4. Statens medieforvaltning

       1. januar 1995 vart ansvaret for fleire forvaltningsoppgåver på presseområdet overførte frå Kulturdepartementet. Hovudoppgåvene omfattar:

- løyving av konsesjonar til drift av nærkringkasting
- løyving av konsesjonar til å opprette og drive anlegg for vidaresending av nærkringkasting
- tilsyn med at kringkastingsselskapa held seg til reglane om reklame i kringkasting i kringkastingslova
- tilsyn med at det ikkje oppstår eigarkonsentrasjon i strid med reglane om eigarskap i kringkastingslova
- administrere pressestøtte slik at ho fremmer og held ved lag ei differensiert dagspresse.

Nærkringkastingsspørsmål

       Kulturdepartementet sette i 1995 av 7,6 mill. kroner til nærkringkastingsformål via Audiovisuelt prduksjonsfond. Statens medieforvaltning er sekretariat for fagutvalet for nærkringkastingssaker som er innstillande organ for Audiovisuelt produksjonsfond i løyvingar til nærkringkastingsformål. Fondet gjorde i 1995 vedtak om å tildele totalt 6,8 mill. kroner til nærkringkastingsformål. 1,1 mill. kroner som er innbetalt uteståande reklameavgift er overført til fondet. Av løyvingane til nærkringkastingsformål vart om lag 3,4 mill. kroner gitt som støtte til produksjonar med lokal vinkling i nærradio og lokalfjernsyn. Produksjonane vil bli evaluerte i 1996. Om lag 1,2 mill. kroner vart fordelt til kompetansehevande tiltak for tilsette i nærradioføretak, mellom anna ved Institutt for Journalistikk. Det er òg gitt støtte til nærkringkasting som kjem etniske og språklege minoritetar til gode.

       I 1996 vil Audiovisuelt produksjonsfond gi eit eingongstilskott til nærradioar som slår seg saman om ein felles konsesjon for den nye konsesjonsperioden.

       Under behandlinga av Kulturdepartementets budsjett for 1997, uttrykte eit fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen følgjande:

       « Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av medlemene frå Arbeidarpartiet, viser til Innst.S.nr.190 (1994-1995) om dei oppgåvene nærkringkastinga kan få støtte til. Fleirtalet meiner at lokalkringkastingsføremål framleis skal ha om lag 1/4 av den statlege delen av AV-fondet », jf. B.innst.S.nr.2 (1996-1997).

       Den særskilde avgifta på reklame i nærkringkasting er oppheva. Denne avviklinga har såleis vore med på å betre økonomien i nærkringkastingssektoren. Løyvingane til nærkringkastingsføremål frå AV-fondet har vore om lag 7 mill. kroner årleg dei to siste åra, eller om lag dobbelt så mykje som føremålet var då fondet vart etablert.

       Synspunktet frå fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om at lokalkringkastingsføremål framleis skal ha ¼ av den statlege delen av AV-fondet vil innebere ein svært stor auke i midlane til nærkringkasting. Konsekvensen vil òg vere at midlane til produksjon av filmar som høver både for kino og fjernsyn ville bli tilsvarande reduserte. Departementet ser dette som kulturpolitisk svært uheldig.

       Etter vedtektene for fondet er det departementet som fastset fordelinga mellom nærkringkastingsføremål og andre føremål etter framlegg frå styret for fondet. Departementet meiner den mest tenlege modellen for tildeling av midlar til nærkringkasting er at fondsstyret sjølv - innanfor dei overordna retningslinene som ligg til grunn for fondet - gjer ei vurdering av kva som er dei verkelege behova i bransjen. Dette vil være ein meier fleksibel modell enn ei prosentvis øyremerking av midlar til nærkringkastingsføremål.

Nærradio

       Ved årsskiftet 1995/1996 var det 369 konsesjonærar for nærradio i til saman 198 konsesjonsområde. Det vart gitt 14 nye konsesjonar i område utan nærradiotilbod, medan 31 konsesjonar av ulike årsaker vart sletta i 1995. Netto vart det såleis 17 færre nærradiokonsesjonærar i 1995. Den økonomiske situasjonen var også i 1995 vanskeleg for bransjen. Nye konsesjonærar som kom til i 1995 erstatta i hovudsak einekonsesjonærar som hadde gått konkurs. Dei samla lyttartala for sektoren ser ut til å ha stabilisert seg og ligg noko i overkant av 10 % på nasjonalt plan.

       Statens medieforvaltning gav i 1995 løyve til 25 samsendingsprosjekt mellom nærradioar i tilgrensande geografiske område. I tillegg er det sett i verk eit prøveprosjekt mellom NEA radio i Sør-Trøndelag og NRK.

