1.1 Proposisjonens hovudinnhald

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av fisk og fiskevarer (eksportlova). Formålet er å leggje til rette for å gjere om Eksportutvalet for fisk (EFF), til statleg aksjeselskap. I tillegg foreslår departementet at heimel for Kongen til å gje føresegner om opplysingplikt overførast til departementet.

EFF er oppretta med heimel i eksportlova. For å gjere EFF til aksjeselskap er det nødvendig med endringar i lova. Medan nokre av endringane er grunngjevne i at dei er nødvendige, vil andre delar av endringsforslaga vere dels grunngjevne i behovet for å gje tenlege rammer for det nye selskapet og dels i at dei er naturlege sett i samanheng med at EFF blir eit selskap og ikkje lenger er direkte underordna departementet.

Departementet sitt forslag inneber at det i eksportlova blir fastsett at EFF er eit aksjeselskap og at staten skal eige alle aksjane. Lov 13. juni 1997 nr. 14 om aksjeselskaper (aksjelova), skal gjelde om ikkje noko anna følgjer av eksportlova. Aksjelova gjer rom for individuelle tilpassingar, og i hovudsak vil dei særlege behova som gjer seg gjeldande for selskapet bli teke omsyn til gjennom vedtektene.

Departementet foreslår vidare at lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker, i all hovudsak ikkje skal gjelde for verksemda til EFF.

Departementet foreslår også endring i reglane om godkjenning av eksportørar. Eksportlova inneheld ei rekkje krav som kan stillast for godkjenning. Desse har i hovudsak ikkje blitt gjort gjeldande i praksis. Forslaget inneber at det berre skal kunne stillast krav om at årsavgift er betalt. Alle som søkjer og som betaler avgifta, skal ha krav på å bli registrerte. Andre forvaltingsoppgåver etter eksportlova overførast til Fiskeridirektoratet. Det vil i hovudsak seie kontrolloppgåver. EFF vil måtte overføre midlar til å dekkje kostnadene for oppgåver direktoratet blir pålagd.

Departementet foreslår reglar som skal sikre at eigedelar, rettar og forpliktingar følgjer med frå EFF til det nye selskapet. Overgangsreglane sikrar òg at kreditorar og andre rettshavarar ikkje kan motsetje seg at det nye selskapet overtek EFF sine forpliktingar. Samtidig er føresetnaden at kreditorar ikkje skal lide tap som følgje av omgjeringa.

1.2 Bakgrunn

Om Eksportutvalet for fisk

EFF blei oppretta 1. juli 1991 og er samansett av eit styringsorgan og eit iverksetjande sekretariat. Utvalet er sett saman av sju representantar frå næringa, oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet for to år etter forslag frå næringa.

EFF er fiskerinæringa sitt felles marknadsorgan, og målet for verksemda er å auke verdiskapinga inna­for fiskeri- og havbruksnæringa gjennom auka etterspurnad og kunnskap om norsk sjømat i Noreg og resten av verda. Oppgåva løysast ved å investere i felles marknadsføring av norsk sjømat, innhenting, analyse og distribusjon av marknadsinformasjon, arbeide for betre marknadstilgang, PR/informasjon og mark­nadsovervaking/krisekommunikasjon. Verksemda er fullt finansiert gjennom ei avgift som næringa betaler. Avgifta er delt i to komponentar, ei årsavgift og ei eksportavgift. Nivået på eksportavgifta varierer med kva for produkt som blir eksportert.

Inntektene investerast for næringa sitt formål etter forretningsmessige grunnreglar, men verksemda i seg sjølv har ikkje forteneste som formål.

EFF er rådgivande organ for Fiskeri- og kystdepartementet, og er også tillagt oppgåva med å registrere/godkjenne eksportørar. EFF skal i tillegg vere kontaktledd mellom utdanning, forsking og næring når det gjeld marknadsføring av sjømat.

