6. Organisatoriske spørsmål

6.1 Oversyn

       Selskapet sitt høgaste organ er generalforsamlinga. Aksjelova har og reglar om fire andre leiingsorgan; administrerande direktør, styret, bedriftsforsamlinga og representantskapet. Loven gjev rom for mange alternativ når det gjeld leiingsstrukturen i selskapa.

6.2 Generelle spørsmål

       Aksjelovutvalget uttaler at gjeldande regulering på enkelte punkt er komplisert. Fleire av dei ulike typar organ kan ha til dels blanda kompetanse. I EU har det vore fremma eit forslag til selskapsdirektiv som inneheld ei felles regulering av mellom anna leiingsstrukturen i aksjeselskap, men det ligg framleis ikkje føre noko endeleg direktivforslag. Utvalet legg til grunn at ein ikkje kan vente noko snarleg vedtaking av dette direktivet. I tråd med synspunkta i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) meiner utvalet at ein bør vente med å vurdere vidtrekkande endringar i regelverket om leiingsorgana inntil spørsmålet om moglege felles reglar i EU er endeleg avklara. Hovudtrekka i gjeldande regulering av selskapsorgana er difor vidareført i framlegget. Utvalet har likevel søkt å gjere styringsstrukturen og vedtaksprosessen enklare i aksjeselskap. Utvalet vidarefører obligatoriske krav om at alle aksjeselskap skal ha ei generalforsamling, styre og revisor. Som i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) vert det foreslått at ordninga med representantskap skal opphevast. Ordninga med bedriftsforsamling vert vidareført.

       Departementet er einig i at ein gjennomgang av reglane med sikte på ein meir radikal omlegging av gjeldande lov bør sjåast i samanheng med utviklinga innanfor EU.

Merknader frå komiteen

       Komiteen viser til at departementet vil at ein skal avvente ei brei gjennomgang av prinsipielle spørsmål om leiingsstruktur og kompetansefordeling i påvente av utviklinga i EU. Med bakgrunn i at arbeidet med femte selskapsdirektiv har pågått sidan byrjinga på 1970-talet, meiner komiteen at dei norske reglane bør vurderast uavhengig av EU sitt arbeid. Utkastet til Femte selskapsdirektiv viser at dette berre tek sikte på aksjeselskap av typen allmennaksjeselskap, og ikkje aksjeselskap. Komiteen meiner difor at leiingsstrukturen for aksjeselskap kan utformast uavhengig av utviklinga innanfor EU.

6.3 Generalforsamling

       Generalforsamlinga har eksklusiv avgjerdsmakt på nokre område, og som hovudregel har generalforsamlinga både instruksjons- og omgjeringsrett overfor andre selskapsorgan. Aksjelovutvalget foreslår ingen store endringar i reglane om generalforsamling.

       Etter gjeldande lov er fristen for å halde ordinær generalforsamling seks månader etter utgangen av rekneskapsåret. Rekneskapslovutvalet har foreslått at fristen til å avgje årsrekneskap framleis skal vere seks månader. Aksjelovutvalget meiner fristen for å halde ordinær generalforsamling, og dermed avgje årsrekneskap, bør kortast ned til fire månader.

       Eit klårt fleirtal av høyringsinstansane går imot framlegget om å endre fristen frå seks til fire månader. Grunngjevinga er hovudsakleg at ein slik fristreduksjon vil føre til store praktiske problem.

       I samråd med Finansdepartementet har Justisdepartementet kome til at fristen på seks månader bør førast vidare.

       Gjeldande lov byggjer på den føresetnaden at generalforsamlinga gjer sine vedtak i eit møte. Spørsmålet om å tillate generalforsamlingsvedtak ved sirkulasjon av dokument eller liknande, er ikkje direkte regulert i lova. Utvalet meiner at det i aksjeselskap ofte er et praktisk behov for ein enklare handsamingsmåte og foreslår at det vert opna høve til ein skriftleg avstemming utan møte. Slike reglar vil ikkje passe i selskap med mange aksjeeigarar, og i allmennaksjeselskap skal difor gjeldande reglar vidareførast. For aksjeselskap meiner utvalet at retten bør avgrensast til selskap med 20 aksjeeigarar eller mindre, og berre når aksjeeigarane, revisor eller styremedlemene ikkje har innvendingar mot det. Aksjeeigarane skal innan ein frist kunne krevje møtehandsaming i staden for handsaming ved sirkulasjon.

