2. Komiteen sine merknader

     Komiteen viser til Innst.S.nr.228 (1988-1989) der Stortinget slutta seg til Regjeringa si tilråding i St.meld. nr. 28 (1988-1989) om å skape større og meir slagkraftige einingar i instituttsektoren.

       Komiteen vil òg vise til Innst.S.nr.192 (1992-1993) der Regjeringa fekk Stortinget sitt samtykke til å utgreie Norges landbrukshøgskole (NLH) og Norges veterinærhøgskole (NVH) sin plass i universitets- og høgskolesystemet, institusjonane sitt forhold til landbruksforskinga og kva for departement dei burde høyre under.

       Komiteen viser vidare til at det ved kgl. res. 4. november 1993 vart sett ned eit utval som fekk i mandat å vurdere følgjande:

- NLH og NVH si oppgåve, plassering og integrering i det nasjonale utdannings- og forskingssystem med særlig vekt på forholdet til universitets- og høgskolesektoren og dei øvrige institusjonar i landbruksforskinga
- det noværande organiserte samarbeidet innan utdanning og forsking mellom høgskolane og andre institusjonar
- NLH og NVH si rolle i forhold til Landbruksdepartementet sitt sektoransvar med særlig vekt på departementet sine moglegheiter til å styre høgskolane sin innsats innan utdanning og forsking
- og gi råd om framtidig departementstilknyting.

       Komiteen er kjend med at utvalet i sin konklusjon la stor vekt på at ein framtidig organisering må ha som mål å oppnå ein optimal ressursbruk slik at fagmiljøet samla sett blir godt rusta til å møte oppgåver i framtida, og at det i den samanheng er spesielt viktig å styrke høgskolane si utvikling og framtidige rolle.

       Komiteen deler utvalet sin konklusjon på dette punktet og ser det som avgjerande for den framtidige landbruksforskinga å styrkje grunnforskinga og betre samspelet mellom grunnforsking og anvendt forsking. Komiteen meiner vidare at ressursbruken må bli betre ved til dømes å redusere dobbeltfunksjonar og betre koordineringa slik at ein kan sikre ei god forskingsbasert høgre utdanning i landbruket.

       Komiteen ser i denne samanheng behovet for at dei to høgskolane prioriterer ei styrking av sin brukarkontakt slik at høgskolane framstår som ein sentral og aktuell samarbeidspart nasjonalt som internasjonalt.

       Komiteen vil vise til Stortinget si handsaming av landbruksforskinga i B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 2 (1995-1996) der komiteen uttaler:

       « Komiteen forutsetter at en omorganisering vil ta sikte på å skape økt slagkraft gjennom bl.a tverrfaglighet, samordning og optimal resursutnyttelse, og at også det samspillet som er etablert mellom høyere undervisning, forsking, rådgivning og det praktiske jordbruket blir styrket. Dette med sikte på å øke kvaliteten gjennom hele produksjonskjeden i landbruket. »

       Komiteen viser til at ein i same innstilling ber Regjeringa leggje fram som eiga sak omorganisering og samordning av høgre utdanning og forsking innen landbrukssektoren med sikte på iverksetting 1. januar 1997.

       Komiteen meiner at proposisjonen gir ei god framstilling av omorganiseringa av dei fire kapittelinstitutta, men finn framleis behovet for ei meir grundig vurdering av dei fagpolitiske, forskingspolitiske og utdanningspolitiske spørsmåla som grunnlag for å nå målet om optimal ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og samordning av høgre utdanning og forsking innan landbrukssektoren.

       Komiteen viser til at proposisjonen legg opp til at ein innan ein fire års periode vil evaluere røynslene med den nye organiseringa.

       Komiteen vil slutte seg til departementet si tilråding og peike på at ein gjerne bør vurdere bruk av uavhengig fagkunnskap ved ein slik gjennomgang.

       Komiteen vil be om at ein gjennom evalueringa også vurderer dei fagpolitiske, forskingspolitiske og utdanningspolitiske spørsmåla i landbrukssektoren med sikte på å leggje til rette for ei god samordning og koordinering av høgre utdanning og forsking:

       « Stortinget ber Regjeringa i samband med evaluering av landbruksforskinga å vurdere dei fagpolitiske, forskings- og utdanningspolitiske spørsmåla med sikte på ei god samordning av høgre utdanning og forsking. »

       Komiteen ber i samband med den årlege budsjettproposisjonen om å bli orientert om evalueringa si løpande framdrift.

