Samandrag

Det blir vist til at Stortinget ved handsaminga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) - Nedbygging av funksjonshemmende barrierer - gjorde vedtak om å be Regjeringa kome attende til Stortinget med eit forslag om lovfesting av kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne i løpet av 2004, jf. Innst. S. nr. 162 (2003-2004).

I proposisjonen legg Regjeringa fram eit lovforslag om dette. Formålet med lova er at menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for dei.

Om lag halvparten av kommunane og dei fleste fylkeskommunane har etter oppfordring frå departementet på frivillig basis oppretta råd for funksjonshemma.

Innanfor organisasjonar for funksjonshemma har det lenge vore eit ønske at råda for funksjonshemma skal lovfestast, slik tilfellet er for eldreråda. I NOU 2001:22 Fra bruker til borger - foreslo fleirtalet lovfesting av medverknadsarenaer, men ikkje nødvendigvis råd. Eit mindretal, m.a. dei fleste representantane for organisasjonane for funksjonshemma, ønskte lovfesting av råd.

Det blir gjort greie for handsaminga av dette spørsmålet i St.meld. nr. 40 (2002-2003) og Innst. S. nr. 162 (2003-2004).

Arbeids- og sosialdepartementet sende i januar 2005 eit lovutkast ut på høyring med høyringsfrist i mars 2005.

Om formålet med lova blir det m.a. uttala at det er departementet si oppfatning at medverknad innanfor heile det saksområdet som rådet skal dekkje, i stor grad må skje gjennom at det blir gitt råd og utforma fråsegner, og at medverknad såleis er meint å vere eit meir omfattande omgrep enn rådgiving.

Regjeringa meiner at normalordninga bør vere at alle kommunar og fylkeskommunar har råd for menneske med nedsett funksjonsevne, men det blir foreslått at kommunane og fylkeskommunane får høve til å organisere andre representasjonsordningar i staden for råd. Departementet understrekar at det skal vere ei formalisert ordning, og at kommunestyret må fastsetje vedtekter for ordninga.

Departementet foreslår at det skal vere høve til å velje interkommunale løysingar, men presiserer at formålsparagrafen i lova klart tilseier at ein bør velje kommunale løysingar der det er mogleg å få det til. På denne bakgrunn meiner departementet at det er lite aktuelt for fylkeskommunane å velje felles ordningar.

Det blir foreslått at det skal vere høve til å ha felles ordningar for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre.

Når det gjeld samansetjing av råda, meiner departementet at representasjon både frå politikarar, administrasjon og organisasjonane er den beste, og at samansetjinga bør avgjerast i den einskilde kommunen og ikkje fastsetjast i lova.

Det blir foreslått at kommunestyra skal vedta mandat for råda.

Med omsyn til administrative funksjonar ser departementet det som mest naturleg at sekretariatet for rådet blir knytt til rådmannskontoret, men foreslår ikkje at tilknytinga skal fastsetjast i lova.

Regjeringa foreslår at lova skal ta til å gjelde frå neste kommunestyreperiode, og foreslår at Kongen fastset den nøyaktige datoen for iverksetjing.

Lova kan føre til at kommunane og fylkeskommunane får nokre meirutgifter til råda. Regjeringa tek sikte på at kommunesektoren skal få kompensasjon for desse meirutgiftene. Kompensasjonsbeløpet vil bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane.