Vedlegg 2: Brev fra Fiskeridepartementet v/statsråden til næringskomiteen, datert 18. november 2002

Spørsmål vedkomande Fiskeridepartementet si vurdering av Dokument nr. 8:156 (2001-2002)

Eg syner til mitt brev av 29. oktober d.å. og Næringskomiteens brev av 7. og 11. november d.å. vedkomande Dokument nr. 8:156 (2001-2002).

Eg har følgjande svar på dei spørsmåla som næringskomiteen stiller i desse breva:

1. Skal ein forstå svaret frå statsråden slik at gytebestand som forvaltningsmål ikkje er ein del av mandatet til den norske delegasjonen i årets forhandlingar?

Kva som konkret står i mandatet til den norske delegasjonen til fiskeriforhandlingane med andre land er ikkje ei offentleg sak. Like fullt har eg fleire gonger tidlegare gjort det klart for Stortinget at ei berekraftig forvaltning av torskebestanden og andre bestandar i Barentshavet er eit heilt sentralt mål for Fiskeridepartementet i forhandlingane med Russland. I dette ligg det også at ein skal søkje å bringe gytebestanden minst opp og fiskedøyingstalet ned på det som til kvar tid vert halde for å vera eit berekraftig nivå. Både på grunn av dei naturlege svingingane i havet og på grunn av endringar i dei måla ICES set som grunnlag for si rådgjeving, er ikkje dette alltid like lett. Om ein ser på dei måla ICES har lagt til grunn for rådgjevinga si for norsk arktisk torsk for perioden 1991-2003 vil en sjå at desse faktisk har endra seg 11 gonger. For 2001 var til dømes målet at gytebestanden skulle kome over Bpa med 95 pst. sannsyn innan 2003, for 2002 var målet at fiskedøyingstalet skulle reduserast til godt under 0.25, mens målet for 2003 var at fiskedøyingstalet skulle reduserast til mindre enn Fpa, som for tida altså er fastsett til 0.42. I tillegg, og som eg vil kome tilbake til nedanfor, varierer også grunnlaget for desse måla frå bestand til bestand. Så lenge ICES ikkje legg konsistente mål til grunn frå år til år gir det liten meining å prøve å sjå samsvaret mellom rådgjeving og vedtatt kvote i eit historisk perspektiv. Den "berg- og dalbana" som dette medverkar til, i tillegg til dei naturlege svingingane, gjer det vidare heller ikkje lett å vere fiskar. I tillegg har eg difor også gjort det klart at forvaltarane også er pliktige til å ta omsyn til måla om økonomisk berekraft, stabile vilkår for fiskerinæringa og andre sosioøkonomiske forhold. Berekraftomgrepet har m.a.o. mange dimensjonar, og det er politikarane si oppgåve å vege dei ulike omsyna mot kvarandre. Eg syner dessutan til mitt svar på Dykkar neste spørsmål som heng saman med temaet i spørsmål 1.

2. Kva er bakgrunnen for at ein har gått vekk fra rådet fra ICES om å la de gamle forvaltningsmåla gjelde inntil nye er etablerte?

Grunnlaget for det tal som ICES nå har fastsett for føre-vár-nivået for gytebestanden (Bpa) for torsk, 500 000 tonn, er at sjansane for å få årsklassar under gjennomsnittet synest å auke om ein kjem under dette nivået. Talet 500 000 tonn var dessuten basert på "gamle" data over bestandssituasjonen. Nyare tal syner at, som eg tidlegare har nemnt ved fleire høve, det etter 1952 kun er i perioden 1991 til og med 1997 at gytebestanden har vore over 500 000 tonn, og at gytebestanden dessutan har hatt store variasjonar sidan 1952 uten at dette alltid har kunna forklare kor mykje torsk havet har kunna gi frå det eine året til det andre. Difor har ein bedt ICES om ein revisjon av dette talet.

Vidare, grunnlaget for føre-vár-nivået for fiskedøyingstalet (Fpa) for torsk, 0.42, er at man med dette fiskedøyingstalet med 95 pst. sannsyn vil halde seg under Flim1. For til dømes hyse står det derimot berre at ein vil halde F under Flim med "høgt sannsyn" om ein legg Fpa (0.35) til grunn for uttaket. Når det gjeld Bpa for hyse (80.000 tonn) er det, i motsetnad til Bpa for torsk, fastsett at dette med 95 pst. sannsyn vil halde gytebestanden over Blim. Grunnlaget for kriteria er altså forskjellige. Difor har ICES no igangsatt ein totalrevisjon av samtlige referansepunkt for alle bestandane, inklusive dei i Barentshavet.

