1. Samandrag

Departementet gir i meldinga ein statusrapport for vidaregåande opplæring etter dei første fire åra med Reform 94. Meldinga drøftar i kva grad ein har nådd måla, og ulike tilpassingar og justeringar for å gjere den vidaregåande opplæringa betre. Departementet er oppteke av samfunnsutviklinga nasjonalt og internasjonalt. Tilpassingar må vere i samsvar med framtida sine krav til ei god vidaregåande opplæring. Grunnlaget for departementet sin gjennomgang er dei prinsipielle føringane Stortinget har fastsett, jf. Innst. S. nr. 200 (1991-92), Innst. O. nr. 80 (1992-93) og Innst. O. nr. 70 (1997-98). For ny modell for yrkesfagopplæringa viser departementet til Innst. S. nr. 285 (1996-97), for dei med særskilde behov til Innst. S. nr. 228 (1997-98). Med omsyn til kompetansereformen vert det vist til St.meld. nr. 42 (1997-98) og for vurdering i skulen til St.meld. nr. 28 (1998-99).

Ei rekkje forskingsmiljø har evaluert reformen i innføringsperioden. I tillegg til dei ulike forskingsprosjekta sidan 1994 og sluttevalueringa i 1998 byggjer meldinga på tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor, departementet sin eigen statistikk og omfattande tema- og høyringsmøte hausten 1998 med alle berørde partar.

Departementet sitt utgangspunkt er at vidaregåande opplæring må vurderast som del av eit heilskapleg utdanningsløp i eit livslangt læringsperspektiv. Den nye opplæringslova aukar og behovet for samarbeid på tvers av skuleslaga. Det er også viktig å sjå grunnopplæringa i nær samanheng med høgre utdanning.

Departementet oppsummerer status etter Reform 94 slik at det har vore ei positiv utvikling på dei fleste område innafor vidaregåande opplæring. Reformen har ført til at det store fleirtalet no oppnår studie- eller yrkeskompetanse. Det har vore ei stor pedagogisk utfordring å ta nesten hele ungdomskullet inn i vidaregåande opplæring, og evalueringa viser at det er på dette området mest står att. Fylkeskommunane har realisert dei nye rettane for ungdom på ein god måte. Både den individuelle retten til tre års vidaregåande, retten til inntak på eitt av tre grunnkurs, moglegheita til meir enn tre års opplæring etter sakkunnig vurdering og rett til inntak på prioritert grunnkurs etter sakkunnig vurdering har i det alt vesentlege verka slik dei var tenkt. Omfangsforskriften (minimum 375 pst. av eit gjennomsnittleg årskull) har ikkje fungert etter intensjonen. Den nye grunnkursstrukturen har stort sett verka som føresett, medan talet på VK1 enno er for stort til å møte rekrutteringsbehov og fagleg breidd i arbeidslivet i framtida.

Reformen har ført til at omval, vandring på tvers og fråfallet er kraftig redusert. Rekrutteringa til yrkesfaga har auka, og læreboksituasjonen her er blitt mykje betre. Hovudmodellen for fag- og yrkesopplæringa har verka etter føremålet, men det er behov for større fleksibilitet. Det er framleis ikkje nok læreplassar i alle fag, men likevel fleire plassar no enn nokon gong før. Alternativt VK2 for dei som ikkje får læreplass, fungerer gjennomgåande godt nok. Den tettare koplinga mellom fagopplæringa i bedrift og skuleopplæringa har gjeve ei positiv utvikling. Moduloppbygginga av læreplanane gir dei moglegheitene som Stortinget føresette. Utdannings- og yrkesveiledinga er det for tidleg å si noko om, men det vidare arbeidet har høg prioritet. 6-7 pst. har behov for kontakt med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta. Erfaringane viser at oppfølgings-tenesta er viktig og jamnt over fungerer godt, men at samarbeidet med andre instansar må styrkast. Reformen vart finansiert innanfor den økonomiske rammen som blei brukt til vidaregåande opplæring i 1992. I tillegg har staten tilført over 700 mill. kroner øyremerka kroner til utstyr og ombyggingar og om lag 262 mill. kroner til etterutdanning.