EFF har hovudkontor i Tromsø, og er representert med eigne tilsette i Tyskland (Hamburg), Frankrike (Paris), Spania (Madrid), Portugal (Lisboa), Italia (Milano), Brasil (Rio de Janeiro), Japan (Tokyo), og Kina (Bejing og Hong Kong).

Tilknytinga til departementet

EFF sitt aktivitetsnivå har auka kraftig sidan opprettinga 1. juli 1991. Denne utviklinga har samtidig ført til at den manglande balansen mellom fiskeri- og kystministeren sitt ansvar for verksemda og dei tilgjengelege styringsverktøya, er blitt meir aktualisert. Etter kvart har det ført til eit auka fokus på tilknytingsforma til departementet. Forslaget til lovendringar er grunngjeve i behovet for å bøte på det mang­lande samsvaret mellom ansvar og styringsverktøy.

Departementet gav 19. juni 2001 Statskonsult i oppdrag å gjere ei evaluering av tilknytingsforma til EFF. Rapporten konkluderte med at rammene for EFF og styringspraksis ikkje var tilfredsstillande sett i samanheng med statsråden sitt ansvar. Den enklaste løysinga ville ifølgje Statskonsult vere å formalisere EFF som eit forvaltingsorgan. Då vil EFF bli underlagd Stortinget sitt løyvingsreglement og økonomiregelverket i staten. Dersom EFF organiserast som selskap, meinte Statskonsult at statsforetak vil vere det mest aktuelle alternativet.

Departementet såg det ikkje som eit aktuelt alternativ å organisere EFF som eit forvaltingsorgan. I valet mellom ulike selskapsformer vurderte departementet aksjeselskap som det mest eigna. Departementet sitt behov for styring av den løpande verksemda vurderast som lite, og organisering som aksjeselskap vil gje tilstrekkeleg høve til styring av verksemda sine generelle og ytre rammer, samtidig som organiseringa gir eit klårt skilje mellom politisk tilsyn og utøvande verksemd gjennom styre og administrasjon.

EFF sine forvaltingsoppgåver

Statskonsult gjennomgjekk også EFF sine ulike roller, og meinte det var uheldig at EFF samtidig som det er eit fellesorgan for næringa også har forvaltingsoppgåver knytt til godkjenning og kontroll. Statskonsult foreslo derfor at EFF sine forvaltingsoppgåver bør overførast til Fiskeridirektoratet. Departementet var einig i Statskonsult si vurdering. Samtidig ville departementet vurdere ei forenkling og modernisering av ordninga med godkjenning av eksportørar.

1.3 Dei sentrale forslaga i høyringa

Departementet har gjennomført to høyringar i denne saka. Den første høyringa gjaldt spørsmålet om EFF burde gjerast om til aksjeselskap. Høyringa gav departementet grunnlag for å gå vidare med saka og den 20. januar 2005 sende departementet ut nytt høyringsnotat med forslag til endringar i eksportlova.

Fastsetjing av EFF som aksjeselskap, tilhøvet til aksjelova

Departementet foreslo at det i eksportlova § 2 første ledd blir slått fast at EFF skal vere eit aksjeselskap og at staten skal eige alle aksjane.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) støttar omgjering av EFF til aksjeselskap under føresetnad av at verksemda vidareførast som i dag og at selskapsforma sikrar næringa avgjerande påverknad på verksemda si operative rolle, funksjon og karakter. Norges Fiskarlag har ikkje innvendingar til forslaget, men etterlyser ei vurdering av skatte- og avgiftsmessige konsekvensar som følgje av ei omgjering til aksjeselskap. FHL si fråsegn byggjer mellom anna på at organisasjonen ønskjer å oppretthalde sin noverande rett til å innstille på medlemmar til styret. Departementet vil understreke at det vil vere generalforsamlinga ved Fiskeri- og kystministeren som vel styret.

Departementet sitt forslag er tufta på det same omsynet som FHL peiker på, det vil seie at næringa skal ha avgjerande påverknad på verksemda. Det er såleis ingen usemje om dette. Når det gjeld fråsegna frå Norges Fiskarlag, vil departementet peike på at spørsmålet om plikt til å betale skatt og meirverdiavgift ikkje er styrande for departementet sitt forslag om omgjering av EFF.

