Vedlegg 1

Brev fra Samferdselsdepartementet ved statsråd Kjell Opseth, til kontroll- og konstitusjonskomiteen datert 25. september 1996:

Vedr. Medlemsstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar.

       Saka vedr. medlemsstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar har vore omfatta av ei særleg interesse, og det har for meg vore svært viktig å opptre slik at det ikkje skal kunne oppstå tvil om objektiviteten i handsaminga av saka i departementet. Det gjeld særleg i høve til politiet si etterforsking av barne- og ungdomsorganisasjonane. Som eg på ulike vis uttrykte under høyringa, har det vore viktig å ikkje handle på ein måte som nokon kunne oppfatte som eit forsøk på å påverke etterforskingsarbeidet til politiet. Ei attendetrekking av politimeldingar kan oppfattast som at staten som fornærma tek stilling til skuldspørsmålet i ei sak der vi meiner det er grunnlag for etterforsking.

       Dette var tema ved fleire høve under høyringa. Av referatet går det fram at eg ved nokre høve knytte denne argumentasjonen til dei råd vi har fått frå strafferettsleg ekspertise i samband med saka. Desse råda var imidlertid m.a. knytt til ei vurdering av den rettslege status til våre politimeldingar etter at statsadvokaten påla Oslo politikammer å etterforske heile sakskomplekset. Dei var ikkje, slik nokre av utsegnene i høyringa framstod som, ei vurdering av om det skulle vere formelle hindringar i vegen for ei eventuell attendetrekking av meldingane.

       Eg har heile tida vore merksam på at det ikkje ville vere formelle hindringar i vegen for å trekkje meldingane. For at utsegnene ikkje skal bli ståande som mitt syn vil eg difor på nytt understreke, slik eg gjorde fleire gonger under høyringa, at mitt standpunkt har vore at det ikkje ville vere korrekt å trekkje meldingar attende etter at statsadvokaten 20.2.96 gav pålegg om full etterforsking. Det faktum at statsadvokaten gjennom media no har uttrykt at ei attendetrekking frå vår side ikkje vil ha innverknad på deira arbeid med saka, endrar ikkje dette standpunktet. Dette er ikkje åleine et spørsmål om korleis det vil bli oppfatta av påtalemakta, men like mykje eit spørsmål om korleis andre kan oppfatte ei slik handling.

       Eg vil vidare informere komiteen om at politimeldinga av organisasjonen Norske 4H i brev til Oslo politikammer i dag er trekt attende. I vårt brev til Oslo politikammer er det gjort nærare greie for den særstilling som gjeld for denne organisasjonen. Kopi av dette brevet følgjer vedlagt.

       Når det gjeld dei andre organisasjonane som er omfatta av politimeldinga, er det framleis vår oppfatning at det i desse sakene framleis er grunn til å tru at det har skjedd brot på regelverket. Dei opplysningar departementet har motteke etter 2.2.96, vil i større eller mindre grad ha innverknad på spørsmålet om dei subjektive vilkår for straff er til stades. Dette er forhold som best kan avklarast gjennom politiet si etterforsking. Politiet har som nemnd under høyringa fått oversendt alle relevante opplysningar departementet sitt inne med.