1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen foreslår departementet å endre vallova slik at Posten får høve til å ta imot førehandsrøyster på andre stader enn på postkontor, landpostruter og institusjonar og ved ambulerande røystemottak. Forslaget er ei oppfølging av St.meld. nr. 37 (1999-2000) Om omlegging av Postens ekspedisjonsnett og drøftinga i Stortinget av denne omlegginga, jf. Innst. S. nr. 248 (1999-2000). Forslaget skal særleg sikre at veljarar i kommunar utan postkontor får høve til å førehandsrøyste i eigen kommune.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Posten Norge BA tok ved stortingsvalet og sametingsvalet i 1997 over ansvaret for å gjennomføre førehandsrøysting innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen. Alt på dette tidspunktet var det klart at Posten stod framfor omfattande omstruktureringar av ekspedisjonsnettet i perioden 1996-1999. Posten gjennomfører no ei ytterlegare omlegging av ekspedi­sjonsnettet. Iverksetjinga av den nye ekspedisjonsstrukturen startar i første halvdel av 2001 og skal vere fullført etter om lag eitt år. Godt og vel halvparten av kommunane i landet vil vere utan postkontor drivne av Posten sjølv etter at omstruktureringa er gjennomført. I desse kommunane vil det i staden bli etablert Post i Butikk og/eller offentlege servicekontor supplerte av landpostteneste.

Kommunal- og regionaldepartementet meiner det er viktig å sikre at det finst minst éin stad i alle kommunar i landet der dei veljarane som ønskjer det, kan gå for å førehandsrøyste ved stortingsvalet og sametingsvalet i 2001. Utan lovendring vil dette berre vere tilfellet i kommunar med ordinært postkontor (Posthandel).

1.3 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 33 at postrøysting kan gå føre seg på postkontor, på landpostruter eller på institusjonar der Posten har vedteke å ta imot førehandsrøyster. Alle veljarar har høve til å førehandsrøyste på postkontor. Landpostbod tek først og fremst imot røyster frå dei veljarane som bur langs ruta. Institusjonsrøysting tek sikte på dei av veljarane som har tilknyting til institusjonen, til dømes ved at dei er innlagde eller bur på institusjonen. Røysteføre som ikkje har høve til å gi førehandsrøyst til landpostbod, kan dessutan gi røyst til ein røystmottakar der dei oppheld seg, dersom dei er sjuke eller uføre og av den grunn ikkje vil vere i stand til å møte fram i eit vallokale på valdagen, jf. vallova § 36.

I samband med innføringa av postrøystinga vart det vurdert å opne for førehandsrøysting på såkalla postfilialar, det vil seie butikkar, bensinstasjonar o.l. som utfører enkelte posttenester. Etter ei samla vurdering, der det blant anna vart lagt vekt på 1) at dei ordinære postkontora til så lenge ville kunne tilby eit godt utbygd nett av førehandsrøystestader, 2) at ein ville hauste erfaring med korleis førehandsrøystinga fungerte på postkontor og 3) at røysting på butikkar, bensinstasjonar og liknande vart rekna som mindre høgtidleg enn røysting på postkontor, kom departementet til at det førebels ikkje var aktuelt å opne for røysting på postfilialar. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget slutta seg i Innst. O. nr. 32 (1996-1997) til synet i departementet om ikkje å opne for postrøysting på postfilialar på dette tidspunktet.

1.4 Vurdering og forslag frå departementet i høyringsnotatet

Formålet med reforma i 1997 var å gjere det enklare for veljarane å førehandsrøyste ved at det vart høve til å røyste på fleire stader med til dels utvida opningstid. Samtidig håpa ein at innføring av postrøysting ville ha ein positiv effekt på valdeltakinga. Det var om lag dobbelt så mange som førehandsrøysta ved stortingsvalet i 1997 som ved stortingsvalet i 1993. Det same var tilfellet ved kommunstyre- og fylkestingsvalet i 1999 samanlikna med valet i 1995.

Utvalet som har vurdert vallova og valordninga, la fram innstilling til ny vallov 30. januar 2001. Utvalet drøftar mellom anna erfaringane med postrøystinga. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget bad dessutan i Innst. O. nr. 61 (1998-1999) departementet ta initiativ til at utvalet greier ut spørsmålet om førehandsrøysting ved postfilialar.

