2. Komiteens merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren, Bjørnstad, Bæivi, Hornslien, Kristoffersen og Tveiten, medlemene frå Senterpartiet, Gløtvold, Kvalbukt og Viken, medlemene frå Høgre, Gabrielsen og Høegh, medlemet frå Sosialistisk Venstreparti, Vogt, medlemet frå Kristeleg Folkeparti, Svarstad Haugland, og medlemet frå Framstegspartiet, Alvheim, er opptekne av at handsamingstida i Trygderetten vert redusert. Komiteen har merka seg Regjeringa sin uttalte ambisjon i St.prp. nr. 1 (1996-1997) om at alle sakene som er komne inn i 1994 og 1995 skulle vere ferdighandsama innan 1. juli 1997. I freistnadene på å effektivisere og omorganisere Trygderetten er det òg viktig å ta vare på omsynet til rettstryggleiken til dei som skal få stønad.

       Komiteen deler ikkje Regjeringa sitt syn på behovet for å endre folketrygdlova § 21-12 for å frita saker frå høve til ankehandsaming i Trygderetten. Regjeringa sitt forslag om å la saker om medisinsk stønad etter kapittel 5 i folketrygdlova vere unnateke for høve til å klage til Trygderetten, finn komiteen ikkje tilstrekkeleg tungtvegande grunnar for. Det er elles eit særs avgrensa tal på saker etter kapittel 5 som kjem til Trygderetten.

       Komiteen deler heller ikkje Regjeringa sitt standpunkt når det gjeld å foreslå å redusere høvet til å anke saker om stønad til betring av funksjonsevna i dagleglivet, folketrygdlova § 10-6, jf. § 10-7. Også for dette stønadsområdet er det få saker retten får til handsaming. Dette er då i seg sjølv eit argument for at dei relativt få sakene det dreier seg om, skal ha høve til å anke til Trygderetten. Dersom moglegheita for å anke til Trygderetten for desse to områda fell bort, vil den ankande parten berre få høve til å anke innanfor trygdevesenet. Dei saksområda som dette eventuelt skulle gjelde for, må sjåast som så viktige at redusert høve til å anke må vurderast som ei vesentleg innskrenking av retten til den einskilde.

       Regjeringa foreslår òg ein ny § 20a i trygderettslova som skal ha til føremål m.a. å avgrense Trygderetten sitt høve til å endre vedtak om gradert uførepensjon, jf. folketrygdlova § 12-11 og fastsetjing av sats for grunnstønad etter folketrygdlova § 6-3.

       Forslaget inneber at graderinga av uførepensjonen berre kan endrast med meir enn 10 prosentpoeng. Etter komiteen si oppfatning vil dette i praksis innebere at det ikkje vil kunne bli gjort mindre endringar enn 20 prosentpoeng. Etter folketrygdlova § 12-11 skal uføregraden nemleg setjast til 50, 60, 70, 80, 90 eller 100 av heil uførepensjon. Sidan Trygderetten ikkje skal kunne endre uføregraden med mindre endringa er på meir enn 10 prosentpoeng, så vil det i praksis innebere at 20 prosentpoeng blir grensa. Dette vil vere eit så vesentleg inngrep i retten til å få prøvd fastsetjing av uføregraden at komiteen ikkje kan stø innføringa av den foreslåtte § 20a i trygderettslova. Ei endring av uføregraden for ein einsleg minstepensjonist med 10 prosentpoeng vil likevel innebere 6 600 kroner og for ein einsleg pensjonist med full tillegspensjon vil det innebere 13 300 kroner pr. år.

       Komiteen vil gå mot forslaget til endring av folketrygdlova § 21-12 sjette ledd som vedkjem dette og forslaget om tillegg av ein ny § 20a i trygderettslova.

       Komiteen legg vekt på at forslaget om at tilsvaret frå den ankande parten vert oversendt ankemotparten i alle saker, vil bidra til at saka vert så godt opplyst som mogeleg, og at dette i seg sjølv vil bidra til at saker eventuelt vert løyst før saka kjem til Trygderetten.

       Komiteen stør elles dei forslaga som er fremja i proposisjonen for å omorganisere og effektivisere handsaminga i Trygderetten.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil be om en evaluering av to-trinnsbehandlingen i Rikstrygdeverket som er hjemlet i § 21-12 i folketrygdloven, og hvilken innvirkning dette har hatt i forhold til den enkeltes sin rett til hjelpemidler.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen foreta en evaluering av om to-trinnsbehandlingen i Rikstrygdeverket har ført til at trygdedes rettssikkerhet er svekket på grunn av Trygderettens begrensede prøvingsmyndighet i slike tilfeller. »