Vedlegg

Brev frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, datert 6. februar 1997.

Spørsmål om Dok.nr.8:31 renta på studielån

       Eg viser til brev frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 6. februar 1997.

1. Kva vil dei årlege budsjettverknadene av framlegget om 1 % generell senking av renta i Lånekassa vere (respektive 5 og 5 1/2 %)? Kva vil budsjettverknaden for 1997 vere for ei rentesenking frå 1. mars 1997?

       Kostnadene ved å senke renta for alle lån i Statens lånekasse for utdanning med 1 % frå 1. mars 1997 er rekna til om lag 315 mill. kroner i 1997. Kostnadene på heilårsbasis i 1998 er rekna til om lag 375 mill. kroner.

2. Om ein vil ta bort skiljet mellom nye og gamle lån og innføre 5 % rente for alle lån,

a) kva praktiske utfordringar møter Lånekassa i samband med dette, og
b) kva vil dei årlege budsjettverknader vere av å fjerne skiljet mellom nye og gamle lån, og
c) kva vil budsjettverknaden for 1997 vere for ei slik endring frå 1. mars 1997?

       a) Fjerning av rentetrappa inneber ikkje andre praktiske endringar enn det ei generell nedsetjing av renta fører med seg.

       b) Kostnadene ved å senke renta for lån som har løpt i sju år ueller meir med 0,5 % slik at ein fjernar skiljet mellom nye og gamle lån, er rekna til om lag 50 mill kroner årleg.

       c) Kostnadene ved å senke renta for lån som har løpt i sju år eller meir med 0,5 % frå 1. mars 1997 er rekna til om lag 42 mill kroner i 1997.

3. Husbanken har innført ei ordning der kundane får velje mellom flytande og fast rente med bindingstid. Også NOU 1995:11 Statsbankene under endra rammevilkår gjer framlegg om å gi låntakarar høve til å velje bindingstid for renta.

a) Korleis kan ei ordning etter modell frå Husbanken utformas for Statens lånekasse for utdanning?

       Statsbankutvalet foreslo eit system der låntakarane i tillegg til å ha flytande rente blir gitt høve til å velje rentebinding. I begge tilfelle blir renta foreslått knytta til innlånskostnadene til Lånekassen. Utvalet foreslo å koble studielånsrenta til renta på statspapir med ei gitt løpetid lik ei rentebindingstid, pluss ein margin for å dekkje administrasjonskostnader m.m.

       Statssertifikat med ei løpetid på 9 til 12 månader hadde i 1996 ei gjennomsnittleg rente på om lag 4,9 %. Påplussa ein rentemargin på 0,5 til 1,0 % vil dette gi ein utlånsrente på 5,4 til 5,9 %. Renta på statsobligasjonar med ei løpetid på 5 og 10 år er rekna til om lag 5,5 og 6,3 prosent. Dersom ein legg til grunn ein rentemargin på 0,5 til 1,0 %, må renta på lån med ei rentebinding på 5 år bli sett til 6,0 til 6,5 %. Lån med ei rentebinding på 10 år må bli sett til 6,8 til 7,3 %.

       Rentemarginen skal dekkje m a administrative kostnader. Ein går vidare ut frå at rentetrappa blir avskaffa slik at alle lån har same rente, og at renta blir fastsett for eitt år av gongen.

       Ovanfor er det lagt til grunn ein rentemargin på 0,5 til 1,0 %. Ved fastsetjing av rentemargin er det likevel mange moment som må bli avklart. Studielån er i dag rentefrie i studietida. Vidare har Lånekassa ordningar av sosial og økonomisk karakter som m.a INTB, Finnmarksordning, ettergiving for lengre studium, ettergiving ved sjukdom og død og rentefritak. Det er spørsmål om kor mange av desse faktorane som skal bli rekna med ved fastsetjing av rentemargin. Dersom rentemarginen skal dekkje ordninga med sjukdom og død, Finnmarksordning, ettergiving for lengre studium, rentefritak og administrasjonskostnader, er rentemarginen rekna til om lag 2,5 %. Dersom ein i tillegg skal dekkje kostnadene ved rentefritak i studietida er rentemarginen rekna til om lag 3,7 %. Dersom rentemarginen berre skal dekkje tap på utlån og administrasjonskostnader, ville dette gi ein rentemargin på om lag 1,2 %.

b)Kva vil budsjettverknaden vere på årsbasis av ei slik endring?

       Budsjettverknaden vil vere avhengig av den modellen som bli vald.

       Innlånsrenta til Statens lånekasse for utdanning blir bestemt gjennom det system for innlån som eksisterer i dag. Lånekassen låner inn naudsynte midlar gjennom 5-årslån frå staten. Innlånskostnadene for Lånekassen kjem fram som eit gjennomsnitt av innlånsrenta på desse 5-årslåna.

       Nedanfor følgjer budsjettverknaden rekna under to ulike føresetnader. I det første tilfellet går ein ut frå at alle lånekundane vel ei låg flytande rente. I det andre tilfellet går ein ut frå at halvparten av kundane vel flytande rente, ein fjerdedel vel rentebinding på 5 år og ein fjerdedel vel rentebinding på 10 år. Det er vanskeleg å vurdere kor mange som i realiteten vil velje flytande rente.

