1. Samandrag

       Kapittel 1 i meldinga inneheld eit samandrag. I kapittel 2 i meldinga blir det gjort nærare greie for det politiske samarbeidet i alliansen medan kapittel 3 tek for seg forsvarssamarbeidet.

       Vedlegg 1 til meldinga inneheld ei rekkje fråsegner og andre aktuelle dokument frå samarbeidet i Atlanterhavspaktorganisasjonen i 1997. Vedlegg 2 inneheld ei liste over aktuelle forkortingar.

       Det vert i meldinga synt til at 1997 vart eit merkeår i arbeidet med å tilpasse NATO til ein ny tryggingspolitisk situasjon. Det vart gjort viktige vedtak med omsyn både til samarbeidet med partnarlanda og i utviklinga av organisasjonen sjølv.

       Vedtaket om å invitere Polen, Tsjekkia og Ungarn til drøftingar om medlemskap og underskrivinga av eit samarbeidsdokument med Russland, var dei to sakene som framfor alt sette sitt preg på alliansesamarbeidet i 1997. Utvidingsvedtaket på toppmøtet i Madrid i juli 1997 var førebudd gjennom inngåande drøftingar mellom dei allierte heilt frå prinsippvedtaket om saka på toppmøtet i Brussel i januar 1994. Frå norsk side hadde ein heile tida støtta tanken om å ta opp interesserte land i Mellom- og Aust-Europa som medlemmer i alliansen. I Madrid gjekk Noreg inn for å avgrense første runde til tre land. Ein såg dette som eit naturleg kompromiss mellom ulike omsyn. Ein ønskte å komme i møte dei etter kvart 12 landa som hadde søkt medlemskap, men måtte òg ta omsyn både til NATO sjølv og til dei landa ein visste ikkje ville komme med i første runde, eller som ikkje hadde medlemskap som mål.

       Det vert i meldinga halde fram at utvidinga av NATO er ein naturleg del av alliansen si nyorientering. Medlemskap for Polen, Tsjekkia og Ungarn vil styrkje tryggleiken og stabiliteten i Europa. Medlemskapen vil òg bidra til å styrkje NATO politisk og militært. Han vil koste om lag 1,5 mrd. dollar til samen over ti år. Utgiftene skal delast mellom 19 allierte land etter dei prosentdelane desse landa har i dei fellesfinansierte budsjetta. Frå norsk side har ein meint at kostnadene i første rekkje må dekkjast ved å auke budsjetta. Dette gjeld særleg budsjettet for fellesfinansierte infrastrukturinvesteringar i medlemslanda.

       Det vert synt til at Madrid-toppmøtet slo fast at utvidinga vil halde fram når fleire søkjarland er kvalifiserte, og når ei ny utviding vil tene tryggleiken i Europa. Frå norsk side har ein lagt vekt på at fråsegna frå stats- og regjeringssjefane inneheld eit signal til dei baltiske landa om deira framtidige tilhøve til alliansen.

       Det vert halde fram i meldinga at ein frå norsk side samstundes har lagt vekt på at utvidinga skal inngå i ein brei strategi for nedbygging av dei tryggingspolitiske skiljelinene på vårt kontinent. Noreg har derfor understreka at alle interesserte land må ha høve til å etablere eit nært praktisk og politisk tilhøve til NATO. Av omsyn til mellom anna Sverige og Finland, har ein frå norsk side streka under at partnarskapssamarbeidet må utviklast slik at kvart land kan tilpasse si deltaking til eigne føresetnader og interesser. Berre slik kan ein nå den overordna målsetjinga om å få til auka tryggingspolitisk integrasjon i Europa. Frå norsk side var ein derfor særs nøgd med vedtaka i mai 1997 om at Partnarskap for fred skulle styrkjast og at Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC), som vart etablert i 1991, skulle erstattast av eit nytt forum, Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC). Desse vedtaka har gitt partnarlanda meir å seie i utforminga og styringa av dei ulike samarbeidsaktivitetane og skapt nærare politiske band mellom dei allierte og partnarlanda.