       Dei fleste høyringsinstansane som uttaler seg om dette er positive til at generalforsamlinga i aksjeselskap kan avgjere saker utanfor møte. Nokre instansar meiner retten og bør gjelde selskap med fleire enn 20 aksjeeigarar. Dei som er kritiske, reiser spørsmål ved om behovet for slike reglar fordi dei fleste mindre selskap har rett til å nytte fullmakter frå dei aksjeeigarane som ikkje kan møte sjølve.

       Justisdepartementet sitt prinsipielle syn er at saker som er viktige og difor høyrer inn under generalforsamlinga, først bør framstillast skriftleg frå leiinga og deretter leggjast ut til open dialog i møte. Ein legg likevel til grunn at det kan vere eit behov for ei enklare ordning i enkelte selskap. Departementet har fylgt opp framlegget i utkastet til lov om aksjeselskap § 5-7. Departementet er einig i at retten bør avgrensast til selskap med mindre enn 20 aksjeeigarar.

       Utvalet meiner ordet « generalforsamling » berre skal nyttast om organet, medan generalforsamlinga som møte bør erstattast av ordet « årsmøte ». Ekstraordinær generalforsamling er foreslått erstatta med « andre møte ». Departementet meiner at gjeldande språkbruk er godt innarbeidd, og går inn for å føre vidare omgrepet generalforsamling med det innhaldet det har etter gjeldande lov.

Merknader frå komiteen

       Komiteen er einig i at fristen for å halde ordinær generalforsamling framleis skal vere 6 månader. Ein frist på 4 månader vil i praksis gjere det særs vanskeleg å få årsrekneskapen ferdig i rett tid, samstundes som ein kortare frist i liten grad vil ha positiv verknad for aksjeeigarane i dei fleste typar selskap.

       Komiteen har merka seg at departementet gjer framlegg om at det skal gå fram av lova at generalforsamlinga i aksjeselskap med færre enn 20 aksjeeigarar skal kunne fatte vedtak utanfor møte. Ein føresetnad for at møtehandsaming kan sløyfast er at styret finn at saka kan handsamast på eit forsvarleg vis og at saka vert lagt fram skriftleg for aksjeeigarane. Komiteen vil streke under at alle viktige saker som hovudregel bør handsamast i møte. Komiteen ser likevel at det kan vere behov for ei enklare ordning i einskilde selskap, og stør departementet sitt framlegg om at generalforsamlinga i aksjeselskap i visse høve kan avgjere saker utanfor møte. Dei særlege krava til sakshandsaming utanfor møte kan etter komiteen si meining gjere ei slik handsaming tryggare enn generalforsamling utan frammøte, men der det er gitt fullmakt til styreleiar. Dette har tidlegare vore den tradisjonelle modellen for å unngå møtehandsaming. Komiteen vil peike på at saksdokumenta må gje aksjeeigarane eit godt nok grunnlag for å kunne vurdere og ta stilling til dei sakene generalforsamlinga skal avgjere. Komiteen meiner likevel at saker som er særs viktige for selskapet eller som føreset diskusjonar og meir uttømmande opplysningar enn styret kan gje skriftleg, ikkje bør leggjast fram for generalforsamlinga til avgjerd utanfor møte.

       Komiteen går inn for å føre vidare omgrepet generalforsamling med det innhaldet det har etter gjeldande lov.

6.4 Leiinga i selskapet

       Både allmennaksjelskap og aksjeselskap skal alltid ha eit styre. Styret kan vere berre ein person, men dersom selskapet sin aksjekapital er 1 mill. kroner eller meir, skal styret ha minst tre medlemer. Allmennaksjeselskap skal alltid ha minst 3 medlemer i styret. Styret vert valt av generalforsamlinga. Har selskapet bedriftsforsamling, skal styret som hovudregel ha minst fem medlemer. I selskap som har fleire enn 30 tilsette, men som ikkje har bedriftsforsamling, har dei tilsette rett til å velje representantar til styret. I selskap som har bedriftsforsamling, høyrer det under denne å velje styre. Styret vel sjølv sin formann. Administrerande direktør (dagleg leiar) kan berre veljast til formann i styret dersom selskapet har bedriftsforsamling eller representantskap, eller det er eit privat aksjeselskap som har ein aksjekapital på mindre enn 1 mill. kroner.

       Utvalet foreslår at både allmennaksjeselskap og aksjeselskap framleis skal ha plikt til å ha eit styre. Ein fører vidare reglane i gjeldande lov om krav til tal på styremedlemer for allmennaksjeselskap.

