5.1 Sammendrag

5.1.1 Generelt om framlegget

Framlegget går ut på at kommunane skal kunne inngå eit vertskommunesamarbeid ved at ein eller fleire kommunar (samarbeidskommunar) kan gjere avtale om at ein annan kommune (vertskommune) overtek det daglege arbeidet på eit nærmare oppgitt ansvarsområde. Avtalen blir inngått av kommunestyra sjølve.

Avtalen om vertskommunesamarbeid skal vere skriftleg. Lova sjølv set visse minstekrav til innhaldet i avtalen, jf. § 28 e i lovforslaget. Kvar enkelt deltakar kan seie opp deltakarforholdet sitt med eitt års skriftleg varsel. Men er deltakarkommunane samde, kan samarbeidsforholdet oppløysast raskare.

Det blir føreslått to typar vertskommuneordningar - ein med eit felles folkevalt organ (§ 28 b) og ein utan (§ 28 c). Skiljet vil ha avgjerande konsekvensar for kor mykje myndigheit som kan overlatast til vertskommunen. Vertskommunesamarbeidet i seg sjølv vil ikkje vere eit eige rettssubjekt. Felles for modellane er at administrasjonen i ein vertskommune overtek det daglege arbeidet med dei oppgåvene som er lagde til vertskommunen.

Modellen har som siktemål å tilby interkommunale løysingar for dei lovpålagde ansvarsområda til kommunane. Ei lovregulering av vertskommunemodellen skal gjere det forsvarleg å overlate oppgåver og ansvarsområde med tilhøyrande forvaltningsmyndigheit (offentleg myndigheitutøving) til ein annan kommune.

5.1.2 Særtrekk ved vertskommunesamarbeid utan felles nemnd

Departementet foreslår å leggje inn ei allmenn delegasjonssperre i den administrative vertskommunemodellen. Denne delegasjonssperra blir knytt opp mot omgrepet "saker av prinsipiell betydning" ved at denne typen saker ikkje kan overførast frå samarbeidskommunane til vertskommunen. Høyringsinstansane har gitt ei generell tilslutning til at det er behov for ei avgrensing av samarbeidsområda mot saker av meir prinsipiell lokalpolitisk betydning, så lenge denne samarbeidsmodellen ikkje har eit politisk overordna organ.

Delegasjon av kompetanse frå kommunestyra i samarbeidskommunane skal gå via eigen administrasjonssjef direkte til administrasjonssjefen i vertskommunen.

5.1.3 Særtrekk ved vertskommunesamarbeid med felles nemnd

Ønskjer kommunane å samarbeide om prinsipielt viktige politiske saker i eit vertskommunesamarbeid, må dei opprette ei felles politisk nemnd som skal behandle desse sakene. I og med at det her blir oppretta eit folkevalt organ som består av folkevalde frå alle samarbeidskommunane, vil dette organet kunne sikre mykje av den demokratiske kontrollen i samarbeidet. Nemnda vil derfor ikkje skilje seg frå andre ordinære faste utval og nemnder innanfor kommunane med omsyn til kva typar oppgåver og kompetanse som kan leggjast til nemnda.

Reglane for faste utval i kommunelova skal gjelde så langt dei høver for den felles nemnda. Dette fører til at til dømes reglane om valførleik, rett til å krevje forholdsval, reglane om kjønnsmessig balanse osv. som gjeld for faste utval, også vil gjelde for den felles nemnda.

Nemnda får tildelt kompetansen sin ved særskilde delegasjonsvedtak i deltakarkommunane.

Den felles politiske nemnda høyrer formelt inn under organisasjonen i vertskommunen og skal bestå av minst to folkevalde frå kvar av deltakarkommunane. Dei folkevalde organa i vertskommunen kan likevel ikkje gi instruksar til den felles nemnda eller gjere om avgjerder nemnda har teke.

Deltakarkommunane delegerer den aktuelle vedtakskompetansen på samarbeidsområdet direkte til nemnda. Den felles nemnda kan delegere til administrasjonen i vertskommunen å gjere vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell betydning.