Representasjon i styret

Departementet foreslo at eksportlova på same måte som i dag slår fast at styret skal vere samansett av representantar for eksportørar, produsentar, oppdrettarar og fiskarar. I tillegg foreslo departementet at eit fleirtal av dei tilsette kan krevje at eit medlem skal veljast av og blant dei tilsette. Denne medlemen skal komme i tillegg til dei sju som i dag sit i styret, og ikkje erstatte nokon. Forslaget om dei tilsette er nytt i høve til dagens regel, og er ei følgje av aksjelova. Aksjelova gjer også rett for dei tilsette å ha ein observatør i styret. Dette er ikkje omfatta av forslaget, og på dette punktet skil det seg såleis frå det som følgjer av aksjelova.

Forslaget inneheld ikkje detaljerte føresegner om samansetjinga av styret. Det vil bli gitt føresegner om dette i forskrift/vedtekter.

Det blei gitt to døme på korleis prosessen med å setje saman styret kan gjerast. Den eine modellen inneber oppretting av ein valkomité kor medlemmane utnemnast av generalforsamlinga og får eit mandat som må følgjast. Den andre modellen byggjer, med nokre modifikasjonar, på dagens modell.

Departementet har etter høyringa og etter ei nærare vurdering kome til at forslaget om å vidareføre ordlyden om at styret skal vere samansett av representantar for eksportørar, produsentar, oppdrettarar og fiskarar, bør endrast. Det avgjerande er å sikre at styret har legitimitet i næringa, og er samansett av personar som oppfyller krav til personleg dugleik og har den nødvendige kompetansen. Departementet meiner denne delen av ordlyden bør endrast til ei formulering som slår fast at styret skal vere representativt for næringa. I dette ligg ein plikt til å syte for at styret er forankra i og har legitimitet i næringa.

Når det gjeld dei tilsette sin rett til plass i styret, har departementet funne grunn til å gjere endringar i forslaget. Det vil seie at det ikkje blir gjort unnatak frå aksjelova sine føresegner om dei tilsette sin representasjon i styret. Sjølv om EFF skil seg frå ordinære verksemder som har inntekt som formål, meiner departementet at omsynet til at dei tilsette får delta i styret på lik line med tilsette i andre aksjeselskap bør vere avgjerande.

Detaljane om samansetjinga av styret høyrer ikkje heime i lova. Framlegget frå FHL og LO om slik detaljregulering i lova, kan departementet derfor ikkje støtte. Av dei to modellane som departementet la fram i høyringsnotatet legg departementet til grunn at den mest aktuelle synest å vere ei vidareføring av dagens modell med dei modifikasjonane som blei nemnd.

Departementet vil vurdere nøye kven som skal ha rett til å innstille representantar til styret og talet på kandidatar som skal innstillast. Næringa vil få høve til å gje sitt syn på det som blir foreslått. I denne samanhengen vil departementet også ta omsyn til EFF si rolle på den innanlandske marknaden.

Fordeling av forvaltingsoppgåver etter eksportlova - godkjenning av eksportørar

Forslaget om å gje Fiskeridirektoratet oppgåver etter lova byggjer på Statskonsult sin rapport som tilrår å skilje ut forvaltningsoppgåvene frå EFF. I hovudsak gjeld dette kontrolloppgåver. Ein viktig del av desse oppgåvene er no godkjenning av eksportørar og forvalting av registeret. Alle eksportørar som blir godkjende må betale ei årsavgift på 15 000 kroner. Ved første gongs registrering må det betalast to år på forskot.

Når det gjaldt godkjenning av eksportørar, ønskte departementet å vurdere ei forenkling og modernisering. Departementet presenterte to alternativ:

  • Alternativ 1 inneber at noverande ordning med godkjenning av eksportørar ikkje endrast, og at oppgåva overførast til Fiskeridirektoratet saman med dei andre forvaltningsoppgåvene.