       Utvalet er delt med omsyn til korleis grensa mellom dei aksjeselskapa som skal ha minst tre styremedlemer og dei som kan ha eitt eller to skal trekkjast. Fleirtalet gjer framlegg om ein rett til å fastsetje eit lågare tal på styremedlemer i vedtektene, med mindre selskapet anten har meir enn 30 tilsette eller vert omfatta av føresegn fastsett av Kongen. Eit mindretal meiner at styret i selskap som har ein aksjekapital på 3 mill. kroner eller meir bør vere eit kollegialt organ med mist tre personar, uavhengig av tal på tilsette. Utvalet gjer framlegg om at dagleg leiar ikkje skal kunne veljast til leiar i styret i allmennaksjeselskap.

       Alle høyringsinstansane er samde i at båe selskapsformer skal ha eit styre. Det er òg semje om at alle allmennaksjeselskap skal ha eit styre på minst tre medlemer. Med eitt unnatak er det òg semje om at visse aksjeselskap bør ha rett til å ha eit styre med berre eitt medlem. Det er delte meiningar med omsyn til kva for selskap som skal ha rett til å ha eit einestyre. Nokre instansar meiner det avgjerande ikkje bør vere talet på tilsette, men om dei tilsette faktisk har sett fram krav om styrerepresentasjon. Andre framhevar at storleiken på aksjekapitalen ikkje bør vere avgjerande. Når det gjeld framlegget om at dagleg leiar ikkje skal kunne veljast til leiar av styret sjølv om selskapet har bedriftsforsamling, går NHO imot dette.

       Departementet sluttar seg til framlegget om at allmennaksjeselskap skal ha eit styre på minst tre medlemer. Når det gjeld aksjeselskap, er det mykje som taler for at desse bør ha minst to medlemer i styret. Departementet meiner likevel at eit forbod mot einestyre i mange tilfelle kan synast unødig byråkratisk. Retten til å ha eit styre med berre eitt medlem bør difor aksepterast, men berre for små aksjeselskap. Departementet sluttar seg til mindretalet sitt framlegg om at plikta til å ha minst tre styremedlemer skal gjelde selskap med ein aksjekapital på 3 mill. kroner eller meir. I selskap med fleire enn 30 tilsette, kan desse krevje styrerepresentasjon. Departementet meiner vidare at det vil vere unødig strengt med eit absolutt forbod mot ein kombinasjon av dagleg leiar og leiar i styret. Departementet går inn for at ein slik kombinasjon skal vere lovleg i selskap som ikkje har plikt til å ha eit styre på tre eller fleire medlemer. Departementet meiner til liks med utvalet at gjeldande reglar om at dagleg leiar kan veljast til leiar i styret dersom selskapet har bedriftsforsamling, ikkje bør vidareførast.

       Dersom selskapet har ein aksjekapital på 1 mill. kroner eller meir, skal det ha ein administrerande direktør. Allmennaksjeselskap skal alltid ha administrerande direktør. Utvalet gjer framlegg om å nytte omgrepet dagleg leiar i staden for administrerande direktør. I allmennaksjeselskap skal det framleis vere ei absolutt plikt å ha dagleg leiar. I aksjeselskap vil det etter utvalet sitt syn vere nok å ha dagleg leiar når selskapet har meir enn 30 tilsette, eller det elles ut frå omfanget av verksemda og midla i selskapet er naudsynt å ha dagleg leiar for å sikre ei trygg forvalting av selskapet. LO sitt medlem i utvalet meiner at plikta i tillegg til den skjønnsmessige regelen skal gjelde dersom selskapet har tilsette eller ein aksjekapital på 1 mill. kroner eller meir.

       Etter lovendringa i 1995 kan allmennaksjeselskap berre ha fleire daglege leiarar dersom dette er regulert i vedtektene. Fleirtalet i utvalet meiner at selskapa skal kunne ha fleire daglege leiarar, sjølv om dette ikkje går fram av vedtektene. Eit mindretal meiner det ikkje bør vere høve til å ha fleire daglege leiarar, korkje i aksjeselskap eller allmennaksjeselskap fordi ei slik ordning kan føre til ansvarspulverisering.

       Alle høyringsinstansane sluttar seg til framlegget om at allmennaksjeselskap alltid skal ha dagleg leiar. Fleire instansar stør den skjønnsmessige regelen utvalet gjer framlegg om, og meiner det ikkje er behov for ein regel om at selskapet skal ha dagleg leiar når det er meir enn 30 tilsette i tillegg til denne. Nokre høyringsinstansar som sluttar seg til framlegget om den skjønnsmessige regelen stør LO sitt framlegg. Det er ulike syn på framlegget om at selskapet kan ha fleire daglege leiarar.

