1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til lovregulering av overgangsreglar om at tilsette i NSB og Luftfartsverket som går over i respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS, mellombels skal behalde førerett til ny statsstilling og ventelønsrettar.

       Følgjande dokument er lagde til grunn for overgang frå NSB til:

- NSB Reisebyrå AS: St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9 (1995-1996),
- NSB Biltrafikk AS: St.prp. nr. 2 (1996-1997),
- Malmtrafikk AS: St.prp. nr. 65 (1995-1996), og frå
- Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS: St.prp. nr. 64 (1995-1996).

       Tilsvarande overgangsordning er gitt ved liknande omdanningar tidlegare, sist ved overføringa av Postens datasentral til Statens Datasentral AS, jf. Ot.prp. nr. 70 (1994-1995) , jf. Innst.O.nr.2 (1995-1996).

       Overgangsordninga inneber at ovannemnde tilsette frå NSB og Luftfartsverket for ein periode på tre år frå overgangstidspunktet vert omfatta av tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 mot førerett til statlege stillingar og ventelønsrettar. Overgangsordninga må lovregulerast. Loven vil ikkje innskrenke dei rettar som dei tilsette har etter arbeidsmiljølova § 60 nr. 2 og § 67.

       Det er ein føresetnad at eventuelle ventelønsutgifter skal berast av staten og ikkje av det einskilde selskapet.

       Dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovforslaget vil avhenge av om og i kva omfang rettane vert utløyste.