Departementet gjer framlegg om endringar og justeringar i reformen på grunnlag av dei erfaringane som er gjorde. Departementet meiner reformen ikkje er komen langt nok når det gjeld innhaldsdelen og dei pedagogiske sidene, og at ein no bør gje systemet ro til å kome vidare med dette arbeidet framfor å gjere omfattande strukturelle omleggingar.

Når det gjeld juridiske rettar og plikter, gjer departementet framlegg om at elevane får utvida tidsramma for å fullføre opplæringa. Uttaksramma for retten, som i dag normalt er fire år for elevar og fem år for dei som følgjer 2+2-modellen, blir utvida med eitt år. Rettselevane kan slik ta to kvileår. Retten gjeld i den tida som er nødvendig ut frå læreplanen. Dei som i dag kan få utvida tid inntil fem år etter sakkunnig vurdering, får individuell lovfesta rett til fem år. Elevar får juridisk rett til å fullføre etter eitt omval. For minoritetsspråklege elevar skal innføringskurset normalt ikkje verte definert som del av retten. Vaksne som er teke inn på GK eller VK1, får individuell rett på same vilkår som rettselevane i dag.

Departementet ser ikkje no behov for eventuell lovfesta plikt for bedrifter til å ta inn lærlingar, men vil vurdere dette på nytt dersom talet på læreplassar stoppar opp. Tilskuddssystemet til bedriftene vil bli forenkla. Departementet vil behalde hovudmodellen (to år i skule og to år i bedrift), men meiner at fylkeskommunar, skular og bedrifter betre bør nytte ut dei moglegheitene for fleksibilitet som allereie ligg innafor dagens rammer. Ein del elevar som treng ein noko annan progresjon, må kunne veksle mellom skule og bedrift. Departementet vil i samarbeid med berørde partar arbeide vidare med dette og andre alternative organiseringsmåtar for elevar som i dag har problem med hovudmodellen. Når det gjeld retten til spesialundervisning, treng departementet fleire erfaringar med dei presiseringane som er gjorde i den nye opplæringslova og meir forskingsbasert vurdering før eventuelle endringar.

Dei to nye grunnkursa Stortinget har vedteke (merkantile fag og media/kommunikasjon) blir oppretta frå 1. august 2001. Utifrå erfaringane med innføringa av Reform 94 meiner departementet at det er nødvendig med minimum to år for å gjere ferdig det som trengst med omsyn til struktur, utvikling av faget, læremiddel og etterutdanning. Departementet drøftar om det er mogleg å slå saman tekniske byggfag med byggfag, og kjemi- og prosessfag med mekaniske fag. Grunngjevinga er i tillegg til faglege argument rekrutteringsmangel. Dette vil blir drøfta nærare med dei involverte partane før ein eventuelt gjer framlegg om endringar. For dei som følgjer alternativt VK2 i skule, gjer departementet framlegg om noko meir tid til praksis innafor den ramma for lærarressursar som gjeld i dag, og betre tilrettelegging for at fleire av desse elevane kan få arbeidstrening i bedrift. På lengre sikt og i nært samarbeid med aktuelle partar gjer departementet framlegg om at talet på VK1 vert redusert. Målsettinga på lengre sikt bør vere i retning av 50 kurs for å sikre tilstrekkeleg fagleg breidd og ei rimeleg rekruttering over heile landet. I samarbeid med partane vil departementet òg gjere framlegg om å redusere talet på lærefag. Føremålet er å få til noko større breidd på lengre sikt innafor fagområde som i dag synest å være for smale i høve til arbeidslivet sine framtidige behov.

