal gi tilråding om tiltak som bør setjast i verk dersom jord ligg vanhevda eller unytta.

       Finn departementet at dyrka jord er vanhevda eller ligg unytta, kan det gi eigaren eller leigaren pålegg om kva tiltak han skal setje i verk for at jorda etter tilhøva kan gi lønsam drift. Eigaren kan og påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år.

       For dyrka jord som ikkje kan gi grunnlag for lønsam drift, kan departementet gi pålegg om at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet.

       Om pålegg ikkje er etterkome når fristen er ute, kan departementet gjera avtale om bortleige av jorda for ei tid av inntil 10 år eller treffa vedtak om oreigning av deler eller heile eigedomen for å overdra den til andre.

       Pålegg kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei føremåla lova skal fremja.

§ 9.  Bruk av dyrka og dyrkbar jord

       Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

       Departementet kan i særlege høve gi dispensasjon dersom det etter ei samla vurdering av tilhøva finn at jordbruksinteressene bør vika. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. Det skal òg takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon. Det kan krevjast lagt fram alternative løysingar.

       Samtykke til omdisponering kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei føremåla lova skal fremja.

       Dispensasjonen fell bort dersom arbeid for å nytta jorda til det aktuelle føremålet ikkje er sett igang innan tre år etter at vedtaket er gjort.

       Departementet kan påby at ulovlege anlegg eller byggverk vert tekne bort.

§ 10.  Uttak av myr

       Når nokon tek ut myr til torvprodukt eller anna teknisk føremål, skal det alltid liggja att eit forsvarleg torv- eller jordlag. Myrareala skal setjast i stand att ut frå omsynet til etterbruken av arealet til landbruksføremål og naturvern. Dersom ein bruksrettshavar til torvuttak meiner føresegnene fører med seg at retten hans vert minka urimeleg mykje, kan han leggje spørsmålet om endring i brukstilhøva fram for jordskifteretten, jf. kap. 6 i jordskiftelova.

§ 11.  Drift av jordbruksareal, nydyrking og driftsvegar

       For å sikra miljøforsvarleg drift av jordbruksareal, jf. § 1 tredje ledd, kan departementet gi føresegner om drifta. Føresegnene kan mellom anna ta sikte på å hindra erosjon og regulera bruk og lagring av gjødsel og andre innsatsvarer i produksjonen.

       For å unngå skade på natur- og kulturlandskap, kan departementet gi føresegner for nydyrking. I føresegnene kan det fastsetjast forbod mot nydyrking og at nydyrking berre kan skje i samsvar med plan godkjend av departementet.

       Departementet kan gi føresegner om planlegging, godkjenning og bygging av vegar for landbruksføremål.

Kap. V  Deling av landbrukseigedom

§ 12.  Deling

       Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå departementet. Med eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige. Forbodet mot deling gjeld òg forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

       Departementet kan gi samtykke dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkasting eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal òg takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan- og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet.

       Samtykke til deling kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei føremåla som lova skal fremja.

       Føresegnene gjeld utan omsyn til om ein eigedom har fleire registernemningar når eigedomen eller ideell del av han er på same eigarhand og etter departementet sitt skjønn må reknast som ei driftseining.

       Samtykke til deling er ikkje nødvendig når særskild registrert del av eigedom vert seld på tvangssal. Det same gjeld dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dela eigedom.

       Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort.

Kap. VI Oreigning og skjønn

§ 13.  Oreigning

       Dersom ein ikkje kan nå dei mål som er nemnde i § 1 ved friviljug kjøp eller forkjøp, kan departementet gjera vedtak om oreigning av areal og rettar som tillegg til eksisterande jord- og skogbrukseigedom.

       Når jord vert oreigna, kan ein ta med jordvidder, bygningar og andre innretningar som naturleg høyrer saman med det som vert oreigna, jamvel om føremålet ikkje gjer det nødvendig at oreigninga får eit slikt omfang.

       Kjem eigaren eller rettshavaren med krav om det, kan departementet fastsetja at oreigningsinngrepet òg skal gjelda grunn, bygning, rettar og anna som kom til å missa mykje av verdet for eigaren eller rettshavaren, om inngrepet vart sett i verk. I slike høve kan det likeeins verta fastsett at oreignaren skal løysa inn heile eigedomen jamvel om han berre har gjort krav på ein bruksrett eller annan særleg rett i eigedomen.