Departementet legg til grunn at den felles nemnda ikkje kan ha status som noko overordna organ overfor administrasjonen i vertskommunen i forhold til omgjeringsreglane i forvaltningslova § 35, som gjeld forvaltningsorgana sitt høve til å omgjere vedtak som det ikkje er klaga over. Ein vil derfor sjå på denne nemnda som same organ som vertskommunen sjølv. Dette inneber at nemnda kan gjere om i same utstrekning som det forvaltningslova § 35 første ledd opnar for.

5.1.4 Finansieringsmodellar og kostnads­fordeling i eit vertskommunesamarbeid

Det er lagt til grunn i proposisjonen at reglane i kommunelova om økonomiforvaltning og rapportering skal gjelde for kommunane på vanleg måte sjølv om dei deltek i eit vertskommunesamarbeid. På denne bakgrunnen er det ikkje føreslått nokre særreglar for rekneskap osv. for kommunar som er med i eit vertskommunesamarbeid. Dette inneber at inntekter og utgifter i samband med verksemda til vertskommunesamarbeidet inngår i budsjettet og rekneskapen til vertskommunen. Vidare inneber dette at ansvaret for å rapportere informasjon om ressursbruk og tenesteyting til bruk i nasjonale informasjonssystem ikkje blir endra for deltakarkommunane ved eit vertskommunesamarbeid. Informasjonen seg imellom må kommunane regulere i samarbeidsavtalen.

Departementet meiner at det heller ikkje er tenleg å registrere vertskommunesamarbeidet i Bedrifts- og føretaksregisteret/Einingsregisteret.

5.1.5 Parlamentarisk styreform og vertskommunesamarbeid

Departementet gjer framlegg om at også kommunar som er parlamentarisk styrte, skal kunne delta i eit vertskommunesamarbeid. Ein ser det slik at det ikkje er behov for å spesialregulere vertskommunesamarbeid der ein eller fleire av deltakarkommunane er parlamentarisk styrte.

5.1.6 Kontrollutval og revisjon

Slik departementet ser det, vil det ikkje vere tenleg å lovfeste ein generell rett for kontrollutval i alle samarbeidskommunane til å føre tilsyn med den interne drifta i vertskommunen. Dette ville gi store avgrensingsproblem med omsyn til kva delar av verksemda eit kontrollutval skulle ha tilsynsmyndigheit overfor.

Kontrollutvalet i vertskommunen vil ha ansvar for å føre løpande tilsyn med verksemda i (verts)kommunen etter dei vanlege reglane. At delar av verksemda dreier seg om saker der myndigheita er delegert frå andre kommunar, bør ikkje endre på dette. Fokus for kontrollutvalet vil vere retta mot at lover, reglar og avtalar blir følgde. Dette ansvaret vil kontrollutvalet i vertskommunen kunne ha sjølv om kommunestyret i vertskommunen vil ha avgrensa myndigheit i saker som kjem frå andre kommunar. For å slå fast dette er det teke inn ei føresegn om dette i lovframlegget.

Kontrollutvalet i samarbeidskommunen vil ha tilgang til all dokumentasjon og all informasjon som samarbeidskommunen får. Det er ikkje grunn til å gi kontrollutvalet meir vidtgåande informasjonsrett enn den retten som ligg til sjølve samarbeidskommunen. Departementet har derfor komme til at det ikkje vil vere nødvendig å regulere informasjonsretten til kontrollutvalet utover dette.

Når det gjeld regelverket om revisjon, legg departementet til grunn at det ikkje er nødvendig med spesielle reglar for vertskommunesamarbeid. Det å inngå vertskommunesamarbeid, inneber ikkje behov for endringar i regelverket om rekneskap for kvar enkelt kommune. Ansvaret for revisjon av rekneskapane i dei aktuelle kommunane vil kunne gjennomførast etter dei vanlege reglane.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til departementets vurderinger og forslag.