       Justisdepartementet stør framlegget om at administrerande direktør skal nemnast dagleg leiar. Det er brei semje om at allmennaksjeselskap skal ha dagleg leiar. Departementet meiner plikta til å ha dagleg leiar bør følgje plikta til å ha styre på minst tre personar, og gjer framlegg om at selskap med aksjekapital på 3 mill. kroner eller meir skal ha dagleg leiar. Departementet følgjer ikkje opp utvalet sitt framlegg om at plikta i tillegg skal knytast til vilkåret om å sikre ei trygg forvalting av selskapet. Når det gjeld retten til å ha fleire daglege leiarar, meiner departementet at allmennaksjeselskap skal kunne tilsetje fleire daglege leiarar, medan aksjeselskap berre skal ha ein dagleg leiar jf. lovutkasta § 2-2.

       Utvalet tek utgangspunkt i at styret har det overordna ansvaret for forvaltinga av selskapet, og meiner at styreansvaret bør markerast ved ei viss utbygging av reglane i gjeldande lov. Utvalet ynskjer ei konkretisering av pliktene til styret som vil medverke til ei betre bevisstgjering når det gjeld styret sin handlemåte. Ansvaret for forvaltinga av selskapet femner om å syte for forsvarleg organisering, utarbeide planer og budsjett for verksemda, fastsetje retningsliner for verksemda, halde seg orientert om selskapet si økonomiske stode, sjå til at rekneskap og forvalting blir skikkeleg kontrollert, og setje i verk undersøkingar som er naudsynte. Utvalet gjer vidare framlegg om at lova skal presisere styret sitt tilsynsansvar når det gjeld selskapet si verksemd og den daglege leiinga av denne. Regelen har verknad både i høve til innhaldet i og omfanget av tilsynsansvaret og aktløysevurderinga når det gjeld styreansvaret. I selskap der dei tilsette har rett til representasjon i styret, skal det fastsetjast ein styreinstruks. Det vert gjort framlegg om visse minstekrav til dagleg leiar si plikt til å underrette og informere styret. Underretning skal gjevast minst kvar månad eller kvar tredje månad i høvesvis allmennaksjeselskap og aksjeselskap. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) var det foreslått ein frist til kvar annan månad.

       Fleire høyringsinstansar er positive til ei presisering av leiinga sitt ansvar. Det er likevel usemje knytta til det nærare innhaldet av presiseringane. Nokre instansar er skeptiske til å innføre ein rett for einskildmedlemer i styret til å krevje informasjon eller at undersøkingar skal setjast i verk, og meiner styret kan bli eit representasjonsforum for særinteresser. Ei anna innvending er at lovutkastet må utformast klårare når det gjeld dei enkelte roller, arbeidsdeling og styringsprinsipp.

       Departementet sluttar seg i hovudsak til utvalet sitt framlegg om å ta inn lovreglar som presiserer styret sitt ansvar og plikter, jf. § 6-12 i lovutkasta. Departementet har ikkje følgt opp framlegg frå enkelte høyringsinstansar om kva for konkrete plikter styret og dagleg leiar skal ha. Det vert vist til at det er snakk om å ta inn i loven ufråvikelege reglar som vil gjelde særs ulike selskap. Departementet er heller ikkje einig i framlegget som er kome i høyringa om at styret skal ha rett til å utvide seg sjølv med eit nytt medlem. Dette bør gjerast ved vedtak i generalforsamlinga.

       Lova føreset i dag at styret skal gjere sine vedtak i møte. I juridisk teori er det usemje om styret likevel har rett til å treffe vedtak ved sirkulasjon av dokument. Utvalet foreslår ei oppmjuking av krava i gjeldande lov om styrehandsaming i møte, men presiserer at styret sin leiar skal sørgje for at styremedlemene så vidt mogleg kan delta i ei samla handsaming av saker som vert handsama utan møte. Eit styremedlem kan og krevje møtehandsaming. Styrefleirtalet kan vedta nærare retningsliner om handsamingsforma. For årsoppgjer er møtehandsaming einaste vedtaksform. I framlegget vert det elles presisert at dagleg leiar har ansvaret for å førebu saker, likevel slik at styreleiaren har eit overordna ansvar.

       Fleire instansar stør framlegget om styrehandsaming utanfor møte. Nokre instansar meiner ordninga bør avgrensast til unntakstilfelle. Andre instansar går imot framlegget med den grunngjevinga at regelen bryt med andre reglar i lova som har som siktemål å sørgje for ein trygg vedtaksprosedyre.

