Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember 1996 om endring av vedlegg II og vedlegg X til EØS-avtala.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 181 (1997-1998)
  • Kildedok: St.prp. nr. 41 (1997-98)
  • Dato: 14.05.1998
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

1. Samandrag

      Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at Stortinget skal samtykke til godkjenning av at direktiv 95/47/EF om standardar for overføring av fjernsynssignal, skal innlemmast i EØS-avtala.

Nærmare om direktivet

       Direktivet fastset standardar for kabel-, satellitt- og jordbasert overføring av fjernsynssignal, og tek i første rekkje sikte på å fremje overgangen til avanserte fjernsynstenester, særleg det såkalla breiskjermformatet.

       Ved hjelp av eit tilgangskontrollsystem som kan fjernstyre opninga og lukkinga av dekodarane til sjåarane, har det vorte mogleg å tilby sjåarane program på individuell basis. Men høvet til å tilby fjernsynsprogram på individuell basis gjev g operatørane av tilgangskontrollsystema eit potensielt høve til å avgjere kva kringkastingsselskap som skal få programma sine ut til fjernsynssjåarane. Ved å påleggje medlemsstatane å stille visse krav til verksemda til dei som opererer tilgangskontrollsystema tek direktivet sikte på å hindre at operatørane skal kunne nytte systema til å avgrense konkurransen i marknaden for digitale fjernsynstenester.

       Ved å stille krav til den tekniske innrettinga av mottakarutstyr som vert gjort tilgjengeleg for fjernsynssjåarane, tek direktivet sikte på å sikre at alle forbrukarar får tilgang til dei ulike digitale fjernsynstenestene som det finst tilbod om, òg ukoda fjernsynstenester, utan omsyn til kva slags mottakarutstyr dei har.

       Eit av hovudføremåla med reguleringa i direktivet er å skape eit einsarta europeisk lovgrunnlag på dette området, m.a. for å unngå ei uønskt oppsplitting av marknaden for avanserte fjernsynstenester. Direktivet gjev difor lite rom for å gjere unntak frå reglane ved gjennomføringa i nasjonal rett. Det kan ikkje stillast strengare krav enn det som følgjer av direktivet i den nasjonale lovgjevinga.

       Slik departementet vurderer det vil innlemminga av direktivet medverke til å sikre at forbrukarane får tilgang til digitale fjernsynstenester og ukoda fjernsynstenester, utan omsyn til kva mottakarutstyr dei har, og at alle kringkastingsselskap får likt høve til å få dei digitale fjernsynstenestene sine ut til sjåarane. Innlemming av direktivet vil vidare medverke til å fremje overgangen til avanserte fjernsynstenester, særleg det såkalla breiskjermformatet. Regjeringa finn difor at direktivet tener norske interesser på ein tilfredsstillande måte, og tilrår på dette grunnlaget at Noreg godkjenner avgjerda til EØS-komiteen om å innlemme det i EØS-avtala.

       Direktivet har vore sendt ut på høyring til Administrasjonsdepartementet, Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Statens medieforvaltning, Statens teleforvaltning, Forbrukerrådet, Telenor, Norsk rikskringkasting, TV2 AS, TV Norge, Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund og Norsk Kabel-TV Forbund. Ei gjennomføring av direktivet i norsk rett vert støtta av høyringsinstansane.

       På side 2 i proposisjonen er det ein gjennomgang av innhaldet i artiklane i direktivet.

Tilhøvet til norsk rett

       Norsk rett regulerer ikkje særskilt dei tilhøva som direktivet omfattar. Det er naudsynt med lovheimel for å bringe norsk rett i samsvar med direktivet. Kulturdepartementet tek sikte på å gjere framlegg om ei særskild lov som gjennomfører føresegnene i direktivet i norsk rett.

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Det er ein føresetnad at det ved gjennomføringa av direktivet i norsk rett ikkje skal skipast eit system med individuelle løyve, men at regelverket skal innehalde dei generelle krava som skal stettast. Dei administrative og økonomiske konsekvensane for det offentlege vert difor vurderte å vere avgrensa.

       Det er vidare ein føresetnad at krava i direktivet om vidaresending i breiskjermformat ikkje skal omfatte dei mindre kabelnetta. Difor vert òg dei økonomiske konsekvensane for private vurderte å vere avgrensa.

2. Komiteen sine merknader

   Komiteen sitt utkast til innstilling har vore lagd fram for utanrikskomiteen til uttale. Utanrikskomiteen har i brev datert 13. mai 1998 meldt frå at den ikkje har merknader til utkastet.

3. Komiteen si tilråding

      Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember om endring av vedlegg II og vedlegg X til EØS-avtala, i samsvar med framlegg i St.prp. nr. 41 (1997-1998).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 14. mai 1998.

May-Helen Molvær Grimstad, Per Roar Bredvold, Grethe G Fossum,
leiar. ordførar. sekretær.