I høyringsnotatet understreka departementet at det er viktig å sikre gode høve til å førehandsrøyste i alle kommunane i landet. Dersom det ikkje blir høve til å røyste andre stader i kommunar der postkontoret blir lagt ned, vil det kunne føre til at ein del veljarar som ønskjer å førehandsrøyste, lot vere å førehandsrøyste fordi tilkomsten blir for dårleg. Departementet meinte derfor at ei lovendring ikkje burde vente til det ligg føre ny vallov.

Etter gjeldande rett er det Posten som har ansvaret for å gjennomføre førehandsrøystinga, og det er tilsette i Posten som fungerer som røystmottakarar. Eventuelle endringar bør vurderast av Vallovutvalet og drøftast i samanheng med framlegging av forslag til ny vallov.

Posten har tilbode å gjere poststadene Post i Butikk tilgjengelege for førehandsrøysting, slik at vanleg førehandsrøysting skal kunne gjennomførast på minst éin fast stad i kvar kommune. Ved inngåing av avtalar med butikkjeder og andre samarbeidspartnarar vil Posten sikre seg plass for røysting på dei aktuelle stadene. Av konsesjonsvilkåra til Posten følgjer det at det skal vere minst eitt postkontor eller kontraktspostkontor (Post i Butikk/offentleg servicekontor) i kvar kommune, og dermed vil ei lovendring som opnar for røystmottak også ved kontraktspostkontor, innebere at det blir mogleg å halde allmenn førehandsrøysting i alle kommunar i landet.

Departementet gjekk ut frå at ved å opne for førehandsrøysting ved kontraktspostkontor, vil røystestadene bli lett tilgjengelege. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det i nokre kommunar kan vere meir formålstenleg å leggje førehandsrøystinga til ein annan stad. Departementet meinte derfor at lova bør opne for mottak av førehandsrøyster også andre stader, som til dømes kommunehuset.

Stader der det blir vedteke å ta imot førehandsrøyster, vil Posten bemanne med autoriserte røystmottakarar. Erfaringane frå vala i 1997 og 1999 viser at forholdsvis få veljarar røystar i førstninga av førehandsrøysteperioden. Dei fleste vel å førehandsrøyste dei to siste vekene før valdagen. Dette tilseier at det ikkje er behov for å kunne førehandsrøyste kvar dag i førstninga av perioden. På andre stader enn på postkontor der Posten vedtek å ta imot førehandsrøyster, vil dei tilsette i Posten i utgangspunktet berre vere til stades for å ta imot førehandsrøyster. Det vil derfor bli urimeleg dyrt å halde førehandsrøysting på desse stadene dersom det skal vere høve til å førehandsrøyste alle dagane i perioden. Dei tre siste vekene før valdagen bør det vere mogleg å førehandsrøyste kvar dag. Eit slikt opplegg vil ikkje vike særleg av frå det som har vore tilfellet ved tidlegare val, der nokre mindre postkontor berre har hatt ope enkelte dagar i veka og med til dels svært korte opningstider.

1.5 Høyringsinstansane

Nærmast alle høyringsinstansane sluttar seg anten til lovforslaget eller dei har ikkje merknader til forslaget.

Vallovutvalet ønskjer ikkje førehandsrøysting på Post i Butikk. Vallovutvalet, som avgjorde at det ville gi merknad til høyringa sjølv om det ikkje var ferdig med arbeidet sitt, seier:

«Den fysiske rammen rundt selve forhåndsstemmegivningen må også være slik at den enkelte velger føler seg bekvem og trygg på at grunnleggende sikkerhetsregler blir ivaretatt. Å avgi stemme ved frie valg er vår viktigste demokratiske rettighet og rammen rundt valget må være preget av at dette er en spesiell handling. Utvalget vil allerede nå signalisere at en ikke kan se for seg en ordning der forhåndsstemmegivning skjer på bensinstasjoner, i supermarkeder og butikker. Dette må etter utvalgets mening innebære at en også ved valget i 2001 finner andre løsninger for avgivelse av forhåndsstemmer i de deler av landet der ordinære postkontorer er eller blir nedlagt. Det vil være naturlig at en her for eksempel finner ordninger sammen med kommunene slik at tilgjengeligheten til forhåndsstemmegivningen blir opprettholdt.»

