5. Endringar i reglane om skattlegging av kraftselskap

5.1 Endring av skattelova § 19 A-1 - høve til å trekkje frå renter av gjeld ved likninga som forvaltningsbedrift har teke opp hos eigarkommunen

Samandrag

       I samband med innføringa av dei nye reglane om skattlegging av kraftselskap vart det teke inn ein regel i skattelova § 19 A-1 nr. 2 om avgrensa høve til å trekkje frå renter av skattytaren si gjeld ved likninga for kraftselskap som er i offentleg eige.

       Etter at regelen vart vedteke har det vorte reist spørsmål om kraftselskap som er organisert som forvaltningsbedrift kan trekkje frå renter på lån som er teke opp hos eigarkommunen. Etter gjeldande reglar vil eit lån som ei kommunalt eigd forvaltningsbedrift har teke opp hos eigarkommunen vere ei ompostering av kommuneformuen og ikkje eit lån i kommunalrettleg forstand, og renter av gjelda vil såleis ikkje kunne trekkjast frå med skattemessig verknad.

       Dersom renter av gjeld frå kommune til kommunalt energiverk organisert som forvaltningsbedrift skal kunne trekkjast frå ved likninga av kommunen, som i dette tilfelle vil vere skattesubjektet, vil det krevje lovendring.

       Eit energiverk organisert som forvaltningsbedrift må frå og med inntektsåret 1997 tilordnast gjelda som skal gi grunnlag for rentefrådraget ved likninga. For at gjeld som er påhefta energiverket skal kunne tilordnast energiverket med skattemessig verknad, må eigaren kunne leggja fram dokumentasjon for at dette er gjeld som er påhefta energiverket.

       Dette vil vere gjeld der det eksisterer eit tilsvarande låneforhold for kommunen med kreditor som er eige skattesubjekt (kommunalrettsleg lån). Desse låna takast opp ved vedtak fatta av kommunestyret, jf. kommunestyreloven § 50. Innhaldet av vedtaket vil framgå av møteboka, jf. kommunestyreloven § 30 nr. 3. Av lånevedtaket skal det framgå at kommunen som eigar tok opp lånet for å investere i kraftforsyning. Dei kommunalrettslege reglane gir såleis god nok notoritet til at lånet vil kunne påheftast energiverket.

       Med den endringa som nå tilrås vil også eit internt lån frå eigarkommunen til energiverk organisert som forvaltningsbedrift kunne tilordnast gjelda som skal gi grunnlag for rentefrådraget ved likninga. For desse låneforholda stiller kommunelova i dag ingen dokumentasjonskrav. For at låneforholdet skal vere tilstrekkeleg kontrollerbart for at det kan tilordnast energiverket med skattemessig verknad, må det oppstillast eit særskilt formkrav, som også vil vere eit vilkår, for skattemessig frådrag.

       Etter departementet si vurdering vil eit vedtak i kommunestyret om opptak av slik gjeld vere tilstrekkeleg kontrollerbart til at låneforholdet kan gis skattemessig verknad. Departementet vil peike på at vedtak fatta av kommunestyret om opptak av lån mellom eigarkommune og energiverk organisert som forvaltningsbedrift, ikkje vil gi det status som kommunalrettleg lån, men at det utelukkande vil vere eit lån i skatterettleg forstand.

       Departementet gjer på denne bakgrunnen framlegg om at skattelova § 19 A-1 skal gjelde også for såkalla interne lån, dvs. lån som er teke opp hos eigarkommunen av eit kommunalt energiverk organisert som forvaltningsbedrift, bruttolikna sameige eller bruttolikna selskap. Endringa kan gjennomførast ved at ein tek inn ein bestemmelse om at selskapsskattelova § 6-9 skal gjelde tilsvarande for tilhøvet mellom kommunalt eigd energiverk og eigarkommunen.

       Departementet gjer framlegg om at endringa blir gjennomført med verknad frå og med inntektsåret 1997.

       Ein viser til utkast til ny nr. 3 i skattelova § 19 A-1.

