1.1 Innleiing og bakgrunn

Helsedepartementet fremmer i proposisjonen forslag om å presisere at dagens forbod mot forsking på befrukta egg også gjeld forsking på celleliner som er etablerte ut frå celler henta frå befrukta egg. Vidare foreslår departementet eit forbod mot terapeutisk kloning. Departementet vil prioritere forsking på stamceller frå fødde individ.

Ei stamcelle er ei uspesialisert celle som kan fornye seg sjølv ved celledeling og gi opphav til to nye identiske celler og som også kan utvikle seg til ei meir spesialisert celle (differensiering). Den evna stamcellene har til sjølvfornying, gjer at dei kan dyrkast i kultur i laboratoriet. I grunnforskinga kan stamceller nyttast for å studere tidleg human biologisk utvikling og mellom anna gje ei betre forståing av årsaker til medfødde misdanningar, til infertilitet og spontanabortar og til utvikling av kreft.

Stamceller kan også brukast i lækjemiddelutprøving og kan effektivisere utviklinga av nye lækjemiddel.

Til medisinsk behandling ser det ut til at det er mogleg å utnytte den evna stamcellene har til sjølvfornying og spesialisering, til behandling av alvorlege sjukdommar eller skadar som kjem av sjukt eller skadd vev.

Det blir gjort greie for ulike typar stamceller og for kva slags celler dei kan utvikla seg til. Det blir vidare gjort greie for korleis ein kan dyrke stamceller frå befrukta egg og frå ubefrukta egg gjennom terapeutisk kloning. Bruk av stamceller frå fødde personar (adulte stamceller) blir også drøfta.

Sosial- og helsedepartementet sette i oktober 1999 ned ei arbeidsgruppe som skulle greie ut kva som er medisinsk mogleg, og etiske problemstillingar ved bruk av stamceller henta frå aborterte foster og befrukta egg. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i mars 2000. Ei samla gruppe understreka kor viktig det er å styrkje forsking som kan fremme utvinning av stamceller frå alternative kjelder. Eit fleirtal i gruppa på fire uttalte at dei til liks med mindretalet såg bruken av overtalige befrukta egg i forsking og medisinsk behandling som etisk problematisk, men konkluderte likevel under tvil med at det kunne vere etisk akseptabelt å bruke overtalige befrukta egg som kjelde til stamceller, på nærmare vilkår. Eit mindretal på to meinte at bruk av overtalige befrukta egg som kjelde til stamceller er etisk uakseptabelt.

Rapporten blei sendt på ei avgrensa høyring. Departementet fekk 17 fråsegner, og dei innkomne fråsegnene stødde i hovudsak tilrådinga frå arbeidsgruppa om å styrkje forsking som kan fremme utvinning av stamceller frå alternative kjelder. Høyringsinstansane slutta seg generelt til fleirtalet sitt standpunkt om at det kan vere etisk akseptabelt å bruke overtalige befrukta egg og provosertaborterte foster som stamcellekjelde. Bioteknologinemnda uttala seg om terapeutisk kloning i brev til departementet dagsett 26. februar 2001, og eit fleirtal i nemnda (9 mot 7) meinte at terapeutisk kloning bør kunne tillatast for å skaffe humane stamceller til bruk for forsking og behandling. Eit mindretal (6) rådde frå å tillate terapeutisk kloning, og grunngav standpunktet sitt m.a. med at dette ville vere å skape liv berre ved å vise til ein medisinsk nytteverdi. Eit anna mindretal (1) rådde også frå å tillate terapeutisk kloning fordi det per i dag ikkje kan visast til at metoden har stor og uomtvisteleg nytteverdi for alvorleg sjuke pasientar. Ei samla Bioteknologinemnd gjekk imot kjerneoverføring med cellekjerner frå menneske og eggceller frå ein annan art.

Bioteknologinemnda og Teknologirådet arrangerte i november 2001 ein lekfolkskonferanse om stamceller. Lekfolkspanelet på 15 personar i alderen 18-70 år gjekk inn for å tillate forsking på befrukta egg som er overtalige etter IVF-behandling, men var samd om å rå ifrå å tillate terapeutisk kloning.

Det blir vist til St.meld. nr. 14 (2001-2002) Evaluering av lov om medisinsk bruk av bioteknologi og til utsegn frå sosialkomiteen i innstillinga til denne, jf. Innst. S. nr. 238 (2001-2002). Det blir vidare vist til at i denne samanhengen la eit mindretal fram forslag om å opne for forsking på befrukta egg og terapeutisk kloning frå 1. januar 2003, og at framlegget blei forkasta av Stortinget med 60 mot 38 stemmer.

Det er etter gjeldande rett ikkje tillate å forske på befrukta egg, jf. bioteknologilova § 3-1. Det inneber at det ikkje er tillate å isolere stamceller frå befrukta egg. Dette forbodet blei vedteke før det var aktuelt å forske på celleliner som er dyrka fram ut frå celler isolert frå befrukta egg. Spørsmålet er derfor ikkje direkte regulert i ordlyden eller omtalt i forarbeida. Det blir peikt på at det er uklart kor langt forbodet rekk i forhold til forsking på slike celleliner. Vidare blir det uttalt at eit kjernetransplantert egg neppe kan sjåast som eit befrukta egg i forhold til bioteknologilova § 3-1, og at terapeutisk kloning derfor truleg ikkje er lovregulert og heller ikkje forbode, i motsetnad til reproduktiv kloning som er forbode, jf. § 3a-1.