3. Er ikkje statsråden samd i at dette [artikkel 8 (3) og 12 i FN-avtala] også er gjeldande for den norsk-russiske fiskerikommisjon som forvaltar ressursane ikkje berre på eigne vegne, men også på vegne av andre land som har rettar i området, blant desse Island og EU?

Som eg skriv i brevet av 29. oktober d.å. fell forvaltninga av dei norsk-russiske fellesbestandane i Barentshavet både sakleg og geografisk inn under FN-avtalen, i den grad dei kan knytast til område utanfor nasjonale rettsområde.

FN-avtala opnar for fleire samarbeidsordningar når det gjeld forvaltninga av dei vandrande artane, herunder ved direkte samarbeid med dei berørte statane eller samarbeid gjennom regionale organisasjonar og arrangement. Det må bygge på ei samla vurdering i det enkelte tilfellet korleis prinsippa i FN-avtala best kan gjennomførast. Det er ikkje gitt at dette er eintydig, særleg ettersom talet partar til FN-avtala så langt er noko lågt.

Noreg og Russland har for sin del teke omsyn til islandske interesser gjennom den trilaterale avtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet. EU-landa er enno ikkje part i FN-avtala og rettane til EU i området handsamast gjennom bilaterale forhandlingar mellom Noreg og EU. Det er ei vesentleg målsetting for Noreg at EU og andre viktige aktørar blir part i FN-avtala, slik at ein på dette grunnlag kan drøfta forvaltningsspørsmål av betydning for gjennomføring av avtalen.

1Flim er det fiskedøyingstalet som i følgje ICES gir ein gytebestand lik Blim. Blim er i følgje ICES den lågaste gytebestand som ein antar vil gi ei rimeleg god rekruttering.

Dei statane som fiskar på dei aktuelle bestandar er såleis allereie omfatta av relevante samarbeidsordningar som ivaretek deira interesser. Dersom det melder seg nye deltakarar i fisket, og dei er partar i FN-avtala, må det vurderast konkret korleis en skal forholde seg til dette, basert mellom anna på dei reglar som finnast i FN-avtala artikkel 10 og 11.

4. Kan ikkje mangel på innsyn og demokratisk deltaking bli brukt som argument av desse tredjelanda?

Så langt har ein på norsk side grunn til å tro at andre statar er nøgde med forvaltninga av dei vandrande artane utanfor norskekysten og med den informasjon som gis om denne.

Eg vil i denne samanheng peka på at protokollane frå forhandlingar med alle vedlegg har høgt informasjonsverde og er offentlege så snart dei er underteikna av delegasjonsleiarane frå Noreg og det landet Noreg forhandlar med. Dette samsvarer og med krava i art. 10 litra m) i FN-avtala.

Eg vil samstundes understreke at spørsmålet om åpenhet i beslutningsprosessar, ikkje i henhold til FN-avtala kan utgjere noko grunnlag for å få nye deltakarretter i eit etablert fiskeriforvaltningssamarbeid.

5. Er statsråden samd i at dette kan vere med på å skape ein situasjon der det vert naudsynt å ha ei legitim forvaltning i tråd med krav i FN-avtala om mellom anna berekraft?

Som nemnt ovanfor, har dette så langt ikkje vore eit aktuelt spørsmål. På den andre sida er eg einig i at forvaltninga til ei kvar tid må ha legitimitet hjå dei partane den vedkjem. Når det gjeld berekraft, vil eg nok ein gong understreke at ei berekraftig forvaltning av torskebestanden og andre bestandar i Barentshavet er eit heilt sentralt mål for Fiskeridepartementet i forhandlingane med Russland. Det har det også vore tidlegare og det vil det også vere i framtida. Vidare, og som nemnt i mitt brev av 29. oktober d.å., har Noreg allereie konsekvent lagt til grunn og prioritert forvaltningsprinsippa i del II i FN-avtala. Eg syner dessutan til mitt svar på Dykkar spørsmål 7.

6. Gjer ikkje dette det nødvendig å gi organisasjonar som er "concerned with" forvaltninga, observatørstatus og tilgang til referat (jf. ordningane i NAFO), for å ivareta innsyn og demokratisk deltaking - og gjennom det den legitime retten ein har til å forvalte ressursane?

