1. Sammendrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å erstatte dei mellombels lovene av 13. desember 1946 om innførsle- og utførsleforbod med ei ny lov om innførsle- og utførsleregulering. Dei mellombels lovene forbyr i utgangspunktet all eksport og import, med mindre det har vorte gjeve særskilt løyve til det. Utgangspunktet i lovene, forbod, må sjåast i lys av den uvanlege stoda som rådde etter den andre verdskrigen, med skort på varer og ein vanskeleg betalingssituasjon. Det var såleis ikkje meininga at dei såkalla « mellombelslovene » skulle vere permanente. Bruken av lovene gjennom forskrifter og praksis glei gradvis bort frå utgangspunktet sitt. I takt med ein aukande vilje til frihandel, har berre visse varer og varegrupper vorte utsette for reguleringar. Lovtekstane står derfor i skarp motsetnad til den rettslege og faktiske stoda som rår i dag.

       Det vert i proposisjonen opplyst at eit hovudføremål med den lovendringa ein gjer framlegg om, er å gjere lovene tidhøvelege, i den forstand at dei samsvarar med norsk handelspolitisk røyndom, og tek omsyn til dei prinsippa som blir lagde til grunn, mellom anna i samband med EØS og WTO. Dette inneber at utgangspunktet for dei mellombels lovene, som er forbod mot import og eksport, vendest om til å bli ei lov der ein berre i særskilde situasjonar kan fastsetje forskrifter om løyve for import eller eksport.

       Det vert vidare opplyst at Regjeringa går ut frå at den nye lova om innførsle- og utførsleregulering ikkje kjem til å få økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som følgjer av det regelverket som gjeld i dag.