  • Alternativ 2 går ut på at eksisterande ordning med godkjenning av eksportørar forenklast og moderniserast, men framleis utførast av EFF.

Når ein ser bort frå oppgåva med å godkjenne eksportørane, hadde ingen av høyringsfråsegnene innvendingar mot at forvaltningsoppgåvene overførast til Fiskeridirektoratet. Det var noko ulike oppfatningar om departementet sine to alternative forslag om godkjenning av eksportørar. Fleirtalet av fråsegnene støtta alternativ 2. Departementet meiner tida er moden for å modernisere og forenkle regelverket, og dermed tilpasse det til det som er realiteten i dag. Samtidig legg departementet til grunn at oppgåva bør utførast av EFF.

Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) har i si fråsegn gjort framlegg om 400 000 kroner i økonomisk kompensasjon for dei kontrolloppgåvene etaten utførar. Departementet vil vurdere dette på lik line med kompensasjon til Fiskeridirektoratet, men det føreset at også Finansdepartementet reiser problemstillinga og godtgjer at dette ikkje inneber ei særskilt ordning for fiskeri- og havbruksnæringa.

Tilhøvet til forvaltingslova og offentleglova

Departementet foreslo at lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen (offentleglova) og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova) ikkje skal gjelde for EFF.

Det normale utgangspunktet vil vere at forvaltingslova ikkje gjeld for EFF si verksemd når det organiserast som eit aksjeselskap. Departementet såg det ikkje som heldig at ein risikerer at søkjaren får høve til å klage eit eventuelt avslag inn for departementet. Bruken av midlane ligg til EFF innafor dei rammene som følgjer av lov og forskrift, og bør ikkje vere gjenstand for overprøving frå departementet si side.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar til substansen i forslaget. Lovteksten er presisert slik at forvaltingslova vil få verknad for enkeltvedtak som EFF gjer i samband med utføring av registrering av eksportørar. Når det gjeld TAD sin merknad, kan ikkje departementet sjå at forslaget skulle ha som verknad at EFF ikkje kan spørjast til råds i saker som gjeld spørsmål dei har særleg kompetanse på.

Når det gjeld forslaget om at offentleglova ikkje skal gjelde verksemda til EFF, har departementet i samråd med Justis- og politidepartementet, valt å ta dette ut. Bakgrunnen er forslaget til ny offentleg lov som vil bli lagt fram for Stortinget i vår.

Storleiken på årsavgifta

Det er i dag registrert meir enn 500 eksportørar. Delar av næringa har teke til orde for at det bør verte vanskelegare å bli godkjend eksportør.

Eit nærliggjande verkemiddel er å auke årsavgifta. Storleiken på avgifta høyrer ikkje heime i eksportlova, men departementet valde likevel å reise spørsmålet i høyringa på bakgrunn av samanhengen med vilkåra for å bli godkjend eksportør.

Dei fråsegnene som er mottekne gir ei god illustrasjon på dei ulike vurderingane av problemstillinga som gjer seg gjeldande. Departementet merkar seg at det er klare motførestellingar til trua på at det å auke årsavgifta vil vere eit effektivt verkemiddel.

Departementet legg til grunn at det bør vere visse skrankar på retten til å eksportere. Storleiken på årsavgifta har vore uendra sidan eksportlova blei sett i kraft 1. juli 1991. Departementet vil ta opp att dette spørsmålet i samanheng med endring av eksportforskrifta.

Namn på EFF med vidare

På bakgrunn av fråsegnene legg departementet til grunn at det ikkje er aktuelt å endre namnet til EFF. Omgjering til aksjeselskap vil formelt innebere at namnet i lova justerast slik at det blir Eksportutvalget for fisk AS. Vidare tek departementet sikte på å fastsetje i eksportforskrifta at avgifta på eksporterte produkt skal heite marknadsavgifta.

