3. Utlånsverksemda i 1992 og 1993

     I Nasjonalbudsjettet 1992 blei ramma for løyvingar av nye lån i Kommunalbanken sett til i alt 3.000 mill. kroner. Som det går fram av omtalen i Kredittmeldinga 1991 og 1992 (St.meld. nr. 17 (1993-1994)) vart ramma for utlån i 1992 i Kommunalbanken nytta fullt ut. Som følgje av endringane i skattereglane frå og med 1992 fall innvilgningsramma for banken sine utlån i form av grunnkjøpsobligasjonar bort. Ordninga med delrammer for utlåna under Kommunalbanken blei avvikla i 1991, og det blei i staden fastsett kvalitative retningsliner for banken si prioritering av lån. Dette gjev Kommunalbanken høve til å vere meir fleksibel med utlåna sine, og banken har såleis kunne finansiere prosjekt som det ikkje var adgang til å finansiere før systemet med delkvotar blei avvikla. Fleire kommunar har m.a. fått samla sine låneopptak til eitt samlelån for å dekkje dei investeringane som skal gjerast i løpet av året. I Nasjonalbudsjettet 1993 blei ramma for løyvingar av nye lån i Kommunalbanken sett til i alt 3.100 mill. kroner. Ramma vart nytta fullt ut.

       Dei kvalitative retningslinene for banken si prioritering av lån blei fastsette i 1991. Etter som det er nokre år sidan retningslinene blei fastsette, har departementet tatt eit initiativ for å vurdere om det er tenleg å endre retningslinene. Ein kjem tilbake til dette i samband med Salderingsproposisjonen 1995.

       Kommunalbanken har korkje i 1992 eller 1993 godkjent søknader om utsetjing med betaling av avdrag, men har i nokre høve gått med på å forlenge løpetida på lån som er gitt til opparbeiding av bolig- og næringsområder. Mot slutten av 1993 løyvde banken enkelte lån til refinansieringar. Kommunalbanken har prioritert lån til nyinvesteringar og det var difor berre eit fåtal kommunar som fekk refinansiert lån til gunstigare rentevilkår.

       Uteståande garantiar frå Kommunalbanken for lån i andre kredittinstitusjonar til skular gjekk i 1992 ned med om lag 132 mill. kroner frå 437 mill. kroner til 305 mill. kroner. I 1993 gjekk garantiansvaret ytterlegare ned med om lag 78 mill. kroner til 227 mill. kroner.

       Frå og med 1. januar 1991 har Kommunalbanken sjølv kunne fastsetje si utlånsrente. Gjennom heile 1992 held banken fast si p.t. rente på 10,5 % p.a. Bankens kundar vart og tilbode lån med fast rente frå 1-5 år og lån med rente knytta til 3-månaders NIBOR. I 1993 sette banken 7 gonger ned si p.t. rente på lån utbetalt frå og med 1. mars, frå 10,5 % p.a. i januar til 6 % p.a. mot slutten av året. Renta på p.t-lån utbetalt før 1. mars vart sett ned 5 gonger frå 11 % p.a. til 7,75 % p.a. Renta på p.t-lån er sett ytterlegare ned i 1994 og ligg no på hhv. 6,0 % og 6,5 % p.a. for lån utbetalt før og etter 1. mars 1993. Kommunalbanken tek sikte på å etablere ei felles rente på nye og gamle p.t.-lån så snart innlånskostnadene er tilpassa dei nye marknadsrentene.

       Lån med oppgjer i grunnkjøpsobligasjonar blei forrenta med 11 % p.a. i 1992, men vart frå og med 1. juli 1993 redusert til 10,25 % p.a.

       Komiteen har merket seg at Kommunalbanken har en sentral rolle som kredittgiver overfor kommune-Norge og brukte sine utlånsrammer fullt ut i 1992 og 1993. Dette viser at Kommunalbanken i denne perioden med store endringer i rentenivået har hatt lånetilbud som har vært et gunstig alternativ for kommunene sammenlignet med andre kredittinstitusjoner.

       Komiteen peker på at det generelt høye rentenivået i Norge skapte økonomiske vanskeligheter for kommuner med høy gjeld.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen, viser til at Kommunalbanken i hele 1992 holdt banken fast på en p.t. rente på 10,5 % som var betydelig lavere enn det andre kredittinstitusjoner opererte med. På slutten av 1993 var p.t. renten nede i 6 %.

       Flertallet mener at Kommunalbanken er et viktig banktilbud for offentlig sektor og flertallet vil dessuten peke på at banken har fungert som et viktig korrektiv overfor private finansieringsinstitusjoner innen det kommunale lånemarkedet.

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen er enig i at Kommunalbanken i forhold til kommunene har fungert som en konkurrent og et korrektiv til det øvrige bankvesen. Disse medlemmer vil imidlertid bemerke at formidling av store lån med lav risiko til den kommunale sektor, innlånt med statlig garanti, innebærer en konkurransemessig favorisering i forhold til det øvrige bankvesen som uten statsgaranti har til oppgave å skaffe lånefinansiering til husholdninger og bedrifter, hvor risikoen er langt større.

       Komiteen viser til at retningslinjene for bankens tildeling av lån ble fastsatt i 1991. Komiteen har merket seg at departementet vil komme en vurdering om endring av retningslinjene i Salderingsproposisjonen 1995.