I det vidare arbeidet med innhaldet i og tilrettelegginga av opplæringa vil departementet i hovudsak følgje fastsette rammer og retningsliner frå 1992 og leggje eit breitt kompetansesyn til grunn. Departementet meiner at den vidaregåande opplæringa skal gi ein basis òg for seinare etterutdanning i arbeidslivet. Departementet vil derfor leggje meir vekt på basiskunnskap og ferdigheiter framfor spesialisert opplæring. Departementet vil ikkje redusere talet på timar i felles allmenne fag i dei yrkesfaglege studieretningane. Dette ville gi fleire taparar i det teknologiske og internasjonale samfunnet som fagarbeidarane skal ut i. Departementet vil i staden intensivere arbeidet med yrkesretting, differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov. Læreplanverket står framfor ein meir langsiktig revisjon, der m.a. detaljeringsgraden vil blir vurdert. Eit nytt studiekompetansegjevande løp innanfor delar av formgjevingsfaga ser departementet positivt på. I samarbeid med partane vil ein sjå nærare på omfanget av fag- og sveineprøvene i høve til tellande underveisvurdering. Departementet vil arbeide vidare med dokumentasjonsordningar og gjere nytte av erfaringane frå delkompetanseprosjektet. Ein lovproposisjon om opplæring i arbeidslivet for dei som skal ha delkompetanse vert vurdert.

For å gi arbeidet med yrkesretting, differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov eit særleg løft vil departementet i samarbeid med dei berørde partane initiere eit omfattande utviklingsprosjekt over ein 3-årsperiode. Dette skal gjelde alle vidaregående skular, som sjølve skal vere med på å utvikle og velje organisering og arbeidsmåte. Departementet går inn for at det blir arbeidd aktivt vidare med kvalitetsutviklinga av vidaregåande opplæring, med tilpassingar for minoritetsspråklege og med å fastsetje realkompetanse og tilretteleggje for vaksne som vil følgje eit ordinært opplæringsløp. Vaksne må òg stimulerast til å nytte ut dei dokumentasjonsordningane som finst både i fagopplæringa (§ 20) og i skuleopplæringa (privatistordningane).

Departementet vil elles våren 1999 leggje fram ei melding om lærarrekruttering og ei om dimensjonering i høgre utdanning, og framlegg til mellombels lov om teknisk fagskule. Evalueringa av samisk vidaregåande opplæring er ikkje ferdig enno. Departementet vil vurdere om det er behov for særskilte tiltak når den ligg føre. Evalueringa av studieretninga naturbruk vil bli lagd fram i Landbruksmeldinga. Ein lovproposisjon vil bli vurdert som gjeld opplæring i arbeidslivet for dei som siktar mot delkompetanse. Departementet varslar òg at det vil sjå nærare på innhaldet i det allmennfaglege påbyggingskurset og utprøve andre modellar for rådgjevingstenesta.

Departementet planlegg å kome attende til Stortinget med ei ny melding om vidaregående opplæring om 4 år.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, vil departementet i budsjettsamanheng kome attende til kostnadene i samband med dei to nye grunnkursa og endringar i VK1-strukturen. Eventuell samanslåing av eksisterande studieretningar vil bli lagde fram for Stortinget. Når det gjeld retten til vidaregåande opplæring for vaksne, meiner departementet at overføringane til fylkeskommunane ut frå omfangsforskrifta er tilstrekkelege. Kostnadene med å leggje inn praksis og dra skuleåret ut i tid ved alternativt VK2 er berekna til ca. 6 mill. kroner. Departementet går ut frå at talet på dei som får eitt år ekstra på grunn av omval, ikkje vil auke monaleg, og at retten til dette derfor kan gjennomførast innanfor noverande økonomiske rammer. Kostnadene ved å utvide uttaksramma for retten til vidaregåande opplæring er berekna til 8 mill. kroner. Framlegget om individuell rett til 5 år etter særskilt vurdering skal gjennomførast utan ekstra løyvingar. Departementet tek sikte på å vidareføre aktiviteten innafor etterutdanning og ser fortsett behov for å satse på forsking og på forsøks- og utviklingsarbeid. Departementet kjem attende til dette i samband med dei årlege budsjettframlegga.