3. Komiteens merknader

     Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Johan M. Nyland, Ola Røtvei, Magnar Sætre og Solveig Torsvik, frå Senterpartiet, Johanne Gaup, Nils Arild Johnsen og Terje Sandkjær, frå Høyre, Ole Johs. Brunæs, Oddvard Nilsen og Leif J. Sevland, frå Sosialistisk Venstreparti, fung. leder Inge Myrvoll, og frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad, vil vise til følgjande fråsegn frå Samferdselsdepartementet i brev av 24. februar 1995:

       « Stortinget har fastlagt at Postverket si drift skal vere sjølvfinansierande ut over den kompensasjon staten gjev for meirkostnadene ved å halde ved lag eit samfunnspålagt nett.
       Stadig auke i konkurransen innafor Postverket sine tenester gjer at Postverket må redusere kostnadene for å sikre sin posisjon som ei sterk infrastrukturbedrift. Den teknologiske utviklinga gir mindre etterspurnad etter skranketenester. Det samla talet på ekspedisjonar ved postkontora er redusert med 28 millionar eller 15,5 prosent i perioden 1991-94. I år reknar ein med at denne ytterlegare vil gå ned med 6 prosent. Av Postverket sine samla inntekter er det berre omlag 30 prosent som skriv seg frå Postens enerettsområde. 70 prosent av sine totale inntekter henter Postverket såleis i konkurransemarkedet. Av i alt 2.415 postkontor står 1.415 av desse for 94 prosent av Postverket sine inntekter. Det er også grunn til å merke seg at 95 prosent av Postverket sine inntekter kjem frå næringslivet og offentleg verksemd, 5 prosent frå private.
       Dersom Postverket ikkje får lov til å gjere naudsynte tilpassingar i nettet vil det raskt føre med seg meirkostnader av vesentleg storleik for samfunnet. I den konkurransesituasjon Postverket er i, kan ein heller ikkje utan vidare auke portoen, då det vil føre til at postkundane i større grad går over til å nytte alternative tilbod frå private selskap, telefaks eller elektronisk post. Meirkostnadene for å halde oppe den bedriftsøkonomiske ulønsame delen av postnettet er i dag rekna til omlag 760 mill. kroner. Av dette finansierer Postverket f.t. sjølv 545 mill. kroner og staten 215 mill. kroner.
       Fleirtalet i komiteen, Arbeidarpartiet og Høgre, uttaler òg i B.innst.S.nr.II (1994-1995) at det « mener at utviklingen av postkontornettet bør tilpasses de brukerbehov som det til enhver tid skal betjene. I motsatt fall vil det være å sløse med de offentlige ressursene og en nedprioritering av mange viktige oppgaver ». Samferdselsdepartementet/Regjeringa er samd i dette.
       Det viktige framover er å sikre et servicenivå med god tilgjenge for befolkninga i heile landet gjennom eit samla tilbod av postkontor, kontraktskontor, landpostbod, elektronisk nett m.m. Samansettinga av nettet/beteningsformene må tilpassast dei endringane som skjer i tida. Kombinasjonen av postkontor og butikk kan t.d. redde mange nærbutikkar, og for mange kan landpostbod gi eit like godt servicetilbod som postkontoret, eller kanskje enda betre.
       Strukturelle endringar som inneber oppretting/nedlegging av postkontor eller bortsettting av postkontor på kontrakt, skjer i samsvar med retningsliner som følgjer av Stortingets behandling av St.meld. nr. 17, jf. Innst.S.nr.144 (1991-1992) og St.prp. nr. 49, jf. Innst.S.nr.185 (1993-1994).
       Postverket har planar om å leggje ned 50 postkontor i 1995. Eg viser her òg til svar, sendt Stortinget frå Finansdepartementet 13. desember 1994, på spørsmål 22 c) av 11. desember 1994 frå Senterpartiet om statsbudsjettet for 1995.
       Det er ikkje lagt konkrete planar for seinare år, men samfunnsutvikling og teknologisk utvikling tilseier at talet på postkontor fortsatt vil gå noko ned. Samfunnsutviklinga har heilt sidan 1950-talet gitt nedgang i talet på postkontor. Ein del kontor vil òg bli satt bort på kontrakt til butikkar o.l. Førebels opplysningar kan tyde på at det kan dreie seg om maksimalt 37 kontor i år.
       Ein nasjonal plan for antall postkontor vil ikkje vere eit høveleg verktøy på eit felt som dette, jf. Stortingets mål om eit kvalitativt høgt servicenivå i alle delar av landet. Den overordna styringa av Postverket bør som i dag skje ut frå dei rammevilkåra Stortingets behandling av postmeldingar, budsjettproposisjonar og andre proposisjonar m.m. gir. Stortinget vil minst ein gong kvart år ta stilling til stoda på postområdet ved behandlinga av St.prp. nr. 1, kor løyving til statens betaling for meirkostnader til bedriftsøkonomisk ulønsam del av postnettet vert gitt.
       Kommunanes deltaking i planleggingsprosessar, og klager på postsjefars avgjerder, er behandla i St.prp. nr. 49 og Innst.S.nr.185 (1993-1994). Det vert lagt særleg stor vekt på kommunane sitt syn i planleggingsprosessar som vedkjem postkontornettet m.m. Postverket er den som overfor overordna styresmakter er ansvarleg for oppfylling av samfunnspålagte plikter på dette område, og for at desse vert oppfylt for landet samla sett. Det må derfor fortsatt vere slik at dei endelege vedtak om oppretting, nedlegging eller bortsetting av kontor på kontrakt vert gjort av Postverket. Dette følgjer også av at det er Postverket som har det økonomiske og budsjettmessige ansvaret for verksemda.
       Ein kommune kan klage ein postsjefs avgjerd inn for Postens sentralleiing. Dette er no formalisert. Eg kan ikkje tilrå ei ordning kor departementet overprøver Postverkets faglege vurderingar og skjøn i vedtak på dette område. I nemnde Innst.S.nr.185 uttrykker komiteens fleirtal, medlemane frå Arbeidarpartiet og Høgre, « tilfredshet med at det tas inn retningslinjer som gir en kommune mulighet til å påklage postsjefens avgjørelse til Postens sentralledelse.
       Frå 1. januar 1992 er Postverket administrativt delt i 12 postregionar og 61 områdepostkontor. Postverket evaluerer no den interne organisasjon i regionane, under dette talet på områdepostkontor, leiarstruktur og rollefordelinga mellom regionsjef og områdesjef. Evalueringa er ikkje avslutta. Ein overordna strategi for effektiviseringsarbeidet i Postverket er m.a. at alle arbeidsområder skal effektiviserast. Ein legg særleg vekt på å effektivisere administrasjon og leiingsfunksjon, jf. punkt 4.4 i St.meld. nr. 17 (1991-1992). Det er derfor naturleg at Postverket igjen vurderer talet på områdekontor innafor den enkelte postregion.
       Etter dette vil Samferdselsdepartementet frarå at det vert laga ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet. Departementet legg til grunn at behandling av saker om m.a. nedlegging av postkontor, og klagar om dette, fortsatt bør skje i samsvar med retningsliner som følgjer av tidlegare behandlingar av desse spørsmål i Stortinget. »