       Det vert opplyst i meldinga at det for Noreg har vore naturleg å leggje særleg vekt på samarbeidet med Russland. Allereie hausten 1996 la ein frå norsk side fram tankar for dei allierte om korleis eit tosidig samarbeidsdokument med Russland kunne utformast. Teksten til den grunnakta generalsekretær Solana og utanriksminister Primakov kom fram til i byrjinga av mai 1997, var i samsvar med norske prioriteringar. Det vart oppretta eit fellesråd for tryggingspolitiske konsultasjonar med Russland, knesett dei prinsippa samarbeidet skal byggje på, og utarbeidd eit oversyn over dei saksområda som skal prioriterast. Her fekk også saker som forsvarsrelatert miljøvern og sivil beredskap ein sentral plass. I grunnakta fekk russarane forsikringar frå NATO om at dei allierte ikkje ville stasjonere kjernevåpen eller troppar i nye medlemsland. Grunnakta gir ikkje Russland veto i interne NATO-saker. Samarbeidet i fellesrådet gir likevel russarane høve til å vere med på å påverke den tryggingspolitiske utviklinga i Europa. Det er med dette lagt eit godt grunnlag for ein nær tryggingspolitisk partnarskap mellom NATO og Russland.

       Det vert i meldinga synt til at mest alle europeiske land tek del i det tryggingspolitiske samarbeidet som NATO har utvikla etter den kalde krigen. 43 land samarbeider praktisk og militært i Partnarskap for fred, og dei same landa møtast kvar månad til konsultasjonar i Det europeiske partnarskapsrådet. Denne verksemda byggjer opp tillit og fører i aukande grad til tryggingspolitisk samordning. Frå norsk side har ein derfor sett det som rett å leggje stor vekt på å støtte utviklinga av samarbeidet mellom NATO-landa og partnarane.

       Det vert vidare synt til at den NATO-leidde SFOR-operasjonen i Bosnia har vore ein suksess for alliansen. Styrken har effektivt stogga krigshandlingane og lagt grunnlaget for gjenoppbygging av landet. Operasjonen har òg fått mykje å seie for utviklinga av det praktiske militære samarbeidet på tvers av gamle skiljeliner. I tillegg til dei 16 allierte deltek Russland og 19 andre ikkje-allierte land. Operasjonen har på eit vis dermed også vore ei øving i den typen praktisk samarbeid og politisk samråd som blir utvikla i Partnarskap for fred, Det euroatlantiske partnarskapsrådet og fellesrådet for NATO og Russland.

       Mandatet for SFOR går ut i juni 1998. Frå norsk side streka ein tidleg under at uttrekking av styrken allereie då kunne føre til alvorlege tilbakeslag i arbeidet med å skape varig fred i Bosnia. Frå norsk side var ein derfor særs nøgd med at alle allierte seinhaustes 1997 vart samde om at operasjonen skulle halde fram også etter sommaren 1998. Det var likeins positivt at deltakande ikkje-allierte, mellom dei Russland, gjorde det klart at også dei ville delta i ein etterfølgjarstyrke.

       Det vert opplyst i meldinga at arbeidet med å tilpasse NATO-strukturane og -prosedyrane (den såkalla indre tilpassinga) har vore innfløkt. Dei ulike sakene har gripe inn i kvarandre og gjort at vanskar innanfor eitt felt har skapt vanskar på andre. I praksis var det ikkje mogleg å skilje utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) frå arbeidet med å lage ein ny kommandostruktur. Konseptet med kombinerte og fleirnasjonale hovudkvarterelement (CJTF) skulle innpassast i den nye strukturen, og er også eit viktig element i utviklinga av ESDI og tilhøvet mellom NATO og VEU.

       Sjølv om det kunne vere usemje mellom dei allierte, ikkje minst når det galdt spørsmål i tilknyting til ESDI, gjekk arbeidet med den indre tilpassinga framover i 1997, og i desember 1997 kunne ministermøta endeleg gjere vedtak i spørsmålet om utforming av den nye kommandostrukturen. Frankrike var ikkje nøgd med den rolla dei europeiske landa skulle få i den nye strukturen, og blir førebels ikkje med i det integrerte allierte militære samarbeidet. Spania fekk gjennomslag for sine hovudprioriteringar og blir no full medlem av det militære samarbeidet. Også norske hovudprioriteringar vart innfridde i vedtaket om ny kommandostruktur.