       Departementet meiner det har verdi i seg sjølv at vedtak vert trefte etter ein open dialog der styremedlemene fysisk er til stades. Det er likevel klårt at styret må treffe nokre vedtak der det kan vere byråkratisk å krevje fysisk oppmøte frå samlege. Departementet har fylgt opp framlegget, og meiner det er i samsvar med uttalene som kom under Stortinget si handsaming av Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) .

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør framlegga som gjeld ei presisering av leiinga sitt ansvar.

       Komiteen har merka seg at departementet opnar for styrehandsaming utanfor møte, men vil streke under at hovudregelen skal vere at styret i aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal treffe sine avgjerder i møte. Komiteen ser likevel at det kan vere trong for å fatte vedtak på andre vis enn i møte, men det må sikrast at sakene blir gitt ei skikkeleg handsaming. For mange av dei selskapa som vert omfatta av lovene om aksjeselskap og allmennaksjeselskap vil møtehandsaming i visse høve vere unødig tungvint og formalisert. Komiteen meiner at ein berre bør nytte styrehandsaming utanfor møte i særskilte høve.

       Komiteen vil presisere at kvar einskild styremedlem kan krevje møte. Det kan vere med å sikre at den einskilde styremedlemen sitt sjølvstendige ansvar for at dei vedtaka han eller ho er med på å treffe er forsvarlege og skikkeleg førebudde. Komiteen er einig i at det må vere strenge krav til føring av protokoll slik at ein motverkar forsøk på å få gjennom vedtak utan at heile styret har fått ta del i handsaminga av saka.

       Komiteen stør framlegga om at både allmennaksjeselskap og aksjeselskap alltid skal ha eit styre, og at allmennaksjeselskap skal ha eit styre på minst tre medlemer. Komiteen viser til det omfattande ansvaret styret har, og vil peike på at styret må syte for at alle styremedlemene har god kompetanse på dei områda dette ansvaret gjeld.

       Komiteen har merka seg at det blir gjort framlegg om at styret i aksjeselskap kan vere berre ein person, men at styret skal ha minst 3 medlemer dersom selskapet sin aksjekapital er 3 mill. kroner eller meir. I selskap med fleire enn 30 tilsette, kan desse krevje styrerepresentasjon. Komiteen har òg merka seg at ein kombinasjon av dagleg leiar og leiar i styret framleis skal vere lovleg i selskap som ikkje har plikt til å ha eit styre på tre eller fleire medlemer.

       Komiteen er samd i framlegga om at allmennaksjeselskap må ha dagleg leiar, og at dei òg kan ha fleire daglege leiarar. Komiteen meiner at det i dei aller fleste tilfelle vil vere uaktuelt med fleire daglege leiarar i aksjeselskap, men at det i visse høve også i desse selskapa kan vere aktuelt med meir enn ein dagleg leiar. Komiteen fremmer følgjande forslag til endring i aksjelova § 2-2:

« Aksjelova § 2-2 første ledd nytt nr. 7 skal lyde:

7. om selskapet skal ha flere daglige ledere eller om styret eller bedriftsforsamlingen skal kunne bestemme at selskapet skal ha flere daglige ledere, samt i så fall om flere daglige ledere skal fungere som kollektivt organ;

Nr. 7 og 8 i departementets forslag, blir nye nr. 8 og 9. »

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, ser at fleire høyringsinstansar ynskjer eit anna kriterium enn storleiken på aksjekapitalen for dei tilfella ein ikkje kan ha einestyre. Fleirtalet er samd i at storleiken på aksjekapitalen ikkje er noko ideelt kriterium, men meiner at storleiken på aksjekapitalen oftast vil reflektere storleiken på selskapet, og at dette kan vere eit kriterium det er lett å praktisere. Fleirtalet stør difor departementet sitt framlegg på dette punktet. Fleirtalet meiner likevel at ordlyden i aksjelova § 6-1 første ledd andre punktum kan bli mistydd til at desse selskapa maksimalt kan ha to styremedlemer, og fremmer difor forslag om ei presisering av lovteksten her.

       Fleirtalet fremmer følgjande forslag:

« I lov om aksjeselskap skal § 6-1 første ledd lyde:

       (1) Selskapet skal ha et styre med minst tre medlemmer. I selskaper med aksjekapital på mindre enn tre millioner kroner kan styret likevel ha færre enn tre medlemmer. »

       Når det gjeld aksjeselskapa, meiner fleirtalet at desse òg skal ha dagleg leiar, men at dette kan vere styret sin leiar i selskap som kan ha einestyre. Fleirtalet har endra § 6-2 i samsvar med dette.

