3. Hovudpunkta i avtalen

Samandrag

       Gjennom NAB vil det bli stilt 34 milliardar SDR til rådvelde for IMF dersom alle landa som har gjeve uttrykk for at dei er interesserte i å ta del i NAB, også sluttar seg til avtalen. Det vil bli trekt på NAB når IMF treng ekstraordinære ressursar for å førebyggje krise eller alvorleg uro i det internasjonale pengesystemet. Det er bare aktuelt å trekkje på NAB dersom IMF får problem med likviditeten som følgje av naudsynte utlån.

       GAB kan framleis takast i bruk, men NAB er hovudordninga. Den maksimale kredittramma for IMF for dei to ordningane er på til saman 34 milliardar SDR. Dersom G10-landa aktiverer GAB, vil forpliktelsene til dei og til resten av deltakarane bli redusert tilsvarande på grunn av kravet om likebehandling. Omvendt vil aktivering av NAB kunne føre til at tilgjengelege ressursar under GAB reduserast.

       IMF kan gje lån til alle medlemslanda ved å trekkje på NAB, både dei som er deltakarar og dei som ikkje er deltakarar i ordninga. Men vilkåra for at IMF kan trekkje på NAB for å gi lån til eit land er sett lågare ved utlån til deltakarane i NAB enn for utlån til land som er ikkje-deltakar. For deltakarane krevst det at lånet er naudsynt for « å førebyggje eller ta hand om ei svekking av det internasjonale pengesystemet ». Desse landa kan i visse høve få lån frå IMF, ved at IMF trekkjer på NAB-ordninga, utan at det blir knytt vilkår til lånet om den økonomiske politikken i landet. For medlemmer av IMF som ikkje er deltakarar i NAB er kravet at lånet trengst for å hindre uro eller krise i det internasjonale pengesystemet. Når det blir gjeve lån til desse landa, skal det setjast vilkår for utforminga av den økonomiske politikken slik IMF gjer når land trekk på ressursane til Fondet. Utlån frå IMF vil skje som ordinære utlån under dei programma som er fastlagde gjennom regelverket til IMF. IMF vil sjølv stå direkte ansvarleg for låna frå deltakarane i NAB.

       Storleiken på kredittordninga til kvar deltakar tek utgangspunkt i den kvoten landet har i IMF. Den er rekna ut på grunnlag av ulike økonomiske storleikar, mellom anna BNP og tal for utanriksøkonomien. (Kvotane ligg mellom anna til grunn for utrekning av den valutaen landet må stille til rådvelde for IMF og landets tilgjenge til kreditt frå Fondet.) Det er fastsett eit minimumsbeløp for den einskilde kredittordninga på 340 millionar SDR, som utgjer 1 % av dei samla kredittordningane. Det norske bidraget er basert på faktiske kvotar i IMF og er på 383 millionar SDR. NAB-avtalen vil tre i kraft når medlemmer eller institusjonar med kredittordningar for til saman 28,9 milliardar SDR har ratifisert avtalen, inklusiv dei fem største landa. Avtalen gjeld for 5 år og kan fornyast.

       Det krevst eit stemmefleirtal på 80 % for å gje kreditt til IMF under NAB. Kvar deltakar har ei stemme som svarar til den andelen som kredittordninga til deltakaren utgjer av dei totale kredittordningane. Nye land kan komme med som deltakarar når ordninga fornyast og det har tilslutning frå eit stemmefleirtal på 80 %. Fondet kan auke det samla omfanget av kredittordninga når det har tilslutning frå eit stemmefleirtal på 85 %, medrekna dei som får sin kredittordning endra.

       Det er høve for deltakarland med betalingsbalanse til å avstå frå å gje kreditt til IMF.

       Representantar for deltakarane skal møtast ein gong om året i samband med årsmøtene i IMF for å diskutere saker som gjeld NAB. Dette kjem i tillegg til dei møtene som er naudsynte for å avgjera å ta i bruk avtalen.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, slutter seg til redegjørelsen foran vedrørende hovedpunktene i avtalen.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til sine merknader og forslag under pkt 1 i denne innstillingen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse peker på at IMF bevarer det kapitalistiske verdenssystemet og gjør utviklingsland til gjeldsslaver. Dette medlem er derfor motstander av norsk deltakelse både i IMF og i den foreslåtte nye låneordning.