3. Sjømannsfrådrag for arbeid i offshoreverksemd

Sammendrag

Departementet meiner at overvegande grunnar taler for å oppheve retten til sjømannsfrådrag for arbeidstakarar på flytande installasjonar, slik at sjømannsfrådraget berre blir gitt i meir tradisjonell skipsfart. Departementet sende framlegg om nye avgrensingsreglar ut til høyring 12. januar 1998 med høyringsfrist 24. mars 1998.

For at ein ikkje skal skape nye avgrensingsproblem er det viktig, slik mange av høyringsinstansane har framheva, å ha klare avgrensingskriterium for kva slag fartøy som etter endringa ikkje skal vere omfatta av sjømannsfrådraget.

Departementet meiner at avgrensinga må skje ved at ein i forskrift gir ei ny avgrensing av kva slag fartøy som skal reknast å vere «skip i fart».

Departementet har på grunnlag av framlegget til Norges Rederiforbund, Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund, De Samarbeidende organisasjonar, Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund vurdert ei avgrensing tilsvarande avgrensinga av virkeområdet til arbeidsmiljølova i petroleumssektoren, slik at verksemd som fell innanfor arbeidsmiljølova, ikkje kvalifiserer til sjømannsfrådrag.

Departementet vil leggje opp til at ovannemnde avgrensing i stor grad kan leggjast til grunn for avgrensinga av sjømannsfrådraget i offshoresektoren.

Arbeidsmiljølova gjeld innan eit avgrensa geografisk område. Etter departementet sitt syn bør ein ikkje leggje opp til nokon geografisk avgrensing i forhold til sjømannsfrådraget.

Departementet vil på denne bakgrunnen endre sjømannsforskrifta slik at det blir fastsett ei grense mot skip og innretningar i petroleumsverksemd som ikkje skal kvalifisere til sjømannsfrådrag i tråd med det nogjeldande virkeområdet til forskrift om arbeidsvern og arbeidsmiljø i petroleumsverksemd. Den geografiske avgrensinga i den nemnde forskrifta vil likevel ikkje bli gjort gjeldande for sjømannsfrådraget.

Den endringa i forskrifta som blir naudsynt som følgje av lovendringa, meiner departementet at ein har heimel til i forskriftsheimelen i § 44 syttande ledd nr. 1.

Departementet syner til vedlagde forslag til endring i skattelova § 44 syttande ledd nr. 1.

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft med verknad frå og med inntektsåret 1999. Etter departementet sitt syn vil dette gi partane tilstrekkeleg tid til å innrette seg når det gjeld lønskompensasjon og liknande.

Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 44 syttende ledd nr. 1.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet finner at det er såvidt store likheter mellom arbeidstagere ombord på skip og flytende installasjoner at det vil være rimelig at også arbeidstagere på flytende installasjoner oppebærer sjømannsfradrag.

Disse medlemmer finner imidlertid også at det er såvidt store ulikheter mellom arbeidstagere på faste installasjoner og arbeidstagere i ordinær landbasert virksomhet at det vil være naturlig at det vurderes å innlemme arbeidstagere på faste installasjoner i sjømannsfradragsordningen. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«I lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) gjøres følgende endring:

I.

§ 44 syttende ledd nr. 1 skal lyde:

Med sjømann skal forstås person som har som hovedbeskjeftigelse arbeid ombord på skip i fart eller flytende installasjon og arbeidet utgjør tilsammen minst 130 dager i samme inntektsår. Det kan ikke kreves fradrag for arbeid ombord på ferger eller passasjerfartøy i rutetrafikk mellom norske havner når rutens distanse mellom første og siste anløpssted er under 300 nautiske mil.

II.

Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 1999.»