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, slutter seg til departementets konklusjon om at en nasjonal plan for det framtidige postkontornettet ikke er et egnet redskap for å skape et solid og framtidsrettet postverk for alle. Videre bør behandlingen av omlegginger av postservicen, og klager om dette, skje i samsvar med de retningslinjer som allerede er fastlagt av Stortinget.

       Flertallet vil streke under at tidligere målsettinger fortsatt ligger fast. Folk, bedrifter og offentlig virksomhet skal sikres et godt og likeverdig tilbud i alle deler av landet, med klare mål for framsendelse av brev og pakker, betalingsformidling i hele nettet og lik pris. Skal disse måla opprettholdes, må Postverket sikre sine inntekter ved å møte den økende konkurransen fra andre aktører.

       Flertallet viser i denne sammenhengen til at Postverkets kunder velger å ta i bruk de beste og rimeligste mulighetene. Dette stiller krav til at Postverket, på linje med konkurrentene, har god tilgjengelighet og tar ny teknologi i bruk. Ved utforming av Postverkets tilbud og drift må det tas hensyn til dette, men også den generelle samfunnsutvikling som f.eks. endringer i bosettingsmønster og nye transporttilbud.

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til at det har vore eit viktig politisk mål å oppretthalde eit likeverdig postservicetilbod i alle deler av landet. Signala som er kome om nedlegging av postkontor, og som også blir stadfesta i uttale frå departementet i brev av 24. februar 1995, gjev etter desse medlemene sitt syn grunn til bekymring. Desse medlemene meiner at staten også i framtida må vere viljug til å betale for den ulønsame delen i postnettet.

       Desse medlemene vil streke under den verdi postkontornettet har for det totale servicenivået i nærmiljøet i både by og landdistrikt. Eit godt tilgjengeleg postnett er ein viktig føresetnad for næringsliv og busetjing i heile landet. Desse medlemene viser til at god postservice er viktig for lokalisering og etablering av næringsverksemd i ulike strøk av landet. Sjølv om postservicen er ei statleg oppgåve, bør den totale postservicen i kommunen også vere ein naturleg del av den kommunale nærings- og tiltaksplanlegginga. Desse medlemene meiner også dette er viktig for byplanleggingsarbeidet.