       Fleirtalet fremmer følgjande forslag:

« I lov om aksjeselskap skal § 6-2 første ledd nytt tredje punktum lyde:

       Har selskapet ikke daglig leder, står styrelederen for den daglige ledelse. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at selskapet i prinsippet må stå fritt i valget av antall styremedlemmer, selv om hovedregelen bør være minst tre styremedlemmer. Man bør imidlertid ha frihet til å vedtektsfeste bare ett eller to styremedlemmer dersom selskapet har mindre enn 30 ansatte.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

« Aksjeloven § 6-1 første ledd skal lyde:

       (1) Selskapet skal ha et styre med minst tre medlemmer. I selskaper med færre enn 30 ansatte kan det likevel fastsettes i vedtektene at styret skal ha færre enn tre medlemmer. »

       Likeledes finner disse medlemmer det unaturlig å knytte kravet om hvorvidt et aksjeselskap må ha en daglig leder til aksjekapitalens størrelse. Disse medlemmer vil derfor fremme forslag til endring av aksjeloven § 6-2 i samsvar med dette.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

« Aksjeloven § 6-2 første ledd skal lyde:

       (1) Selskapet skal ha en daglig leder, med mindre styret bestemmer noe annet. »

6.5 Representantskapet

       Selskap som ikkje har bedriftsforsamling, kan i vedtektene fastsetje at dei skal ha eit representantskap som skal ha minst tre medlemer. Desse vert valde av generalforsamlinga. Dersom ikkje anna er fastsett, er det representantskapet som vel styret. Det skal òg m.a. føre tilsyn med styret og dagleg leiar, og å gje uttale til generalforsamlinga om framlegget til rekneskap og balanse. I praksis har representantskapet ofte andre oppgåver, t.d. kundekontakt. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) vart det gjort framlegg om å utelate representantskap, noko som fekk brei støtte under høyringa til denne proposisjonen. Også eit fleirtal i Aksjelovutvalget foreslår at ordninga vert avvikla. Ein vil dermed oppnå ei materiell og redaksjonell forenkling av lova. Eit mindretal meiner at reglane bør vidareførast.

       Det er få høyringsinstansar som har uttala seg om framlegget i denne høyringsrunden, men departementet viser til høyringa til Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Nokre instansar går imot framlegget og viser m.a. til at ordninga er i bruk og har ein reell funksjon. Departementet tar til etterretning at nokre høyringsinstansar meiner det framleis er eit visst behov for representantskapet. Omsynet til forenklingar gjer likevel at departementet har slutta seg til utvalet sitt framlegg. Departementet viser til at det ikkje med dette er noko forbod mot at selskapet har eit organ med dei funksjonar som representantskapet vanlegvis har i dag.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har ikkje innvendingar mot at departementet ynskjer å avvikle ordninga med representantskap.

6.6 Særleg om dei tilsette sine rettar

       Rettsstillinga til dei tilsette i eit aksjeselskap vert i stor grad regulert av reglar utanfor aksjelova, som arbeidsmiljølova og arbeidsavtalen. Reglane i aksjelova om bedriftsdemokrati er ikkje tema for denne proposisjonen, og utvalet har gått inn for at reglane i store trekk vert ført vidare. LO sitt medlem i utvalet har teke opp nokre framlegg i tilknyting til bedriftsdemokratiordninga. Eit oversyn over desse er attgjeve i proposisjonen, og dei framlegga som ikkje er handsama andre stader i proposisjonen er kommentert her. Fleire høyringsinstansar meiner at framlegga vil ha som konsekvens at dei mindre selskapa vert påførte auka byrder. Det er delte meiningar om eit framlegg om å endre reglane om val av varamedlemer og observatørar til bedriftsforsamlinga og om valrett til bedriftsforsamlinga på konsernbasis. Eit framlegg om å gje dei tilsette rett til informasjon ved eigaroverdraging m.v. får òg ei blanda mottaking. Fleire meiner at desse framlegga bør utgreiast nærare.

       Justisdepartementet viser til at spørsmål knytta til bedriftsdemokratiordninga ikkje var eit tema for Aksjelovutvalget. På denne bakgrunn og på grunn av tida som har vore til rådvelde har departementet ikkje funne det mogleg med nokon gjennomgang av desse reglane. Nokre av framlegga bør vurderast i ein breiare samanhang.

