2. Allmenne spørsmål

Kringkastingsmarknaden

       Tilgjengeleg statistikk viser at det ikkje skjedde radikale endringar i radio- og fjernsynsforbruket i Noreg i 1995. Både for fjernsyn og radio er det eit positivt utviklingstrekk at dei norske allmennkringkastarene, sidan TV2 og P4 vart etablerte, samla sett har styrkt si stilling. På konkurranseområdet var hovudtendensen i 1995 at dei kommersielle riksdekkjande allmennkringkastarane, TV2 og P4 auka si oppslutning noko, medan særleg nærkringkastarane tapte terreng. NRK var i 1995 framleis den leiande kanalen både på radio- og fjernsynsmarknaden.

       Dersom ein samanliknar med 1994, tapar nærradioane i 1995 som gruppe framleis noko både i oppslutning og målt i prosent av samla lyttartid, men tendensen er no svak.

Gjennomsnittleg markedsandel (%) av total lyttartid radio.

    Totalt  
  1992 1993 1994 1995
NRK 66 66 60 62
P4 - 6 27 28
Nærradio 30 23 12 10
Total 96 95 99 100

Kjelde: NRK Forskningen.

Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av fjernsynssjåing i beste sjåartid (man.-søn. 19.00-23.00)

    Totalt  
  1992 1993 1994 1995
NRK 68 59 56 52
TV2 5 19 23 28
TVNorge 9 9 8 7
TV3 6 5 5 5
Andre 12 8 8 8
Total 100 100 100 100

Kjelde: NRK/Forskningen og MMI

Reklamemarknaden

       Reklameinntekter har over tid blitt ei alt viktigare inntektskjelde for norske medium.

Reklameomsetning i ulike mediekanalar 1994 og 1995 med prognose for 1996-1998. (Tal i mill. kroner - omsetning etter rabattar, men før provisjonar.)

Kanal 1994   1995   1996   1997   1998  
  kr % kr % kr % kr % kr %
Fjernsyn 1.050 17,2 1.210 18,4 1.330 19,2 1.410 19,7 1.500 20,5
Radio 295 4,8 350 5,3 390 5,6 430 6 450 6,2
Avis 3.700 61,9 3.925 59,8 4.100 59,3 4.200 58,7 4.200 57,5
Ukepresse 340 5,6 345 5,3 345 5 345 4,8 340 4,7
Fagpresse 450 7,4 460 7 465 6,7 465 6,5 460 6,3
Kino 50 0,8 55 0,8 55 0,8 60 0,8 65 0,9
Utendørs 135 2,2 140 2,1 145 2,1 150 2,1 150 2,1
Andre 75 1,2 75 1,4 80 1,2 100 1,4 145 2
Totalt 6095   6560   6910   7160   7310

Kjelde: Carat

       Prognosen spår at den markante auken i den samla rekalmeomsetninga som ein har vore vitne til dei siste fire-fem åra vil flate ut. Med den omorganiseringa som har funne stad i kringkastingssektoren, voksteren av nye riksdekkjande og lokale tilbod og nettbaserte reklamevindauge er det såleis grunn til å tru at konkurransen om reklameinntektene vil bli hard framover.

Allmennkringkasting

       I samsvar med stortingsfleirtalet sine føresetnader har departementet oppnemnt eit allmennkringkastingsråd med sju medlemer, med representantar for programråda for TV2 og P4 og Kringkastingsrådet. I tillegg er det oppnemnt medlemer frå kulturlivet og medieforskarmiljøa i Noreg til rådet.

       Som grunnlag for sine vurderingar er rådet i samråd med allmennkringkastarane i gang med å utarbeide kriterium for ei evaluering av allmennkringkasting. Kriteria vil bli endeleg fastsette av departementet.

       Rådet skal ikkje vurdere einskilde program, men ta stilling til i kva grad den samla programprofilen til selskapa er i samsvar med prinsippa for allmennkringkasting. Som ledd i denne vurderinga kan einskilde program bli nytta til å kaste lys over meir generelle trekk. Rådet skal kvart år leggje fram ein rapport som gjer greie for rådets vurderingar. Statens medieforvaltning er sekretariat for rådet.

Medieetiske spørsmål

Klagenemnda for kringkastingsprogram

       I 1995 fekk nemnda i alt 31 klager. Som tidlegare år har dei fleste klagene vore retta mot NRK og TV2. Dei fleste klagane retter seg mot innslag i nyhende- og aktualitetsprogram.

       I samsvar med Stortinget sine føresetnader (jf. St.meld. nr. 32 (1992-1993), Media i tida) nemnde departementet i 1994 opp eit utval for å vurdere prinsipielle og praktiske spørsmål knytt til ei ordning med medieombod i Noreg. Utvalet skulle vurdere om eit medieombod kan medverke til å styrkje det medieetiske arbeidet i Noreg og drøfta tilhøva mellom eit eventuelt medieombod og dei eksisterande medieetiske institusjonane, Klagenemnda for kringkastingsprogram og Pressens Faglige Utvalg. Innstillinga til utvalet vart avgitt til departementet 14. august 1996, jf. NOU 1996:12 . Departementet kjem tilbake til organiseringa av det medieetiske arbeidet etter at innstillinga har vore til høyring og saka er ferdig handsama.

Tekniske spørsmål

Digital lydkringkasting (DAB - Digital Audio Broadcasting)

       NRK, P4 og Telenor har sidan våren 1994 drive forsøk med DAB. NRK sin første digitale radiokanal « Alltid Klassisk » byrja prøvesendingar 2. oktober 1994. Denne kanalen vert også sendt ut over FM-nettet frå ein sendar i Oslo. P1, P2, Petre og P4 vert i dag sende i digital parallellsending over sendarar som ved årsskiftet 1995/96 hadde ein dekkingsgrad på om lag 30 % av befolkninga. Røynslene med prøvesendingane er så langt positive. Det finst førebels ikkje private mottakarar i Noreg, først og fremst fordi prisen enno ligg for høgt for vanlege forbrukarar. Det er førebels noko tidleg å si når prisen kjem ned på eit akseptabelt nivå for forbrukarane.

Digitalt fjernsyn (DVB - Digital Video Broadcasting)

       Med støtte frå den europeiske kringkastingsunionen EBU er det sett i verk eit europeisk DVB-prosjekt. Både NRK og Telenor deltek i arbeidet med å utvikle standardar for digitalt fjernsyn innanfor prosjektet.

       Både NRK, TV2 og Telenor har vist interesse for å starte forsøk med sending av digitalt fjernsyn. Statens teleforvaltning vurderer for tida frekvensspørsmål knytt til forsøksverksemd på området. Det er oppretta eit uformelt informasjon- og diskusjonsforum for digitalt fjernsyn der relevante fagmiljø og offentlege instansar er representerte.

« Videotorg » - norsk prøveprosjekt for interaktivt fjernsyn

       Telenor sitt prøveprosjekt « Videotorg » er eit døme på ei ny type fjernsynsliknande teneste, såkalla « Video on Demand », video på bestilling, eller interaktivt fjernsyn. Denne typen teneste gjer det mogleg å overføre videoprogram over nettet på det tidspunktet som sjåaren ønskjer å sjå det.