       Desse medlemene viser til at ein stor del av Postverket si verksemd er konkurranseutsett, samtidig som teknologisk utvikling raskt endrar dei samfunnsmessige behova for tenester. Vi står overfor ein rask vekst i elektronisk post og elektronisk betalingsformidling. Desse medlemene meiner at dette set store krav til Postverket om å møte den nye teknologiske situasjonen, samtidig med krav om å oppretthalde servicenivået for framsending av brev, pakkar, samt betalingsformidling i heile postnettet, og til lik pris. Desse medlemene ser at visse omstruktureringar i postnettet kan vere nødvendige. Målsetjinga om likeverdig postservice i heile landet må likevel liggje fast.

       Desse medlemene vil peike på at erfaring viser at landpostbod, t.d. kombinert med kontraktspostkontor ved nærbutikk, også kan gje god postservice. Det er viktig at nærbutikkane får tilstrekkeleg betalt for utførte tenester for Postverket. Dette kan føre med seg at fleire butikkar vert oppretthaldne i distrikta. Desse medlemene viser i den samanheng til svar frå departementet på spørsmål om gjennomsnittskostnad for Postverket ved overgangen til kontraktspostkontor pr. postkontor pr. år, der departementet i brev av 3. april 1995 opplyser følgjande:

       « Innsparinga ved omlegging av posttenesta i Hjartdal, da ein oppretta kontraktspostkontor ved butikken, utgjorde i flg. Postverket i alt kr 125.000 pr. år. Det tilsvarer ein reduksjon på 62 % i høve til tidlegare kostnader for posttenesta i vedkommande område. Butikkeigaren får utbetalt kr 22.318 pr. år for postarbeidet. »

       Desse medlemene viser til forsøk med offentleg servicesenter, der kundar kan få fleire offentlege tenester utført. Desse medlemene er positive til at desse forsøka held fram.

       For å sikre eit likeverdig servicetilbod med god tilgjenge for folk i alle deler av landet, meiner desse medlemene at ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet der kriterie for postservicen vert fastlagt, er ein viktig reiskap. Postkontornettet gjeld også kontraktspostkontor og landpostbod.

       Desse medlemene viser til at det i dokumentforslaget vert lagt opp til at kommunane skal sikrast ein større innverknad på korleis postservicen skal vere i den enkelte kommune. Desse medlemene er klår over at Stortinget ved fleire høve har understreka at kommunane må trekkjast sterkare inn i planleggingsprosessar som gjeld postkontornettet. Men erfaringane viser at det ikkje vert tatt omsyn til kommunane sitt syn i ankesaker. Dette går også fram i svarbrev frå Samferdselsdepartementet av 3. april 1995 der følgjande blir sagt:

       « Postverket opplyser at Postens sentralleiing i tida 1.01.1993-30.03.1995 fekk i alt 23 klager frå kommunar på Postverket sitt vedtak om nedlegging/omlegging av postkontor. Ingen av klagene er tekne til følgje. »

       For å sikre at kommunane får større innverknad, meiner desse medlemene at det er naudsynt å endra regelverket i ankesaker. Desse medlemene går inn for at i ankesaker, der kommunane har anna synspunkt enn Postverket, er det departementet som er endeleg ankeinstans.

       Desse medlemene vil streke under at i planleggingsprosessar som gjeld postkontornettet, er det viktig at kommunane får vere med å utforme ordninga lokalt.

       Desse medlemene vil fremje følgjande forslag:

« 1.

       Stortinget ber Regjeringa utarbeide ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet, der det vert trekt opp nasjonale kriterium for å sikre ein likeverdig postservice i alle delar av landet, og der kommunane får ein større innverknad på korleis postservicen skal vera i den enkelte kommune.

  2.

       Stortinget ber Regjeringa instruere Postverket om å vere ytterst varsam med å leggje ned postkontor inntil ein slik plan er handsama av Stortinget.

  3.

       Stortinget ber Regjeringa utarbeide eit regelverk der Regjeringa ved Samferdselsdepartementet er ankeinstans. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at dagens tilknytningsform for Postverket ikke gir bedriften den nødvendige handlefrihet til å møte de utfordringer som bedriften står framfor. Denne friheten er nødvendig fordi - i raske omstillinger relatert til utviklingen - er en slik handlefrihet en forutsetning for å kunne bevare og trygge arbeidsplassene.

       Disse medlemmene mener dette kun kan oppnås ved å gi Postverket den friere stilling gjennom en A/S form.

       Disse medlemmene vil peke på at Høyre gjentagende ganger har fremmet forslag om dette i Stortinget, men dessverre blitt nedstemt.