Samandrag

Stortingsrepresentantane Carl I. Hagen og Jan Simonsen har den 2. mars 2000 sett fram følgjande forslag:

«Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag og fatte de nødvendige vedtak slik at:

  • 1. Det innføres en "hurtig-paragraf" i utlendingsloven slik at asylsøknader som er "åpenbart grunnløse" avslås uten ankerett, men med en særskilt kvalitetssikringsprosedyre.

  • 2. Det innføres en nødvendig adgang eller hjemmel for utlendingsmyndighetene til å holde særskilte asylsøkere i asylmottak med sterke begrensninger i bevegelsesfriheten eller full forvaring på asylmottaket inntil søknaden er ferdig behandlet.

  • 3. Det opprettes særskilte asylmottak organisert slik at det kan innføres en sterk begrensning eller full forvaring av de asylsøkere som myndighetene innfører slike begrensninger for.»

I grunngjevinga for framlegget vert det m.a. vist til at før asylsøknader er gjennomgått og bakgrunnen og identiteten til asylsøkjarane er granska av norsk politi og utlendingsstyresmaktene, veit vi ikkje sikkert kven dei er og kva for motiv dei har for å kome til Noreg. Det er berre 3-5 pst. som får sin søknad om asyl i medhald av FNs flyktningkonvensjon innvilga. Vi veit vidare at mange lyg om sin identitet, og at mange nyttar falske papir for å oppkonstruere ei fortid dei ikkje har. Forslagsstillarane meiner asylsøkjarane bør bu i asylmottak fram til søknaden er ferdig handsama. Slik systemet i asylmottaka er i dag, eksisterer det ingen avgrensingar i retten til å ferdast fritt.

Noreg har underteikna Schengen-avtalen, som har som siktemål å sikre betre kontroll med personar frå land utanfor Schengen-området når dei kjem til Noreg og andre Schengen-land, samt å hindre illegal innvandring til desse landa. Schengen-avtalen er langt på veg verdilaus så lenge det er mogleg å bruke asylordninga til å kome seg inn i Noreg og Europa og operere som illegale innvandrarar. Tal offentleggjorde i Aftenposten 15. oktober 1999 viste at så mange som 869 asylsøkjarar var forsvunne frå norske asylmottak dei første ni månadene i 1999. I ein spørjetime i Stortinget uttala justisministeren at fleire av desse heilt klårt var forsvunne fordi dei var kriminelle, medan andre var såkalla "asylhopparar", personar som søkjer om asyl i fleire europeiske land etter tur sjølv om dei ikkje får status som flyktningar.

Eit vesentleg argument for ein strengare kontroll med asylsøkjarar, er at ei ordning som gjer det mogleg for utlendingar som kjem til Noreg utan papir og søkjer om asyl å bli buande i Noreg i fleire månader med full rett til å ferdast fritt, heilt klårt vil bli misbrukt av yrkeskriminelle utlendingar.

Det meste av den asylkriminaliteten som er avdekka dei siste månadene er utført av asylsøkjarar frå land i Aust-Europa. Det er lite truleg at desse asylsøkjarane er reelle flyktningar, og det er all grunn til å stille spørsmålsteikn ved kva for motiv dei då har for å søkje asyl i Noreg.

Danmark innførte i 1994 nye reglar for asylsøkjarar frå Aust-Europa. Dei blir haldne i lukka forvaring til søknaden er ferdig handsama. Deretter blir dei aller fleste sendt ut av landet. Samstundes vart sakshandsamingstida redusert frå om lag tre månader til om lag sju dagar. Noko liknande burde det vere mogleg å få til i Noreg.

I Danmark er det vidare innført ein såkalla "hurtigparagraf" i utlendingsloven som fungerer slik at utlendingsstyresmaktene under den første samtalen med asylsøkjaren kan vurdere ein søknad som "klårt grunnlaus". Ei slik avgjerd kan ikkje ankast slik andre avgjerder kan, men organisasjonen Dansk Flyktninghjelp kan leggje ned veto og overføre søknaden til ordinær sakshandsaming. Ein kan innføre ein liknande regel i Noreg, samt opprette eit rådgjevande organ med representasjon frå NOAS, Flyktningerådet og eventuelle andre som får rett til å leggje ned veto på lik line med systemet i Danmark.

Av andre røynsler frå Danmark som bør innførast, er ei plikt for alle asylmottak til å melde kriminelle handlingar utført av asylsøkjarar.