§ 14.  Oreigning av husmannsbruk m.m.

       Utan omsyn til føremålet i § 1 kan departementet oreigna husmanns-, bygsel- eller leiglendingsbruk til føremon for leigaren, barna eller barnebarna hans. Det same gjeld bruk som no er leigd på andre vilkår, men som før har vore leigd til leigaren, foreldra eller besteforeldra hans på husmanns-, bygsel- eller leiglendingsvilkår.

       Det er eit vilkår for oreigning etter fyrste ledd at bruket anten må vere bygd eller rudd av leigaren eller slekta hans, eller brukt av dei i minst tretti år før 1. januar 1975. Vidare er det eit vilkår for oreigning at søkjaren vil drive bruket som landbruk og bu der.

§ 15.  Vilkår i oreigningssaker

       Når departementet tek avgjerd om oreigning, kan det setjast slike vilkår som er nødvendige av omsyn til den det vert oreigna frå, eller til almennytten av tiltaket.

       Dersom den som staten overdreg den oreigna eigedomen eller retten til, ikkje oppfyller vilkåra om bestemt bruk innan fastsett frist, kan departementet krevja eigedomen eller retten attende for å overdra den til ein annan som staten etter denne lova kunne ha nytta oreigningsretten til føremon for.

       Nyttar ikkje staten denne retten innan tre månader etter at fristen er ute, kan den som eigedomen eller retten er oreigna frå, krevja den attende mot å gi frå seg det vederlaget han har fått ved oreigninga med tillegg eller frådrag for verdauk eller verdmink som nemnde i neste ledd. Kravet vert sendt til departementet med dei opplysningar som trengst.

       Kjøparen som eigedomen eller retten vert teken attende frå, har i dei tilfelle som er nemnd i andre og tredje ledd krav på å få att kjøpesummen med tillegg eller frådrag for verdauk eller verdmink som han er årsak til.

       Tvist om storleiken av staten og kjøparen sitt krav vert avgjort ved skjønn.

§ 16.  Avløysing av bruksrettar m.m.

       Dersom det er nødvendig for at jord skal kunne nyttast så godt som mogleg, kan departementet krevja at bruksrettar, servituttar og andre rettar til, i eller over fast eigedom skal avløysast, leggjast på eller skipast om mot skadebot etter vanlege rettsreglar. Vidare kan departementet krevja regulering av grenser mellom bruk, og under dette oreigna jord.

§ 17.  Skjønn

       For skjønn og takstar etter dette kapittel gjeld reglane i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

       Skjønn etter § 13 og § 15 siste ledd, og saker etter § 16 vert halde av jordskifteretten. I desse høve er det også jordskifteretten som held takstar og tar avgjerder som elles høyrer under skjønnet. For førehavinga i jordskifteretten gjeld reglane i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.

Kap. VII  Ymse føresegner

§ 18.  Føresegner om tilskot

       Etter retningsliner fastsett av Stortinget, kan departementet fastsetja føresegner om fordeling og vilkår for utbetaling av tilskot etter jordbruksavtalen eller liknande tilskot.

§ 19.  Tilsyn

       Kommunen og fylkesmannen fører tilsyn med at føresegnene i § 9, § 10, § 11 og § 12 vert haldne.

§ 20.  Tvangsgebyr

       For å sikre at reglane i § 8, § 9, § 10, § 11 og § 12 eller vedtak etter desse paragrafane vert gjennomført, kan departementet påleggje den ansvarlege tvangsgebyr.

       Tvangsgebyr kan fastsetjast når brot mot lova sjølv eller vedtak etter lova er oppdaga. Tvangsgebyret kan innkrevjast frå den frist departementet har sett for retting av tilhøvet. Tvangsgebyr kan og fastsetjast på førehand. Det kan fastsetjast at tvangsgebyr aukar så lenge det ulovlege tilhøvet varer ved, eller at det forfell for kvart brot.

       Tvangsgebyret er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 21.  Straff

       Med bøter straffast den som forsettleg bryt forbodet mot omdisponering i § 9, eller påbodet om å setje i stand areala i § 10.

II.

       Frå den tida Kongen fastset, skal følgjande føresegner i andre lover endrast slik:

1.   Lov av 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern

§ 4 fjerde ledd skal lyda:

       Departementet kan gi nærmere forskrifter om fordelingen av myndighet mellom skogoppsynet og administrasjonen til å treffe avgjørelser og gi uttalelser i medhold av loven, jf. jordlova § 3, hvoretter landbrukssaker også hører under fylkesmannen.