       Ved handsaminga av St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting i juni 1995, vart det opna for å løyve konsesjonar i mindre område, t.d. ein kommune. Det var òg ein føresetnad at godt fungerande bygderadioar skulle få halde fram med sendingar i sine område. Statens medieforvaltning har i samråd med Statens teleforvaltning og Norsk Nærradioforbund (no Norsk Lokalradioforbund) utarbeidd eit framlegg som omfattar totalt 140 nye konsesjonsområde. I 12 område er det meier enn eitt sendarnett. Framlegget inneber likevel ein reduksjon samanlikna med dei 198 områda som eksisterer i dag. Det har vore ein føresetnad at lydkvaliteten i områda skal vere god.

       Fristen for å søkje konsesjon til nærradiodrift i den nye konsesjonsperioden var 16. februar 1996. Det kom inn vel 400 søknader. Statens medieforvaltning reknar med at det reelle talet eksisterande konsesjonærar som har søkt ny konsesjon er om lag 335. 86 søkjarar må kunne reknast som nye. Handsaminga av søknadene vil truleg vere avslutta hausten 1996.

Lokalfjernsyn

       Ved handsaminga av St.meld. nr. 42 (1993-1994) om kringkasting og dagspresse m.v. og St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting gjorde fleirtalet i Stortinget i juni 1995 vedtak om at lokalfjernsynskonsesjonærar kunne formidle vidare reklamefinansierte satellittkanalar fram til 1. oktober 1995. Stortinget påla samstundes Kulturdepartementet å ta initiativ andsynes TV2 om å starte tingingar om samarbeid med lokalfjernsynsselskapa. Tingingane resulterte i ein intensjonsavtale mellom TV2 og lokalfjernsynsselskapa om samarbeid. Resultatet av tingingane vart lagt fram for Stortinget, jf. St.meld. nr. 13 (1995-1996) Lokalfjernsyn, som drøfta og forkasta avtalen i desember 1995 (jf. Innst.S.nr.95 (1995-1996). Fleirtalet i Stortinget opna likevel for at lokalfjernsynskonsesjonærane i den nye konsesjonsperioden, på visse vilkår, skulle kunne formidle vidare reklamefinansierte satellittkanalar som ein del av si verksemd. Samarbeidsavtalar om dette skal vere godkjende av Statens medieforvaltning. Reglane for ordninga er nedfelte i ein forskrift til kringkastingslova som tok til å gjelde frå 10. januar 1996. Programselskapet som får sine sendingar formidla vidare lokalt skal ikkje kunne oppnå ei samla dekning på meir enn 75 % av husstandane i Noreg.

       Fristen for å søkje ny konsesjon for lokalfjernsyn var 1. oktober 1995. Det vart utlyst konsesjonar for bakkesendt allment lokalfjernsyn, undervisningsfjernsyn, lokalfjernsyn i avgrensa kabelnett og kommunale informasjonskanalar i kabelnett. Statens medieforvaltning mottok 76 søknader om bakkesendt allment lokalfjernsyn, 17 søknader om undervisningsfjernsyn, 64 søknader om lokalfjernsyn i kabel og ein søknad om kommunal informasjonskanal.

       Det vart fastsett totalt 30 konsesjonsområde i eiga forskrift. I arbeidet med fastsetjing av nye konsesjonsområde vart det lagt vekt på Stortinget sine føresetnader om at områda må få eit befolkningsgrunnlag som sikrar lønsam drift og levedyktige verksemder.

       Statens medieforvaltning har prioritert handsaminga av søknader om bakkesendt allment lokalfjernsyn. Eit konsesjonsråd oppnemnd av Kulturdepartementet har lagt fram innstilling til Statens medieforvaltning om tildeling av konsesjonar. I tillegg til dei økonomiske og faglege føresetnadene til søkjarane er det lagt vekt på programplanane og planane for distribusjon av sendingane. Konsesjonsrådet la fram ei samrøystes innstilling og Statens medieforvaltning gjorde vedtak i samsvar med innstillinga. Det er komme til saman 21 klager over løyvinga av konsesjonar i 14 område. To klager blir trekt attende. Alle klagene er no endeleg behandla av Kulturdepartementet.

       Aviser var representerte på eigarsida blant fleirtalet av søkjarane i konsesjonsområda for bakkesendt allment lokalfjernsyn. Aviser var medeigarar i 19 av dei 30 søkjargruppene som fekk konsesjon 16. januar 1996. Norsk Lokal TV AS var representerte på eigarsida i åtte område. I tråd med Stortinget sine føresetnader er det berre tildelt ein konsesjon for bakkesendt allmennfjernsyn i kvart område.