1. Samandrag

     Meldinga gjev ei brei oversikt over Europarådet si verksemd og Noreg si deltaking i rådet sitt arbeid på regjeringsplan i 1993.

       I vedlegg 1 til meldinga er det gjort greie for dei politiske drøftingane i Ministerkomiteen og i komiteen av faste representantar. Vedlegg 2 gjev ei oversikt over nye konvensjonar og avtalar, Europarådet sitt budsjett og Noreg sin del av budsjettet for 1993 og eit oversyn over resolusjonar og tilrådingar til medlemslanda vedtekne av komiteen av faste representantar i 1993. Vedlegg 3 gjer greie for det mellomstatlege samarbeidet på hovudområda i 1993. Vedlegg 4 inneheld ei oversikt over fagministerkonferansar i 1993. Vedlegg 5 oppsummerer Europarådet sitt føremål og organisasjon, medan vedlegg 6 inneheld fråsegna frå toppmøtet i Wien 8.-9. oktober 1993.

       I meldinga blir det vist til at 1993 var eit merkeår for Europarådet. Seks nye land: Estland, Litauen, Den tsjekkiske republikken, Slovakia, Romania og Slovenia, slutta seg til organisasjonen. Talet på medlemsland kom med dette opp i 32. Denne auken markerte eit langt steg fram mot den opphavlege målsetjinga for Europarådet frå 1949 om å bli eit all-europeisk forum. 1993 var dessutan det året då Europarådet for første gong i si 44-årige historie arrangerte eit toppmøte for stats- og regjeringssjefane i medlemslanda. Toppmøtet, som fann stad i Wien 8.-9. oktober 1993, var ei markering av at tida var inne for å sjå nærare på Europarådet si rolle i det nye Europa. Tilhøvet til dei nye medlemslanda og til søkjarlanda stod difor sentralt. I fråsegna frå toppmøtet vart det stadfesta at medlemskap i Europarådet for desse landa var ein sentral faktor i arbeidet med å byggje opp det nye Europa grunna på hovudprinsippa for Europarådet si verksemd: Demokrati, vern om menneskerettane og rettsstaten. Dei viktigaste vedtaka på toppmøtet gjaldt reform av kontrollsystemet for menneskerettar, utarbeiding av to rettslege instrument for vern av minoritetar og ein europeisk handlingsplan mot rasisme. Det vart og fatta vedtak om å gje konferansen for lokale og regionale styremakter status som rådgjevande organ, noko berre Parlamentarikarforsamlinga hadde hatt tidlegare. Handlingsplanen mot rasisme var opphavleg eit norsk initiativ, som Statsministeren la fram som ei oppfølgjing av den norske kampanjen mot rasisme i regi av dei politiske ungdomsorganisasjonane.

       I meldinga blir det peika på at dei tre nemnde hovudsakene understrekar Europarådet si sentrale rolle i handsaminga av etniske konfliktar, som truleg vil vere ei av dei største utfordringane i Europa dei komande åra. Vedtaka om reform av kontrollsystemet for menneskerettar og rettslege instrument for vern av minoritetar går direkte til kjernen av all verksemd i Europarådet: Å juridisk forankre politiske plikter på område som står sentralt i vern av menneskerettane og utvikling av demokratiet. Vedtaket av handlingsplanen mot rasisme innebar at ein fekk gjennomslag for det meste av det som låg i det opphavlege norske forslaget. Planen omfattar tre hovudelement: Ein ungdomskampanje mot rasisme; oppretting av ei permanent gruppe som skal føreslå tiltak mot rasisme og samstundes syte for at medlemslanda fylgjer opp pliktene sine; og integrering av temaet i det internasjonale samarbeidet generelt.

       I meldinga blir det vidare vist til den vekt Europarådet legg på tilhøvet til dei nye medlemslanda og søkjarlanda ved at sambandet med desse var tema for ei uformell samling like før toppmøtet. Hit var og søkjarlanda inviterte - dvs. Albania, Belarus, Kroatia, Latvia, Moldova, Russland og Ukraina. Utvidingsprosessen står i dag i sentrum for mykje av verksemda i Europarådet. Utvidinga inneber både ei styrking av Europarådet, og ei utfordring til organisasjonen. Europarådet kjem truleg i løpet av få år til å omfatta det meste av det geografiske Europa, noko som gjev samarbeidet ei heilt anna tyngd enn tidlegare. Dette styrkjer arbeidet med å fremja Europarådet sine målsetjingar på alle dei områda samarbeidet femner: Menneskerettar, media, sosiale og økonomiske spørsmål, utdanning, kultur og sport, ungdom, helsestell, regional planlegging, kulturminnevern og naturforvalting, regionalt og kommunalt samarbeid og juridisk samarbeid. Gjennom utvidinga blir Europarådet stadig meir mangfelt. Grunna si nære fortid har ikkje dei nye medlemslanda same tradisjonar når det gjeld demokrati, rettsstat og menneskerettar som dei gamle. Ønsket om å binda seg folkerettsleg til slike allmenne normer er nettopp hovudgrunnen til at dei nye demokratia i den tidlegare austblokka har søkt medlemskap i Europarådet. Medlemskap blir dessutan sett på som ei internasjonal anerkjenning av desse landas status med omsyn til grunnleggjande demokrati- og rettsnormer, og dermed som ein viktig føresetnad for deltaking i andre europeiske organisasjonar.

