2. Om losgebyr

    I kapittel 2 i St.meld. nr. 43 blir det vist til at det kystgebyret vi har no, har heimel i loslova frå 1948 og vart sett i verk 1. september 1982. Det har vore gjort nokre endringar i reglane etter dette.

       Kystgebyret er delt i to delar: Alminneleg kystgebyr og spesielt kystgebyr.

       Til no har Stortinget kvart år vedteke at det alminnelege kystgebyret skal dekkje 20 % av utgiftene for fyr- og merketenesta og alle utgiftene for den statlege istenesta.

       Dette gebyret blir kravd opp frå betalingspliktige farty første gongen dei seglar inn i norsk farvatn og siste gongen dei seglar ut. Gebyret blir rekna ut på bakgrunn av bruttotonnasjen for fartyet. Satsen for 1993 var kr 0,22 pr. brt.

       Når det nye losbetalingssystemet blir teke i bruk og resten av den gamle loslova fell bort, vil heimelen for å krevje gebyr for fyr- og merketenesta bli ført over til hamne- og farvasslova.

       Det spesielle kystgebyret dekkjer i dag alle kostnadene ved lostenesta. Alle farty over 100 brt. i trafikk mellom Noreg og utlandet har plikt til å betale kystgebyr utan omsyn til kva flagg dei fører.

       Lospliktige farty betalar spesielt kystgebyr for innsegling, utsegling og segling langs norskekysten.

       Farty under utanlandsk flagg betaler om lag 75 % av det spesielle kystgebyret.

       Ny loslov av 1989 vart sett i kraft den 1. januar 1993 med unntak for dei delane som gjaldt gebyrsystemet. Desse delane av lova er framleis ikkje sett i verk.

       I kapittel 3 i St.meld. nr. 43 blir det vist til ei arbeidsgruppe med representantar frå skipsfartsnæringa, Utanriksdepartementet, Fiskeridepartementet og Kystdirektoratet som i august 1988 fekk i oppdrag å utarbeide forslag til føresegn for losgebyr etter den nye loslova.

       På grunnlag av dei vurderingane som gruppa gjorde og dei retningslinjene ho kom fram til, laga Kystdirektoratet forslag til ordlyd for ei føresegn om losgebyr. Dette forslaget, saman med rapporten frå gruppa, har vore ute på ei brei høring. Utdrag av høringsfråsegnene er teke inn i meldinga.

       Vurderingane og forslaga frå arbeidsgruppa går nærare fram av kapittel 3.1 i St.meld. nr. 43.

       Departementet vil foreslå at dei gruppene som har losplikt, samstundes skal vere pliktige til å betale losberedskapsgebyr.

       Etter departementet sitt syn vil det difor vere farty over 500 BT i utanriks fart og farty over 300 eller 100 BT med farleg eller forureinande last som samstundes skal vere pliktige til å betale losberedskapsgebyr innafor grunnlina utan omsyn til kva farvatn dei seglar i.

       Alle farty utan omsyn til storleiken lyt betale beredskapsgebyr når dei fører særs farleg eller forureinande last.

       Departementet peiker på at denne avgrensinga av betalingsplikta vil føre til at det blir om lag dei same gruppene som i dag, trafikken mellom Noreg og utlandet, som vil betale for lostenesta.

       Frå 1994 vart kostnadene til losoldermannskontora overførte frå kap. 1060 Kystadministrasjon til kap. 1066 Lostenesta. Desse kostnadene må reknast til systemkostnadene (kostnadene ved å halde oppe ein losberedskap).

       Etter departementet si vurdering er om lag halvparten av dei samla kostnadene i lostenesta å rekne som systemkostnader. Det vil seie at beredskapsgebyret skal dekkje om lag halvparten av løyvinga på kap. 1066 Lostenesta. Losingsgebyret skal dekkje resten.

       Departementet sluttar seg til forslag frå arbeidsgruppa om at både tidsbruken og distansen blir lagt til grunn for utrekninga av losingsgebyret.