1.6 Vurdering og forslag frå departementet

Departementet vil foreslå at vallova § 33 andre ledd første punktum blir endra, slik at det blir mogleg for Posten å arrangere førehandsrøysting i høvelege kommunale lokale. Departementet har komme til at ein ikkje bør opne for førehandsrøysting på Post i Butikk.

Departementet vil understreke at dei same krava til tryggleik m.m. vil gjelde ved førehandsrøysting andre stader enn på postkontor som på postkontor. Dette skal ein sikre mellom anna ved opplæring av røystmottakarane, gjennom retningslinjer for røystinga, som m.a. krev at det blir sett opp røysteavlukke på den enkelte røystestaden, ved at ein nyttar valurner, og ved rutiner for oppbevaring og framsending av dei gitte røystene. Departementet vil leggje stor vekt på desse forholda i sitt samarbeid med Posten om korleis førehandsrøystinga skal skje.

Det vil vere lettare å skape ei høgtidleg og verdig ramme rundt førehandsrøystinga dersom ho går føre seg i kommunale lokale enn om ho går føre seg i butikkar eller på bensinstasjonar. Departementet har derfor komme til at ein ikkje bør opne for førehandsrøysting på Post i Butikk, men berre i kommunale lokale. I kommunar utan ordinært postkontor må Posten ta kontakt med kommunen for å komme til ei avtale om at kommunen stiller eit høveleg lokale til disposisjon for Posten ved førehandsrøystinga. Departementet vil følgje opp dette i sitt samverke på Posten, mellom anna i avtala om førehandsrøystinga.

Dersom geografiske omsyn gjer at det er eit spesielt stort behov for å kunne røyste meir enn éin stad i nokre kommunar, vil departementet vurdere dette saman med Posten. Departementet finn det ikkje riktig å lovfeste at det er kommunane som skal avgjere kvar ein skal kunne førehandsrøyste. Dette vil gripe inn i Posten sitt ansvar for førehandsrøystinga.

Når det gjeld spørsmålet om avgrensa opningstid for andre røystelokale enn ordinære postkontor, har det ikkje komme fram særlege innvendingar mot dette i høyringa. Departementet vil derfor leggje opp til nokre innskrenkingar i høvet til å førehandsrøyste i starten av perioden, for så å utvide høvet til å røyste etter kvart som valdagen nærmar seg. I dei tre siste vekene før valdagen skal det vere mogleg å røyste kvar dag.

1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa som blir foreslått, kan føre med seg noko auka statlege utgifter i samband med gjennomføringa av førehandsrøystinga. For det meste vil dette dreie seg om dekning av lønn og transportutgifter til røystmottakarane. Reduserte utgifter som ei følgje av færre ordinære postkontor vil likevel truleg vege opp for ein del av dei utgiftene endringa fører med seg. Dette fordi det mest truleg vil bli nokre færre personar som må gjennomgå opplæring, samtidig som ein reduksjon i talet på ordinære postkontor vil redusere dei administrative utgiftene.

Det er til så lenge vanskeleg å seie noko sikkert om lovendringa vil auke eller redusere dei totale statlege utgiftene. Dette heng mellom anna saman med om ein får til å gjere papirmanntalet tilgjengeleg på dei stadene der det blir vedteke å ta imot førehandsrøyster, og kor raskt Posten greier å leggje om ekspedisjonsnettet sitt. Ein eventuell auke i utgiftene som følgje av lovendringa vil bli dekt innanfor gjeldande budsjettrammer.

Administrativt vil lovendringa innebere noko meir arbeid, særleg for Posten i samband med administrasjon av røysting på andre stader enn på ordinære postkontor. På den andre sida vil det bli færre ordinære postkontor å administrere. Dette inneber at lovendringa totalt sett truleg ikkje vil føre til meir administrativt arbeid for Posten.

Administrativt vil lovendringa også innebere noko meir arbeid for dei kommunane som stiller eit kommunalt lokale til disposisjon for Posten ved førehandsrøystinga.

Komiteen har motteke brev frå departementet 8. februar 2001 med ein presisering av ein opplysning på side 4 i proposisjonen. Brevet følgjer som vedlegg.