       Det vert synt til at vedtaka om utvikling av ESDI innanfor alliansen føreset eit nært praktisk og politisk samarbeid mellom NATO og VEU. Eit slikt samarbeid er òg ein føresetnad for at VEU skal få operasjonell kapasitet. På norsk side er det lagt vekt på at VEU blir utvikla i tettast mogleg politisk og militært samarbeid med NATO. Våren 1997 vart det endeleg løysing i striden om kva slag status dei assosierte medlemmene skulle ha i VEU i situasjonar der VEU skulle nytte NATO-ressursar i eigne operasjonar. Løysinga vart fullt ut tilfredsstillande for Noreg. I dei seinaste åra har VEU meir og meir arbeidd i 18-landsramma, og skilnaden mellom fulle medlemmer, assosierte medlemmer og observatørar har vorte mindre. På norsk side har ein støtta denne utviklinga, og ein har understreka at verksemda i VEU mest mogleg bør forankrast i 18-landsramma (alle europeiske NATO-land og EU-landa).

       Det vert vidare synt til at NATO er fundamentet i norsk tryggingspolitikk. Noreg har derfor arbeidd aktivt for å ta seg av norske interesser i den omfattande reformprosessen NATO no er inne i. Frå norsk side er det lagt særleg vekt på to sentrale tilhøve. For det første må kjernefunksjonane i NATO-samarbeidet førast vidare i ein tilpassa allianse: det kollektive forsvaret, dei sterke transatlantiske banda og NATO som tryggingspolitisk konsultasjonsforum for medlemslanda. For det andre må NATO gjere sitt til å byggje ned skiljelinene i etterkrigstidas Europa. NATO må spele ei sentral rolle i ein tryggingspolitisk integrasjon som femner om heile Europa. Frå norsk side har ein òg lagt til grunn at NATO må tilpassast slik at organisasjonen på ein god og effektiv måte kan ta på seg krisehandteringsoperasjonar med mandat frå FN eller OSSE. Mellom anna som ledd i arbeidet med å styrkje dei transatlantiske banda må den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten og tilhøvet til VEU vidareutviklast.

       NATO har etter den kalde krigen fått nye oppgåver, særleg i form av fredstryggjande verksemd utanfor sitt eige ansvarsområde. Samarbeidet med partnarlanda og utvidinga er ressurskrevjande. Det vert i meldinga halde fram at ein ikkje kan leggje til grunn at alle allierte er villige til å tilføre nye ressursar i takt med auken i oppgåvene. I åra framover må ein frå norsk side derfor vere budd på at organisasjonen blir nøydd til å gjere prioriteringar ein frå norsk side helst hadde sett annleis. Det er likevel brei semje om hovudlinene i reformarbeidet, og alliansen står sterkt, både politisk og militært. Trass i at NATO har handsama saker som har vore særs kompliserte og politisk vanskelege, har samhaldet mellom dei allierte vore godt.

       Det vert halde fram i meldinga at avtalen om konvensjonell nedrusting i Europa, CFE, står heilt sentralt i det arbeidet NATO gjer på rustingskontrollfeltet. Sidan 1996 har ein arbeidd med å tilpasse CFE-avtalen til den nye situasjonen i Europa. Det er no semje om å endre blokk-til-blokk-tilnærminga i avtalen til eit system bygd på nasjonale og territorielle styrketak. Noreg har prioritert arbeidet med å føre vidare ei god ordning for flanken i CFE-området, der mellom anna Noreg og Nordvest-Russland inngår. Arbeidet med detaljane i tilpassinga av CFE-avtalen held fram i 1998.

       Det vert opplyst at det i kommunikea frå utanriks- og forsvarsministermøta i desember vart vist til Ottawa-konvensjonen om forbod mot antipersonellminer. Det vart vedteke at konsekvensane av konvensjonen for NATO skulle vurderast. Samstundes ville ein syte for at nasjonale skyldnader i høve til konvensjonen kunne sameinast med skyldnadene under Atlanterhavspakta. Det vart semje om å starte arbeidet med ei militær utgreiing med vekt på ulike aspekt knytte til interoperabilitet.