Komiteens merknader

       Komiteen er enig i Regjeringens drøfting av de vurderinger som lå til grunn for finanskomiteens Innst.O.nr.39 (1996-1997) vedrørende forvaltningsbedrifters gjeld til eierkommunen(e) og retten til rentefradrag.

       Komiteen har merket seg at Regjeringen nå mener at Stortingets intensjoner i Innst.O.nr.39 (1996-1997) gjør det nødvendig med en lovendring. Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 19 A-1 ny nr. 3.

5.2 Endring av selskapsskattelova § 1-4 nr. 1 andre punktum

Samandrag

       Etter reglane om konsernbidrag i selskapsskattelova § 1-3 kan eit selskap i konsern overføre skattemessig overskott til eit anna selskap i same konsern. Ordninga med konsernbidrag skal gi ei utjamning av konsernselskapa sine likningsmessige over- og underskott. Dette oppnår ein ved at givaren som utgangspunkt kan trekkje frå konsernbidraget ved likninga, jf. selskapsskattelova § 1-3, og at konsernbidraget tilsvarande er skattepliktig for mottakaren, jf. selskapsskattelova § 1-4. I desse reglane er det gjort visse modifikasjonar.

       Selskapsskattelova § 1-3 fekk ved lov av 28. juni 1996 nr. 42 eit nytt nr. 4 som avskjer frådrag for konsernbidrag som overstig likningsmessig underskott i mottakarselskapet for kraftselskap som er eigd av kommune. Lovføresegna supplerer regelen i § 1-3 nr. 2, og skal altså fange opp dei tilfella der selskapa har same hovudkontorkommune, men elles er skattepliktige til ulike kommunar i ulik grad, og der eigarkommunen har ei interesse i å påverke fordelinga av skattegrunnlaga mellom dei aktuelle kommunane ved bruk av konsernbidrag. Bakgrunnen for regelen er nærare omtalt i Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) på s 73.

       I forarbeida til § 1-3 nr. 4 har ein ikkje drøfta om det skal vere skatteplikt for konsernbidrag som lovføresegna avskjer frådragsrett for. Departementet meiner at det ikkje bør vere skatteplikt for konsernbidrag som selskapsskattelova § 1-3 nr. 4 avskjer frådragsrett for.

       På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at regelen i selskapsskattelova § 1-4 nr. 1 vert utvida til å gjelde også konsernbidrag som givaren ikkje får frådrag for etter § 1-3 nr. 4.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av selskapsskatteloven § 1-4 nr. 1.

5.3 Oppretting av skattelova § 19 A-4 nr. 4

Samandrag

       I skattelova § 19 A-4 nr. 4 andre punktum er det vist til skattelova § 19 A-4 nr. 3 andre punktum. Skattelova § 19 A-4 nr. 4 regulerer høvet til framføring av underskott ved utrekning av skatten på grunnrente (negativ grunnrenteinntekt). Etter lovføresegna sitt andre punktum kan underskottet framførast med rente som nemnd i § 19 A-4 nr. 3 andre punktum. Skattelova § 19 A-4 nr. 3 regulerer kva for kostnader som kan trekkjast frå i brutto salsinntekter ved fastsetjing av grunnrenteinntekt, og at det kan bli gitt frådrag for ei friinntekt. Lovføresegna sitt andre punktum inneheld ingen regulering av rente. Det gjer derimot lovføresegna sitt andre ledd, som gir tilvising på at ein skal bruke ei normrente ved berekninga av friinnntekt i skatten på grunnrente. Det er utvilsamt denne lovføresegna ein har sikta til når ein vedtok skattelova § 19 A-4 nr. 4, jf. omtala i Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 123-125 og Innst.O.nr.62 (1995-1996) s. 54-56.

       Departementet gjer såleis framlegg om at dette blir retta i lovteksten slik at skattelova § 19 A-4 nr. 4 viser til andre ledd.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til oppretting av skatteloven § 19 A-4 nr. 4.