2.   Lov av 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon

§ 5 fyrste ledd nr. 1 skal lyda:

       Konsesjon er ikke nødvendig ved erverv av:

1. en enkelt boligtomt eller tomt for fritidshus, dersom tomten ikke er større enn 2 dekar og er godkjent fradelt etter 1. januar 1977 etter plan- og bygningsloven og jordloven eller tomten ligger i området som i kommuneplan, reguleringsplan eller bebyggelsesplan etter plan- og bygningsloven er utlagt til byggeområde, og hvor tomtedeling er foretatt eller godkjent av bygningsmyndighetene.

§ 6 fyrste ledd nr. 1 skal lyda:

       Konsesjon er ikke nødvendig når erververen er:

1. eierens ektefelle, eller er i slekt med eieren eller eierens ektefelle i rett oppstigende eller nedstigende linje eller i eierens eller ektefellens første sidelinje til og med barn av søsken. Når det gjelder jord- og skogbrukseiendommer er konsesjonsfriheten betinget av at erververen bosetter seg på eiendommen innen ett år og selv bebor og driver den i minst 5 år. Erververen kan oppfylle driveplikten ved å leie bort jordbruksarealet som tilleggsjord til annen landbrukseiendom i minst 10 år. Slik oppfyllelse av driveplikten er betinget av at leieavtalen er skriftlig, og at den fører til driftsmessig gode løsninger. Avtaler som fører til driftsmessig uheldige løsninger kan følges opp som brudd på forutsetningen for konsesjonsfritaket, jf. § 24.

§ 13 fyrste og andre ledd skal lyda:

       Vedtak om å nytte kommunens forkjøpsrett må være gjort innen tre måneder etter at kommunen har mottatt konsesjonssøknad eller melding etter § 19 eller § 20 annet eller tredje ledd.

       Vedtaket om å nytte statens forkjøpsrett må være gjort innen tre måneder etter at dokumentene er mottatt av fylkesmannen etter at saken er ferdig behandlet i kommunen.

§ 14 andre ledd fyrste punktum skal lyda:

       Når forkjøpsretten gjøres gjeldende for å tilgodese landbruksnæringen og kjøpesummen antas å overstige eiendommens bruksverdi som landbruk, kan både departementet og selgeren kreve at vederlaget skal fastsettes ved skjønn.

§ 21 andre ledd skal lyda:

       Dersom kommunen ikke gjør forkjøpsretten gjeldende, sendes saken videre til fylkesmannen.

§ 21 tredje og fjerde ledd vert oppheva.

Nogjeldande femte og sjette ledd vert nye tredje og fjerde ledd.

§ 21 sjuande ledd vert nytt femte ledd, og skal lyda:

       Kongen kan gi nærmere forskrifter som supplerer saksbehandlingsreglene i forvaltningsloven og loven her, derunder om at den ordinære saksgang skal fravikes for visse typer saker og om intern arbeidsdeling i fylkeslandbruksstyret slik at styret kan overlate til administrasjonen å gi uttalelse eller ta avgjerder på vegne av styret i nærmere bestemte saker.

§ 24 skal lyda:

       Kommunen og fylkesmannen skal føre kontroll med at vilkår som er satt for konsesjon eller videresalg fra det offentlige av eiendom ervervet ved forkjøp blir overholdt. Melding om overtredelse eller brudd på forutsetninger skal straks sendes til departementet. Det samme gjelder dersom kommunen eller fylkesmannen får kjennskap til erverv som mangler nødvendig konsesjon etter denne lov.

       Kongen kan bestemme at andre sakkyndige organer skal utføre gjøremålene etter denne paragraf istedenfor eller i tillegg til fylkesmannen eller kommunen.

3.   Lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten

§ 27 skal lyda:

       Den som tek over eigedom ved odelsløysing, har plikt til å busetje seg på eigedomen innan 1 år og bu der og drive den i 10 år.

       Den som elles tek over eigedom som han har odelsrett til har plikt til å busetje seg på eigedomen innan 1 år og bu på og drive den i 5 år.

       Driveplikta etter andre stykket kan oppfyllast ved at jordbruksarealet vert leigd bort som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i minst 10 år. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er skriftleg, og at ho fører til driftsmessig gode løysingar. Avtaler som fører til driftsmessig uheldige løysingar kan følgjast opp som brot på driveplikta, jf. § 29.