Departementet la også fram forslag om overgangsreglar som skal gjelde ved omgjering av EFF til aksjeselskap. Dette omfatta føresegn om at alle eigedelar, rettar og forpliktingar i sin heilskap skal overførast frå EFF til det nye aksjeselskapet. Staten skal samtidig bli eigar av alle aksjane. Det blir òg foreslått at alle offentlege rettar, løyver og konsesjonar EFF har skal overførast til det nye aksjeselskapet utan nærare løyve frå vedkommande offentlege tenestemakt. Likeins blei det foreslått ei føresegn om omregistrering av eigedelar, rettar med vidare i offentlege register, som følgjer av omgjeringa. Departementet foreslo også ei føresegn som sikrar at kreditorar og andre rettshavarar ikkje kan motsetje seg at det nye aksjeselskapet overtek EFF sine forpliktingar i samband med omgjeringa. Det blei ikkje motteke noka fråsegn om desse forslaga.

Departementet legg til grunn at det ikkje blir gjort endringar i forslaga i høyringsnotatet. Siktemålet er at lovendringane trer i kraft 1. juli 2005.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å endre tilknytningsforma for EFF inneber at EFF blir eit eige rettssubjekt. Forslaga til endringar i eksportlova har ingen økonomiske konsekvensar i form av auka løyvingar over statsbudsjettet.

Ein konsekvens av gjennomføringa av lovforslaget er at forvaltningsoppgåver overførast til Fiskeridirektoratet. Dette har eit svært avgrensa omfang, og direktoratet sine kostnader vil bli kompensert gjennom overføring av midlar frå EFF.

EFF vil få eit sjølvstendig resultatansvar, medan Fiskeri- og kystministeren vil ha ansvar for den overordna styringa, under dette kontroll med at verksemda blir driven forsvarleg og i samsvar med dei politiske måla og rammevilkåra som er fastsett for verksemda. Utforming av vedtekter for selskapet vil utgjere eit sentralt element i departementet si styring.

Departementet legg til grunn at EFF som hovudregel ikkje bør kunne ta opp lån i den private lånemarknaden. Når det gjeld spørsmålet om EFF skal kunne gå konkurs, er departementet si haldning at det ikkje skal etablerast spesielle tiltak i så måte, og at konkurs i prinsippet vil kunne skje. Staten sitt økonomiske ansvar som eigar vil vere avgrensa til aksjekapitalen.

Departementet legg til grunn at heile EFF sin eigenkapital bør inngå i opningsbalansen, og at det i samband med dette må vurderast nærare kor stor del av denne som skal utgjere selskapet sin aksjekapital. Behovet for statlege løyvingar er såleis ikkje til stades. Utbytte av overskot skal ikkje vere aktuelt. Ei slik ordning ville komme i konflikt med grunnlaget for EFF si verksemd.

Kva slags konsekvensar ei omorganisering vil få for plikt til å betale skatt og avgifter elles, vil måtte avklarast nærare. Departementet legg til grunn at sjølv om utgangspunktet er at aksjeselskap har skatteplikt, vil unntaket for selskap som ikkje har inntekt til formål få verknad. Spørsmålet om kven som frå 2007 framleis skal nyte godt av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, vil ikkje bli påverka av ei omgjering til aksjeselskap. Når det gjeld plikt til å berekne meirverdiavgift, er EFF gitt eit særskilt fritak etter meirverdiavgiftslova. Departementet vil syte for å avklare om fritaket vil bli påverka av ei omorganisering.

Etter omgjeringa skal EFF bestå mest mogleg likt som i dag. Dette er mogleg fordi EFF allereie langt på veg har innretta verksemda si som eit aksjeselskap. Til dømes vil løns-, arbeids- og pensjonsavtaler bli vidareført i det nye selskapet, som etter etableringa vil drive verksemda si innanfor rammene for norske aksjeselskap. Når det gjelder pensjonsavtalene, vil det bli stilt krav om at det blir gjort avsetjingar til sikring av pensjonsforpliktingane.