2. Komiteen sine merknader

      Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, har merka seg at samarbeidet på parlamentarisk nivå no er kome inn i eit nytt spor. Gjennomføringa av d.s. reformprosessen medfører m.a. at innsatsen framover blir konsentrert om tre tyngdepunkt. Det første handlar om Norden sitt tilhøve til Europa/EU/EØS, det andre om det tradisjonelle nordiske samarbeidet, det tredje om nordisk politikk i nærområda. Rådet har endra sin utvalsstruktur i tråd med dette. Etter den nye ordninga vil samarbeid basert på fagkomitéar, slik tradisjonen er i dei nasjonale parlamenta, langt på veg bli erstatta av eit komitéarbeid som konsentrerer seg om geografiske område.

       Fleirtalet meiner ei slik endring i første rekkje vil føre til ei sterkare fokusering av såvel internasjonale spørsmål som saker i våre nærområde, dvs. at dei større utanrikspolitiske perspektiva blir tillagt meir vekt i det nordiske samarbeidet framover. I lys av denne nye situasjonen vil fleirtalet minne om ei fråsegn eit stort fleirtal slutta seg til i Innst.S.nr.99 (1994-1995). Der heiter det: « Jamvel om mange saker framover vil vera knytt til EU eller avtaleverket i EØS, tilseier geografisk nærleik, språkfellesskap og felles verdiar at det spesifikt nordiske blir ei viktig drivkraft framover ». Det blir såleis ei viktig oppgåve å finna ein god balanse mellom dei nasjonale, regionale og internasjonale omsyna i det vidare arbeidet. Fleirtalet meiner det er viktig så langt som mogeleg å freista å samordne nordiske haldningar også i framtida.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil peike på at bortfall av fagkomitéar kan føre til at sambandet mellom Rådet og parlamenta i medlemslanda kan bli veikare, serleg om utviklinga fører til at nordiske parlamentarikarar ikkje som før får tilstrekkeleg høve til å ta del i utveksling av erfaringar og kunnskapar innan sine respektive område. Dette tilseier at den organisatoriske nyordninga blir fylgd opp med fleksibel bruk av arbeidsgrupper og underutval, når situasjonen krev det.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, vil samtidig minne om at partigruppene kan spela ei meir aktiv rolle enn tidlegare. Gjennom denne kanalen kan det nasjonale politiske miljø gjera seg sterkare gjeldande i Nordisk Råd.

       Fleirtalet har merka seg at det nordiske budsjettet er blitt redusert i det siste, og at alle medlemsland, med unntak av Sverige, er samde om at denne utviklinga er uheldig. Fleirtalet vil understreke at relativt små midlar i dag blir kanalisert til nordisk samarbeid. Fleirtalet meiner det difor må vera ei viktig oppgåve å arbeide for at budsjettet blir tilført tilstrekkelege midlar i tida framover. Ei anna oppgåve er å utdjupe samarbeidet mellom dei offisielle nordiske samarbeidsorgana og det frivillige organisasjonsarbeidet i Norden.

       Fleirtalet ser det som viktig at dei nordiske landa aktivt tek del i eit nært samråd om spørsmål som er oppe til drøfting og avgjerd i EU/EØS-organ.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, meiner det likevel er på det reine at Rådet ikkje kan eller bør fungere som eit saksførebuande organ i unionsspørsmål. Derimot ligg tilhøva til rette for å drøfte meir generelle problemstillingar, slik temakonferansen om EUs framtidige planar inviterer til. Dette fleirtalet meiner det er viktig at Nordisk Råd legg ein all-europeisk synsvinkel til grunn for sitt vidare arbeid.

       Fleirtalet, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, meiner at i ein situasjon der Danmark, Finland og Sverige er med i EU, medan Island og Norge står utanfor, vil felles rådslag om internasjonale spørsmål ha stor verdi.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti meiner det no er viktig å dra fordeler av situasjonen som er etablert i Norden i kjølvatnet av utfallet av folkerøystingane om EU.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, konstaterer at det er full oppslutning i dei nordiske landa om å føre vidare den nordiske passunionen.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, understreker at det er ønskelig å finne løsninger som bevarer den nordiske passfrihet. Samtidig er flertallet opptatt av at området med passfrihet utvides til å gjelde større områder enn Norden. Derfor støtter flertallet norsk tilknytning til Schengen-samarbeidet, og håper at de pågående forhandlinger kan lede fram til et tilfredsstillende resultat for Norge.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti konstaterer at eit Schengen-samarbeid er uaktuelt for alle dei nordiske landa dersom Norge og Island ikkje ynskjer å slutte seg til dette. Desse medlemene viser elles til sin motstand mot viktige deler av Schengen-avtalen.

       Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti vil understreke ønskeligheten av å opprettholde passfriheten i Norden, men vil peke på at stillingstagen til evt. tilknytning til Schengen-samarbeidet først kan skje når det foreligger et forhandlingsresultat. I den forbindelse vil Kristelig Folkeparti også vektlegge spørsmål som narkotikakontroll og flyktningepolitikk.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd med Regjeringa i at aukande global integrasjon gjer det meir aktuelt å styrkje den nordiske identiteten. Kultur og undervising vil difor vera viktige satsingsområde i åra framover. Meldinga varslar at kulturministrane vil fremje nytenking og fleksibilitet i det nordiske kultursamarbeidet. Difor har ein frå norsk side teke initiativ til ein temasesjon i Nordisk Råd, med sikte på å skape brei debatt om kulturpolitikkens rolle. Fleirtalet seier seg glad for dette, og finn det dessutan verdfullt at ministerrådet samtidig vil leggje større vekt på utvikling av forskingsprogram som tek utgangspunkt i det spesifikt nordiske, både på det kulturelle og sosiale området. Også innan det regionalpolitiske området ligg tilhøva til rette for eit utvida samarbeid.

       Fleirtalet har merka seg at arbeidsprogrammet for dei nordiske nærområda no omfattar eit vidt register av tiltak, og at innsatsen i Barentsregionen, St. Petersburg-området og Kaliningrad ikkje medfører mindre satsing i Baltikum. Det er likevel grunn til å minne om at det norske engasjementet i dei baltiske statane er relativt lite. Under behandlinga av Handlingsprogrammet for Øst-Europa gjekk difor det store fleirtalet i utanrikskomiteen inn for å auke satsinga i Baltikum. Fleirtalet seier seg nøgd med at samarbeidet mellom baltiske og nordiske institusjonar er i god utvikling, noko som m.a. kjem til uttrykk ved at Baltisk forsamling og Nordisk Råd vil avvikle eit felles møte i Vilnius i april 1996. Fleirtalet har også merka seg at det nordiske samarbeidet om arktiske spørsmål er i klar framgang, og at arbeid er sett igang for å utforme ein nordisk samekonvensjon.

       Fleirtalet vil elles peike på dei overordna retningsliner for samarbeid som vart skissert i Innst.S.nr.90 (1995-1996) (Handlingsprogrammet for Øst-Europa). Her heiter det m.a.:

       « Flertallet vil understreke behovet for konsentrasjon om kjerneoppgavene, som er demokratibygging, miljøtiltak - særlig i Nordvest-Russland, samt næringssamarbeidet. Utvikling av demokratiske institusjoner og rettstatstenkning er en forutsetning for at samarbeid på andre områder vil føre fram. Flertallet mener dette perspektivet må få økende betydning for oppfølgingen av Handlingsprogrammet. »

       Fleirtalet meiner desse retningslinene også høver godt som grunnlag for ein nordisk strategi i nærområda.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til sine bemerkninger i Innst.S.nr.99 (1994-1995) hvor det ble hevdet at behovet for et Nordisk Råd av parlamentarikere var falt bort ved Sverige og Finlands medlemskap i EU. Den omstrukturering av Nordisk Råd som er beskrevet i meldingen viser klart dette. Flertallet synes å være opptatt av følgende problemstilling: Behovet for det gamle Nordisk Råd er borte. La oss finne nye oppgaver som gjør at institusjonen kan opprettholdes.

       Slike nye oppgaver er funnet på papiret, men de har liten rot i virkelighetens verden av reelle behov. Dette medlem konstaterer at samarbeidet nå først og fremst dreier seg om å organisere konferanser, studiesirkler, reiser og befaringer som kan bidra til deltakernes voksenopplæring. I så måte fyller muligens aktivitetene et reelt behov. Dette medlem konstaterer at det viktige nordiske samarbeidet som skjer mellom regjeringene fortsetter, og sier seg tilfreds med det.