       I eit eige næringspolitisk notat har LO gjort framlegg om likehandsaming av tilsette ved gunstige aksje- og opsjonstildelingar. Spørsmålet vart sendt på høyring saman med Aksjelovutvalget si utgreiing. Fleire høyringsinstansar går imot framlegget. Dei argumenta som går igjen er at framlegget fell utanfor området for kva som bør regulerast i aksjelova, at lovgjevaren ikkje bør avgrense selskapa sitt tilpassingsbehov i tilsetjingshøve, og at det etter dei endringane som er gjorde innanfor skatte- og rekneskapslovgjevinga, ikkje er behov for framlegget.

       Justisdepartementet er skeptisk til ein del av dei aksjeopsjonsordningane som er etablerte, men viser til at desse både reelt og formelt er av svært ulik art. Høyringsinstansane er sterkt usamde i realiteten i framlegget, og departementet meiner framlegget reiser kompliserte spørsmål knytt til lønsfastsetjing. Problemstillinga bør difor vurderast i ein annan og breiare samanheng. Det vert vidare vist til at endringane i skattelova og rekneskapslova som vart vedtekne i 1996, bør følgjast for å sjå kva for konsekvensar dei får for ulike opsjonsordningar før ein går til meir drastiske skritt.

       I Dok.nr.8:18 (1995-1996) har stortingsrepresentant Erling Folkvord gjort framlegg om at eit børsnotert selskap ikkje skal ha rett til å skrive ut aksjar eller opsjonar til medlemer av bedriftsforsamling, representantskap, styre eller administrerande direktør eller andre av selskapet sine tilsette til lågare pris enn børsverdien. Framlegget vart oversendt Regjeringa til uttale og utgreiing. Eit problem ved framlegget er at alle ordningane vart skorne over ein kam, og at det ikkje fangar opp m.a. tilfelle der aksjane eller opsjonane vert lagde til ei eiga stifting e.l. På denne bakgrunnen har departementet ikkje fylgt opp framlegget, men vil arbeide vidare med spørsmål om moglege avgrensingar i børsnoterte selskap sin rett til å skrive ut aksjar eller opsjonar til ein lågare pris enn børsverdien.

Merknader frå komiteen

       Komiteen vil streke under at alle styremedlemer skal ha like rettar uansett om dei er valde som dei tilsette sine representantar eller på annan måte. Dette inneber t.d. at dersom selskapet teiknar ansvarsforsikring for styremedlemer, må det også gjelde dei tilsette sine representantar.

       Med bakgrunn i den sterke presiseringa av styreansvar i lovene er det viktig at også dei tilsette sine representantar får relevant opplæring finansiert av selskapet, samt at saksdokument vert framsett i høveleg tid og i ei slik form at styremedlemene har høve til å sette seg inn i sakene på ein skikkeleg måte. Kor lang varslingstid som er naudsynt er avhengig av kompleksiteten i sakene.

       Komiteen går inn for at dei tilsette på same måte som aksjeeigarar, styremedlem og dagleg leiar skal ha rett til å reise søksmål med påstand om at eit vedtak fatta av generalforsamlinga er ugyldig. Komiteen fremmer følgjande framlegg til nytt andre punktum i begge lovutkasta § 5-22:

       « Slikt søksmål kan også reises av et flertall av de ansatte eller alternativt fagforeninger som omfatter to tredeler av de ansatte. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at ordningen med bedriftsforsamling har mistet mye av sin praktiske betydning. Ansattes medbestemmelsesrett ivaretas bedre ved andre ordninger. Disse medlemmer vil derfor gå imot et lovfestet krav om bedriftsforsamling, men vil åpne muligheten for å avtale dette. Disse medlemmer vil derfor fremme forslag om å endre § 6-35 i begge lover i samsvar med dette.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

« Aksjeloven § 6-35 skal lyde:

§ 6-35. Bedriftsforsamling

       Det kan avtales mellom selskapet og et flertall av de ansatte eller fagforeninger som omfatter to tredjedeler av de ansatte, at selskapet skal ha bedriftsforsamling, jf. § 6-4 tredje ledd. Bedriftsforsamlingen skal ha 12 medlemmer eller et høyere antall, delelig med tre, som fastsettes av generalforsamlingen. Kongen kan gi nærmere regler om inngåelse av en slik avtale og avtalens innhold. Bestemmelsene om slik avtale i lov om allmennaksjeselskaper gjelder tilsvarende hvis ikke vedtektene fastsetter noe annet.

