Vedlegg: Brev fra Samferdselsdepartementet til samferdselskomiteen, datert 22. mai 1996.

Spørsmål 5: Stamvegnettet - standardkrav

       Proposisjonen viser til at trafikkunderlag og naturmiljø kan tilsi at det stilles lavere standardkrav. Det vises her til E 10 og E 69 som eksempler, samt Kyststamvegen. E18 i Østfold er planlagt som motorveg med dimensjonerende fart 120 km/t.

- Hva er beregnet ÅDT for delstrekningen mellom Askim og svenskegrensen for den nye E18?
- Hvordan ser departementet på de naturinngrep som motorvegen innebærer, i forhold til ny E18 med riksvegstandard eller utbedring av dagens riksvegstandard?
- Hva vil de forskjellige alternativer vedr. standard innebære for investeringsbehovet?

Svar:

       ÅDT på ny E18 i år 2002 er rekna til om lag 10.000 køyretøy/døgn ved Mysen og om lag 3.500 køyretøy/døgn ved Ørje.

       Reduksjon frå motorevegstandard til ordinær riksvegstandard vil innebere at vegbreidda kan reduserast noko. På delstrekning med ÅDT mellom 5.000 og 10.000 køyretøy/døgn kan vegbreidda reduserast frå 10 m til 8,5 m. For strekninga nærast svenskegrensa, der ÅDT er lågare enn 5.000 køyretøy/døgn, kan det brukast 7,5 m breidde. Dimensjonerande fart kan reduserast med 10-20 km/t. Dette vil gjere det mogeleg å bruke skarpare kurver for eventuelt å få betre tilpassing til terrenget. Det er heller ikkje eit absolutt krav at vegen skal vere avkøyrselsfri ved lågare ÅDT enn 5.000.

       Utbetring av dagens E18 blir vurdert som uaktuelt, då svært dårleg kurvatur og mange avkøyrsler ville gjere det nødvendig med vesentleg ombygging. Dette ville gje vel så store naturinngrep som ei ny vegline, samstundes som lokal bebyggelse framleis ville få ulemper med E18.

       Dersom standarden på ny veg blir redusert til vanleg riksvegstandard, vil vegen bli bygd med mindre breidde og vil også kunne byggjast med noko skarpare kurver. I det landskapet der E18 går, vil ein slik standardreduksjon likevel berre gje marginale gevinstar med omsyn til naturinngrep. Det vil ha avgrensa verknad for terrenginngrepet om vegbredda blir redusert med 1 - 2 meter, og ei mindre stiv lineføring treng heller ikkje gje vesentleg mindre naturinngrep. Kostnadssida vil derimot bli påverka av ein reduksjon til vanleg riksvegstandard. Reduksjon i dimensjonerande fart kan gje mindre masseflytting, men samstundes auka veglengde. Desse to forholda vil langt på veg kunne oppheve kvarandre. Dersom ein ved å byggje vegen med skarpare kurver, kan redusere omfanget av kunstbyggverk som bruer, murar m.m., vil kostnadsreduksjonen likevel kunne bli monaleg. Dette er i nokon grad tilfelle for den aktuelle strekninga. I tillegg kjem kostnadsreduksjon som følgje av redusert vegbreidde. Svært grovt vurdert kan ein reduksjon av dimensjonerande fart med 10-20 km/t føre til ein kostnadsreduksjon i storleiksorden 10 %, og redusert vegbreidde kan gje ein kostnadsreduksjon på inntil 5 %.