Med atterhald om at spørsmålet er rett forstått, er som tidlegare nemnt spørsmålet om frivillige organisasjonars observatørstatus i subregionale- og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjoner og arrangementer åtskilt frå spørsmålet om statars deltakarrettar i slike. Vidare er det altså slik at spørsmålet om observatørstatus og dermed innsyn i beslutningsprosessane etter FN-avtala berre er aktuelt i den grad fellesbestandane i Barentshavet kan knytast til farvann utanfor nasjonale jurisdiksjonsområder. Kriterier for slik deltaking må i alle høve utarbeides i samråd mellom dei statar som inngår i det aktuelle samarbeidet.

Noreg og Russland er samde om å vurdere FN-avtala på den 32. sesjon og avtalens art. 12 vil inngå i denne vurderinga.

Norske myndigheiter gjev det generelt høg prioritet å vurdera FN-avtala. Dette må skje i dei samanhengar og dei fora der forholda ligg til rette for ei iverksetjing av særlege bestemmelser i avtala.

7. Meiner statsråden at den norsk-arktisk torsken dei siste åra er forvalta slik at dei vitskaplege måla for berekraftig forvaltning (i dette tilfelle ut frå mål for fiskedøyingstal og gytebestand som den norsk-russiske fiskerikommisjon har fastsett) er nådd?

Aller fyrst vil eg syne til det et har skrive under spørsmål 1 og 2.

Vidare må eg nok ein gong vise til kva eg tidlegare har skrive om at det for forvaltarane alltid vil vere ei utfordring å finne ein optimal balanse mellom omsynet til biologi og omsynet til økonomi. Eg vil også vise til kva eg tidlegare både har sagt i Stortinget og skrive om at det ikkje er opp til Noreg åleine å fastsetje kvotenivå eller vedta forvaltningsstrategiar der vi deler fiskebestandar med andre statar. I desse forhandlingane vil det alltid vere naudsynt å vege det ønskelege mot det mulige, og såleis må ein ikkje la det beste bli det godes fiende.

Når dette er sagt, vil eg for det fyrste vise til at gytebestanden for norsk arktisk torsk heile tida i perioden 1991-1997 lå over, til dels godt over det ICES meina var eit føre-vár-nivå. Vidare, og som eg og skriv i mitt brev av 29. oktober d.å., tala dei vitskaplege data som låg føre ved fastsetjinga av den 3-årige kvoten for norsk arktisk torsk i 2000 for at ein ville nå målet om ein gytebestand på 500 000 tonn i 2003 med god margin. Dei same data sist haust synte at situasjonen var endra. I etterpåklokskapens lys kan mykje sjå annleis ut, men når forvaltarane skal fatte sine vedtak må dei alltid basere seg på den beste tilgjengelege kunnskapen som finst der og då. Og dei seinaste data som låg føre ved fastsetjinga av TAC for 2003 synte at gytebestanden vil kome over 500 000 tonn i 2004 med høgt sannsyn.

Sist, men ikkje minst, vil eg vise til at Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen under sin 31. sesjon for fyrste gong blei einige om beslutningsreglar og strategier for langsiktig forvaltning av alle dei norsk-russiske fellesbestandane. Desse reglane vil sikre både ei biologisk forsvarleg forvaltning samt stabilitet og tryggleik for fiskerinæringa i Noreg og Russland. Forvaltningsstrategiane representerer noko kvalitativt nytt og utgjer ein milestolpe i forvaltnings-samarbeidets historie. I global samanheng framstår nå Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen som eit lysande eksempel på vellykka internasjonalt ressursforvaltningssamarbeid, heilt i ånda til Havrettstraktaten og FN-avtalen av 1995 om fiske på det åpne hav.

8. Meiner statsråden at ICES si vurdering av tilstanden for den norsk-arktiske torsken som utanfor trygge biologiske rammer, er riktig?

Eg og mine underordna i den norske fiskeriforvaltninga har ikkje føresetnader for å overprøva vurderingane til ICES. Samstundes vil eg påpeike at "utanfor trygge biologiske rammer" kun inneber at gytebestanden er under og/eller fiskedøyingstalet er over det som til ei kvar tid vert halde for å vera eit berekraftig nivå. Korkje meir eller mindre. Til dømes inneber eit fiske­døyingstal på F=0,43 og ein gytebestand på 499 000 tonn for norsk arktisk torsk at bestanden er "utanfor trygge biologiske rammer" etter ICES si definisjon. Kvifor dei nemnde måla ikkje alltid vert nådd har eg allereie freista å forklare i dette brevet, i mitt brev av 29. oktober d.å. og i tidlegare svar til Stortinget. Også her vil eg dessutan syne til det eg har skrive under spørsmål 1 og 2.