1. Om opphevelse av lov om fast granskingskommisjon ved dykkerulykker

       Til Odelstinget.

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om å oppheva lova om fast granskingskommisjon ved dykkerulykker. Lova blei vedteke etter ulykka om bord i borefartøyet Byford Dolphin i 1983. Kommisjonen granska denne ulykka, men har sidan ikkje vore i funksjon. Mandatet til kommisjonen gjeld berre ulykker der menneskeliv har gått tapt ved ervervsmessig dykking og er også avgrensa til tilfelle der hendingsforløpet ikkje kan klårleggjast etter reglane om sjøforklaring eller vanleg etterforsking. Omsynet bak oppretting av ein fast kommisjon var m.a. ynskje om å etablera særskilt kompetanse på området.

       Det er fleire alternativ til ein fast granskingskommisjon for dykkerulykker. Både etter arbeidsmiljølova, petroleumslova og sjølova kan ein opprette særskilte granskingskommisjonar ved ulike typar ulykker, også dykkerulykker. Vidare kan Kongen i statsråd oppnemne ein særskilt kommisjon til å granske alvorlege dykkerulykker. Det er såleis unødvendig og lite føremålstenleg å oppretthalde og administrere ein fast granskingskommisjon ved dykkerulykker. Framlegget om å oppheve lova har vore sendt ut på høyring, og ingen høyringsinstansar har hatt innvendingar til framlegget.