Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Matvarehjelpkonvensjonen og Kornhandelkonvensjonen utgjer til saman Den internasjonale kornavtalen. Noreg har i lang tid vore part i desse konvensjonane, som vert fornya med jamne mellomrom. Stortinget samtykte einstemmig i ratifikasjon av Den internasjonale kornavtalen av 1995, jf. Innst. S. nr. 208 (1995-1996). Begge konvensjonane har seinare vorte forlengde til 30. juni 1999. Noreg slutta seg til ei slik administrativ forlenging.

Kornhandelkonvensjonen av 1995 har med heimel i art. 33 deretter vorte forlengd med to år frå 1. juli 1999, utan at det er gjort endringar i han. Noreg har slutta seg til forlenginga.

Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 vart den 1. juli 1999 erstatta av Matvarehjelpkonvensjonen av 1999. Den nye konvensjonen gjeld til og med 30. juni 2002 og kan forlengjast.

Noreg skreiv under konvensjonen den 30. juni 1999 i samsvar med kgl. res. av 25. juni 1999. Samstundes vart det levert ei fråsegn til FN-sekretariatet, som er depositar for konvensjonen, om mellombels bruk av konvensjonen. Sidan norsk ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen 1999 vil føre med seg framtidige økonomiske forpliktingar for Noreg, ber ein om Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon, jf. Grunnlova § 26 andre ledd.

Desse bistandsgjevarane utgjer medlemmene i Matvarehjelpkonvensjonen av 1999: Argentina, Australia, Canada, Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane, Japan, Noreg, Sveits og USA.

Føremålet med Matvarehjelpkonvensjonen er å medverke til den globale matvaretryggleiken og å forbetre verdssamfunnet si evne til å dekkje matvarebehova i utviklingsland. Matvarehjelpkonvensjonen sikrar eit minstenivå av matvarehjelp.

Meldinga framhevar at det er gjort fleire endringar i 1999-konvensjonen som mellom anna tek sikte på å auke matvaretryggleiken i dei fattigaste utviklingslanda. Det er til dømes teke inn ein klausul som avgrensar delen av matvarehjelpbidraget som kan vere basert på lån til gunstige vilkår, og det har vorte sterkare innretting mot å gje matvarehjelpa til dei fattigaste landa. Lista over produkt ein kan gje, har vorte utvida og omfattar no fleire basismatvarer enn dei som ein kunne gje før. Det er vidare opna for at bidraga kan reknast ut i både volum og verdi, mot tidlegare berre i volum. Ein kan òg rekne inn transportkostnader og andre kostnader i samband med å få fram matvarehjelpa som ein monaleg del av bidraga.

Hjelpa kan verte gjeve både bilateralt og multilateralt, og som basismatvarer eller kontantar. Kontantbidrag skal, så langt det er råd, brukast til å kjøpe inn matvarer i utviklingsland. Heile Noregs bidrag vert gjeve som kontantbidrag til Verdas matvareprogram for kjøp av varer i utviklingsland. Det er frå norsk side gjort framlegg om å auke den norske forpliktinga frå 20 000 til 30 000 tonn kveiteekvivalentar årleg, som òg var forpliktinga i tidlegare konvensjonar. Reduksjonen til 20 000 tonn i 1995-konvensjonen kom mellom anna pga. misnøye med manglande fattigdomsinnretting i konvensjonen. Sidan den nye konvensjonen har fått ein betre fattigdomsprofil, finn Regjeringa det rett å gå attende til den tidlegare forpliktinga. Det er ein føresetnad at kostnadene ved norsk tilslutning til konvensjonen vert dekte innanfor den til kvar tid gjeldande bistandsramma.

Konvensjonen fastset at kontantbidrag skal reknast ut etter prisen på kveite på verdsmarknaden. Denne prisen vert justert årleg. Noreg følgjer konvensjonen si oppmoding om å betale transportkostnader og andre kostnader i samband med bruken av bidraget. Det er etter meldinga uråd å fastsetje den eksakte storleiken på desse kostnadene sidan dei vil variere frå år til år mellom anna pga. endringar i referanseprisen for kveite og valutatilhøve, men dei vil som regel utgjere eit tillegg til sjølve varebidraget på om lag 70-80 pst. Med ei forplikting på 30 000 tonn kveiteekvivalenter vil det norske bidraget for kveiteåret 1999/2000 verte om lag 60 mill. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 15 mill. kroner frå forpliktinga i 1995-konvensjonen. Bidraget for år 2000 er innarbeidd i framlegget til statsbudsjett som ein del av bidraget til Verdas matvareprogram.

Matvarehjelpkonvensjonen gjer det lettare for utviklingslanda å vite kva slags matvarehjelpleveringar dei har i vente. Konvensjonen medverker til styrkt matvaretryggleik for utsette grupper i fattige land. Ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1999 vert difor vurdert å vere i tråd med norsk bistandspolitikk. Det er òg viktig at ein frå norsk side stør opp om ei viktig avtale som òg forpliktar andre gjevarland.

Komiteen sin tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999, i samsvar med eit forslag framlagt i St.prp. nr. 33 (1999-2000).

Oslo, i utenrikskomiteen, den 20. januar 2000

Haakon Blankenborg

leder

Elsa Skarbøvik

ordfører

Einar Steensnæs

sekretær