1. Forvalting av bilateral stønad til Pakistan

       Det er utarbeidd ein eigen rapport om ettersyn ved den stadlege representasjonen i Islamabad. Denne er det svara på av NORAD på ein tilfredsstillande måte, og denne delen av undersøkinga reknar ein for avslutta.

       Ifylgje NORAD sitt prosjekteringssystem PLAN II stør Noreg 6 prosjekt/program innanfor landprogrammet for Pakistan. Desse tiltaka har eit budsjettert beløp på til saman om lag 180 mill. kroner og fram til 31. desember 1992 vart det nytta om lag 53 mill. kroner. Riksrevisjonen har i rapporten gjennomgått tiltak som er knytta til fylgjande prosjekt: elektrifisering av landsbygda, etterutdanning av grunnskulelærarar, Sindh grunnskuleutviklingsprogram, styrking av læremiddelproduksjon og repatriering av flyktningar.

       I Riksrevisjonen sin rapport om NORAD er det gjort nokre generelle merknader:

- Tiltaka, slik dei er gjort greie for i dokumentasjonen, er i tråd med Stortinget sitt vedtak om mål for stønaden generelt, og for Pakistan spesielt.
- NORAD sitt personell synest å yte ein god innsats for at tiltaka skal bli vellukka, men i nokre tilfelle inneber dette at NORAD overtek oppgåver som etter avtalen er ansvaret til mottakarlandet.
- Kontrollen med dei tiltaka som er igjen er mangelfullt dokumentert. Det framgår ikkje korleis rapportar om framdrift, rekneskap og budsjett er handsama i direktoratet og ved den stadlege representasjonen i Islamabad.
- Framdriftsdelen i prosjektstyringssystemet PLAN II er mangelfullt utfylt for dei tiltaka som vart gjennomgått. Dette trass i at det ligg føre klår instruks på området. Det er difor ikkje mogleg via PLAN II-systemet å kontrollere om NORAD har motteke alle rapportar som er kravde og om det er purra dersom det ikkje er motteke rapport.
- NORAD skal i medhald av dei bilaterale avtalane rapportere om utgifter som dei har dekt direkte. For fleire tiltak er dette ikkje gjort, og Pakistan har av den grunn ikkje mottatt tilstrekkjeleg grunnlag for å kunne utarbeide fullstendige rekneskapar. Dette tilhøvet er ifylgje svar frå NORAD no ordna.
- I dag signerer riksrevisjonen i Pakistan på rekneskapsutskrifter for tiltak stødde av Noreg. Det vert ikkje skrive ut eigne revisjonsmeldingar for slike tiltak, men det er opplyst at dette kan gjerast dersom det vert sett fram krav om det. Dersom påteikningar på rekneskapen skal godtakast som tilstrekkjeleg kontroll i framtida bør desse tydeleg gi uttrykk for at rekneskapen er revidert av den pakistanske riksrevisjonen, og med kva fullmakt påteikninga er gjort.
- Rekneskapsrapportar om tiltaka har ofte ei anna oppstilling enn budsjetta. Det er frå NORAD si side ikkje stilt formelle krav til korleis rekneskapar og budsjett samt framdriftsplanar og rapportar skal utarbeidast. Dette er ein veikskap som kan ha konsekvensar for styring og kontroll av tiltaka.
- NORAD har opplyst at når utviklingstiltaka er finansierte i fellesskap av Pakistan og eitt eller fleire land skal totalutgiftene til tiltaket vere tekne med i det pakistanske budsjettet for å vise korleis finansieringa er delt på Pakistan og donorar. Av den pakistanske statsrekneskapen gjekk det ikkje fram slik oppdeling. Tiltak der Noreg er einaste gjevar kjem heller ikkje fram i denne rekneskapen.

       Når det gjeld einskildtiltak har NORAD opplyst at det ikkje vert ført tilbodsprotokoll for inngåtte avtalar med leverandørar og konsulentar, noko som er i strid med staten sitt regelverk.

       Retningsliner for prosjektevaluering er ikkje avtala, men NORAD har opplyst at partane vil bli samde om dette punktet seinare. Riksrevisjonen vurderer det også som viktig at NORAD brukar innsynsretten når det gjeld kontroll av systema til konsulentane for fakturering av utgiftsregistrering. NORAD har vidare opplyst at krav til dokumentasjon av framdrift og dei utgiftene som er komne i tillegg under dei einskilde prosjekta er det gjeve avkall på andsynes konsulentane. Riksrevisjonen meiner dette er uheldig og har peika på at konsulentane skal dokumentere framdrift og tillagde kostnader/utgifter i samband med framdriftsbetaling.

       Når det gjeld undervisningsprosjekta i Pakistan, har Riksrevisjonen peika på at dei inngåtte konsulentavtalane er mangelfulle på fleire punkt, m.a. at avtalane bør innehalde føresegner om maksimalt timetal og maksimal pris. Det synest uheldig at det er inngått ein felles avtale for konsulentstønad til fleire uavhengige tiltak. Det er ikkje avtalt at prosjekta skal attestere fakturaene frå konsulentfirmaet, betalingstidspunkt eller konsekvensar av mishald.

       NORAD er samd i at konsulentavtalen er mangelfull på fleire punkt. Avtalen gjekk ut i 1993 og Riksrevisjonen sine merknader vil bli teke omsyn til under ei eventuell reforhandling.

       NORAD har vidare nokre generelle merknader til konklusjonen i rapporten:

       « NORAD har arbeidet med omleggingen av det praktiske bistandssamarbeidet både som en følge av den nye strategien og på bakgrunn av organisasjonens generelle erfaringer i økende grad erkjent betydningen av ytterligere å profesjonalisere organisasjonen som forvaltningsorgan. For framtiden vil det være helt sentralt å kunne dokumentere resultater av bistandssamarbeidet og å videreutvikle en effektiv forvaltning av bistandsmidlene. Dette er nødvendig for å kunne vise resultat av utviklingsbistanden og å skape tillit og støtte for bistand i offentligheten og hos myndigheter. »

       Det er i denne samanheng vist til at det vert arbeidd m.a. med ei betring av avgjerdsunderlaget for dei einskilde stønadstiltaka og -programma med auka vekt på å klårgjere målsettingar og resultat. Det vert arbeidd vidare med ei utvikling av avtalane med samarbeidspartnarar til i større grad å bli forvaltingsmessige og forretningsmessige styringsverkty, medrekna klargjering av rammene for samarbeidet, målsettinga med innsatsen, resultat som ein skal nå opp til og rollefordelinga mellom partane. Direktoratet arbeider også med å utvikle og å gjere NORAD sitt samla stystem for økonomistyring betre, NORAD sin kompetanse med omsyn til kunnskap om forvaltingssystema i mottakarlanda, i tillegg til at ein arbeider for ei klårare ansvarleggjering i NORAD ved at ansvaret for prosjekta skal leggjast til klåre definerte organisasjonsledd og at ein intensiverer opplæringa av personellet i etaten.