3. Skattefritak for næringsdrivande kunstnarar som gir eigenproduserte kunstverk i gåve til stiftinga « hans christian ostrøs minnepris »

Samandrag

       « Hans Christian Ostrøs Minnepris » er basert å eit fond av innsamla midlar. Fondet si avkastning skal disponerast ein gong i året gjennom tildeling til ein verdig kandidat. Ein har tenkt å reise stiftinga sin kapital gjennom pengegåver og ved at kunstnarar gir bort eigne kunstverk som stiftinga sel på etterfølgjande auksjon til inntekt for minnefondet.

       Når ein næringsdrivande kunstnar tek ut eit kunstverk frå verksemda si for å gi det bort, utløyser uttaket skatteplikt etter skattelova § 42 fyrste ledd tredje til femte punktum. Dette gjeld sjølv om gåvemottakaren er ein skattefri institusjon.

       For at ikkje skattereglane skal stå i vegen for etablering av den naudsynte grunnkapitalen, gjer departementet med dette framlegg om eit mellombels tillegg til skattelova om at næringsdrivande kunstnarar skal kunne ta ut eigenproduserte varer eller tenester frå næringa og gi dei som gåver til økonomisk utnytjing for stiftinga, utan at dette utløyser skatteplikt på kunstnaren si hand.

       Det kan på eit generelt grunnlag reisast innvendingar mot at det fastsettast særskilte unntak frå dei alminnelege reglane om skatteplikt etter skattelova. Unntaket i dette spesielle høvet bør ikkje bli gitt verknad for eit lengre tidsrom enn kva som er naudsynt for å skaffe eit kapitalgrunnlag for stiftinga sin minnepris. Departementet foreslår derfor lova om mellombels tillegg til skattelova berre har verknad for gåver som blir gitt i åra 1996 og 1997.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.