       Det blir lagt til grunn at rentestønaden skal halde fram med å dekkje rentefrihet i studietida. All ettergiving som Finnmark, hovudfag, sjukdom og død og tap på utlån går ein ut frå blir dekt over post 73 og 74 som i dag. Vidare er det lagt til grunn at ein rentemargin på 0,5 % skal dekkje administrasjonskostnadene til Lånekassen.

       Dersom ein går ut frå at heile innlånsporteføljen med 5-årslån for Statens lånekasse for utdanning blir konvertert til statssertifikat med ei løpetid på 9 til 12 månader (rente på 4,9 %), er rentekostnadene under kap 2410 post 72 Rentestønad rekna til å bli redusert med om lag 1 600 mill kroner. Denne reduksjonen har ein motpost ved at kap 5601 post 81 blir redusert tilsvarande. Vidare er verknaden av lågare renteinntekter på kap 2410 post 72 rekna til om lag 280 mill kroner. Samla vil innføring av marknadsbasert rente ut frå alternativ 1 auke behovet for løyvingar med om lag 280 mill kroner.

       Dersom ei går ut frå at innlånsporteføljen med 5-årslån for Statens lånekasse for utdanning blir konvertert til statssertifikat med ei løpetid på 9 til 12 månader (50 % av innlånsporteføljen), statsobligasjonar med ei løpetid på 5 år (25 % av innlånsporteføljen) og statsobligasjonar på 10 år (25 % av innlånsporteføljen), er rentekostnadene under kap 2410 post 72 Rentestønad rekna til å bli redusert med om lag 1.200 mill kroner. Denne reduksjonen har ein motpost ved at kap 5601 post 81 blir redusert tilsvarande. Vidare er verknaden av lågare renteinntekter på kap 2410 post 72 rekna til om lag 90 mill kroner. Samla vil innføring av marknadsbasert rente ut frå alternativ 1 auke behovet for løyvingar med om lag 90 mill kroner.

       Eg gjer merksam på at ei omlegging som ovanfor i tillegg vil føre til store administrative kostnader for Lånekassen, med ein vesentleg utbygging av det administrative apparat. Kostnadene ved dette er ikkje tatt med. Det er ikkje mogleg administrativt å gjennomføre ei slik omlegging på kort sikt. Eg gjer vidare merksam på at ovannemnde utrekningar er usikre.

c)Korleis vurderer departementet ein slik modell for lånekassa?

       Spørsmålet om innføring av marknadsbasert rente på utlån i Statens lånekasse for utdanning blei tatt opp allerede i St.meld. nr. 14 (1993-1994) Studiefinansiering og studentvelferd, jf Innst.S.nr.101 (1993-1994). Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen gjekk inn for at det framleis skulle vere politisk fastsett utlånsrente med den grunngjeving at det kan skjerme utlånsrenta ved stor auke i marknadsrenta.

       Vidare foreslo Statsbankutvalet i sin utgreiing ( NOU 1995:11 ) ei marknadsbasert rente der kundane i Statens lånekasse for utdanning sjølve fekk høve til å velje rentebindingstid på lånet, jf ovanfor. Det store fleirtalet av høringsfråsegnene til utgreiinga var negative til utvalets tilrådingar.

       Det vil vere fleire moment mot eit prinsipp med flytande og fast rente:

- Fastrentelån vil knappast blir vesentleg gunstigare enn ordninga i dag, jf. ovanfor.
- Renta i Lånekassen vil følgje renta i marknaden elles i større grad. Metoden for rentefastsetjing vil vere meir i tråd med vanleg bankpraksis, men vil føre med seg at renta endrar seg raskare ved renteendringar i marknaden.
- Ein renteoppgang vil difor raskare kunne gje seg utslag i utlånsrenta, noko som igjen kan føre til vekst i talet på misleghaldte lån.
- Endringa fører med seg omfattande og kompliserte endringar i regelverk.
- Endringa fører med seg omfattande og kompliserte endringar i EDB-system til Lånekassen.
- Kundane må på eit tidspunkt ta stilling til tilbod om rentebinding. Dette vil vere administrativt tungt for Lånekassen.
- Fastrentelån må eventuelt bli reforhandla kvart 5. eller 10. år. Dette vil gi store administrative problem etter kvart som fleire og fleire kjem inn under ordninga.
- Fastrentelån vil kunne gi gevinst anten for Lånekassen eller kunden. Dette må bli handtert budsjettmessig. Det vil kunne bli vanskeleg å gjere ein realistisk budsjettering.
- Ved å tilby fastrentelån pådrar Lånekassen eit særleg stort informasjons-/rettleiingsansvar overfor ei stor gruppe menneske.

       Eit system med fast og flytande rente inneber ei omlegging med djuptgripande verknad både for regelverk og systemløysing. Det er truleg særleg vanskeleg å innpasse ordningar av sosial og økonomisk karakter som INTB, Finnmarksordning, rentefritak og betalingsutsetjing. Ei omlegging vil måtte medføre store administrative kostnader, med ei vesentleg utbygging av det administrative apparat i Lånekassen. Det er ikkje mogleg administrativt å gjennomføre ei slik omlegging på kort sikt.