2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, ser det som viktig at ein får etablert ein organisasjonsmodell som kan skape ro, og som oppmuntrar partane til eit samarbeid som er tenleg for norsk hestesport.

       Komiteen stør odelstingsproposisjonen og er samd i at hovudpunkta i Websterskissa vil vere eit godt grunnlag å organisere hestesporten etter.

       Komiteen stør derfor at det vert etablert driftsselskap ved dei enkelte banane, og at representantar frå desse utgjer hovudtyngda i representantskapet i Norsk Rikstoto. Vidare at representantskapet vel styret.

       Komiteen vil streke under at hesten og hestesporten er ein viktig faktor i næringssamanheng med store ringverknader for sysselsetting rundt om i landet. Hestesporten har også stor verdi i samband med fritid og rekreasjon, særleg for barn og ungdom. Hesten er også viktig for landet i beredskapssamanheng.

       Komiteen er kjend med at det nå vert utbygd banar der det kan kjørast totalisatorløp også i den nordlegaste landsdelen. Komiteen er tilfreds med dette og ser det som viktig at alle deler av landet kan få midlar frå spelet for derved å sikre at hestesporten vert utbreidd.

       Komiteen meiner det er rett at Landbruksdepartementet arbeider ut nye føresegner for totalisatorspelet, der Norsk Rikstotos økonomiske ansvar for spelet vert stadfesta og der Norsk Rikstotos økonomiske ansvar for hestesporten vert fastlagt. Det gjeld både trav og galopp, likeins det økonomiske ansvaret for Norsk Hestesenter.

       Komiteen ser det som viktig at ein planmessig legg til rette for å stø opp under eit godt avlsarbeid, og at det vert lagt tilrette for økonomisk å satse på oppdrett for derved å sikre rekrutteringa.

       Komiteen stør også at galoppsporten og deira yrkesutøvarar gjennom føresegn vert sikra sin rimelege del av totalisatoromsetnaden ved oppsetting av terminlista. Komiteen viser til at det er gjeve høve til å anke til departementet.

       Komiteen er samd i opplegget i Websterskissa om samordning av totalisatorspelet. Den tekniske utviklinga innafor spelet har ført til at det ikkje lenger er naturleg å halde oppe skilje mellom riksspel og banespel. Derfor stør komiteen at Norsk Rikstoto får pålegg om å få avtaler med det enkelte totalisatorkjørande driftsselskapet innafor dei rammer som vert fastsette i konsesjonsvilkåra. Avtalene mellom Norsk Rikstoto og driftsselskapa må vera forma slik at det enkelte selskapet vert inspirert til å drive aktivt for å fremje både sport og spel på sin bane og i sin region.

       Derfor stør komiteen at konsesjonane for alt totalisatorspel vert lagt til Norsk Rikstoto som deretter inngår avtaler med det enkelte totalisatorkjørande baneselskapet innafor den ramma som vert fastsett i konsesjonsvilkåra. Komiteen vil også streke under kor viktig det er å ta vare på, og stø opp om den store aktiviteten innafor hestesporten som skjer ute i dei distrikta som ikkje har tilknyting til banar med totalisatorspel. Komiteen ser det derfor som ynskjeleg at dei som aktivt driv med hestesport i regionen får høve til å vere med i driftsselskapa.

       Komiteen meiner det må vere eit mål å få marknadsført hestespelet over heile landet.

       Komiteen stør endringa i totalisatorlova § 1, tredje ledd, slik at det vert opna for å gjeva konsesjon samla til Norsk Rikstoto. Komiteen meiner det er rett at § 2, der det er fastsett ei aldersgrense på 18 år for å delta i totalisatorspelet, går ut.

       Komiteen er kjent med at det frå galoppsporten har vært reist tvil om det juridiske grunnlaget for endringane i vedtektene til stiftinga Norsk Rikstoto. Komiteen viser i den samanheng til departementet sine svar til næringskomiteen av 8. og 14. februar 1996 (vedlegg) som klargjer Regjeringa si juridiske vurdering av desse spørsmåla.