Bruk av stamceller henta frå provosertaborterte foster til medisinsk forsking og behandling er regulert i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m §§ 8a - 8h. Celler og vev frå provosertaborterte foster kan brukast til medisinsk forsking dersom det ikkje finst andre likeverdige metodar, og til medisinsk behandling dersom det ligg føre alvorleg sjukdom eller skade og andre behandlingsformer har avgrensa effekt.

Det blir gjort greie for gjeldande rett i Sverige og Danmark, Finland Storbritannia, Tyskland og USA. Forsking på befrukta egg er under særskilde vilkår tillatt i Sverige, Danmark, Finland og Storbritannia, men ikkje i Tyskland. Det finnst ikkje nokon særskild regulering av terapeutisk kloning i Sverige, Danmark og Finland. I Storbritannia har parlamentet vedteke å opne for terapeutisk kloning. I USA finst ikkje noko felles føderalt regelverk som forbyr terapeutisk kloning eller forsking på embryonale stamceller, men det finst reguleringar av kva formål som kan støttast med offentlege føderale middel.

Europarådets konvensjonen om menneskerettar og biomedisin tek ikkje standpunkt til forsking på befrukta egg, men artikkelen inneheld forbod mot å framstille befrukta egg for forskingsformål.

Helsedepartementet sende i januar 2002 på høyring eit forslag om å forby terapeutisk kloning og å oppretthalde dagens forbod mot forsking på befrukta egg, og å presisere at dette forbodet også skal gjelde forsking på celleliner som er etablerte ut frå celler henta frå befrukta egg. Det blei også foreslått eit forbod mot å setje menneskeleg materiale inn i eggceller frå dyr. Høyringsfristen var i april 2002.

Helsedepartementet har fått svar frå 60 høyringsinstansar. Av dei har 7 opplyst at dei ikkje vil svare, og 13 at dei ikkje har merknader til forslaga i høyringsnotatet.

19 høyringsinstansar stør forslaget om å forby terapeutisk kloning, mens 21 instansar går mot forslaget. 16 instansar stør forslaget om å vidareføre og presisere dagens forbod mot forsking på befrukta egg, mens 21 instansar går inn for å oppheve forbodet. Forslaget om å forby kloning ved at menneskeleg materiale blir sett inn i eggcelle frå dyr, blir med eitt unntak stødd av alle instansar som uttaler seg om dette spørsmålet.

1.2 Departementets vurderingar og forslag

1.2.1 Stamceller frå befrukta egg

Departementet meiner menneskeverdet har ein sjølvstendig verdi som ikkje er grunna på eit menneske sine eigenskapar eller evne til samfunnsmessig innsats, og vil føre vidare ein politikk som er tufta på ønsket om eit ekstra vern og ekstra omsorg for dei spesielt svake.

Etter departementet si vurdering bør den norske lovgivinga primært byggje på ei sjølvstendig vurdering av dei etiske problemstillingane og av kva grenser vi meiner det er rett å setje for medisinsk forsking, og meiner at kva standpunkt dei tek til desse spørsmåla i andre land, ikkje kan vere avgjerande for det norske synet. På bakgrunn av dette og stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 14 (2001-2002) foreslår departementet å føre vidare dagens forbod mot forsking på befrukta egg.

Departementet foreslår vidare ei presisering av forbodet i § 3-1 slik at det går klart fram at dette også gjeld forsking på celleliner etablerte og dyrka fram med utgangspunkt i celler henta frå befrukta egg. Departementet foreslår også å presisere forbodet i § 3-1 slik at det er klart at det gjeld både befrukta egg og menneskeembryo.

1.2.2 Terapeutisk kloning

Etter departementet si vurdering inneber det ei krenking av menneskeverdet dersom ein tillet å produsere eit potensielt menneskeliv berre for at det skal fungere som eit middel til bruk for medisinsk forsking. Departementet foreslår å forby framstilling av menneskeembryo ved kloning og å forske på celleliner som er etablerte ut frå embryo framstilt ved hjelp av kloningsteknikkar. Departementet foreslår også eit forbod mot å framstille embryo ved å bruke ei cellekjerne frå ei menneskecelle saman med ei eggcelle frå eit dyr der cellekjernen er fjerna.

1.2.3 Stamceller frå fødde personar

Departementet meiner det er viktig å satse på forsking som kan gi nye høve for medisinsk behandling av alvorleg sjuke personar. Det blir understreka at forsking på bruk av stamceller henta frå fødde personar ikkje reiser dei same etiske vanskane som forsking på stamceller frå befrukta egg eller embryo framstilt ved kloning, og departementet vil satse på slik forsking.

1.2.4 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga

Det blir uttala at forslaget om å forby terapeutisk kloning og å føre vidare og presisere dagens forbod mot forsking på befrukta egg, ikkje får administrative eller økonomiske konsekvensar.