Ny § 27 a skal lyda:

       Departementet kan etter søknad gi fritak frå bu- og driveplikta etter § 27 anten heilt ut eller for ei viss tid.

       Ved avgjerda skal det takast omsyn mellom anna til bruksstorleiken, avkastningsevna og hustilhøva på eigedomen. Det skal takast særskilt omsyn til kor nær tilknyting søkjar har til eigedomen.

       Ved avgjerd av søknad om fritak frå driveplikta skal det òg takast omsyn til om det i området der eigedomen ligg er bruk for jordbruksarealet som tilleggsareal. Det må òg takast omsyn til kor viktig det er å halde det aktuelle jordbruksarealet i hevd.

       Ved avgjerda av ein søknad om fritak frå buplikt kan ein ta omsyn til ønske om å styrkje og oppretthalde busetjinga i det området der eigedomen ligg.

       Når det i samband med odelsløysing eller offentleg skifte blir søkt om unntak frå kravet om bu- og driveplikt, skal retten utsetje den endelege avgjerda i saka til unntaksspørsmålet er avgjort.

4.   Lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte

§ 2 fyrste ledd e skal lyda:

       skipe slike sams tiltak som er nemnde i § 34 a og lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene § 31.

§ 5 fjerde ledd skal lyda:

       I dei høve som § 2 første ledd bokstav c nemner, kan fylkesmannen krevje jordskifte som ledd i tiltak etter § 25 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

Ny § 34 a skal lyda:

       Jordskifteretten kan skipe sams tiltak i samband med utnytting og bruk av eigedom som er eller kan nyttast til jord- og skogbruk. Jordskifteretten kan òg skipe sams tiltak som gjeld tilhøva mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.

§ 36 skal lyda:

       Desse alltidvarande bruksrettane kan avløysast: rett til veg, herunder jernbanekryssing, beite, slått, brønn og vassleidning, til hogst og all anna avverking i skog, til å ta brenntorv, strøtorv, lyng, mose, mold, leire, sand og stein, tang og tare, til båtopptrekk, båt og bryggjeplass, til naust- og sjøhustomt, tørke- og opplagsplass, garn- og nothengsplass, kvernfall og vasshjul med tilhøyrande oppdemmings- og vassleidningsrettar og ferskvassfiske med unntak av lakse- og sjøaurefiske.

5.   Lov av 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger

§ 1-2 andre ledd skal lyda:

       a. Oppdyrking, herunder dyrking av kulturbeite.

III.

       Lovendringane gjeld frå den tid Kongen fastset.

       Frå same tid held lov av 18. mars 1955 nr. 2 om tilskiping av jordbruk (jordlova), lov av 18. mars 1949 om vern mot jordøydelegging og lov av 11. mai 1984 nr. 26 om endringar i jordlova, opp å gjelda.

       Forskrifter fastsett med heimel i lov av 18. mars 1955 nr. 2 står ved lag til dei vert endra eller oppheva.

       Lovendringane får verknad for søknader som ikkje er avgjort før lova tar til å gjelde.

       Lovendringane gjeld òg brot på reglar etter lov av 18. mars 1949 og lov av 18. mars 1955 nr. 2 eller vedtak fastsett med heimel i desse lovene dersom brotet fortsetter eller oppstår etter at lova tar til å gjelde.

       Dispensasjon gitt med heimel i forbodet i § 54 i lov av 18. mars 1955 nr. 2 og delingsløyve etter same lov § 55 fell bort seinast tre år etter at lovendringane tar til å gjelde.

       Odelslova § 27 nytt tredje ledd og konsesjonslova § 6 nytt fyrste ledd nr. 1 får verknad for overdragingar som skjer etter at endringane tar til å gjelde.

       Dersom det er inngått leigeavtale i samsvar med odelslova § 27 nytt tredje ledd før endringane tar til å gjelde, har andre odelsrettshavarar ein frist på to år frå endringane tar til å gjelde til å kreve løysing av eigedomen etter odelslova § 40 tredje ledd, jf. same lov § 28.

       Jordskiftelova § 4 fjerde ledd skal gjelde for skjønn halde etter lov av 18. mars 1955 nr. 2 kapittel X.

Oslo, i næringskomiteen, den 9. mars 1995.

Svein Ludvigsen, Einar Olav Skogholt, William Engseth,
leder. ordfører. sekretær.