Allmennaksjeloven § 6-35 skal lyde:

§ 6-35. Bedriftsforsamling. Valg av medlemmer til bedriftsforsamlingen

       Det kan avtales mellom selskapet og et flertall av de ansatte eller fagforeninger som omfatter to tredeler av de ansatte, at selskapet skal ha bedriftsforsamling, jf. § 6-4 tredje ledd. Bedriftsforsamlingen skal ha 12 medlemmer eller et høyere antall, delelig med tre, som fastsettes av generalforsamlingen. Kongen kan gi nærmere regler om inngåelse av en slik avtale og avtalens innhold.

       To tredeler av bedriftsforsamlingens medlemmer med varamedlemmer velges av generalforsamlingen. I vedtektene kan valgretten overføres til andre, også til de ansatte i selskapet eller i et konsern eller en gruppe som selskapet tilhører. Valgrett etter annet punktum kan ikke overføres til bedriftsforsamlingen selv eller styret, eller til medlemmer av disse organene. Mer enn halvdelen av bedriftsforsamlingens medlemmer skal velges av generalforsamlingen.

       En tredel av bedriftsforsamlingens medlemmer med varamedlemmer velges av og blant de ansatte. Et flertall av de ansatte eller fagforeninger som omfatter to tredeler av de ansatte, kan beslutte at det i tillegg skal velges observatører og varamedlemmer. Antallet observatører kan utgjøre inntil en halvdel av de ansattes medlemmer.

       Tilhører et selskap et konsern eller en annen gruppe foretak som er knyttet sammen gjennom eierinteresser eller felles ledelse, kan Kongen etter søknad fra konsernet (gruppen) eller fra fagforeninger som omfatter to tredeler av de ansatte i konsernet (gruppen), eller fra et flertall av de ansatte i konsernet (gruppen) bestemme at de ansatte i konsernet (gruppen) ved anvendelse av første ledd skal regnes som ansatt i selskapet, og at valg etter tredje ledd skal foretas av og blant de ansatte i konsernet (gruppen).

       Kongen kan gi utfyllende forskrifter til første, tredje og fjerde ledd, herunder om vilkår for stemmerett og valgbarhet, valgmåten, om avgjørelse av tvister om valget og om bortfall av verv som medlem av bedriftsforsamlingen. Kongen kan dessuten gi forskrifter om beregning av antallet ansatte og om bruk av gjennomsnittstall. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det er viktig å lovfeste at ansattes representanter i styret skal være dekket av en ansvarsforsikring betalt av selskapet. En slik forsikring må også dekke ansattes eventuelle representasjon i et avviklingsstyre. Dette blir også spesielt fremhevet av LOs juridiske avdeling. Med henvisning til den innskjerping av styreansvar som nå foreligger, er det nødvendig at ansattes representanter sikres ved en obligatorisk styreansvarsforsikring betalt av selskapet.

       På den bakgrunn fremmes følgende forslag i begge lover:

« Ny § 6-6 skal lyde:

§ 6-6. Ansvarsforsikring for ansattes styrerepresentanter.

       Ansattes styrerepresentanter skal ha tilstrekkelig ansvarsforsikring betalt av selskapet.

§§ 6-6 til 6-35 i aksjeloven blir nye §§ 6-7 til 6-36.

§§ 6-6 til 6-40 i allmennaksjeloven blir nye §§ 6-7 til 6-41. »

       Dette medlem mener at grensen for ansattes rett til plass i styret ut fra antall ansatte på 30 er for høyt. Ansattes mulighet til medbestemmelse er vel så viktig på denne type arbeidsplasser og tallet på ansatte bør i stedet være regulert lavere. Noe av det viktige som er påpekt tidligere i innstillingen er å sikre selskapets ansatte best mulig innflytelse. I forslag til ny aksjelovgivning foreslår departementet å avvikle ordningen med representantskap, uten at det gis noen form for nytt organ til å ivareta de interessene representantskapet til nå har gjort.

       Dette medlem mener også at det ikke tilstrekkelig er sett på ansattes representasjonsmuligheter i forhold til den nye loven, og vil be Regjeringen om å nedsette et utvalg som kan se på de ulike representasjonsordningene.

       Det fremmes følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen nedsette et utvalg for å vurdere forslag til styrking av de ansattes representasjon i styrende organer i mindre aksjeselskaper. »

       Dette medlem viser videre til Innst.O.nr.53 (1995-1996) om opsjoner, og vil opprettholde forslag om forbud mot aksjeopsjoner, aksjer til underkurs og beslektede ordninger.

       Det fremmes følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot at aksjeopsjoner, aksjer til underkurs eller beslektede ordninger kan være en del av lønnsavtale, ansettelsesvilkår eller styrehonorar. »