       Komiteen er tilfreds med at Regjeringa fylgjer opp B.innst.S.nr.12 Tillegg nr. 2 (1995-1996) om at forvaltingsansvaret for NLH og NVH blir overført frå Landbruksdepartementet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997.

       Komiteen viser vidare til forslag i proposisjonen om at Landbruksdepartementet skal ha finansieringsansvaret for einingane Senter for husdyrforsøk, Senter for klimaregulert planteforsking og Laboratorium for analytisk kjemi ved NLH, samt Dal forsøksgård og delar av drifta av forsøksanlegga ved Institutt for småfeforsking ved NVH, som ledd i å ta vare på sitt sektoransvar.

       Komiteen ser ikkje behov for eit anna finansieringsansvar for dei fem einingane enn for dei to høgskulane elles.

       Komiteen vil understreke at etter omorganiseringa er det viktig å styrke Landbruksdepartementet og dei to høgskulane sitt behov for dialog og spesielt departementet sitt sektoransvar.

       Komiteen viser til proposisjonen og er samd i at dette kan løysast ved å etablere eit fagleg formalisert samarbeid mellom dei to departementa gjennom t.d. årlege faste møte.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, stør framlegget om at Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, Norsk institutt for skogforskning, Norsk institutt for planteforskning og Statens veterinære laboratorier blir organiserte som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter tilpassa institutta si verksemd, og at det blir gitt unntak frå løyvingsreglementet §§ 4 og 10 med verknad frå 1. januar 1997.

       Fleirtalet føreset at dei særskilte fullmaktene gir høve til å opprette eigne budsjett og rekneskap etter dei prinsipp som går fram av rekneskapslova slik at kostnadene kan periodiserast, og at det vert høve til å gjere vanlege avskrivingar og fondsavsettingar.

       Fleirtalet meiner den nye organiseringsforma i instituttsektoren med reelt større friheit er eit godt middel til å sikre forskinga si uavhengige rolle og legitimitet slik at ho kan bli eit kritisk korrektiv i samfunnet og gi grunnlag for ei god og saklig politikkutforming.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen viser til proposisjonens gjennomgang av fire alternative organisasjonsformer i forhold til dagens modell som ordinært forvaltningsorgan for NILF, NISK, Planteforsk og SVL og konstaterer at Regjeringens utgangspunkt for valg av endret organisasjonsmodell er en sterkere fristilling for instituttene. Disse medlemmer konstaterer videre at det er valgt ulike organisasjonsmodeller for sektorinstitutter som følger statlige retningslinjer for forskningsinstitutter. Disse medlemmer har merket seg at Norges forskningsråd anbefaler at forskningsinstitutter som hovedregel bør fristilles fra staten som egne juridiske enheter, og at institutter hvor det av ulike grunner er mindre aktuelt, bør omdannes til forvaltningsorganer med særskilte fullmakter. Disse medlemmer har videre merket seg at departementet mener den forskningsbaserte forvaltningsstøtten som i dag utføres ved NILF, NISK og Planteforsk like gjerne kan utføres av institutter som er fristilt fra staten, mens det for SVLs vedkommende, på grunn av store innslag av forvaltningsstøttende kunnskapsproduksjon og derfor tett kontakt mellom myndigheter og institusjon, bør trekke i retning av en fortsatt organisering innenfor staten. Disse medlemmene er enig i dette og legger samtidig vekt på uttalelser fra de fire instituttene. NILF, NISK og Planteforsk ønsker primært stiftelsesmodellen som organisasjonsform, mens SVL på grunn av sine mange forvaltningsoppdrag foretrekker modellen som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Disse medlemmer vil fremme forslag i samsvar med dette:

       « Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF), Norsk institutt for skogforskning (NISK) og Norsk institutt for planteforskning (Planteforsk) organiseres som selvstendige og selveiende enheter i form av forskningsstiftelser fra 1. januar 1997. Statens veterinære laboratorier (SVL) organiseres som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter fra 1. januar 1997. »