       I meldinga blir det minna om at Europarådet si verksemd andsynes landa i den tidlegare Austblokka i dag femner om alle dei tidlegare sovjetrepublikkane, med unntak av Tadsjikistan. Frå norsk side har ein støtta det synet at Europarådet har ei rolle å spela i demokratibygginga i aust. Støtte frå Europarådet skal difor ikkje avgrensast til eit strengt definert Europa. Samstundes er det klart at ein i røynda arbeider ut frå ei differensiering mellom tre hovudgrupper; dei europeiske, dei kaukasiske og dei asiatiske republikkane i den tidlegare Sovjetunionen. Blant søkjarlanda står Russland i ei særstilling. Frå norsk side er ein særleg oppteken av at russisk medlemskap vil innebere at ein knyter landet nærare til europeiske samarbeidsstrukturar. Gjennom dette vil ein samstundes støtte demokratiseringsprosessen i landet.

       I fråsegna frå toppmøtet i Wien vart det framheva at samarbeidet mellom Europarådet og andre organisasjonar er ein viktig føresetnad for å nå målsetjinga om demokratisk tryggleik. Effektiv utnytting av dei knappe ressursane ein rår over krev både arbeidsdeling og samordning. Høvet til EU og KSSE (no OSSE) vart nemnde spesielt i så måte. Utvikling av felles prosjekt retta mot Sentral og Aust-Europa er ei prioritert oppgåve i sambandet med EU. Samarbeidet med OSSE er og svært aktuelt, særleg innan den menneskelege dimensjonen, med Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og med Høgkommissæren for minoritetar. Aktuelle tiltak er m.a. deltaking i møte, utveksling av informasjon og samarbeid om assistanse til dei nye medlemslanda.

       I meldinga blir det opplyst at Den europeiske menneskerettskommisjonen til saman fekk 9.323 saker og registrerte 2.037 klager om brot på Menneskerettskonvensjonen i samsvar med artikkel 25. Mellom dei 1765 sakene som Kommisjonen handsama, vart 1547 avviste, medan dei resterande 218 vart godtekne for vidare handsaming. Kommisjonen tok imot 31 klager frå norske statsborgarar. Av desse vart 18 registrerte. To norske saker vart godtekne i 1993. Kommisjonen gjorde seg i 1993 ferdig med 204 saker. Den europeiske menneskerettsdomstolen fekk i 1993 52 saker til handsaming og avsa 60 dommar. Ved årsskiftet 1993/94 hadde Kommisjonen 2.746 registrerte saker som skulle handsamast, medan Domstolen hadde att 57 saker til vurdering. Ein stadig auke i talet på nye saker var ei viktig årsak til vedtaket på Europarådet sitt toppmøte om å innføre ei reform av kontrollsystemet for menneskerettar.

       Fondet for sosial utvikling er knytt til Europarådet ved ein delavtale, som Noreg slutta seg til i 1978. Fondet si verksemd er basert på kapital teikna av medlemslanda og akkumulerte reservar. I 1993 vart prosjekt for til saman 7 mrd. NOK godkjende, medan 4,3 mrd. NOK vart utbetalt. Tyrkia var i 1993 den største låntakaren, føre Hellas og Kypros. Fondet budde seg i 1993 på å ta opp nye medlemsland frå Sentral- og Aust-Europa.

       I meldinga blir det vist til at Noreg har vore med i delavtalen om Nord/Sør-senteret sidan det vart skipa i 1989. Hovudmålsetjinga med Senteret er å auke kunnskapen om tilhøvet mellom landa i Nord og Sør. Komiteen av faste representantar gjorde i juni 1993 vedtak om at drifta av senteret skal halde fram på permanent basis etter at prøveperioden på tre år då var avslutta.

       Noreg ratifiserte i 1993 Den europeiske konvensjonen om grenseoverskridande fjernsyn, ein konvensjon om deltaking av utlendingar i offentleg liv på lokalt nivå, protokoll nr. 1 og 2 til Den europeiske konvensjon for førebyggjing av tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straffemetodar, Den europeiske pakta for regional- eller minoritetsspråk og Tilleggsprotokollen til Den europeiske Sosialpakta. Den europeiske konvensjonen om flytting av dømde personar, som Noreg er tilslutta, kom i kraft i 1993.

       I meldinga blir det og opplyst at Europarådet sitt ordinære budsjett for 1993 var på FRF 743 mill. Medrekna finansiering av pensjonar og ulike delavtalar som Noreg er med i var det norske tilskotet til Europarådet i 1993 på til saman FRF 11,468,930. I tillegg kom eit tilskot på FRF 1,2 mill. til m.a. Støttefondet for Kinematografisk og Audiovisuell produksjon i Europa.