4. Ferjer - gassdrift i boknafjorden

4.1 Samandrag

       I proposisjonen gis det ei orientering om oppfølging av vedtak i Stortinget om å sørgje for at det blir igangsett prøvedrift med komprimert naturgass (CNG) i ferjesambandet i Boknafjorden, jf. behandling av B.innst.S.nr.14 (1996-1997).

       Samferdselsdepartementet vil følgje opp stortingsvedtaket innanfor dei garantirammer som Stortinget har vedtatt for 1997. Vegdirektoratet er difor bede om å gå i gang med prosjektering av ferje for drift i Boknafjorden basert på gassdrift. Krava til tryggleik for ferja vil vere vesentleg i dette arbeidet. Sjøfartsdirektoratet har enno ikkje fastsett desse krava.

       Kostnadene ved ombygging av ei ferje av storleik 155 personbileiningar (pbe) basert på gassdrift blir no av Vegdirektoratet rekna til om lag 70 mill. kroner. I tillegg kjem rokerings- og leigekostnader i ombyggingsperioden. Dessutan vil det oppstå trafikale problem ved ombygging av eksisterande materiell i ombyggingsperioden. Ei ny ferje vil koste om lag 145 mill. kroner.

       Kostnaden for oppbygging av eit transportsystem for å frakte gassen til ferja er rekna til om lag 15 mill. kroner.

       Nybygg i Boknafjorden frigjer ei storferje. Behovet for fornying av riksvegferjeflåten er etter Vegdirektoratet si vurdering størst for mellomstore ferjer. Etter ei samla vurdering har likevel Samferdselsdepartementet kome til at det bør byggjast ei ny ferje for gassdrift i Boknafjordsambandet.

       Departementet legg ikkje opp til å kombinere forsøk med gass og forsøk med fastpristilbud i Boknafjordsambandet.

4.2 Komiteens merknader

       Komiteen vil streke under at kapasiteten i Boknafjordsambandet må oppretthaldast og at evt. utskifting av ferjemateriell i sambandet ikkje må føre til at kapasiteten blir redusert.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeiderpartiet, viser til at Stortinget gjorde følgjande vedtak i samband med handsaming av B.innst.S.nr.14 (1996-1997):

       « Stortinget ber Regjeringen i salderingsproposisjonen høsten 1996 om å utrede en utvidelse av fornyelsesprogrammet for ferjer med f.eks. 4 nye ferjer. »

       Fleirtalet viser til at Regjeringa ikkje kom til Stortinget med forsert fornying av riksferjeflåten i salderingsproposisjonane, men ville kome tilbake til dette tidlegast mogleg i 1997.

       Fleirtalet oppfattar ikkje St.prp. nr. 37 (1996-1997) som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak.

       Fleirtalet held fast på sitt tidlegare syn om at det er behov for ei utviding av fornyingsprogrammet for riksvegferjer.

       Fleirtalet vil difor be om at Regjeringa i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997 følgje opp Stortinget sitt tidlegare vedtak.

       Fleirtalet viser til St.prp. nr. 1 (1996-1997) om at tilbodet i ferjedrifta i 1997 skulle oppretthaldast generelt som for 1996. I praksis viser det seg at ferjetilbodet vert redusert i fleire fylke.

       Fleirtalet ber om at saka blir lagd fram i Revidert nasjonalbudsjett, for å sikre at ferjetilbodet ikkje vert redusert.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil vise til omtale av ferjefornyelsesprogrammet i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan.