3. Fylkesplanlegginga

       Det er i meldinga gjort greie for:

- Fylkesplanlegginga i eit internasjonalt perspektiv,
- status i utviklinga av fylkesplanlegginga,
- utfordringar for fylkesplanlegginga framover.

       Regjeringa legg i meldinga auka vekt på fylkesplanlegginga som eit politisk reiskap, og Regjeringa ønskjer at fylkeskommunen tek eit klårare ansvar for å leggje dei føringane som er turvande for aktiv oppfølging av den regionale utviklinga. Det vert understreka kor viktig det er at fylkeskommunane brukar fylkesplanane til å klårgjere arealbruken som har regionale konsekvensar, og etableringar av kjøpesentra og sikring av biologisk mangfald vert brukte som eksempel på kva for interesser det er naturleg for fylkeskommunane å ta vare på i arealplanlegginga på fylkesnivået. Vidare vert det streka under i meldinga det verde samarbeidet om gjennomføringa og oppfølginga av fylkesplanen har, som kan skje gjennom forpliktande kopling av verkemiddel frå fleire sektorar og frå staten, fylkeskommunane og kommunane.

       Det vert i meldinga lagt vekt på følgjande punkt for å styrkje fylkesplanlegginga som reiskap for å ta vare på fylkeskommunen sin regionalpolitiske rolle:

- Samarbeid om gjennomføring og oppfølging av fylkesplanen skal styrkast gjennom forpliktande kopling av verkemiddel frå fleire sektorar og frå staten, fylkeskommunane og kommunane, bygd på ei felles forståing av nytten av slik planlegging,
- styrking av kommunane sin bruk av og eigarskap til fylkesplanlegginga, medrekna m.a. prioritering av felles innsatsområde og skape samanheng i kommune- og fylkesplanlegginga, synleggjere samla politisk ansvar for innbyggjarane i fylket, næringsliv, natur og miljø, og klårgjere korleis staten si verksemd regionalt og sentralt blir påverka og drøfting om gjennomføring og bruk av ulike typar verkemiddel,
- departement og direktorat med underliggjande etatar i fylka skal på sine ansvarsområde leggje til rette for at det kan skje gode regionale tilpassingar av den nasjonale politikken gjennom fylkesplanlegginga,
- fylkeskommunane skal i dialog med kommunane bruke fylkesplanlegginga aktivt for å fremje eit ynskt utbyggingsmønster og ein god regional infrastruktur, og kommunane må tilpasse sine arealplanar til regionale retningsliner gjevne gjennom fylkesplanlegginga,
- omlegging av den sentrale handsaminga av fylkesplanar og fylkesdelplanar ved at ein større del av dei sentrale styresmaktene sin innsats vert nytta til å klårgjere nasjonale mål og interesser på førehand av planprosessen og til dialog og drøfting undervegs.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, peikar på at trass i positive utviklingsdrag dei seinare åra i mange av fylka, er det generelt trong for betring av fylkesplanlegginga før ho kan seiast å ha fått den politiske posisjonen, den regionale funksjonen og faglege kvaliteten som er naudsynleg. Difor er det viktig at samarbeidet om fylkesplanlegginga mellom fylkeskommunen og staten fyrst og fremst vert styrka på fylkesnivået.

       Komiteen er samd med Regjeringa i at ein større del av dei sentrale styresmaktene sin innsats bør nyttast til avklaring av nasjonale mål og interesser i framkant av planprosessen, og til dialog og drøftingar undervegs. Etterfølgjande godkjenningshandsaming bør i større grad konsentrerast om å vurdere i kva grad nasjonale mål og interesser er ivaretekne og overordna prinsipp og retningslinjer er følgde.

       Komiteen viser til at fylkesplanen etter plan- og bygningslova skal fastleggje retningslinjer for bruken av areal og naturressursar som får store verknader ut over grensene for den einskilde kommunen. Ei slik fastlegging må etter komiteen sitt syn skje i nær dialog og forståing med kommunane det gjeld. Komiteen ser det elles som viktig at kommunane sin bruk av og eigarskap til fylkesplanlegginga må styrkast. Dette kan mellom anna skje gjennom betre deltaking i prosessen gjennom prioritering av felles innsatsområde og forhandlingar og avtalar om bruk av verkemiddel. Komiteen meiner at fylkeskommunen ikkje bør ha nokon overordna funksjon med motsegnsrett i høve til kommuneplanlegginga utover det som i dag er nedfelt i plan- og bygningslova og som i hovudsak gjeld samordning av nasjonale, regionale og interkommunale interesser.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine generelle merknader. Disse medlemmer vil videre vise til at Høyre prinsipalt går inn for å avvikle fylkeskommunene som forvaltningsnivå og at en tilslutning til dette syn i så fall vil kreve en annen organisering av det regionale planarbeidet.

       Komiteens medlem Hillgaar vil vise til at såfremt en senere vil innføre et folkevalgt organ for å behandle miljø- og arealsaker m.v. på fylkesnivå, vil det være naturlig at et slikt organ får en godkjenningsrolle, også overfor større kommunale planer og tiltak.